i2

1. Innleiing

1.1. Duun skildra også sjukdom og uhelse

Olav Duun var ein av dei meste kjente og anerkjente norske forfattarane for nokre tiår sidan. Han debuterte med den første boka i 1907 og hadde ein stor produksjon gjennom mange år. Hovudtemaa i dei fleste bøkene er ulike sider ved dei store, eksistensielle spørsmåla – livet, kjærleiken, døden. Dei mest leste bøkene er seksbind-verket «Juvikfolke» (1918-1923), «Medmenneske» (1929) og «Menneske og maktene» (1938). Fleire av romanane er dramatisert. Duun vart nominert til Nobelprisen i litteratur i mange år.

For nokre år sidan tok eg fram Juvikfolke på nytt. Duun er kjent for å skildre alle sider ved det å vere menneske, også baksida – dei meir mørke sidene. Innimellom skildringar av på mange måtar friske, livskraftige og arbeidsame juvikingar, merka eg meg nå at det heller ikkje var lenge mellom til dels nære skildringar av sjukdom, ulykker og død. Alt den første juvikingen vi blir godt kjent med, Per Anders, som lever først på 1800-talet, følger vi da han ligg nedi naustet Løssi Langnatt, får lungebetennelse og døyr. Seinare får vi høyre om tuberkulose, barnedødsfall, psykisk sjukdom og ulykker på land og på sjøen.

Når eg så tok for meg dei andre romanane og novellene av Duun, slo det meg kor detaljert han har skildra mange sjukdomstilfelle, og kor stor innleving han viser, både med dei som er sjuke og med dei som står omkring. Eg begynte dermed å lese systematisk for å studere denne litteraturen. Kva var det han eigentleg skildra? Korleis var helsetilstanden i Duuns litterære univers? Kanskje kan vi lære noko av hans skildringar også i dag?

Da eg begynte å lese Duun med «dokterbriller», var eg usikker på om denne litteraturen eigentleg var relevant ut frå ein medisinsk historisk ståstad, for Duun skreiv romanar og noveller og ikkje historiebøker. Mange forfattarar skriv rein fiksjon, heilt oppdikta historier og skildringar av sjukdom og uhelse, som ikkje har noko med realitetane å gjere. Også slike historier kan vere spennande og fascinerande og viktige reint litterært, men da dei ikkje liknar det verkelege livet, er dei mindre interessante ut frå eit medisinsk synspunkt. Med Duun er det annleis. Han skildrar mange medisinske tilfelle som om han skulle ha sett dei eller opplevd dei sjølv, og for ein allmennlege verkar mange av tilfella truverdige. Det kan få ein til å tru at Duun ikkje skriv berre fiksjon, men har eit erfaringsgrunnlag som gjer at skildringane kan vere av interesse også ut frå ein medisinsk historisk ståstad.

Heilt sidan eg begynte å studere Duuns litteratur med blikk for skildringar av sjukdom og uhelse, har eg undra meg over korleis han kan ha fått så god innsikt i ulike sjukdommar. I dette kapitlet har eg difor ei oppsummering av Duuns bakgrunn og har lagt vekt på moment som kan gjere det lettare å forstå korleis han kunne skildre sjukdom og uhelse på ein så truverdig måte.

1.2. Olav Duuns bakgrunn

Olav Duun, eller Ole Johannesen Duun som han eigentleg heitte, var fødd på Jøa i Namdalen i 1876 og budde der i heile oppveksten. Foreldra var Johannes og Elen Duun, og den vesle familien leigde først rom på Brakstad, seinare på husmannsplassen Litjgår´n under Hov, den garden som seinare truleg var modell for Håberg i «Juvikfolke». Ole fekk etter kvart tre søsken: Inga Mathilde (f. årsskiftet 1879-80), Alfred Eckoff (f. 1881) og Erik Gunnerus (f. 1884). Faren dreiv på sjøen eller arbeidde rundt på gardane, og det var trongt økonomisk.

Det var her på Litj-går`n han budde dei fire-fem åra før han begynte på skolen, og Kolbjørn Gåsvær (1927-2012), ein av dei lokale Duun-kjennarane, trur at denne plassen har sett djupe spor i eit undrande barnesinn:

… På haugene og i fjellene her fikk Ole de første naturopplevelsene og de rikeste erfaringene som den senere dikteren så mesterlig gjenskapte i fortellingen om Odins barndomsår i sagaen om Juvikfolket. … [1]

Vekkingsbølga, med utgangspunkt i Gisle Johnsons og Gustav Adolf Lammers forkynningslære, gjekk over store delar av landet sist på 1800-talet og kom også til Namdalen. Først på 1880-åra vart far til Ole, Johannes, omvendt, bedehuset vart det naturlege samlingspunktet, og den strenge pietistiske kristendommen sette sterkt preg på familien gjennom Ole sin oppvekst. Litj-gården var ein lesarheim, og Sivert Fløttum, ein av Duun-biografane, tek det for gitt at det difor var ein enkel og nøktern heim, utan fine møblar eller pyntegjenstandar.

I 1884, da Ole var sju år, kjøpte faren halvparten av garden Øver-Dón, og familien flytta dit. På slutten av året kom det meldingar om at fleire av ungane i grenda døydde. Det kunne vere både skarlagensfeber, difteri, meslingar, kikhoste eller influensa som herja. Ved juletider vart Alfred Eckhoff sjuk og døydde berre nokre dagar seinare. Snart vart Inga Mathilde sjuk, og etter tre veker døydde også ho. Tapet av veslesøstra skal ha gått sterkt inn på Ole – ho var den beste leikekameraten og vennen hans. Men Fløttum, som kjente lekmannsrørsla godt, trur reaksjonen i miljøet var slik:

… Gud straffet hardt, men rettferdig, forklarte leserne, og alt skjedde vel til folkets beste. … Men når alt skjedde etter Guds vilje, måtte han godta det. Men han kunne aldri skjønne hvorfor Gud straffet ham så hardt. …[2]

Ole fekk seinare fem søsken til, men ein av desse døydde tre år gammal. Ole mista altså tre av søskena sine.

Ole var flink på skolen, den flinkaste i klassen, og han las alt han kom over – ikkje berre skolebøker, men all slags litteratur, aviser og blad, og han fekk god opplæring i språkutvikling og replikk-kunst både av faren og av kårkallen på Dun, Andreas.

På fritida var han i lag med venner, slik som dei andre ungdommane, i ungdomslaget, skyttarlaget, i kjerka, på bedehuset eller på turar i skog og mark. Det kunne sjå ut som han var ein blant mange i flokken, men ofte trekte han seg tilbake frå vennene, og alltid når dei var samla til dans og moro. Da sto han i utkanten som tilskodar.

… Ofte gikk han med tvangstanker og var mistenksom. Sosialt var han en stakkar som grep en slags redningsplanke ved å trekke seg bort fra flokken. Når han spilte rollen som tilbaketrukket tilskuer, ble de andre engstelig for de følte seg overvåket. De følte at han spionerte på dem. Det han opplevde, havnet i kisten, og da tankene hans senere kom på trykk som noveller eller større arbeider, fikk de bekreftet mistanken, og da følte de seg nesten forrådet. Slik kom han på kant med folk og ble upopulær i mange kretser. … [3]

Han var med og rodde fiske i alle fall seks, kanskje åtte vintrar, truleg i åra 1891-1899. I følge Kolbjørn Gåsvær var det vanleg at ungdommane var med på sjøen, men det Ole opplevde, lagra han til bruk seinare [4].

Duun var 25 år gammal og ein vaksen og erfaren arbeidskar da han flytta heimafrå. Fløttum trur at usemja med foreldra om religionen var ei viktig årsak til at han reiste ut:

… Duun så på foreldrenes sterke engasjement i Den norske Frikirke som et stort svik. Ikke bare mot ham personlig, men også mot miljøet omkring seg, som han satte uendelig høyt. Han mente at foreldrene på en måte sviktet når de ikke førte videre de gode tradisjonene som hadde blitt formidlet gjennom forfedrene. Det var her i hjemmet og i hverdagen at oppgavene ventet på å bli løst, ikke på bedehuset, mente Duun. Det var her på jorden at livet skulle leves. I stedet opplevde han at tiden gikk med til bønner, forkynning og forberedelser til det som skulle komme etter døden. … [5]

Spenninga mellom Ole og foreldra auka for kvar dag, og våren 1901 kom det til ein skikkeleg konfrontasjon mellom far og son. Han greidde ikkje å vere heime lenger. Broren Erik kalla det ein «nødforanstaltning» at han reiste heimanfrå [6]. I følgje Fløttum var mora den einaste han sa adjø til da han reiste, men forholdet til henne var heller ikkje greit:

… En av hans søstre, Inga, fortalte ved en senere anledning at moren hatet det Duun skrev. Moren hadde også uttalt at da Ole var liten, ba hun til Gud om at gutten skulle få vokse opp. Senere hadde hun i tunge stunder angret på det. … [6]

Historikar Elin Strøm trur imidlertid at han reiste heimanfrå for å realisere målet sitt – å bli diktar [7]. På lærarskolen på Levanger (1901-04) møtte han norsklæraren Vetle Vislie (1858-1933), som vart ei stor inspirasjonskjelde gjennom mange år. Det var også han som fekk Duun til å finne fram til språket han vart kjent for – eit landsmål med innslag av namdalsdialekt. På lærarskolen hadde han også Søren Noreide som lærar eit år. Noreide hadde psykologi som ei hovudinteresse og ga seinare ut ei lærebok i psykologi.

I lærarskoletida og dei første åra etterpå hadde han mykje kontakt med to jenter – søstrene Ingunn og Magnhild Jørstad, som var døtre av presten på Frosta. Det finst fleire brev frå denne kontakten, og det er spekulert på om Olav og Magnhild (1885-1970) var meir enn venner, men dette veit ein lite om [8]. Etter lærarskolen fekk Duun erfaring som lærar både på Inderøya (1905-1906), Singås og Budalen (1906-1908), før han til slutt busette seg i Holmestrand i 1908. Dette året gifta han seg med Emma Nakling, som han først hadde møtt på Jøa fleire år før, og dei fekk ei dotter, Dagmar, i 1910.

1.3. Livet i Holmestrand

Olav Duun fekk etter kvart kjøpt eit hus på Rambergfjellet i Holmestrand, og han levde med den vesle familien sin der resten av livet. Han var folkeskolelærar, men det var nok skrivinga og ikkje lærargjerninga han var mest engasjert i. Skrivinga skjedde mest på kvelds- og nattestid. Duun hadde nokre få venner, men elles levde familien skjerma og slapp få innpå seg, og Duun gav svært få intervju. Han let det heller ikkje vere att personlege papir etter seg, og også etter at han var død verna både Emma og Dagmar strengt om privatlivet. Duun skreiv likevel mange brev oppgjennom åra, og mottakarane tok ofte vare på breva, slik at dei er nokre av dei viktigaste kjeldene for Duun-biografane. Som person var nok Duun ganske introvert, kanskje litt depressiv av natur og med litt sosial angst, men han kunne vere kvass i replikken og viste ofte ein underfundig humor.

Duun fekk nokre reisestipend, slik at han kunne reise fleire turar bl.a. til Tyskland. Under ein tur i 1927 hadde skolen fått ein lærarvikar som foreldra var svært godt fornøgd med, så da Duun kom heim, vart han møtt med ein foreldreaksjon som kravde at han måtte gå av. Dette var meir enn han tålte; han slutta på dagen, og det gjekk svært inn på han. Han følte seg utstøytt frå samfunnet. Etter den tid vart han forfattar på heiltid.

Duun fekk forfattarstipend frå 1923, men både mens han berre hadde lønn som lærar og etter at han fekk forfattarstipend, hadde han økonomiske problem, og han fekk ofte forskot frå forleggaren Olaf Norli. Da han fekk den tyske Henrik Steffens’ pris i 1936, hadde han ei gjeld på kr 10 000 hos Norli, meir enn ei årslønn for ein lærar. Men særleg etter at «Juvikfolke» kom ut, vart han sett høgt både av forfattarkollegaer og av lesarane, og da han døydde i 1939, 62 år gammal, var han ein av dei mest anerkjente norske forfattarane. «Norges største dikter», sa Sigrid Undset, da ho la ned krans på båra hans frå Den norske forfatterforening [9].

1.4. Landet der Duun vaks opp

Gjennom forfattarskapet sitt skildrar Duun personar og miljø som i hovudsak er lagt til kystmiljøet i Namdalen, og særleg Jøa, «… dette underlege landet, der det er saa vondt aa vera til … », som han skreiv til ein venn mens han var på lærarskolen på Levanger [10]. Jøa er eit øysamfunn nordvest for Namsos. Historikar Elin Strøm, som har studert korleis det var på Jøa siste del av 1800-talet, fann at det i 1865 var i alt 34 sjølveigarbruk der det budde 240 personar og 34 husmannsplassar der det budde 171 personar [11]. Sjølv om gardane stort sett var små, var det ei klar klassegrense mellom dei som eigde jord og dei eigedomslause [12], men jordbruket gav lite kontantar, så det var fisket som måtte sørge for å dekke utgifter som kravde pengar. Frå 1871 til 1877 var det uvanleg godt fiske utanfor Namdalskysten, og da vart det rikeleg med pengar mellom folk i nokre år. I 1880-åra vart levekåra igjen vanskelege, noko som også går fram av Medisinalmeldinga for 1888 frå distriktslegen. I 1890-åra var forholda igjen betre, men likevel skriv han dette i 1892:

… Befolkningen lever tarveligt og sparsomt; kosten bestaar hovedsagelig af saltet sild og fisk, grød samt kaffe; fersk mad nydes nesten aldrig. … [7]

Spebarnsdødelegheita var høg i heile perioden frå 1870 til 1899 [13].

På slutten av 1800-talet var altså Jøa prega av ustabile økonomiske forhold, dei levde eit spartansk liv og dei opplevde mykje sjukdom og død, ikkje minst blant barn. Samfunnet var også prega av lekmannsrørsla, som hadde sterk framgang frå 1870-åra, slik at det vart ein ny religiøs kultur [14].

Duuns levetid var i det heile ein periode med store omveltingar på mange områder, ikkje berre lokalt, men også nasjonalt og internasjonalt. Han opplevde den norske nasjonale reisinga som førde til unionsoppløysinga i 1905. Det var politisk uro i mange land, eksempelvis revolusjonane i Russland og første verdskrigen. Han opplevde store tekniske framsteg, for eksempel at det vart vanleg med motor i båtane, at elektrisiteten og telefonen vart utbygd, og ei gryande industrialisering. Økonomisk var det store svingingar, blant anna med depresjonen på 1920- og 1930-talet.

Det er difor klart at Duun vaks opp i og levde i eit samfunn som var nokså annleis enn det vi har i dag. Folk såg på verda rundt seg på ein annan måte enn vi gjer i dag, og dei hadde andre erfaringar enn vi har. Men Duun reiste frå Jøa i 1901 da han var 25 år og var der sjeldan sidan. Likevel var det dette landskapet og dette samfunnet han dikta om heile livet. På mange måtar vart det difor ein slags «emigrantlitteratur», der han som utflytta namdaling dikta om det landet og det samfunnet han hadde kjent som ung. På spørsmål om kva i heimbygdas natur og folkeliv som hadde gitt han inspirasjon, svara Duun ganske enkelt: «Det var ikkje anna rart ved naturen der heime i Ytre Namdalen enn det at han var min» [15]. Men som Gujord skriv: Dette var Olav Duuns rike, «… først og fremst en litterær verden – et kunstnerisk univers og en rik tumleplass for fantasien» [16].

1.5. Duuns litterære univers

Duun var ein produktiv forfattar – han kom med ei ny bok nesten kvart år frå han debuterte i 1907 til han døydde i 1939. Den første boka, «Løglege skruvar og anna folk», er ei novellesamling. Han kom også med ei novellesamling i 1911 («Gamal jord») og ei i 1924 («Blind-Anders»). Det var seks-bind-verket «Juvikfolke» (1918-1923) som for alvor gjorde Duun kjent. Der skisserer han juvikslekta langt bakover, men den første juvikingen vi blir godt kjent med, Per Anders, lever omtrent frå midten av 1700-talet til først på 1800-talet. Vi kan så følgje slekta derifrå og i fleire generasjonar, dvs. meir enn hundre år. Handlinga i dei fleste andre romanane er lagt til tiåra rundt førre hundreårsskiftet.

Dei fleste romanane av Duun kan lesast for seg, men det er nokre som heng saman også utanom dei seks binda av «Juvikfolke». I dei to binda «Nøkksjølia» (1910) og «Sigyn» (1913) kan vi følgje med Sigyn, som er fødd utanfor ekteskap og bortsett som lita jente. Ho blir avvist av mora, men kjem seg etter kvart opp og fram. I trilogien «Medmenneske» (1929), «Ragnhild» (1931) og «Siste leveåret» (1933) følger vi Ragnhild og Håkon på Stavsund og familien deira gjennom fleire år. «Medmenneske» er ei av dei mest kjente av Duuns bøker. «Det gode samvite» (1916) er også ein stor slektsroman der vi følger to familiar gjennom tre generasjonar. «Ettermæle» (1932) er lagt opp mest som ein krim-roman, der Agnar skal prøve å oppklare dødsfallet til mora. Dei to siste bøkene frå Duun, «Samtid» (1936) og «Menneske og maktene» (1938), er av mange tolka som ei form for skildring av den politiske utviklinga i mellomkrigstida. I alle fall er det også her stor dramatikk, både på det indre og det ytre planet.

Det er ikkje lett å samanfatte Duuns forfattarskap på ein meiningsfull måte, til det er han for omfattande og mangesidig. Rolv Thesen var i mange år den mest autoritative Duun-kjennaren og ga ut ein grundig omtale av heile Duuns forfattarskap i 1942. I innleiinga skriv han:

Då Olav Duun i 1938 sendte ut «Menneske og maktene», den boka som vart hans testamente, gav han henne ein tittel som femner om hans heile dikting. For Olav Duuns skrifter i samling, det er eit einaste stort, organisk kunstverk om menneske og maktene, - eit monument som stig opp frå det norske landskapet og lyfter seg mot himmelen i storlagd ro. Eit monument over norsk ånd og lynde. Og over mennesket i strid med maktene.

Det er ei merkeleg mangslungen og motsetningsrik verd ein møter i Duuns dikting. Mennesket strir med maktene, i seg og utanfor seg, med natur og lagnad, sed og skikk, tru og ovtru, redde tankar og vonde hugdrag; det stuper og reiser seg, taper og vinn. Det er ei verd der striden står mellom lys og mørker, vondt og godt, himmel og hel, og der mennesket fyrst og fremst har berre seg sjølv og sin eigen styrke å lite på. … [17]

1.6. Helse og sjukdom - gamle og nye førestillingar på same tid

Det var ikkje berre samfunnet som endra seg sterkt i Duuns levetid. Også synet på helse og sjukdom endra seg sterkt. Den naturvitenskapeleg baserte medisinen begynte å få fotfeste på slutten av 1800-talet, men gamle førestillingar om helse og sjukdom var levande lenge. I Duuns litteratur høyrer vi blant anna om årelating, ganning og andre former for overtru, i lag med kristne forestillingar om synd og skyld, som årsak til sjukdom. Dessutan møter vi ei form for nihilisme i forhold til sjukdom og død som er ukjent i dag.

For å forstå nokre av dei førestillingane folk kunne ha om medisin og helse så seint som på 1800-talet, må vi faktisk trekke liner heilt tilbake til antikken, da humorallæra – humoralpatologien (humor=væske) vart utvikla. Den hippokratiske læra la mellom anna vekt på observasjon som viktig metode og den empiriske kunnskapen ein får ved stadig å sjå til den sjuke. Det var difor viktig at legen kunne besøke pasienten i eigen heim, og dette la grunnlaget for prognostikken (pro=før, gnosis=kunnskap). Det vart hevda at det var prognosen som var det primære, ikkje diagnosen (dia=gjennom, gnosis=kunnskap). Dessutan var legane overtydde om at naturen kunne ordne opp sjølv; deira oppgåve var å vere medhjelpar for naturen. Og det var pasienten som stod i sentrum, korleis han eller ho kjende seg og fungerte, ikkje det at eit organ var i «uorden». Hippokratisk medisin var på denne måten holistisk og ikkje reduksjonistisk, som delar av medisinen seinare skulle bli.

Eit anna viktig trekk ved den tidlege medisinen var kristendommen, som også kom til å prege dei teoretiske overbygningane og den praktiske tilnærminga til helse og sjukdom. Dette gjorde at sjukdom vart oppfatta som resultat av eit syndefullt liv, som straff eller som prøving. Kroppen var underordna sjela, og behandlinga av den sjuke måtte innrette seg deretter. Slik vart botemidla for å bli frisk knytta til skrifting, bønn, bruk av relikviar, velsigningar, eksorsisme og påkalling av helgenar, gjerne ein for kvar sjukdom. Desse metodane var vanlege i fleire hundre år framover.

I tidlegare tider var det ofte ingen klare skiljeliner mellom kva og kven ein hadde tillit til. Det var ikkje uvanleg å søke hjelp frå fleire typar behandlarar for same problem: frå ein lege, frå ei klok kone eller ein prest, eller frå dei alle. Likevel var det ikkje tvil om at kristendommen og den religiøse forståinga av sjukdom og helbreding fekk eit sterkt grep [18].

Naturvitenskapen får fotfeste

Sjølv om humorallæra, ofte i lag med kristen-religiøse forestillingar, var sentrale i medisinsk praksis til eit godt stykke utpå 1800-talet, skjedde endringar alt tidleg på 1800-talet, før Duun var fødd. I 1810 vart koppevaksinen obligatorisk i Noreg, og utan koppevaksinasjonsattest kunne ein sidan verken bli konfirmert eller gift. Sunnheitslova av 1860, med innføring av sunnheitskommisjonar i kommunane, fekk mykje å seie, og hygiene-rørsla, med engasjement av frivillige lag og organisasjonar, kom for alvor i gang på slutten av 1800-talet [18]. Behandling med antitoksinserum mot difteri, som vart innført i 1895, reduserte letaliteten av difteri vesentleg [19].

Internasjonalt skjedde det og store endringar i synet på helse og sjukdom. Louis Pasteur (1822-1895) utvikla vaksiner mot rosen, miltbrann og hundegalskap. Oppdaginga hans av bakteriar, og korleis dei verkar i sjukdomsprosessane, var med på å etablere bakteriologien som vitenskap. I Tyskland la Rudolf Virchow (1821-1902) grunnlaget for moderne patologi da han viste at årsaka til sjukdom var forandringar i cellene. Han vart ein stor autoritet innan medisinen og fekk mykje å seie i arbeidet med å betre sanitære forhold generelt og forholda på sjukehusa spesielt [20, 21].

På 1800-talet starta også utbygging av meir moderne sjukehus, noko som skaut fart etter oppblomstringa av mikrobiologien som vitenskap og med erkjenning av at bakteriane var viktige smittestoff. Mange norske sjukehus vart etablert i perioden 1900–40. Det var også ei sterk utvikling av legetenester og jordmortester i distrikta i denne perioden [22].

Dette viser at i tiåra før Duun var fødd og i Duuns levetid var det ein gradvis overgang frå den gamle humorallæra og dei kristen-religiøse førestillingane til ein meir naturvitenskapeleg basert medisin. Det vart gjort mange banebrytande oppdagingar, det var stor vitenskapsoptimisme - det var liksom ingen grenser for nyvinningar. Isiste halvdel av 1800-talet var altså fundamentet i hovudsak lagt for den naturvitenskapelege medisinen og dermed også for behandling av viktige sjukdommar. I mange miljø levde nok framleis både restar av den gamle humorallæra og dei kristen-religiøse førestillingane likevel i beste velgåande, parallelt med den nye naturvitenskapelege kunnskapen.

Også innan psykiatrien skjedde det mykje på 1800-talet og første del av 1900-talet. Historia om korleis psykiatriske og psykisk funksjonshemma pasientar har vorte behandla opp gjennom tidene er ikkje vakker. Ho er prega av skam, av forsøk på å skjule, og av forsømming - i det heile ei uverdig behandling sett med moderne auge [23, 24, 25]. «Sinnsykeloven», som vart vedtatt i Stortinget i 1848, var eit framsteg i behandlinga av desse pasientgruppene, og i andre halvdel av 1800-talet var det ei sterk utbygging av psykiatriske anstaltar (sinnsjukeasyl). Dei fleste psykiatriske pasientane var likevel framleis plassert utanfor anstaltane, hos private som fekk betaling av det offentlege [23].

Psykologien blir eit fag

Mange av Duuns romanar kan kallast psykologiske drama. Faget psykologi handlar om korleis menneske tenker, føler og oppfører seg. Gjennombrotet for psykologien kom i andre halvdel av 1800-talet. Men faget har gått gjennom fleire fasar etter at det vart eigen vitenskap, og dette har gitt det mange ulike perspektiv som kan forklare åtferd på ulike måtar [26].

Psykoanalysen vart utvikla av Sigmund Freud i åra rundt 1900. Han var mest opptatt av korleis ubevisste mentale prosessar kan påverke åtferd og personlegdom, og mest kjent var kanskje fascinasjonen hans av det dei kalla hysteri hos kvinner.

Behaviorismen vart grunnlagt av amerikanarenJohn B. Watson i 1913. Han fokuserte på korleis det ytre miljøet kunne påverke åtferd, og han meinte at det var observerbar åtferd og ikkje uobserverbare indre prosessar som var viktige. Seinare, etter Duuns tid, har psykologien utvikla seg i fleire retningar, [26] men det må ha vore litteratur om psykoanalysen og behaviorismen som Duun hadde tilgang til.

1.7. Duuns medisinske kjeldetilfang

I utgangspunktet er sjølvsagt Duuns litteratur dikting, der han har skapt seg ei litterær verd, og det må vi gå ut frå gjeld også når han omtalar sjukdom og uhelse. Duun må likevel ha hatt eit utgangspunkt når han har skildra også desse temaa, og eg kan tenkje meg at han kan ha hatt tre type kjelder til dette stoffet: Eigne opplevingar og erfaringar, historier han har høyrt og stoff han har lese seg til.

Eigne opplevingar og erfaringar

Det er sagt at Duun har basert mykje at det han har skrive på eigne opplevingar og erfaringar. Dette har vore eit diskusjonstema heilt frå dei tidlege romanane hans, blant anna ved at namdalingane meinte dei kunne kjenne igjen karakterar og hendingar, noko som førte til at han ei tid var dårleg likt i Namdalen [27]. Det er difor grunn til å tru at det han også skriv om sjukdom og uhelse kan vere basert på eigne opplevingar og erfaringar.

Sjukdom i familien. Duun vaks opp under nøkterne kår, og oppveksten var dessutan prega av sjukdom og død. Ole (Olav) var eldst av åtte søsken, og det er grunn til å tru at det gjorde sterk inntrykk på han at tre av søskena hans døydde som små.

Barnedødeligheten var stor på denne tiden. Litt for ofte kom det beskjed om at en av ungene i grenda var gått bort. Skarlagensfeber, difteri, meslinger, kikhoste eller influensa klorte seg fast i lett mottakelige barnekropper. Hygienen kunne det være så som så med. Smitten spredte seg derfor fort når den først hadde fått innpass i grenda. Faren for at egne barn skulle bli rammet av sykdom, gav næring til angst og mismot [28].

Nerveproblem. Duun ser ut til å ha hatt nerveproblem heilt frå han var ganske ung, sosialt var han ein stakkar, og han trekte seg ofte vekk frå kameratane [2]. Også i vaksen alder hadde han mange helseproblem:

Olav Duun karakteriserte seg selv som en plaget mann. Han skrev ofte om sin svake helse til venner og kjente. Ofte var han deprimert og følte seg utenfor med hodepine og kvalme. Da stakk han gjerne til skogs etter middagen og kunne være ute til langt på natt. Duun gikk ikke alltid i detaljer om sykdommene sine. Noe ganger sa han bare at han var syk – uten å komme nærmere inn på plagene. …

… I korrespondansen med sin tidligere norsklærer, Vetle Vislie, skinner også helsebekymringene igjennom. Sommeren 1906 skrev Duun at han hadde vært dårlig en stund. To år senere kunne Vislie lese at Duun hadde vært og fortsatt var syk. Da det led til jul samme året, skrev han at han hadde vært litt skraphelsig, men at han var på bedringens vei. Ved en anledning sa han at han arbeidet hardt og levde i stor ensomhet, men ikke i ensom storhet. I brev til dem som sto ham nær, gav Duun ofte uttrykk for at han følte seg utenfor … [6].

Hovudpine. I 1927 oppsøkte han badeanstalten i Montecatini i Tyskland, i håp om å få bukt med den evinnelege hovudpina og smertene han var plaga med elles i kroppen. Dei hadde forfølgt han heilt frå ungdommen, men «som vanleg» vart Duun sjuk mens dei var der, han fekk influensa og «anna fark». Ein dag mange år tidlegare hadde smertene vore så ille at han hadde lagt seg på golvet i klasserommet mens elevane hadde frikvarter, rulla seg rundt og vridd seg i smerter. Han brukte sjenever som medisin oftare og oftare, og til slutt vart det søkt om invalidepensjon for han [6].

Depresjon. Det ser ut til at Duun kan ha hatt ein lett sosial fobi, og han var truleg depressiv av karakter. Etter som åra gjekk vart han mindre og mindre engasjert i skolearbeidet, og det var aukande misnøye blant foreldra. Etter at han kom heim frå tysklandsturen i 1927 og vart presentert for foreldreaksjonen som ville fjerne han frå skolen, følte han at heile verda rasa saman omkring han. Det som heldt han oppe var den nære familien og diktinga. (Etter at han slutta i skolen bestemte han seg for å vere forfattar på heiltid, og han trakk tilbake søknaden om invalidepensjon) [29].

Alkohol. Emma Duun skal ha fortalt at ektemannen var «svært nøktern og måtehalden» når det gjaldt alkohol, og han skreiv aldri i påverka tilstand, forsikra ho. Sjølv sa han det slik: «Nei, eg kastar aldri bort tida med dikting når eg har drukke litt. Men eg gjer mangt anna dumt, gud skje pris» [30]. Det er trass i dette mange andre teikn på at alkohol var ein viktig del av livet til Duun: «Og så vinter utan brennvin – det er synd mot naturen», skriv Duun til vennen Tore Ørjasæter (1886-1968), året etter at Stortinget vedtok brennevinsforbodet. «Lid på kvellen vil eg taka meg ein dugeleg heimebrent, - kjem du, så drypp det på deg òg», skriv han i eit anna brev til Ørjasæter, og i eit brev til Ronald Fangen fortel han at han har kjøpt ei heil kasse whisky, som dessverre viste seg å vere «tysk kloakk-vatn + loktanes».

Mens Duun arbeidde med å skrive «I blinda», skreiv han i eit brev til Ørjasæter: «Eg har havt ein skruv laus i hue eit tak, eller så var det ein meitemark i heilen. Det var vondt og nifst, men no er det i stand der oppe att; eg druknar pina i pjolter» [8]. Han heldt seg truleg på avstand frå festinga til forfattarane i hovudstaden. «Pjolteren sin, den ville han helst nyte i enerom, eller sammen med venner som Sigurd Christiansen og Tore Ørjasæter. Dem kunne han virkelig stole på».

Det er spekulert på om det store alkoholforbruket var noko av årsaka til at familien Duun hadde økonomiske problem i alle år. Men til skolebarna fortalde han om alkoholens forbanning: «Ja, barn, de må hugse at sprit berre må drikkast som medisin», skal Duun visstnok ha sagt [30]. Alt i alt er det grunn til å tru at Duun hadde eit stort alkoholforbruk gjennom mange år. Når han i mange av romanane skildrar alkoholbruk og rus, hadde han difor truleg rikeleg erfaringsbakgrunn.

Emmas erfaringar, særleg under oppveksten, var truleg også ein viktig del av Duuns bakgrunn. Ho var fødd utanfor ekteskap, og for Emma si mor vart kontakten med barnefaren ein sosial katastrofe. Emma vart bortsett til fosterforeldre og hadde lite kontakt med mora. Da ho seinare prøvde å få kontakt med henne, avviste mora henne. Dette må ha gjort sterkt inntrykk, og både motivet med at barn blir bortsett og at barn blir avvist av mora går igjen fleire stader i Duuns romanar [31]. Elles veit vi lite om kva slags efaringar Emma hadde med helse og sjukdom, men ho gjekk gjennom ein operasjon i 1926 [32].

Arbeidserfaring. Som andre ungdommar på hans tid deltok Duun som arbeidskar frå han var konfirmert i femtenårs-alderen, både heime på garden og på fisket. I dei ti åra før han reiste heimanfrå må vi gå ut frå at han opplevde sjukdom, ulykker og død både heime på Jøa og mens han var ute på fiske. Fleire kjelder meiner og at han var ein uvanleg god observatør og at han også ofte noterte det han hadde høyrt og opplevd.

Etter lærarskolen (1901-05) og eit år som lærar på Inderøya (1905-06) kom han til Singsås i Gauldalen og var der til 1908:

Da han kom til Singsås herja tuberkulosen, og epidemiene avløste hverandre. Barnedødeligheten var svært stor. Man ble etter hvert klar over at urensligheten var en viktig årsak til at smitten spredte seg så fort blant folk. Duun engasjerte seg sterkt i helsespørsmål og var overbevist om at rensligheten blant skolebarna kunne bedres. … [33]

Ein av dei næraste naboane til Duun var distriktslegen, Christian Hirsch (1871-1951), ein engasjert lege som prøvde å betre hygienen blant folk. Han prøvde saman med Duun å få bygd ei badstu, men måtte gi opp prosjektet. Når folk vart sjuke og sengeliggande, var det behov for sjukepleiarar, og slik vart Singsås sanitetsforening stifta. Det vart også stifta ei sjukepleieforening for menn, og Duun var formann der ei tid [33].

I 1908 skriv Duun til Magnhild Jørstad om dei hygieniske forholda i Gauldalen:

Doktoren stræver haardt med dette; kjæmper som en helt; men han hugger – ikke i sten – men i en uldsæk. … [34]

Og folk visste ikkje sitt eige beste:

I sume heimar har dei tæring, alle; det vert verre og verre, og folk ser det; men ikkje i ein einaste ting høyrer dei etter dokteren eller andre. … [34]

I tida på Singsås vart han på nytt konfrontert med sjukdom, bl.a. tuberkulose, og han vart engasjert i helsearbeid, bl.a. i lag med distriktslegen, som han vart godt kjent med. Det kunne tenkjast at han fekk høyre pasienthistorier gjennom kontakten med distriktslegen, kanskje fekk han også tilgang på medisinsk litteratur, men dette veit vi ingen ting om.

Historier han har høyrt

Ole vaks opp i eit miljø der det vart fortalt mange historier, og han fekk god opplæring i språkutvikling og replikk-kunst:

… Faren var kjent for å ha en god replikk og var presis i formuleringene. Dessuten lærte gutten mye av kårkallen på Dun, Andreas. Han dyrket den gode replikken og var nøye med måten han ordla seg på. … [35]

Fløttum fortel at Ole hadde ei lita rosemåla kiste på loftet på Øver-Dón, der han bl.a. hadde ei notatbok. Særleg i onnene kunne det vere mykje folk på gardane, praten gjekk ofte livleg og det vart fortalt mange historier:

…Ole Julius sugde inn hvert ord med ørene på stilker. Med ett klaget han over at han hadde vondt i magen. Han måtte hjem en tur og holdt seg for magen i det han gikk ut. Så snart han hadde rundet hushjørnet og trodde at ingen så ham, la han på sprang. Det bar rett hjem og opp på loftet der kista sto. Der hadde han notatbok, og nå skrev han ned det han hadde hørt de snakket om. … [35]

Det er også grunn til å tru at han høyrde mange historier dei åra han var på fiske. Dei historiene han på denne måten høyrde, kunne sikkert vere frå mesteparten av 1800-talet, kanskje også eldre.

Stoff han har lese seg til

Duun har ofte vori omtala som «den store psykologen» blant norske forfattarar. Alt frå gjennombrotsromanen «På tvert» frå 1909 viste han stor psykologisk innsikt, men mange år seinare avviste han at han hadde fått impulsar frå dei moderne psykologane (Brev til A.H. Winsnes 19.7.1937):

Da eg skreiv På tvert hadde eg i høgda lese litt psykologi av W. James. Det gjekk enda eit tiår eller meir før eg las litt om og av Freud i tyske tidsskrift. Eg fann i grunnen ikkje noko som var farlig nytt der. … Så etter det eg veit har eg ikkje noen impulsar frå dei moderne psykologane. … [36]

I den rikhaldige boksamlinga etter Duun i huset på Rambergfjellet finn vi i dag ingen medisinske eller psykologiske fagbøker. Det er heller ingen bøker av Leo Tolstoj eller Amalie Skram. Boksamlinga er prega av skjønnlitteratur av både norske, svenske og danske forfattarar, men det er også fleire bøker av tyske, engelske og franske forfattarar. Dette seier ikkje nødvendigvis noko om kva Duun faktisk las i si tid, men mellom dei vel 1100 boktitlane er det ingen ting som tyder på at medisinsk eller psykologisk faglitteratur har vori viktig for Duun.

Lars Groven har studert ungdomstida til Duun nærare [36], og han meiner at Duun må ha fått impulsar frå psykologifaget alt frå tidleg ungdom. Ungdomslaget på Jøa abonnerte på tidsskriftet «Kringsjaa» (1893-1910), og der var psykologi tema i mest kvart nummer. Det går fram at dette faget var i ei rivande utvikling, bl.a. var det omtale av Maurice Maeterlinck, seinare nobelprisvinnar, som vart kalla «Drømmedigtningens mester» i «Kringsjaa». Kjelder har fortald at Duun var svært opptatt av Maeterlinck og hadde bilde av han på loftet sitt heime på Jøa [36]. «Kringsjaa» tok for seg tema som barnepsykologi, kompensasjonsteoriar og kor viktig undermedvitet kunne vere. Også tema som fylogenese (utviklinga av menneske frå generasjon til generasjon) og ontogenese (utviklinga frå barn til vaksen) vart omtalt. Groven meiner det er rimeleg å tru at Duun følgde med i «Kringsjaa» så lenge han budde heime på Jøa, og da han kom til lærarskolen på Levanger kunne han lese tidsskriftet også der [36].

Trass i at Duun sjølv avviste at han hadde fått impulsar utanfrå, er det difor grunn til å tru at han i alt i ungdomstida fekk mange inntrykk frå debatten omkring psykologifaget, kanskje særleg gjennom tidsskriftet «Kringsjaa».

På lærarskolen møtte Duun læraren Vetle Vislie (1858-1933), som alt i 1896 hadde skrive artikkelen «Farlig evne» i «Kringsjaa», og Duun og Vislie hadde seinare kontakt i mange år. Det første året på lærarskolen var dessutan Søren Nordeide (1872-1941) norsklærar for Duun. Hans faglege interessefelt låg innafor pedagogikk og psykologi, og i 1913 gav han ut standardverket Lærebok i sjælelære saman med ein annan forfattar. Noreide prega fagfeltet sitt i ein heil mannsalder [37]. At Duun møtte Vislie og Noreide på lærarskolen kan ha styrka interessa hans for psykologi. Dessutan veit vi at han las mykje annan litteratur, blant anna Dostojevski [38], og han hadde kontakt med mange forfattarkollegaer, som han også truleg las. Men Duun hadde også eigne erfaringar. I eit brev til Magnhild Jørstad i 1906 skriv Duun:

- du veit det er so mange no som ikkje er friske, og daa «har dei det» alltid paa ein eller annan maaten. Eg har det slik, eg, - nei, eg kjem ingen veg paa den der maaten, ser eg. Ser du: eg les alt eg kjem yver um «sindsygdomme», um nevrose og paralyse og slikt. So las eg noko av dansken Lange om «vrangforestilling», og daa fann eg det ut med ein gong, - slik var det eg «hadde det». Iminsto er eg ikkje fri det. Tykkjer eg vert ikkje paa-akta nok, stundom vert eg for, at folk heller vil meg vondt enn godt osb. – «forurettelses- og forfølgelsesforestillinger»- . … [37]

(«dansken Lange» er ukjent, forf. mrk)

Det var sjeldan at Duun sjølv uttalte seg om sin eigen forfattarskap. Men i 1926 skreiv han pamfletten Det norske syn. Duun meinte at skal kunstnaren ha noko å formidle til andre folk enn sitt eige, må han ta utgangspunkt i sitt eige tradisjonsgrunnlag. For kva skulle han elles ha å skrive om som ikkje andre folk visste betre av seg sjølve? Det må vere dialog mellom fortid og notid og det heimlege og det framande [37]. Fløttum skriv:

… Det er blitt sagt om forfattere at de er best når de skriver om seg selv. Hvis det er et holdbart utsagn, og vi bruker det som utgangspunkt, vil nok mange med styrke påstå at Duuns forfatterskap er selvbiografisk. … De selvbiografiske trekkene i hans bøker synes jeg er blitt mer fremtredende etter hvert. … Men de utfordringene og problemene Duuns romanfigurer blir stilt overfor, kjenner han fra sin egen erfaringsbakgrunn. …[39]

På bautaen over Olav Duun på heimplassen hans Øver-Dón på Jøa er det rissa inn eit sitat frå forfattaren: «Eg skal taka av mitt eige og forkynne dykk» [40]. Det er grunn til å tru at dette galdt også omtalen hans av helse og sjukdom.

1.8. Tidlegare litteratur om Olav Duun og hans forfattarskap

Alt frå Duun debuterte og opp gjennom heile karriera hans fekk bøkene hans meldingar og annan omtale i avisene. Men det var litteraturkritikar Rolv Thesen som i 1942 først tok for seg heile Duuns forfattarskap, berre tre år etter hans død. I boka «Mennesket og maktene. Olav Duuns dikting i vokster og fullending» [41] går Thesen gjennom bok for bok og gir grundige kommentarar. Dette var i mange år eit slags standardverk om Duuns forfattarskap.

Andre har seinare tatt for seg delar av Duuns forfattarskap eller livshistorie.

I boka «Lys over Olav Duun» [42] gir Bjørn Paulsen Nordheim mange glimt frå livet til Duun, bl.a. frå tida da han gjekk på lærarskolen og da han var lærar i Singsaas.

Lokalhistorikar Kolbjørn Gåsvær har skrive om oppveksten og ungdomstida hans, blant anna korleis det var på den tida han var med på fisket på Gjæslingan [4].

I boka «På sporet av Olav Duun. Artiklar og kommentarar» [36] drøftar Lars Groven mange sider ved Duuns liv og forfattarskap, og bl.a. dreg han fram kor mykje tidsskriftet «Kringsjaa» kan ha betydd for han i ungdommen.

I 2003 kom Sivert Fløtttum med boka « Olav Duun – dikteren på Rambergfjellet. En biografi» [43], der han går inn på fleire sider ved Duuns oppvekst og vaksne liv. Bl.a. skildrar han tida hans som lærar i Singsås i Gauldalen og kontakta hans med søstrene Jørstad. Sjølv om det seinare er påvist nokre feil i boka, gir ho eit godt innblikk i Duuns liv. Historikar Elin Strøm har studert Jøa-samfunnet på 1800-talet, som eit bakteppe for det samfunnet som Duun vaks opp i og som som han brukte i dei fleste bøkene sine [44].

Heming Gujord forsvarte i 2005 ei doktoravhandling om Duun, og han hadde og tidlegare publisert fleire artiklar om Duun. I 2007 kom han med den første større biografien av Duun: «Olav Duun. Sjøtrønder. Forteller» i 2007 [45]. Biografien er grundig, der Gujord både skildrar livet og forfattarskapen hans. Boka skapte ein del debatt, særleg fordi Gujord sette spørsmålsteikn ved den politiske haldninga til Duun i mellomkrigstida.

Grete Fatima Syéd har også engasjert seg i Duuns forfattarskap gjennom mange år. I 2001 skreiv ho hovudoppgave i nordisk litteratur med utgangspunkt i Olav Duuns Samtid. I 2012 forsvarte ho doktoravhandlinga med tittelen «Nådeløs omsorg. Kjærlighet, selvmord, kunst og overskridelse i Olav Duuns fiksjonsverden», og i etterkant av den kom ho i 2015 med boka «Olav Duun. Kunsten, døden og kjærlighetens dikter» [46]. Her drøftar ho mange ulike sider ved Duuns litteratur.

Det foreløpig siste større verket om Duun er Einar Vannebos doktoravhandling frå 2016: «Å vera menneske. Religion og menneskesyn i Olav Duuns dikting», [47] der han drøftar ulike religiøse sider ved Duuns forfattarskap.

Helse og sjukdom er omtalt hos fleire av forfattarane, men oftast ganske kort. Den einaste publikasjonen som har hatt dette som hovudtema er Lilli Hovstads artikkel frå 1969: «Olav Duun: Juvikfolke – en medisinsk historisk studie» [48], der ho drøftar korleis Duun har skildra helse og sjukdom i Juvikfolke.

1.9. Foreløpig oppsummering

Det er grunn til å slå fast at Duun hadde rikeleg erfaring med både fysiske, mentale og sosiale problem, som han ofte skildrar i romanane sine. Hans eigen erfaringsbakgrunn kunne strekke seg frå han var gutungen (han var sju år i 1883) opp til 1930-åra. Trass i at han sjølv ikkje ville vedgå at han hadde fått impulsar frå dei moderne psykologane, er det truleg at han las om psykologi alt mens han budde heime på Jøa. Og Duun har sjølv uttalt at kunstnaren må skrive ut frå sitt eige tradisjonsgrunnlag.

Utgangspunktet mitt er difor at Duuns skildringar av helse, sjukdom, ulykker og død kan ha historisk relevans. Og dette har ikkje vore hovudtema hos andre som har omtalt Duun-litteratur, bortsett frå Hovstads artikkel. Eg meiner difor at helse og sjukdom i Duuns litteratur kan vere eit interessant tema for nærare studiar. Men sjølv om vi trur at Duun i stor grad skreiv ut frå sitt eige tradisjonsgrunnlag, kan det også vere grunn til å hugse svaret Rolv Thesen fekk hos jøbyggen Aksel Devik da han spurde kor hen Svarthammaren låg. Da svara Aksel, som den ekte juvikingen han var: «Å, ha’n bruk fer ein hammar, så va’n vel kar om å gjera’n sjøl, han!» [4].

Jostein Holmen