i2

10. Andre helseproblem

Sjølv om det er tuberkulose og andre infeksjonssjukdommar som dominerer i Duuns litterære univers, saman med psykiske sjukdommar og plager, får vi høyre om ei rekke andre sjukdommar.

10.1. Synshemming

Tjære var dårleg augemedisin

I «I blinda» blir vi godt kjent med (Blind)-Anders som lever omtrent i første halvdel av 1800-talet. Han er som ein hovding i bygda, og han er først gift med Solvi, som han jagar heimanfrå og som blir drept av steinskreia. Seinare blir han gift med Massi og får seks barn og etter kvart ei stor etterslekt. Fleire i Juvikslekta har vore plaga med dårleg syn. Anders er i utdraget nedanfor godt oppi åra, og han har lenge

merka at synet har vorte svakare. Han har i lengre tid tenkt på kva han skal gjere og har endeleg bestemt seg. Han har sterk tru på varm tjære - det hjelper visst mot alt:

Og no skulde det skje. Denne seiga over auga skulde vekk, han trong å sjå, no heretter. Og no hadde han det rette mote. Han stana for og tenkte seg om. Han var rolig, slik han aldri hadde vore det før i heile sitt liv; og enda kjente han det hasta, live stod reint her og venta på han; sjølve verke var ugjort og i vente enno; det saug i han, men det uroa han ikkje. Ja ha, no skulde han snart sjå verda som ho var.

Karane var ute på onna, og kvinnfolka hadde sitt å ståke med, så det høvde godt. Han var borti eldhuse og vermte seg ei skål med tjæra, gjorde ho skikkelig heit; så lunka han ei kola med lys og hadde for handa. …

… No var tjæra heit nok, slik han brukte henne til sår. Og no bar det til. Han stod med fingeren nedi og kjente etter: det var høvelig dette her no, og fin og truverdig tjæra. – Den som no hadde havt nokre gode ord og lese over, no, sa han. Han smilte med han sa det, slik blindt folk ofte gjer det; men han ønska det likevel. For i denne stunda hadde han tru på kva det skulde vera.

Å, men han var sveitt!

Han ser utgjennom døra, om der er nokon i farvatne for han. Nei; det var som han sjølv skulde ha laga det til, og no tok han stelle sitt og fór over garen med det og inn åt kammerse. Han kjenner på tjæra att. Står så ei stund og ser ut gjennom vindauge, ned over flata og reinane, der grønleten tytar fram or mosebotnen. Haugane søm i lyseblå skodd for han utunder himmelen, slik har dei vore der all hans dag, …

… «Men det va det!» sa han og snudde seg. Måle vart høgt, og song: «Vil dokk mæg vel no, så må dokk vara i nerheita, og hjolp mæg!»

Kaldsveitten måtte han tørke av skallen i einingen. Men det var lett å puste.

Så gjorde han det: Han smurde heite tjæra innpå auga med fingeren, over sjølve augnesteinen så godt han fekk det til; han måtte rulle med auga både hit og dit før han var trygg. Ryggen krøktes i vêre på han, og knea gav seg, men han heldt på til han var ferdig. Da sette han seg på senggavlen.

«Jamenn va no det der fullt giftarmål lel!! sa han. «Æg ska fortel dokk det kjentes der det kom. Og ondt ska ondt fordriv! Ja da; det her det går bra det. Kast dit brød ….»

«Massi, Massi!» stønna han ei stund etter, han visste lite kva han sa. Så var det tida å ha på trana. Han famla i kluten og vaska over auga. Det tok utor pina ikkje så lite, han vart enda godtil å gjømme unda skrote sitt. Etterpå vart han sittande på sengegavlen og vogge på seg, og han kviskra alt i eitt:

«Vil dokk mæg vel no, så ska det vis sæg!»

Da dei spurte etter Anders utpå dagen, var han kleinslig og i senga, og dei hadde det vette at dei let han i fred. Gjartru var der i kveldinga att og hørte etter. Han hadde litt «illt i hui».

(I blinda (5);278-279)

… Han låg og snudde seg til veggen, slik han hadde gjort mest heile tida sia han vart dårlig, og det mumla i han, at frisk det var han, han hadde berre litt verking i ein auge. – Lat meg så ha fred! bad han. Det same sa han når dei kom med mat.

Utpå dagen sendte han bud på Per. … Faren snudde seg fram til han, med bind for auga og rundt hovude:

«Æg vart ussel, æg,» sa han. «O-lek, malli o-lek ò.»

Per kremta berre til eit par gonger. Anders løfta handa og let henne falle tungt ned på senggavlen:

«Ja, no e æg blind, Per! – Jau, æg e det du. Og bli det ò, ja, all min dag. Men du ska vetta det: Det e sjølgjort!» Så fortalte han korles han hadde bori seg åt, og korles det hadde gått. Det måtte vera det, trudde han, at tjæra hadde vore for heit. For elles var tjæra det einaste som hjelpte for ilt: Ho e galant, Per.» …

(I blinda (5);283)

… «Vi sei det slik da, Per, at æg fekk kælk innpå auan. Hm?»

«Ja ja. Det bli vel inga anna rå nei.» …

(I blinda (5);284)

Mest truleg hadde Anders grå stær (katarakt), dvs. fordunkling av linsa i auga , men den «behandlinga» som Anders prøver, endar katastrofalt, ikkje uventa for oss som les om det i dag. Tjæra må ha utløyst ein kraftig inflammasjon på hornhinna, og som øydela synet permanent. På Anders si tid var behandlinga mot grå stær dårleg, så mange vart difor blinde, akkurat slik som Anders var redd for. I dag kunne han ha fått ein enkel operasjon som hadde berga synet.

Sterke briller hjalp

Åsel var dotter av Blind-Anders, og ho var også redd for å miste synet:

… Åsel måtte bruke sterke briller, hadde brukt dem i langsamlig tid, men syne hadde ho ikkje mist, slik dei hadde spådd henne. …

(I ungdommen (7);33)

Ein dårleg handel

I novella «Blind-Anders» er det nettopp Blind-Anders på Håberg som fortel. Den første historia er om ein annan Blind-Anders, sonen til ein som måtte flytte ut i skogen fordi han blinda ein annan i ein slåsskamp – det var som ein hemn for at guten var blind. Anders vaks opp utan å vite at han var blind til han var fem-seks år. Da han var 16-17 år, vart han kjend med ei jente, Lina, som kom og ville bu hos han. Ho fekk seinare høyre at det fanst ein vedunder-dokter ein stad som kunne gje folk synet, så dei reiste dit, og han fekk synet til slutt. Etterpå ville han ut i verda og sjå, mens ho reiste heim. Da han endeleg kom heim etter åtte år, var Lina sjuk og døydde like etter:

… Eg fekk syne, og så mista eg deg; det tykkjer eg er dårlig handel, sa han. … Han banna syne han fekk, og dagen da han fekk det, han banna seg sjølv. I same augneblinken slo tora. … Han var berre svimeslegen. Men det tok tid før han kom til seg att. Da han det gjorde, vart dei vis med at han var stokk blind, såg ikkje handa framfor seg. Han såg henne aldri meir. …

(Or Blind-Anders (9);125)

Heile historia dreier seg om det å vera blind og korleis det kan vere ikkje å sjå. Om det på Anders si tid fanst ein vedunder-dokter som kunne gje synet tilbake, er vel usikkert. Uansett er moralen at til og med synet kan kjøpast for dyrt – det var ein dårleg handel.

10.2. Hørselshemming

Sjølv om mange av Duuns personar er gamle, er det lite snakk om hørselsproblem, men vi høyrer om eit eksempel i «I eventyre» når Odin i lag med mora Elen kjem til Kjelvika første gongen:

… Det der, det måtte vera Kjelvik-valen som han hadde hørt om: storstein og sand tvers over sundet og til øya. Ei framandvori lukt kom og tok imot dem, det måtte vera røyklukta frå ei stue. Men no stana dei og lydde: Det var ein som ropa hit over sunde bortant øya. – Gurianna! ropa det, og eit kvinnfolk-mål attom haugen her svara ja. Der, no ropa det att, enda grovare, og kvinnfolke svara ja. Odin var nær på å sette i med. Det ropa tredje gongen, så det røm i all marka:

«Guri-anna!» og no hørte dei han sa med seg sjølv: «Du e eit kors å dragast med.»

Det var han Bendek sjøl, det der, sa Elen, for han var urlite tunghørt av seg, og ho som svara, det var kona hans, ho skulde vel over med færingen og hente han.

(I eventyre (6);149)

10.3. Hjarte- og karsjukdom

Liggande utom «stubrua»

Hjartesjukdom er ikkje vanleg i Duuns personsgalleri, men vi får høyre om nokre få tilfelle. På den tida da personane hans skal ha levd, var det få gode diagnostiske hjelpemiddel, så legane måtte nok først og fremst stole på sitt eige kliniske skjønn. I «Juvikingar» har Ane gifta seg med Andrias Pålsnese og flytta til han, men ikkje lenge etter døyr han plutseleg:

Ane hadde funne han liggande utom stubrua, og da var han klar. Slik vart dei liggande, somtid. Det var vandt å seie kvar det var.

(Juvikingar (5); 108)

Sjølv om det i ein slik situasjon var vanskeleg å seie kva som var årsaka, er det nok mest truleg at Andrias fekk eit akutt hjarteinfarkt med hjartestans.

Hjarte hans – det gjekk og gjekk …

I «Det gode samvite, Yngste ætta» får vi ei litt nærmare skildring av korleis Rohl har det når han blir sjuk. Rohl er banksjefen, som den langt yngre Frigg er forlova med:

… Rohl kom ikkje utover, han hadde vorte sjuk straks føre gravøle. … (4;298)

… - Forresten, ho sa det lågt og tett innåt han, forresten så levi ´n no ikkj så leng. Han har hjartefeil.

(Det gode samvite (4);299)

… Det var som ho ottast, at det stod kleinvore til med Rohl. Først vilde dei ikkje sleppe henne inn til han, dokteren hadde forbydd det. Ho strauk beinast til dokteren, og endelig gav han etter. Ho skulde få sitte i kammerse, når ho berre ikkje snakka med han eller skaka han opp på noko vis; for hjarte var reint i ustand. Dokteren var enda med henne bortover.

Rohl låg som han sov da ho kom inn. Så slo han opp auga og kjente henne, og bad henne sette seg borttil senga. Det var bra ho kom, sa han. Han anda tungt ei stund, stutt og mødesamt, flytta hendene hit og dit oppå teppene; andlete var uttrøytta, og sveitten dogga oppunder håre. – Ja, det blev dårlig meg mig, Frigg, - han smilte att, og auga gleid til og frå. … - Det va Mannen med are, sa han.

Ho nikka, og let auga ligge i hans.

Han var fæl. Han vandt så rent over mig, jeg skjønner ikke ---

Ja hysjt da! Vente te i morrå. Vil du ha drikk?

Ho hadde fått magta si, og ho gav seg ikkje før han låg still og tagde, ho strauk kaldsveitten av panna hans, stelte med han på alle vis; han gav seg over og vart eit litebarn, som berre skal ha det godt.

Heile natta vart ho sittande hoss han. Han sov for det meste; men utpå morgonparten vakna han og var lysvaken og lett. Og da fortalte han korles det hadde bore til. …

(Det gode samvite (4);304)

ho låg og lydde på hjarte hans att. Det gjekk – og gjekk, og enno og enno; ei lang tid. Og morgonen grådde ute; dagen kom krypande. ...

… Rohl kvikna til, og dokteren sa han stod det over denne gongen. …

(Det gode samvite (4);307)

Frigg seier at han har «hjartefeil», men sjukdomsbildet kan stemme med hjarteinfarkt, kanskje kombinert med pumpesvikt. På Rohls tid var det lite å gjere med ein slik sjukdom, men det var lenge sett på som viktig å ligge til sengs og å unngå stress. Det var difor så vidt Frigg fekk komme inn til han – han skulle ha ro.

… slokna som eit lys sloknar …

I «Gud smiler» er hovudpersonen Justin gift med Solgerd. Ho har vore sjuk ei god stund:

… Han har set at livsgnisten vart borte i henne, ho slokna som eit lys sloknar. Nei ho sa ikkje farvel, det var ikkje tid eller tanke til det. …

… Hjartekrampe, fortalte dokteren. Gjerne det, men det var døden. …

(Gud smiler (11);140)

… Men så til slut, da såg han tydelig at Solgerd var sjuk. Ho vart tagal og kristelig, meir og meir. Kristelig var bra, det er det tryggaste av alt. Og om ho vart litt stutt i ordlage mot han? Eit sjuklig menneske, kom i hug det, og eins eiga kone. …

(Gud smiler (4); 141)

… Ho døde ein dagen ut mot kveldinga. Det var straks før påskehelga. … Ja, så er

Rebekka i døra, ho roper kvast at han må komma inn. Da han kjem ligg Solgerd på golve. Rebekka vil hjelpe henne opp, men ho vil ikkje vita av det - Rebekka ser forvilla på han. Han vart ikkje redd enda. Han tok henne opp. Det kjentes som ho stridde i mot. Han bar henne ut i kammerse og la henne på senga. Da var ho død. Rebekka hadde alt sprunge til næraste telefonen. Dokteren kom motorsyklande så søla skvatt. Hjartekrampe, sa han. …

(Gud smiler (11);142)

… For det måtte ein komma i hug, at eit sjuklig menneske det var no først og fremst ei plage for seg sjøl, og der til ei plage for andre, ei farlig plage. I det store og heile, der var ingen grunn til å ønske nokon att-ende hit i verda. … … det var ein velgjerning at Solgerd fekk døy. …

(Gud smiler (11);144)

Hjartekrampe var eit vanleg uttrykk for angina pectoris, og den diagnosen kunne dokteren stille ut frå symptom og sjukehistorie. Truleg hadde Solgerd gått med angina i lengre tid før ho til slutt fekk infarkt og døydde.

10.4. Hjerneslag

… måtte matast og røktast som eit lite barn …

I «I blinda» høyrer vi at Åsel flytter til Pålsnese for å stelle gammalfaster Ane:

… Faster Ane i Pålsnese hadde òg vore i gravøle (etter Massi). Ho hadde aldri vore større til; men ho var av dem i ætta som ikkje visste å døy. Likevel vart ho liggande etter det gjestebode. Ho fekk kulde i eine foten, og så sette det seg for og gjorde han nåmen og dau; og litt med kvart døde heile den sida bort. Ho måtte matast og røktast som eit litebarn, og det var Åsel som måtte til. …

(I blinda (5); 263)

Dette er klassiske symptom på hjerneslag (blodpropp i hjernen) med halvsidig lamming (hemiparese). På Anes tid var det lite ein kunne tilby av behandling for ein slik tilstand, anna enn pleie og stell. Og det vart eit hardt slit for Åsel, som skulle stelle henne den siste tida (sjå også kapittel 12.2).

… der låg ho mor helselaus …

I «Hilderøya» blir vi godt kjent med Svein. Mora hans er lam og sengeliggande. Faren til Svein, Henrik, er ofte på besøk hos mor til Hanna og Herborg på «Blåloftet», der dei gjerne sit og drikk. Alt dette ligg mor til Svein og veit:

… Det hadde vore slik alle åra, sea Henrik tok til å gå her; sea kona hans vart lam og sengeliggande. …

(Hilderøya (2); 192)

Der låg ho mor helselaus og visste om det (at mannen Henrik var hos nabokona), tærdes opp av tankane og sa ingen ting. …

(Hilderøya (2);197-198).

Han (Svein) spurte etter mora. Jau, gudskjelov, ho låg no der ho. Nokså tålmodig. Svein hadde ikkje set henne så bleik. Det var mest så ein kunde sjå gjennom det vesle kvite andlete. Men ho fekk ein fin dåm av raudt i kinnene, då han kom.

Herborg har vore så flittig til å sjå hit åt meg, sa ho. Til no i det siste

(Hilderøya (2); 205)

Han var nede og snakka med mora, som alltid låg vaki utover natta. Ho såg så stilt og kjærlig på han; det var som ho forstod han og vilde ha gjort det godt att. …

(Hilderøya (2) ;242).

Vi får ikkje vite meir om kva som feiler mora til Svein, mest truleg var det hjerneslag, men det kunne kanskje også vere ein nerve- eller muskelsjukdom. Etter angrepet på Etvart Jørgen blir mora dårlegare:

Han sveiv oppetter og såg inn til mor si. Det hadde han ikkje gjort for ofte, etter at han vart gift. Ho såg så ulukkeleg ut, den gongen han fortalte han skulde gifte seg; ho sa ingenting, men det var og det verste. Sea hadde ho lege og set på han, liksom ho tykte synd på han; meir og meir i det siste. No var det fleire vekor han ikkje hadde vori der.

I dag var det liksom auga hans gjekk opp og han såg korleis ho var. Ho levde enno, men ho var langt inni døden. Ho smilte til han med denne rare smilen frå gamle dagar, gud veit om han ikkje hadde vore der alltid; han kjende handa hennar inni si som noko englefint og framandt, ho hadde ikkje lange stunda att. Han låg på kne framfor senga hennar.

Ho la handa på håret hans, uendes lett og vart:

Gang no, Svein. – kom igjen i mårrå, -- Du ska sjå – de bi bra alt samma.

Morgonen etter kom det bud at ho var dårlig. Svein skyndte seg oppover, Herborg kom etter. Hanna var der alt før. Han såg det var slutt. Handa var kald som is, og auga kjente ingen. Ein minutt kom det liv i dei, den siste lysken før allting sloknar. Dei såg på Hanna; så på han som snarast; og så på Hanna att. Og så var det ikkje meir. …

(Hilderøya (2); 276).

Heller ikkje no får vi vite kva som feilte mora.

Fann han død i senga

I «Ettermæle» blir Torberg, far til Brynjar, liggande bortpå stien, og Otte kjem settande til gards:

… Ja no ligg far dykkar inni marka på same romme! Ja det forstår seg, men de må ikkje bli forfæld, det var da liv i han da eg gjekk, da eg sprang, han er kanskje god kar no att. Han svimra og datt, ser de, nei han datt ikkje rettelig, men eg måtte ta han og stø han bortåt ein tømmerlunn. …

… Men da dei var halvveges møtte dei Torberg, han kom gåande. Han hadde ein staurende i handa til stav, og gjekk tålig bein, men han var bleik. …

… Nei da. Det skulde ikkje gå den vegen med meg. Arna hadde det i hjarte ho. På meg var det hovude som slo klikk. Som all snarast. No endelig er eg da full? tenkte seg; og så kunde eg ikkje tenke heller. Men det er overstått no.

Dokter vilde han ikkje høre snakk om; - de vil da ikkje rope det ut over alle bygda? sa han, det er gale nok som det er. …

(Ettermæle (11);105)

Otte fortel korleis det skjedde:

Men best det er så tek han seg for panna, og så ler han og seier: - No da? Han seier det eit par gonger, - kva er det her for slag? seier han. Der med ser eg at han svanglar, og så tek eg han og held han, og sia stødde eg han bort til tømmerlunnen. Der sat han og visste lite til seg. Eg gjorde det klokaste eg kunde, eg la han over ende, og så tok eg hatten hans og henta vatn i, der fekk ei råd gjelde. Da var eg redd.

(Ettermæle (11);105)

Torberg heldt seg i senga dagen etter, men han meinte på han var heilt frisk. Han hadde dokterbok og visste kva der stod: Det var ikkje slag som hadde vore borti han. Næste dag var han oppe

(Ettermæle (11);106)

… Og meg kan ingen gjera urett i mot.

Det var siste orda dei hørte av han. Sia om dagen gjekk han for sjølv og sveiv, og dagen etter fann dei han død i senga.

Dokteren vart ikkje einig med seg sjøl om dødsårsaka, han tykte det eine kunde vera like rimelig som det andre. Han undrast enda om det kunde vera forgift. … Brynjar gav seg ikkje før det vart slege fast at faren hadde ikkje døydd av forgift. Han hadde havt hjerneblødning, synte det seg. …

(Ettermæle (11);106)

Her får vi altså høyre at Torberg hadde fått hjerneblødning, kanskje klargjort etter at det vart gjort obduksjon. Dersom det ikkje vart gjort obduksjon, var det nok vanskeleg å slå fast om det var hjerneblødning eller trombose (blodpropp), men i alle fall stemmer det med at det var ei form for hjerneslag.

10.5. Kreft

Kreft går igjen hos fleire personar hos Duun. Diagnosen kreft var nok ofte usikker på den tida Duuns personar skulle leve, og legane hadde da lite anna enn sitt eige kliniske skjønn til å hjelpe seg med. I nokre tilfelle der det er lite informasjon i teksten, har eg måtta tenke meg til den mest sannsynlege diagnosen. Det er for eksempel tilfelle hos Dåret, mor til Danel i «På tvert»:

Dokter - e du gælin, gut?

I «På tvert» møter vi Daniel og mora hans, Dåret, som er åleinemor, men når Danel er i 10-11-års-alderen blir mora dårleg:

Ho hadde vori skrall i magen ei tid, men ho kunne ikkje skjøna kva det var, og då kunne ho ikkje gå til doktoren, tykte ho. Så vart ho brå-klein eine natta og kjende at ho snart var ferdig. Guten ville av stad etter hjelp, av eit eller anna slage, men det fekk han ikkje. – Eig stryk med no, korsom e, sa ho. – Å så vèkk folk medt på nattens ti – e du gælin, gut? Ho låg og kasta seg i stor pine, til det leid ut på morgonen. Då gav ho seg liksom over og døydde. …

(På tvert (1);155)

Ho forsto ikkje kva som feilte henne, difor kunne ho ikkje gå til doktoren, og å vekke folk midt på natta berre fordi ho skulle stryke med – nei - det skulle tatt seg ut!

Men vi får ikkje vite sikkert kva som feiler Dåret. Ho har vore «skrall» i magen ei tid, så det har ikkje komme akutt, og vi kan difor truleg eliminere dei vanlegaste infeksjonane. Det er ikkje utenkeleg at ho har hatt ein eller annan form for kreft.

… sjukhus … det var imot skrifta…

Når Lars Lines i «Det gode samvite» blir sjuk, får vi etter kvart vite ganske sikkert at det er kreft:

… han var ikkje frisk. Hadde så vondt av maten; og så vondt når han skulde bøye seg. … Utover sommaren kunde dei sjå det alle som vilde, at Lars var ikkje i stand. Han naut ikkje mat i magen, og han vart skrinn og helselaus å sjå til. Men kan du ikkje reise til dokteren da? sette Nora på han. Dokteren? sa han, - kva skal eg der da? – Kan du ikkje prøve da, Lars! så fekk vi høre. – Vantrua… Å nei san, eg fekk no heller søke overdokteren. Eg set det i hans hand, eg Nora. Men det skjønnar du vel ikkje. …

(Det gode samvite (4); 262)

… - Å det e inga sak å døy når ´n e frelst!

Hm. Det – veit vi no så liti om. …

… - Men æ sei som æ har sagt: det e stygt tå dæ, at du ikkj søki dokteren. …

… --- Ein dagen vart Lars så dårlig han måtte inn og legge seg. Det var ein blenkande solskinsdag, varmen hang og bevra i lufta, og siste høye skulde inn. Men Lars fraus same kor han gjorde av seg, og han låg og breidde over seg og låg og hutra og smått bar seg. Nora tok inn ein skinnfell og breidde han ned i, enda så varmt det var; ho sa ikkje noko, men ho stod lenge og såg på han. I nóns-tida sa han frå, at dei måtte hente dokteren, dette var ein ålvorlig sjukdom. Nora ringte opp til gamledokteren. Han var ikkje heime. Ring til den nye da! sa Lars utålmodig. Nora stussa litt på det, for det var langt dit, og den gamle kom snart; men han bad henne telefonere litt fort.

Nydokteren kunde ikkje seie for visst kva det var, men han hadde inga god tru. Han forordna det som skulde til av mat, og det var ingenting, og skulde komma att med det første.

Dagen etter kom gamledokteren. Han tok det gjerne med ro, men denne sjukdommen likte han ikkje. Det var best å komma på sjukhuse, for det kunde snart vera kreft som heldt på og knytte seg, og da var det om å gjera å ta det med tid var tid. – Lars låg lenge og sa ikkje eit ord. Berre det ikkje er for seint! sukka han. Dokteren trøsta så godt han kunde, men det beit ikkje på han..

Om kvelden kom det fleire av vennene dit, dei bad og dei song lenge utetter, og næste dag forkynte Lars, at på sjukhuse skulde han ikkje, det var imot skrifta. …

(Det gode samvite (4); 263)

… Eit tak såg det mest ut som han skulde friskne til att, men så bar det til å gå nedover, og det fort. Han fekk harde rider i magen, han låg og vatt seg og anka seg høgt; men i millom hadde han det tålig, las litt i den åndelige songboka og snakka om at han gjerne vilde døy. Han vart gulgrøn i hamleten, og dokteren sa det var kreft som hadde sprengt galdblåsa, så galde gjekk i blode. …

… Nora kom sjeldan åt kammerse, og det såg ut til han hadde glømt henne. …

… Det var ikkje stort att av Lars, det var alt med seg ho tålte sjå han.

Du får ha farvel no da, Nora, sa han; han retta fram handa, som var grøn og halvdød. …

… Nora sat der lenge med handa hans, og han låg og øra og la hovude hit og dit, ralla eitkvart og fekk ikkje tunga til å slå. …

… Da reiste Nora seg, ho kviskra farvel til Lars og strauk han over panna, såg på forsamlinga som snarast, og gjekk.

Ho sat på kjøkenet mest heile natta. Eingong var ho inne, stod på dørstokken til kammerse. Lars vakna og klaga seg at det var så mørkt, mørkt og kaldt. Så ropte han på vennene, at dei måtte komma nærmare, han var så åleine, var så rædd.

Vatne! jamra han, vatne, vatne! Det flø heilt over mæ, det e Lovatne som kjem – å Jesus, Jesus, kor det vart tå dæ?

Dei var over han og skulde trøste, og Nora drog seg attlengs utgjennom døra.

(Det gode samvite (4); 264-265)

Dette er skildring av sluttstadiet av kreft i mageregionen, med affeksjon av bukspyttkjertel, gallegangar, lever og kanskje bukspyttkjertelen. Gallegangen blir blokkert, slik at pasienten utviklar gulsott (ikterus). Det hadde neppe hatt noko å seie for utfallet om Lars hadde gått med på å bli innlagt på sjukehuset, sjukdommen hadde truleg komme for langt til at det hadde vore mogleg å operere. Annan behandling enn det hadde dei knapt på hans tid. Her ser vi dessutan eit eksempel på at «vennene» kjem og nærmast «invaderer» heimen, slik at blant andre Nora kjenner seg heilt utafor.

Pina sleit han sund framfor auga på dem …

Når Odin er i Kjelvika, blir han jaga på dør om julekvelden, og han rømmer heim til mora. Dit kjem Gurianna og fortel at Bendek har vorte liggande sjuk og berre snakkar om Odin, så Odin går tilbake til Kjelvika. Når han kjem dit, er Bendek sengeliggande:

… Bendek var ikkje stort godtil å snakke. Han hadde fått ein frammand hamlett, som skræmte Odin med det same, og auga i han dei hadde det vondt. Men dei følgte med Odin om dagane. – Kjenner du ikkje att deg? spurte han ein dagen. Odin vart ståande og stirre. – Jau, men. Jau, visst berre De kom opp snart, så. Bendek humrar så smått: Du seier noko, du. Men det kjennes umulig, for det første. Du får ta over styringa no du, heretter. Så blir det vaksenmann tå deg. …

(I eventyre (6); 225)

Kva vilde han med båt lenger, som låg og skulde døy? For det bar den vegen. Odin måtte smile når han såg Bendek tok inn einkvart eller smurte på seg og påstod det gjorde mon. Kallen trudde verkelig han vart litt likare etter handa, og det same syntes Gurianna sjå. Han såg det vart kleinare og kleinare for kvar tia. Kvifor såg han det ikkje sjøl? Han gruva seg vel litt, no før det bar til, det måtte vera det. Og husje var det visst. Odin stana for og tenkte på det, ein og annan gongen; han kunde bli nyfiken så han ønska det kom snart.

… Men når Bendek var på det kleinaste og låg og anka seg, bleikna han utor. Da kom han i hug Vakkermannen, Vårherre, han som visste om det og hadde råd for det berre han vilde. – Du som kjenner han Bendek! kunde han seie, - du som veit kven har er for ein! Han fòr sildgarna for folk ja, la han til litt spakare. Ja, men da var det vel dei som stal av han først; det kan du vera stø på!

Men kvifor hadde han Bendek vorte liggande? Han kom i hug kua i sjøen, og oterbørsa og trollskapen, men han bles det ifrå seg straks ….

(I eventyre (6); 226-227)

Etter denne tida vart Odin sittande inne hoss Bendek halve dagen, og stundom halve natta med. Det bar visst til å døy med han Bendek no. Meir og meir skrukkut og gul vart han, og stundom kunde han vera så evig langt unda, det såg ikkje ut til at han skulde komma att meir. Så kunde han snu litt på hovude og leite etter Odin. Oftast sa han ikkje eit ord. Sjøen vaska nedi strandsteinane, vinden kosta oppi haugen; med kvart kom regnelingane og snerde frammed glase. Men somtid var det mest likt til han såg tvers gjennom Odin og langt attgjennom tidene. Ei natta låg han slik, da Odin vakna på stolen sin framfor senga. Han prøvde å smile, men andlete var ikkje til det.

(I eventyre (6); 231)

Ei vekes tid etter var det slutt med Bendek. Pina sleit han sund framfor auga på dem. Da det var på det verste, sprang Odin til Vennestad og bad dem hente dokteren, straks, han stod framfor Iver og Elen og sa det, det var så vidt dei samla seg og kjente han att. Dokteren kom, men han kunde ikkje gjera noko. Det var for seint. Og så gav han Bendek nokre dråpar og fòr sin veg. Dropane linna pina for ei stund, men ho kom att like hardt, og Bendek vilde ikkje smaka dem oftare.

Odin heldt til utom veggen med siste striden stod på. Den låta der var han for veik for. Nyfika hadde sitte som ein ring i nasen på han, alt frå han var urande liten: alt skulde han sjå og alt skulde han vita. No var døden her, og han var det raraste av alt i hop, men den vilde han ikkje vita noko om. …

Gurianna kom og bad han inn.

Det hadde tagna i halsen til Bendek no. Han var død alt, syntes Odin. Bendek retta fram handa, og Odin tok henne. Han stod der og såg imot dei halvopne auga. Dei kjente han og vilde han vel. Så rettar Bendek på seg, tek etter vêret fleire gonger og finn det ikkje, og så er han inni striden att.

Odin stod der naken og kald og såg det gjekk for seg. Og slik hadde dei stått før, nokon, og set det og ikkje forstått det, hadde ikkje fått meir botn i det enn han. …

(I eventyre (6); 233)

Kva som feiler Bendek er usikkert. Sjukdomsbildet er prega av smerter i magen, dessutan blir han meir skrukkut og gul. Det tyder på avmagring eller kanskje berre uttørking (dehydrering), og at han har gulsott (ikterus), dvs. affeksjon av gallegangane eller levra. Sjukdommen verkar å vere så pass aggressiv at Bendek ikkje kjem seg opp meir, men kor lenge han ligg slik, veit vi ikkje. Alt i alt er det mest nærliggande å tenke på kreft i bukspyttkjertelen, gallegangane eller levra. Ettersom tuberkulose var så vanleg, kunne ein kanskje også tenkje seg at det var tuberkulose i magen, men det er ingen andre teikn på at han skal ha hatt tuberkulose.

Dokteren bli tilkalla først i det terminale stadium, og kan lite gjere, bortsett frå å gje han nokre dråpar, kanskje opiumsdråpar, som smertestillande. Men det hadde jo ikkje hjelpt om han hadde kome før, heller.

Operasjon til liten nytte

I «Olsøygutane» blir Sofia alvorleg sjuk:

… Ho kunde ikkje vera lite sjuk heller, skjøna dei. … Eg veit ikkje kva som feiler meg, klaga ho seg, eg kan da ikkje tru at eg skal bli liggande klein? … Så går Jæger inn til henne og seier at no reiser dei etter dokteren. – Ja skulde dei vøre det? undrast ho. Kor som var skulde dei sova først, med henne var det ikkje så farlig. Ja og så måtte ho opp og fli både seg og stua til han kom . ..

(Olsøygutane (9);28)

… Det var 2 mil til dokteren, og det enda svært gamle mil, påstod Jæger. .,…

Dokteren var ikkje heime; dei må vente ein times tid på han. Så bles det opp, men etter ei tid får dei med dokteren, som tek på seg sjøhyre:

… Han vilde ikkje ut med kva som feila Sofia, men ho måtte på sjukehuse, det var heller for seint enn for tidlig. Da Sofia hørte at dokteren vilde tinge rom for henne, sa ho stopp. Ho vilde døy på Olsøya. Han snakka lenge med henne, men svare var det same. – Ja ja, sa han til slut, ho var no sjøl den som fekk avgjera det. Men da dei lenda med han i dokterstøa om natta, sa både Johan og Jæger at han laut tinge rom på sjukehuse lel. Jau, det var ålvor det, han skulde! Få henne i veg? Det skulde dei ta på seg. – Ja ja, da kunde dei reise til byen med henne kva dag dei vilde . …

(Olsøygutane (9); 29)

… Dagen etter seglde dei to eldste i veg med henne og fekk inn på sjukehuse, og så bia dei til ho var operert. …

(Olsøygutane (9); 30)

Men etter ei tid fekk dei brev om at ho var død. Det står ingen ting om kva som feilte henne, men det kan passe med at ho hadde ein kreftsjukdom.

Det raknar som saumen, som draumen…

Vi blir kjent med Lea alt i første bindet av trilogien «Medmenneske», «Ragnhild» og «Siste leveåre». Lea er halvsøster til Håkon, først gift med Morten som omkjem på sjøen («Ragnhild»). I «Siste leveåre» reiser Lea ut til Håkon dit han har reist for å døy, for han trur han berre har eit år igjen å leve. Lea har så fått vite at dette berre er tull og vil at han skal komme heim. På turen utover til Håkon er Lea på Finnsvoll og oppsøker ein dokter:

… Men ho vart vâr dei hadde rådd seg dokter der òg no. Den eine dokteren eller den andre, tenkte ho, og der med gjekk ho inn til han og klaga seg sjuk. Han tok det grundig, og såg mindre og mindre glad ut.

Ho bad han seie henne det beint i andlete kva han meinte, elles betalde ho ikkje. Han sa som den der heime, at han visste det ikkje, men ho burde vera budd på noko av kvart, ho måtte på sjukhuse med all som først, og meir slikt. Ja ha, det kunde vera magekreft. – Ja vel, sa ho og betalde. Lite grand mjo i knea vart ho, men det vart dei vel alle i ei slikt stund, same kven dei var. Ho takka dokteren og tala enno nokre ord med han, - vislig manns snakk, tykte ho.

Så var ho ute og åleine med kunnskapen sin. Denne magen har elles vore meg ein skarvlaup all sin dag, trøsta ho seg. …

(Siste leveåre (10); 357)

Det viser seg altså at det er Lea som er sjuk – ho har hatt plager med magen i lengre tid:

… Døy, seier du? Nei, eg skal døy eg, og det snart òg. Det er i feigda eg er ute og fer. Dette er det siste eg bed deg om. Ja det er gjerne det største òg. Du må komma heim no, om du er aldri så nedfor.

Kva er det du forteler? Han vart ståande og stirre hardt på henne. – Skal du døy?

Eg skal det ja. Eg har vore hoss to dokterar, og det er same dommen hoss dem båe to. Det er magekreft det, utan prutingsmon. Du er første skapningen eg forteler det til. Du er no bror min, same kor eg finn deg. Du ser så på meg? Trudde du eg var udøyelig? Eg er ikkje så seigdrepen som folk held meg for, eg er snart utrydda no.

(Siste leveåre (10);359-360)

Etter at Lea kjem heim, fortel ho Ragnhild kva som feiler henne:

Å nei, her er da eit anna menneske som lyt døy. Det er eg det.

Ragnhild såg vantruen på henne.

Lea fortalte korles det stod til med henne, og kva dokterane hadde sagt. Vegen var da viss nok, trudde ho. – Det argaste er at eg kjem til å svelte i hel, etter som eg forstod dokterkallen der ute. At eg ikkje åt litt meir med tida var til!

(Siste leveåre (10);375)

Det viser seg at Håkon har skrive falskt på ein bankveksel, og Periander, som Lea no bur i lag med, oppdagar dette. Både Ragnhild og Lea er difor redd at Håkon må i fengsel, men Periander veit enda ikkje at Lea er sjuk:

… Det vart Lea som svara, men ho skalv i måle.

Må´n Håkon óg på straff, da kjem eg til å døy fort.

Periander såg hastig på henne, ikkje altfor mildt. Auga hennes brann i mot han.

Ja eg kan like godt fortele deg det. Eg er sjuk og har ikkje så fælt lenge att. Så eg har ingen rett til å krevje noko av deg. Eg har fare med svik i mot deg – eg er døyande menneske. Du kan vise meg døra i denne dag og stund.

Han såg vantruen på henne. Der etter såg han på Ragnhild. Ho nikka til han og sa: Kreft. Da kvakk det i han. Etter kvart forandrast han i andletsdraga. Ragnhild kom i hug orde å bli lang i andlete: slik vart ein da. Ho tagde ho som dei andre to.

Lea beit seg i leppa, kanskje ho streid mot gråten. – Det raknar som saumen, som draumen, sa ho, bort frå dei andre.

Du skulde ha sagt meg det før, sa han endelig.

Ho blir da frisk att, tok Ragnhild frami.

Han såg tungt på henne. – Trur du det?

Ja eg gjer det. De fortener det i alle fall. De gjer snart ei god gjerning no, og det kan da umulig bli utan løn? Dei opererer for slikt fort vekk no, dei skjer bort av oss og sett inn nytt så det er eit under. Nei, her er da god von enno, verre er det ikkje.

(Siste leveåre (10);391)

Ein dag seinare kom så Periander og Lea framom Stavsund, no skulde dei i veg. Han hadde endelig overtala henne at ho skulde freste ein operasjon, og sia var det ho som hadde overtala han, for når den eine våga det, da veik den andre unda. No vilde dei høre kva sjukehus-dokteren meinte; så fekk han ta andsvare.

(Siste leveåre (10);394)

Periander telefonerte til Stavsund dagen før operasjonen skulde gå for seg. Der var god von. Ragnhild fekk snakke eit par ord med Lea. Dagen etter ringte han opp at det var overstått. Det hadde gått bra. … Men den dagen telefonerte Periander at Lea var død. Ho hadde døydd om natta.

Dei hørte seinare at ho hadde døydd åleine, og stilt, ingen merka det før ho var kald.

(Siste leveåre (10);395)

Dette er da enda eit eksempel på ein kreftoperasjon med fatalt utfall.

Blodbrekningar

I «Ettermæle» har faster Ane-Margit vore sjuk lenge, ho har hatt blodbrekningar, og alle trur ho ligg på det siste:

Men eg har ligge sjuk i langsamlig tid, Brynjar. I blodbrekking og all slag elende. Eg har ligge for døden, Brynjar!

… Da skjedde det, at Ane-Margit skikka bud på Torberg. Ho hadde vore sjuk att, hadde ligge ei lang ri og brekt blod, så nå vart det enden. Ho måtte få snakke med Torberg før ho fór.

Er ho så sjuk! smålo han. Jaså, ho bed meg heim på blodbrekking, åndelig og legemlig. …

(Ettermæle (11);55)

Brynjar går og besøker henne i staden for faren:

… Det var ikkje frakt med henne no, og sjølv trudde ho det var godt som slut. …

(Ettermæle (11);55)

… Du reiser da ikkje bort att så hastig, Brynjar? Du kunde bie over gravølet mitt. Du kunde gjera meg den gleda, ikkje sant?...

(Ettermæle (11);61)

Ane-Margit har hatt ein langvarig sjukdom bl.a. med oppkast av blod (hematemese). Det kan vere magesår, men det passar nok best med kreft i magesekken. Korleis det går med Ane-Margit til slutt, får vi ikkje høyre.

Strålebehandling

I «Gud smiler» møter vi blant andre Vidar Holm, og vi får vite at han skal til Stockholm for å bli behandla med radium:

Og Holm, som var oppsagt, han hadde reist sin veg, skulde til Stockholm og bli kurert med radium for eit eller anna.

(Gud smiler (11);228)

Det tyder på at han har ein eller annen kreftform, og at dei har starta med strålebehandling i Stockholm, men kanskje før dei hadde slik behandling i Norge.

10.6. Magesår

Ein av dei første juvikingane vi møter, Per Håberg, skal ha levd ein gong på første halvdel av 1800-talet. Han har nyss hatt besøk av Halt-Andrias, ein same som dei meinte kunne ganne, og Per har fornærma han, vore uforskamma og hardhendt med han. Per arbeider med å grave ned ein stor stein nedpå åkeren, og han kastar også stein ut av åkeren:

Men da vart han for noko rart, idet same han slengte i veg ein stein: Det var ein som rørte borti han. Det var ein som strauk han midt over magen med ein finger, ein varm og god finger, men det var reint som han datt av, i to stykk, føtene dei veikna under han, og han var ulik all igjennom. Han tok etter ein stein til, for han vart arg, men det var inga makt i han meir, han måtte bera han nedover. … Det var ikkje større vondt i magen, når han ikkje tøygde på seg; han vart berre så kald og rar. Skal eg verkeleg tru at eg sleit meg sund da? … Å jau, det var gale mede magen no; - han gjekk og sette seg.

(Juvikingar (5); 106-107)

Enda etter to-tre veker er ikkje Per bra i magen:

… Per dreiv med å kjøre stein. … Sjøl måtte han fara rådlig fram, han måtte gå med magen sin, og stelle seg vel før han tok etter steinen. Maten var det enda verre med. Han åt som elles, det var det inga bør for, men han naut han ikkje i seg.

Valborg gjekk og hadde auga med han. Ho laga den lettaste maten ho visste, og ho tenkte att og fram, kva ho skulde gjera. …

(Juvikingar (5);113)

Valborg ber Jens, bror til Per, om å hjelpe han, men det blir til at dei to brørne arbeider om kapp omtrent som i gamle dagar.

… Endelig ansa Jens på kor dette bar av. Per var avleta som ein dauing; han beit i hop tennene så det gnaura i dem. … Men det var for seint. Per halla seg framover steinen og kasta opp. Anders stod og såg på. Blod! kviskra han, han tok åt seg anda inn millom tennene liksom han datt i kaldvatne. Så la han på sprang heimover.

Kva var det som feila han? ville mora vita. – Nei, ingen ting. – Var det han far kan hende? – Ja. «Han brekkji blod!» … Valborg sette seg. Ho sette seg stilt ned, med hendene i fange. Ho var åleine i stua. Der sat ho og såg inn i varmen heilt til det kom nokon inn. …

(Juvikingar (5); 113-114)

Dagen etter måtte Per ligge, og enda ein dag. Valborg heldt han nede med blid hand, det hadde vorte litebarn av han, han føyde seg utan eit ord. Så kom det ei tid han var opp og rak. Sjukdommen sin nemnte han ikkje.

(Juvikingar (5); 115)

Men det var ei skam å vera sjuk:

Det var verst når han råka folk. Det var ei skamm: Ein ungdom i beste åra, og det ein juviking enda, som gjekk her og drog seg og hadde sott! Han var utpeka for heile bygda- han hadde vorte for stutt . …

(Juvikingar (5); 125)

Per lever i ei tid da det er vanleg å tru på finngann, og han er redd sjukdommen er påsett av Halt-Andrias. Han friskar da opp den gamle krossen over fjøsdøra så ingen ser det, henger opp ein hestesko og legg stål i senga. Han bed til og med Halt-Andrias gjere seg frisk igjen, men vi veit ikkje sikkert kva som feiler Per. Han får symptoma akutt, så det kan passe med blødande magesår med oppkast av blod (hematemese). Valborg prøver å gi han diettkost, noko som var vanleg ved magesår, men Per blir ikkje bra i magen, og han er arbeidsufør og døyr ikkje så lenger etter. Det kan gi mistanke om at det kanskje også kan vere tuberkulose eller kreft.

10.7. Muskel- og skjelettplager

Ryggvondt

I «Ragnhild» er Håkon og fleire andre ute på sjøen når det blir storm. Morten omkjem, men Håkon greier å redde Lea, halvsøstra si. Etter det har han plager med ryggen:

Håkon merka noko over veikryggen da han skulde til å gå, han vart tvert ståande ei lita stund. Så gjekk det over.

(Ragnhild (10);159)

Håkon snakkar med Ellida, som er hushjelp hos han etter at Ragnhild vart sett i fengsel, men stadig er det vondt i ryggen:

Han steig og vilde gå etter henne, men i det same flaug det over ryggen på han, liksom einkvart slitna tvert av. Det var dette minne etter uversnatta, det måtte gå fort for seg da han tok Lea inn i båten. Han stod still og venta, til det gav seg. Litt mildare var det for kvar gongen det kom.

(Ragnhild (10);191)

Håkon har eit godt auge til Elida, men det viser seg at broren Johannes og Elida alt er forlova. Og Johannes har ikkje berre gjort Elida gravid, men han har også sett seg i gjeld hos fleire. Alt dette gjer Håkon så rasande at han er redd han kan skade Johannes. Han har likevel så vondt i ryggen av han ikkje greier å gjere noko, så her blir han «redda» av ryggsmertene. (Ragnhild (10);199)

… No tuktar foten meg …

I «Ettermæle» får vi høyre om Tørris, som sit med ein vond fot:

Vi sit no her, seier Tørris. Foten og eg. Det har komme ei legemlig nød over oss. Ein levande udaue. Han døyr bort under meg. Men det skal ikkje vera hans skyld. Dokteren seier det. Det er mi skyld. Det er hjarte mitt si skyld: Det er vondt! Ja det forteler dokteren meg. Og eg som gledde meg på å døy i den trua at eg var godhjarta. …

(Ettermæle (11); 40)

… -Eg skulde ha vore dau for lenge sia, med den her foten, påstår folk …

(Ettermæle (11); 40)

… No tuktar foten meg no, til folkelig framferd i tankane.

Foten ja. Foten her, det er ei lita straff for at eg vart snytt for deg. Snytt for både deg og mor di. …

(Ettermæle (11); 40-41)

Det er usikkert kva som feiler foten til Tørris. Han seier det er hjartet si skyld, men det er ikkje lett å forstå, ettersom han har vondt i berre ein fot. Dette kan vere podagra (urinsyregikt), som ofte har samanheng med overvekt og andre risikofaktorar for hjarte- og karsjukdom. Tørris kan også ha skada foten, men det høyrer vi ingen ting om.

Braut av seg både paraplyen og foten

Birger i «Samtid» bur ilag med fostermor si Elina, eller Halt-Bingsa, som dei kallar henne. Ho haltar på grunn av ein vondt fot:

kjerringa er berre sju og sytti, har vori det all din dag, og blir det like lenge her etter . …

(Samtid (12);13)

Det er denne foten hennes som gjer henne vond. Ho må vere vondare enn pina, minders held ho det ikkje ut. Ho datt ein gong i kjerkevegen og braut av seg både paraplyen og foten, pla ho seie. Eg gjekk dit ein gong for ofte, la ho til

(Samtid (12);13-14)

Trefot

Det er ikkje mange som har protesar hos Duun, men i «Menneske og maktene» høyrer vi om Fritjof som går med trefot:

På Langholmen budde Elling, fødd og boren her han òg, men han hadde vore langt ut i verda. Hoss han losjerte Fridtjof, som gjekk med trefot.

(Menneske og maktene (12);148)

Årsaka til at han har amputert beinet, veit vi ingen ting om.

10.8. Hovudpine - synkope

For digert med hår

I «Ettermæle» prøver Brynjar å finne ut korleis mora, Arna, døydde. Det kjem fram at ho var mykje plaga med hovudpine:

Ho (Arna) hadde stuttklipt hår. Det var hovudpina si skyld, Arna hadde for digert med hår, sa folk.

(Ettermæle (11);8)

Det blir også fortalt at Arna hadde besvimt fleire gonger. Det er Ingolf som fortel:

Ein gong uvita ho Arna, berre for det ho fekk eit ord av ‘n Torberg. Jau da, ho seig i hop. … … Eg såg ho seig i hop, eg var berre gutungen da. …

(Ettermæle (11);20-21)

Ein gong sette Torberg av opp i fjelle og løyste ein bokk. Ho Arna uvita da òg, straks ho såg han oppi berge. … … Ho seig i hop den gongen ja, gjekk i golvet med skjelving og full sjau, vi visste ikkje kva vi skulle gjera. Vi trudde det bar på anstalten med henne, minst.

(Ettermæle (11);21)

Tausa Dåret fortel at dei trudde Arna skulle døy ein gong:

Endelig tilstod han at han skulde etter dokteren, for ho Arna var klein, - det ser ut som det er slut med henne! sa han, og da var ‘n Torberg Bjørholt så kvit som krita muren.

Eg fekk henne frisk lenge før dokteren kom. … og så tok ho nafta, og fortalte meg at det var det som hjelpte, ho trudde ho kunde narre meg!

(Ettermæle (11);29)

Frisk ja, seier eg. Javisst vart ho Arna frisk, men ho heldt på og vart tullut for oss etterpå. Ingen kunde ha kjent att henne, slik ho stirde på Torberg da han kom inn. Han kjente henne ikkje han heller, det svær eg på! Veit du det da! sa ho, nei ho ropa det, - eller kanskje ho berre kviskra det, men det hørtes i alle fall. Herre min, kor forfæld eg var.… - Eg minns mest ikkje at dokteren var der.

(Ettermæle (11);30)

10.9. Tannverk

Trass i at tannverk truleg var vanleg på Duuns tid og i den tida da romanpersonane hos Duun «levde», høyrer vi lite om tennene og om tannhelsa, men i romanen «Sigyn» vi får ei god skildring av korleis tannverken kunne opplevast. Det er Sigyn sjølv som har vondt:

Og så meldte det seg ei gamal syndstraff, tannverken. Ho gjekk og småpintes med han om dagen, det var inga sak, men når han sette til om natta var det rådlaust. Det var gjerne å dorme litt straks ho hadde lagt seg, og så vakne med denne pina som er det verste ein kan vakne til, denne kvitgloande sylen som borar og spinn inni sjølve mergen på ein, borar og veks, veks utan å høre jamring eller skrik, gløder og veks til ein spikar, til ein bolt så diger at han sprenger tanngaren, sprenger heile hovude og driv ein til å rase oppetter slette veggen. Ho sprang opp eine natta og leita etter meir eld å kjøre inni munnen, det syntes ho skulde ha lindra. I staden nøgde ho seg med karbolsyre, det brente heller ikkje så kleint.

Elias vakna og spurte kva som stod på. Han spurte i same tonen og med dei same orda kvar natt. Når han hørte kva det var, sa han forarga:

Kan du ikkj før deg åt doktern da å få revi utu deg tanna?

Vil du eg skal let dender dyrlægen riv ut kjakabeine på meg da?

Nei men - -- te byn.

Han sov før han kom lenger, og ho låg att og pintes. …

(Sigyn (2);114-115)

… Men heile tida låg det innunder, at ho måtte til byen såsnart onna var ifråseggjort, og få tennene etterset. I fjor såg han dei over, då han var på harejagt, det var berre eit fint lite hol i eine jakseln da. No fekk ho reise til han. …

(Sigyn (2);115)

… Sei meg du, sa ho då dei sat og drakk kaffeen, - ska eg gå åt doktern her å få’n te å riv-ut tenn’ min?...

(Sigyn (2);116)

Sigyn reiste til tannlegen Rosendal, bror til kontoristen som hadde fridd til henne for ein del år sidan.

Det var med ei underlig frysing ho gav hovude sitt over til han. Ho kunde ikkje for det, men det auka for kvar gongen; og det var mange gonger ho måtte til han, ho hadde feil i mest kvar ei tann. …

(Sigyn(2);118).

Fyllinga hadde falle ut

… Med snøen kom det ein gamal kjenning til Sigyn. Det var tannpina. Ho hadde ikkje kjent vondt i tann sea ho var hos tannlegen sist. No sette det til som best som ho sat og drakk kaffeen ein dagen, ho sprang opp og stod og tviheldt kjakane millom henderne og trødde rundt, visste ikkje kva ho gjorde. Så var det bra ei tid, men ein dagen ho hadde fare ute og vassa i nysnøen, bynte det att straks ho kom inn. Ho såg etter med ein speiel – fyllinga hadde falle ut or den eine tanna.

Det va karravóri gjort! sa ho.

De der får’n værsågo å gjera om igjen; gratis, meinte Elias.

Alder i verden.

Så-å? E’n for go te de kanskji?

Åt han går eg ikkj oftar. Når’n en sånn en trehest.

Nei, forresten. …

(Sigyn (2);147)

Ho gjekk likevel til tannlege Rosendal, og han vart ein viktig person for handlinga i romanen.

Det er grunn til å tru at tannhelsa ikkje var særleg god på denne tida, sjølv om vi bortsett frå Sigyn høyrer lite om dette. Men vi får eit lite hint om dette i «Gud smiler». Det er Gudrun som kommenterer tennene til Vidar Holm:

Du burde til tanndokteren først, meiner eg . …

(Gud smiler (11);252)

Men om det vart noko tannlegebesøk, veit vi ikkje.

10.10. Skader og ulykker

Duuns litterære personar lever i ei tid lenge før arbeidsmiljølov og fokus på HMS (helse, miljø, sikkerheit). Dei første juvikingane vi blir kjent med, lever først på 1800-talet, der overtrua og angsten for «mørkemaktene» var sterk. Dei aller fleste i persongalleriet hans lever på kysten og er avhengige av båt for å komme seg fram og tilbake. Mange driv fiske, også på vinters tid, og dette er enda i ei tid dei bruker opne båtar. Bortsett frå usikre vêrteikn, erfaring og sunt vett, har dei lite å hjelpe seg med når dei vurderer faren for uvêr og storm, og ofte blir det dramatikk med farlege situasjonar. Ulykker og skader høyrer vi difor om ganske ofte hos Duun.

Nårøyk – og ein usikra brønn

Beret er dotter av Per-Anders og Ane i Juvika, som lever til først på 1800-talet. Etter tradisjonen brenner dei sengehalmen etter at Per-Anders er død, og da er det viktig å legge merke til retningen som røyken tek. Dersom han går mot garden, er det teikn på fleire dødsfall – det er «nårøyk». Redselen for denne nårøyken blir ulykka for Beret, yngste barnet i huset:

Men ein kvelden dei sat og fekk seg mat, sprang Beret opp ifrå borde:

«Hysjt! Va det ikkj noko som ropa da?»

… Det ropa Beret, og ho skyndte seg ut. Berre ikkje nokon har dotte nedi brønnen! sa ho. Somme av dei andre meinte dei hadde hørt det ropa, somme hadde hørt ein katt som jamra utom nova. …

Per og Valborg var bortmed brunnen, og Beret hadde stupt uti, dei heldt just på og drog henne opp. Ho var stiv alt. Per og Valborg bar henne inn og la henne på senga. … Ho e da stiv nok, sa han, da dei heldt på og vilde få liv i henne att. ...

(Juvikingar (5); 60)

Fall på kjøkengolvet

Ane, kona til Per Anders, bryt av lårhalsen, men det heiter at … verst var det med magen, han var sundslegen. … Kva som meines med det, er vanskeleg å seie. Men kanskje har ho fått brot i bekkenet i tillegg til lårhalsen, og det kan ha ført til magekomplikasjonar. I alle fall blir det mykje smerter og eit vanskeleg sjukeleie:

… Ho datt på flate kjøkengolve, og vart liggande og jamre seg. Dei bar henne til sengs, og der låg ho med kauk og ank, til det var gjort med henne. Eine hofta var visst utor leden, men verst var det med magen, han var sundslegen, og det vart dauen hennar.

Det var ei uhuglig avferd. Ho var så redd. Rett som det var, fòr ho opp: Det tuta åt henne utom veggen, hørte dei ikkje det? Kvifor kunde dei ikkje gå ut og jaga styggmakta! Auga var ville og forskremte, ho torde ikkje vera åleine ein blink. Ho mista samlinga tid og anna, men så kom ho til seg att, og så var det same redsla. …

Åsel roar henne ned:

… «Det e da berre’n far som står og venta på dæg». … Og da ho hadde stridd frå seg, det var i lysinga same natta og Åsel stod åleine over henne, da retta ho ut handa og famla ut i lufta: «Ker det vart tå deig da, Per Anders? Vent urliti, du e så hasti, du!» …

(Juvikingar (5); 61-62)

Dødsfall i bryllaup: Blind mann, overtru og fulle folk

Storbryllaupet på Håberg går føre seg omkring 1880 (Storbylloppet (6);60). Det er dobbeltbryllaup, der Peder Håberg gifter seg med Andrea, dottera til dyrlegen, og Mina giftar seg med Arthur, bror til Andrea. Blind-Anders, far til Åsel og bestefar til både Peder og Mina, har sete i kammerset sitt i fleire år, og han er redusert, men så var han da også gammal – over 70 år:

Anders var blind som han hadde vore, og heldt seg i hie han kalla, … Han var noko fåen og bleik, og hadde falle utor utrulig, men så var han no over 70 òg.

(Storbrylloppet (6);13)

Det er som vanleg bryllaup over fleire dagar, og seint ein kveld tek folk plutseleg til å snakke om at det står ein dauing utpå stuebrua. Anders kjem seg ut og vil i kast med vesenet:

… Der står ein dauing utpå stubrua! … Ola tek seg fram gjennom stimen, og ein to tre etter han. Dei ser syne vik unda, og svarte natta står som kjellaren attom, og der vart det borte.

Anders har hørt kva som står på, og no sett han ned gjentungane til Åsel, - dei fór støtt innåt han når noko stod på - , og så kjem han famlande fram.

Gang unda! ropar han. Lætt mæg komma i kast med’n. Lætt mæg sjå ut, æg som veit kor lande ligg!

Dei gjer veg for han, Ola stanar og biar, og Anders ut; han var blåraud i anlete, såg Ola. Synet sågs ikkje meir, men Anders snåva utpå brua og datt framover, hovudstups nedpå marka, og vart liggande.

Fulle stakaller og nokon kvar elles rusar ut og ser i kring seg. Inga syn meir, finns ikkje , det der var tysing åt beiste! men korleis er det med han Anders? Har han skamfert seg? Og så denne fordervelig høge brua, som han hadde gjort sjølv eingong!

Dei tok i han og drog, løfta og sleit og skulde ha han inn, men tung var han som to, og fotfeste rapa for dem i eitt vekk; og ikkje var han så lik han studde på hand eller fot sjølv, han var godt garva i kveld. Dei sette båt med han opp troppa; Å hoi, a hi – håli-åp! Så inn gangen, vast no urliti! Og så inngjenom døra med han! – Slo du deg, Anders? Du datt, meiner eg? Men jamisel gjorde du åt for skrømte lel! Men Anders lo ikkje i kveld.

Da rettar han på seg, eit kjempetak, og så slaknar han alt med seg og er borte. Ola kjem bortåt, bed dei gå unda. Han står over han eit tak, tett nedåt han. Så ser han opp, og rundt på dei alla saman.

«Du sei no vel ikkj det?» kjem det frå den eine etter den andre. «Du sei no vel ikkj det!»

«Jau, det e slutt no ja. Med han.» …

(Storbrylloppet (6);128-129)

Anders som var blind, datt altså ned ei høg utetrapp og vart liggande, truleg bevisstlaus. Det skal mykje til å slå seg bevisstlaus ved å dette ned ei slik utetrapp, men vi veit ikkje kor høg ho var, berre at ho vart omtala som «denne forderveleg høge brua». Som blind greidde han kanskje heller ikkje å ta seg for i særleg grad. Vi veit heller ikkje kva han datt imot med hovudet; kanskje trefte han ein stein. Etter at dei fekk han innandørs, fekk han eit slags krampeanfall og var deretter død. Dødsårsaka er usikker, men ein tentativ diagnose kan vere subduralt hematom, dvs. blødning i hjernehinna, noko som kan komme av ein slik skade og vere dødeleg.

Ein kan lure på kor truverdig denne historia er: Ein blind gammal mann som brøyter seg ut gjennom folkemengda for å slåss med ein dauing utpå ei høg steinrapp? Normalt ville ein kanskje vente at nokon hadde stansa Anders så han ikkje tulla seg utpå trappa, men kanskje kan vi tru på historia dersom vi godtek at Anders var noko mentalt redusert (dement? … hadde falle utor utrulig… ) , at dei fleste faktisk trudde på spøkelse, at folk vart overraska over reaksjonen til Anders, og kombinert med at dei fleste var fulle? I alle fall vart det slutten for Blind-Anders.

Livsfarleg hesteulykke

Odin, som no bur på Vennestad, skal ein dagen prøve å stanse ein hest, Bruna. Hesten har gjort seg laus, Odin heng i taumlykka etter hesten og slær seg mest forderva:

Åsel og Elen stod der alt med guten, da Iver kom. Han såg blode stod utor munn og nase på han, og sette i som han var fullt rasande:

«At du ikkj sleft da, din svimling te gut! Du skuld ha pryl, skuld du!»

Slik kan ein forfæld ein sette i, tenkte Åsel. Ho tørkar blod med forklæe til Elen. Elen er bleik og tør knapt sjå på. Dei leier guten inn, og Iver gir seg til å stelle med Bruna. Han kjem etter til kjøkene, og seier høgt og hastig: Er det liv i han da? Odin hadde vore i svime med dei rengte av han klæane og vaska av han, men no rettar han på seg og seier så godt han kan:

«Ja da! Berre urliti næssablod. Vi knustra ein døra, men.»

… Åsel handfòr han fleire gonger, da dei hadde fått han på lofte, og så retta ho på ryggen og sa at ho trudde han var heil innvending. Elen stod som ho ikkje hadde hørt det. Så seier ho: Eg er glad lel at det ikkje var slik laga. At det vart enden med han. Du får etter dokteren da, Iver. Åsel stelte med han det beste ho kunde. Han hadde ei stor flære oppi hovude, og var klemt og skrubba både her og der. Han kvinka og bar seg, når ho måtte vera hardhendt, men sia kviskra han at det var ikkje verdt han Iver fekk vita om det, - eg kom ikkje i hug meg, sa han. – Stakkars liten tull! sukka ho. Er du så glad i han styfar da? …

… Dokteren kom og plåstra han og nesta han i hop. Odin gjorde seg stiv, og stod det over. …

(I eventyre (6);235-236)

Dette er eit eksempel på at også bruk av hest kunne vere farleg.

Slåsskamp på fest

Under sankthansfesten før Odin skal stå for presten blir han sint når dei skuldar far hans for å ha sett fyr på huset sitt:

Og før han vardest, var han midt i heite krigen. … Han brukte handfeng sistpå. Endelig hadde dei han under seg og tok til å gi han det han skulde ha.

Da kom Lauris og berga han. Han var enda med han nedtil bekken og fekk vaska av han blode.

(I eventyre (6);241)

To alvorlege barneulykker

I «Sigyn» høyrer vi om sonen til Sigyn og Elias, Kristian på 6 år, som kjem i skade for å skufle ei jente uti vatnet. Marta, svigermor til Sigyn, får tak i jenta og strever med å få liv i henne:

Det var ei nød, før ho fekk gjenta til å dra anda. Ho stod over henne med allslags kunster som ho berre hadde lese seg til, og venta tid for tid det skulde bli døden. Men endelig levna ho til lell. …

(Sigyn (2);121)

Kristian får ris etterpå, men så blir han borte. Dei leitar lenge - i over eit døgn, og til sist er det nokre av gjætarane som går seg på han oppi marka:

Elias kom berande inn med guten i ein diger tull med klæde. Han gjekk beint framom henne, såg ikkje på henne og sa ikkje noko. Ho gjekk stilt etter. Ho kom i hug det sea, at slik gjekk det til.

Kristian levde. Han låg med opne auga og såg ingen, han var bleik som eit laken, og blodut, men han levde. Dokteren kom straks etter. Det var eit stort sår oppi hovude og fleire små, kroppen elles hadde gått så nokonlunde unna det, men ein armen var avbryti. Kvar tingen for seg såg ikkje så farlig ut, dokteren stelte med det og meinte det skulde snart bli godt. Men då han hadde målt varmen att og skulde til å gå, sa han ikkje noko. Han skulde snart koma att.

Han kom att mange dagar og sa ingen ting. – Komplikasjonar, sa han berre.

Meir var det ikkje å få utor den gamle vismannen. Som Sigyn kom til å hate han. Han gjekk med ei steinmaske støtt. Andlete hadde ikkje auga, tykte ho. Dei var der nok, og dei var store, men dei sa ingenting dei heller; han brukte dei berre til å sjå seg for med. Han gjorde seg visst godt av dette, at dei ikkje kunde sjå noko på han. Han gjekk stilt og farleg som eit kattedyr, liksom han vilde pine dei med det og. – Sea kom ho til å skjønna at ho hadde set gale. …

(Sigyn (2);126).

Guten hadde rasa utover eit svaberg og nedi steinura, hadde lege der i uvet ei stund, hadde øra av opp og vildra iveg heilt nedpå skogmoen før han seig ihop. Der fann dei han, gjætarane. Sigyn tenkte ut dette i dei lange nætene då ho sat og vaka over han. Ho følgde han føtt for føtt. Og det klaffa bra med det dei fekk vita seinare.

(Sigyn (2);127)

Det vart mange næter å vaka over han. Han låg i ein blund, med opne auga som ikkje kjente dei og ikkje ansa dei; han låg der, og dei sat omkring han, men han var langt borte frå dei. Sigyn heldt handa hans for det meste. Elias sat borti kammerse einstad og lutte hovude frami henderne

(Sigyn (2);127).

Omsider vart det ei forandring. Han sov. Det var ein lang sømn, og dei ottast det verste når han vakna. – Men då kjente han mora. Han klaga over at han hadde litt vondt, sa eitkvart dei ikkje fekk tak i, og sov att. Sea skreid det fram smått men visst, inntil dei var trygge. …

(Sigyn (2);128).

Her er det to ulykker som begge kunne endt fatalt. Dei får raskt liv i jenta som vart skubba nedi vatnet. Kristian rømmer heimanfrå, dett i ura, får hjerneristing og blir liggande ute i marka i over eit døgn – alt her kunne det endt katastrofalt. Etter at dei finn han, ligg han i koma i fleire døgn, og kanskje har han ein infeksjon (dokteren blir bekymra etter at han har tatt temperaturen). Dette er ein kritisk tilstand, som i dag ville vorte behandla på intensiv avdeling under maksimal observasjon, men vi høyrer ingen ting om at det var snakk om å sende Kristian til sjukehus. Dokteren såg til han mange gonger, og omsider vart det ein lykkeleg slutt på denne historia.

Arterieblødning. Dokteren og Henrik årelatar

I «Sigyn» er Elias, mannen til Sigyn, sjalu på tannlege Rosendal - ikkje heilt utan grunn. Han er sint, drikk seg full og kjører handa gjennom glasruta i døra:

... blode sprøytte av han og døra kom opp i ein fart; han hadde skamskori seg. Ho sprang borttil han, men visste ikkje kva ho skulde gjere, dei to andre var der og, men å få tak i handa hans og binde for var reint umoglig. … Han vilde avstad, men Rosendal tok i han, braut han overende og tok handa med magt. Blode stod stint og raudt tilvers. I ein to tre la han lommeduken over, fekk eit snøre og vedskie og batt åt. Farmaceuten tok hest og karjol og kjørte etter dokter. …

(Sigyn (2);136).

Ei stund etter kom Elias att, og hadde Henrik årelatar med seg. … Henrik årelatar var ei ulukke som rak i gardane og gjorde eit og anna; … Han var spelmann og alt anna, han kunne lodde og fortenne kjelar, han gjelda lam og slagta kalvar, tappa blod og stemte blod ettersom det trongs; han såg ut som han tørsta etter blod. Han var den siste av det slaget der i bygda.

- Du kan ta tå de-der no, sa han om binde Elias gjekk med. – Berre ta de tå du. Når bønna e lesi, så….

… Doktoren kom. Han tok binde av handa og la på nytt. Dei heldt anda alle mann, dei venta at blodtrålen skulde springe på nytt i vere att. Nei; han gjorde ikkje det; kva kunster det no var eller ikkje. ……

Jaså, det var han! Dokteren kremta seg opp og heldt ein liten tale til han, synte kor umoglig det var å stemme blode med berre ord, det var reint ut løgn, og han let så, at visst ikkje Henrik slutta med det der, så fekk han straff, for det var eit farlig spel han dreiv, og meir slikt. …

(Sigyn (2);137).

Doktoren skjente dugelig på Elias, fordi han hadde vore så dumm han tok med handa imot glasruta når han snåva, og fordi han let han der --- han viste med hovude imot Henrik; og så for han. Sigyn bad Henrik bli der natta over, og han slo ikkje imot det. Men han undra seg over henne. …

(Sigyn (2);138).

Kombinasjonen av sjalusi og fyll fører til at Elias får ein arterieblødning, noko som kan vere livstrugande. Her er det tannlegen som med makt får Elias under seg, slik at han får stansa blodet: … I ein to tre la han lommeduken over, fekk eit snøre og vedskie og batt åt… Denne torniqueen var ei fornuftig behandling, også etter dagens retningsliner, men det var sterk tru på at Henrik Årelatar var den som best kunne stanse blodet. At blodet hadde stansa når dokteren tok av bandasjen, var nok ikkje noko mysterium, og sjølv om dokteren prøvde å fortelje at det Henrik fór med var farleg overtru, var det tryggast å få Henrik til å bli der over natta.

… var ikkje i stand til å seie ku eingong …

Sjalusi og alkohol er også bakgrunnen når læraren Harald i «Harald» bankar opp dyrlegen, som var forlova med Sara, gammalkjærasten til Harald :

… Han hadde skamslege dyrlæge Riise, så han låg og kraup innpå vegen og var ikkje i stand til å seie ku eingong da dei fann han; ei guds lukke var det at det kom ein kjørar og tok han opp, han strauk til doktergaren med han, og der vart han liggande sjukling i fleire dagar.

(Harald (4);62)

Denne brutale slåsskampen var så alvorleg at det kunne gått riktig gale (Harald (4);60-61). Dyrlegen kjem seg etter kvart, men læraren blir i ettertid oppsagt på grunn av denne hendinga. (Harald (4);63-65)

Betent sår

Også her er det kombinasjonen av sjalusi og fyll som utløyser konflikten. Harald og Petra er naboar med Ola og Sara, men Ola trur det stadig er noko mellom Harald og Sara, så til slutt jagar han Sara heimafrå. Han slær seg deretter på fylla, og ei natt set han fyr på naustet til Harald, der han driv med båtbygging. Mens det brenn i naustet, prøver Harald å få tak i Ola, som sit og kaldflirer oppi bakken:

men kjem ikkje langt før han stuper framover og blir liggande. Han har fått ei flaske i syna. Blode flør utor eit stort sår i panna, og det tek tid før han kjem seg att; men Nanna bitt for såre og får han endelig med seg heim. … Harald trudde han skulde vera snart vera god kar att, men så sette det seg ilt i såre, det trutna opp og såg fælt ut, og han vart så kleinslig han måtte til sengs. … No var det berre om å halde nakkeskinne stint, så han ikkje trong dokterhjelp, for det vilde han ikkje ha, og heller ikkje krepere, for det var så alt for tidlig.

Det vart ein strid tørning. Han vart sjuk som ein hund, og han skjemdest å syne det; det sat i han som ein dyrenatur, at kvinnfolk i minsto ikkje skulde sjå ein mann nedfor slik. Han brukte lysol, og borvatn, blyvatn og alt det som godt var, og heldt verkelig blodforgiftninga unna og kom seg over det. …

(Harald;104-105)

Vi høyrer at Harald er alvorleg sjuk og redd blodforgiftning, og ein slik sårinfeksjon kunne lett bli livstruande i tida før antibiotikaen. Denne gongen gjekk det bra, men Harald hadde eigentleg all grunn til å vere engsteleg.

For sterkt drikkevatn på sjøen – gut omkom

I «Hilderøya» er Etvard Jørgen ein av hovudpersonane. Han driv fiske, men ein gong han er full, køyrer han båten på grunn:

Så hendte det at Etvard Jørgen siglde seg opp ein kveld austom været. Det forandra alt. Det var spakvere og lyst nok; karane sat og sløgde fisken, medan dei rak heimover. Då veit dei ikkje av, før tareleggene stikk opp langsmed båtripa, og dei står. No var det sjøstilt, men litt drog det alltid, og på nokre minuttar var båten ferdig. Då listringen kom etter, stod dei 4 karane i vatn til knes og heldt i kvarandre, medan fisk og anna flaut omkring dei. Ein gut dei hadde med var klar, Etvard Jørgen hadde vore langt nedgjennom etter han. Det skulle vera Etvard Jørgen si skyld. Han hadde havt med for sterkt drikkevatn. …

(Hilderøya (2); 251-252).

Drapsforsøk i naustet

I «Hilderøya» er Svein og Etvart Jørgen konkurrentar både på sjøen og i kjærleikslivet. Ein dag dei begge er i naustet, toppar det seg for Svein, og han mistar kontrollen over seg sjølv:

… Svein hadde fått eit stykke av ei år handa; det var godt som ei klubbe… … Då svingar han klubba med all si magt, og slage skrell i panna på Etvart Jørgen. Det var ein tør og sanglande lyd i smellen. Etvart Jørgen stod stiv med det same så raga han og seig attende mot ein båt. Men før Svein fekk tenkt seg om, reiste han seg att, såg på Svein med eit augepar som lyste av blod og vanvit, og kom. Noko så fælt hadde Svein aldri set, dette var Etvart Jørgen, no først synte han seg som han var. Føtene gjer sitt av seg sjølv: han renner og spenner han under bringa, så han sig i hop med eit langt og døyande illæte. Han låg daustilt eit bel. Så tok han til å hive etter pusten. Lange, krampetunge sòg; ryggen gjekk opp og ned. Så låg han stilt att. …

(Hilderøya (2); 272-273).

Svein trur han har drept Etvart Jørgen, og går heim. Men Etvart Jørgen vaknar etter kvart, kjem seg ut av naustet og heim:

… Han raga austetter. Oppå loftet på Hylla låg Etvart Jørgen med eit blodut bind kring panna. Han hadde kasta opp inntil grøne galle. Mora stod der med hendene på hoftene, ho visste ikkje kva ho skulde trive til. – De e så for sørgeli koles han ha føri. Døtti ne tå naustlemmen og sli seg mest i hjel. Ja, så gæle, de -- …

(Hilderøya (2); 274).

Svein kjem etter til Hylla, der Etvart Jørgen ligg:

… Etvart Jørgen opna auga; dei stirte ei stund lik to blakke rutor på Svein. Så drog munnen seg opp og grein flirandre og vondt med dei gule tennene. Svein vart veik i knea. – Vi må iveig etter doktern, sa han, eg reisi på øye blekke!- Omak deg ikkji, mumla Etvart Jørgen og snudde seg mot veggen. Det var noko blodut og daudt i målet. Han fekk ei ny rid med oppkasting. Andlete vart blått, og auga sprengtes ut. …

(Hilderøya (2); 274-275).

Men etter nokre dagar ser Svein at fiskarlaget hans tek med Etvart Jørgen til sjukehuset:

… Så strauk dei til byen med han, på sjukhuse. Fiskarlaget hans hadde vel kome att og fór med han. … Dei som skyssa Etvart Jørgen til byen, var attkome, og dei fortalte at det måtte ein operasjon til, og så skulde han snart vera god kar att. …

(Hilderøya (2); 275).

Dette er eit impulsivt drapsforsøk, og det er tilfeldig at det ikkje endar fatalt. Reint kroppsleg kjem Etvart Jørgen seg etter skaden, men han har fått ein psykisk knekk. Han blir meir deprimert, drikk mykje og tek livet sitt ikkje så lenge etterpå. (Hilderøya (2); 280).

Fleire som omkjem på sjøen

Duun omtalar fleire ulykker utan at vi får vite mange detaljar, og blant anna i «Olsøygutane» er det fleire som druknar: Jørgen druknar på Vestfjorden tidleg i historia, og gutane blir da farlause (Olsøygutane (9);7). Seinare i historia forliser ein stor lastebåt, og Gottfred og Sebulon oppdagar det om natta og finn både skipparen og ein mann på eit skjær. Begge var omkomne. (Olsøygutane (9);91).

Etter at Gottfred og Sebulon har sitte og drukke ein heile kveld, kjem Gottfred bort på sjøen når han skal ro heim i fylla. Arne mistenker Sebulon for å ha teke livet av Gottfred, - dei finn han ei stund seinare (Olsøygutane (9);108). Seinare blir Arne og Sebulon overraska av vestavindsstormen, og brått er Sebulon borte (Olsøygutane (9);113).

I «Ragnhild» blir fiskarane overraska av ein storm, og Morten, mannen til Lea, druknar (Ragnhild (10);158).

Andre dødsfall

Even, stefar til Ragnhild, legg seg til for å døy:

Han la seg til å døy her, da han skjøna at Ragnhild hadde kakka i hel´n Didrik

(Ragnhild (10);163).

Håkon mintes frå da han var på Lofoten:

På Vestfjorden siste åre, da dei seglde heim, vart høvedsmannen bråklein og seig i hop i løftingen. … Ja ja, høvesen fekk dei på nærmaste sjukhuse, og han fekk døy der.

(Ragnhild (10);222)

Slagsmål

I «Ettermæle» oppdagar Brynjar at det har vore mange spenningar mellom fleire i bygda. Det er Tørris som fortel om ein episode mellom Torberg, far til Brynjar, og Otte, da Brynjar berre var årsgammal:

Torberg smakte ikkje sterkt. Men best det er har han slege ein så han ligg skinnflat på vollen. Det var så handfritt gjort, dei vart ståande og glåme.

Kven det var som datt? Det var Otte, brorsonen min. Just han, ja. Dasken fekk han, og låg gjorde han. Eg unner han det enno, han er en småmann. Dina, moster di, var den som tok seg av han. Har ho ikkje fortalt deg det? Ho og Ane-Margit bar han i hus og doktererte på han.

(Ettermæle (11);44)

Seinare er det Otte, gammalkjærasten til Arna, som fortel om den same episoden:

Jau da, Brynjar, det var om deg vi snakka. Eg skjønna ikkje kva han fór ute i lag med oss etter, og så spurte eg han korles det var med gutungen, med førstefødde sonen hans? Du må piskede ikkje la han døy i kregda, sa eg. Kregda gjekk streng den sommaren. – Ta vare på gutungen, Torberg, sa eg. … Og i det same fekk eg ein så eg måtte klive ned det fortaste eg vann, heilt ned.

(Ettermæle (11);84)

Også her er det altså sjalusi som ligg bak konflikten, men det vart ingen varige skader.

… som kobben i vatne …

I «Ettermæle» fortel Duun om ein av dei få episodane der han skildrar at folk kan svømme. Det er Tørris som fortel dette til Agnar: Torberg har kasta seg i vatnet frå båten ein gong, men får krampe:

… han var jamgod med kobben i vatne. Men så bar det til å drukne med han, krampen hadde fare i eine foten hans. Og Otte, som var mann om bord hos han, ranga av seg og sømte ut og kava seg i land med han.

(Ettermæle (11);44)

Her er det altså rivalen hans, Otte, som bergar han.

… sår i tynningen …

I «Ettermæle» er det Turid, søster til Brynjar, som fortel om korleis mora deira døydde:

… - Og så fekk dei hit dokteren og lensmannen; ein må det, veit du. …

… To dokterar var der. Dei skulde grava opp like, og far måtte vera med. Det fekk eg ikkje vita før etterpå, dei trur ikkje eg så frisk som eg skal, enda eg er frisk no. …

… Dei snakka berre om at der hadde vore ein ugjerningsmann fram, ho hadde eit sår i tynningen, og enda var der meir misstenkelig. …

(Ettermæle (11);15)

Otte har ein meir detaljert versjon av korleis Arna døydde:

Eg vilde berre snakke med henne. Ein einaste gong, du skjønner da det? Ho var så evig redd meg, all tida. – Eg vil berre få snakke to ord med deg, bad eg. Og så bad eg henne at ho måtte ikkje sjå slik på meg. Herre gud, det var ho som slo meg overende!

Ho hadde dåna før eg fekk sukk for meg. Ho dåna og datt, og eg hadde ikkje teke borti henne.

Dåna, seier eg? Det fanns ikkje liv i henne da eg løfta henne opp. Gud er mitt vitne, kunde eg seie. Dei får tru meg som eg vil, det gir eg snart hunden i. Men der stod eg med henne, stod og heldt henne. Det hadde eg ikkje gjort før, der veit du det òg.

Eg kom meg så vidt at eg reiv opp kjolen hennes i halsen, eg meinte det måtte hjelpe. Eg vart vâr at eg hadde blod på handa, og da var det ho som blødde, frå eit sår oppi tynningen. Ho datt ikkje lett nei. Men eg visste ikkje kvifor ho datt. Men eg fekk sjå det.

Ho hadde set ein mann til nærheita.

Ja visst, det var han ja. Han stod eit godt stykke unda, just der vegen svingar inn i tjukkskogen. …

… Eg tykte eg gjorde det klokaste som var å gjera, eg la ifrå meg like så vàrhendt eg kunde, og kom meg der ifrå. …

… Ja eg seier like, men slikt kom ikkje for meg da. Du veit, at hadde eg visst korles det stod til med henne, og korles det vart seinare, da hadde eg gått bortåt ‘n Torberg og tala til han. Nei eg meinte det var best eg kom meg litt unda, så fresta eg ikkje mannen til å fara tankelaust fram. …

(Ettermæle (11);88-89)

… Men da må du fortele meg først: Kvifor snudde han og gjekk heim den natta? Han gjekk heim og let henne ligge der. …

(Ettermæle (11);89)

Kva var det han såg da det gjekk i stå for han,- da han vart tullut?...

(Ettermæle (11);90)

Otte og Arna sto altså og prata, ho fekk sjå mannen sin borti skogbrynet, og ho besvimte og datt og slo hovudet mot ein stein. Otte meiner ho var død momentant … Der fanns ikkje liv i henne da eg løfta henne opp … Dei fleste som besvimer, dvs. får ein synkope, vil segne om utan å slå seg svært hardt. Da ville det vere overraskande om ho skulle døy momentant. Men Otte seier: … Ho datt ikkje lett nei . … Det kan tyde på at ho ikkje segna om, men datt meir direkte og hardare og kanskje slo hovudet hardt mot steinen. Likevel er det vanskeleg å tenkje seg at ho døydde momentant. I verste fall kan ein tenkje seg at ho fekk kraniebrot og kanskje eit subduralt hematom (blødning under hjernehinna), men heller ikkje da ville døden inntre straks. Så kanskje levde ho enda da ho vart liggande der på stien åleine, men døydde seinare av det subdurale hematomet.

… som ein part av live hennes

I «Gud smiler» er Gudrun med og reddar ungane når ein heim i grannelager brenn:

Den hausten brann ein småmannsheim i grannelage. Ungane var åleine heime den dagen, og heldt på å skulde brenne opp. Gudrun sløkte varmen i klæane på den eine, og det var ho som tok han i armane og sprang til dokteren med han. Det var useieleg korles han var tilreidd. Dokteren kom bilande i møte med dem. Han såg ikkje henne nei, men den gongen såg ho ikkje han heller. Men branden og det skambrente barne vart som ein part av live hennes lenge etter, svartsida av det, og der bakom sat uretten og gliste i blinda si. Kva treiv ein til i mot live når det var slik?

(Gud smiler (11);195)

Fallulykke under brann

I «Gud smiler» er Vidar Holm på rømmen. Ei natt tek det til å brenne i låven på Lindsholm, og plutseleg dukkar Holm opp i vindauget høgt oppå låveveggen. Stigen dei har er for kort, så han dett ned på jorda:

… Dei tok til og vilde sjå om der var liv i han som låg att. Nei, det var slut, men dei gav seg ikkje, dokteren vart budsendt, og med dei venta dreiv dei på og vilde få andedråtten i gang. Justin kunde litt med slikt og arbeidde jamt og ivrig. Det skulde gå, … Men ventetida vart henne for dryg, ho vilde ta han og springe dokteren i møte med han, … Men han måtte da i alle fall slå opp auga og kjenne henne før han døde, det gjorde dei da?

Straks etter brekte han blod. Andlete hans kvitna, det vart eit lik-andlet med ho såg på det, kroppen slakna og synte kor vonlaus død han var.

(Gud smiler (11);269)

… Ho hadde tenkt å ta med seg like og jordfeste det her, men da vart søstra forfæld. Så gjorde ho ikkje den synda nei, mot mor og værmor. Vidar låg bra nok der sør, etter at dokter og meir øvrigheit hadde saumfare han.

(Gud smiler (11);272)

Dødsfall etter kollsegling

I «Samtid» er Agnar hovudpersonen. Opplevinga når søstra hans, Margit, døyr, gjer sterkt inntrykk på han. Ho blir sjuk etter at dei har kollsegla og bergar seg opp på ein holme:

… Han fekk ein stynd til da fann henne att, for ho låg der død. Det var Mikal som hadde berga henne i land, korles det no hadde gått til eller ikkje. …

… Og så vakna ho og tok til å leva att. …

(Samtid (12);26)

… Dei òg heldt humøre oppe, men Margit klarte ikkje å halde kreftene oppe. Ho la seg ned, makta ikkje å sette fot under seg. Stormen kom. … Ho smilte da Agnar stelte med henne, men ho var knapt godtil å sjå opp. Kulden rykte i henne. Ho blødde frå ei skråme i panna. … Agnar kraup inn under båten til Margit, tok ryggen hennes inn til seg og vermte han det vesle han kunde. Sia var han fram og vreid opp og banka trøya si, breidde den over søstra, og så låg dei der, som da dei var småungane. I ørska vreid ho seg om mot han, det var urimelig kor sterk ho var, styrken hennes fòr med ein varme gjennom han. Ho klemte kinnet sitt mot hans. Armane snara seg kring han; dei var visst sterkare enn døden. Men for han var dette verre enn døden.

Døden ja, der var no den. Men da fòr denne galenmannstanken gjenom Agnar, det var flirefan sjølv var det, at døyr eg ikkje no da døyr eg aldri.

… Nå ja, der kom verkelig båt. … Søster smilte da han tok handa hennes og fortalte det.

… Det vart ei ventetid… Agnar låg attmed Margit og fresta verme henne. Men det var ho som gav han varme, ho gav frå seg resten, til han. …

… Hjelpa kom, ei stor skjøyte og bergingsreiskap. … Sia var dokteren der. Han nekta dem å flytte Margit heim. … Det var òg ei ventetid. Giktfeberen drep så smått og vondt. Margit var ikkje eingong i stand til å halde handa hans. I grunnen hadde ho sagt han farvel da ho måtte i sjøen andre gongen. …

… Han tykte det òg, da ho låg der og pintes i hel, at for henne hadde døden vore det einaste som var i vente. …

… Far kom dit. Han var der da ho døde. …

(Samtid (12);26-28)

Vi får inntrykk av det er giktfeberen som blussar opp etter kollseglinga, at det er den som er den eigentlege dødsårsaka, men vi får lite opplysningar om korleis sjukdommen eigentleg var.

Giktfeber går gjerne i fire faser. Først kjem ein bakterieinfeksjon (streptokokkinfeksjon), som kan gi halsesjuke eller berre ukarakteristiske forkjølelsessymptom. Etter infeksjonen kjem ein latensperiode på ei til tre veker. I denne perioden kan pasienten vere litt ute av form, kjenne seg litt utilpass eller også kjenne seg heilt vel. Deretter kjem sjølve giktfeberanfallet, med feber, slappheit, ofte magesmerter og sterk sveitting. Det kan også komme ulike former for utslett. Mange får smertefulle, forbigåande leddbetennelsar, f.eks. i kne, handledd, olbogeledd eller i ledd i foten. Meir alvorleg er hjarteaffeksjonen, som kan ramme alle lag i hjartet, dvs. den indre hinna (endokardiet), musklane (myokardiet) og hjarteposen (perikardiet). Dette kan føre til hjartesvikt og vere svært alvorleg. I dag er alvorlege følger av giktfeberen svært sjeldan, for dei fleste får antibiotikabehandling for slike streptokokkinfeksjonar.

… fann henne både stiv og kald

I «Samtid» er det fleire uhyggelege episodar:

Det første han kan minnast om Birger, er at han kom heim frå gjætlemarken ein kvelden, gjekk og fila og plystra så hjartans velnøgd, og så sa han best det var: Der ligg ei kjerring innpå myra, ho er visst hundig sjuk. Ho datt, gut, og da låg ho lenge og rista og rykte på seg, men no ligg ho still. Einkvan vaksen hørte de. Dei fann henne både stiv og kald.

(Samtid (12);15)

Hovudstups ned på slipesteinen

I «Samtid» høyrer vi om Birger, som har vore forlova med Turid i fire år. Dei har ikkje råd til å gifte seg før Birger får arven etter «gammelbingsa», fostermora til Birger, så både Agnar og Birger går og ser fram til at ho skal døy. Agnar er redd for at Birger skal ta livet av henne, men det endar med at ho dett ned frå låvebrua:

Nei det vart Elina nedpå Bakkemoen som sette live til. Han hørte det morgongen etter stormdagen, ho hadde falle utfor låvebrua i gårkveld og slått seg i hel. … … Dokteren kom dit, men der fanns ikkje liv att i henne. … … Elina, gamle bingsa, ho hadde hinka over tune midt i uvêre og opp låvebrua, kva ho no vilde der. … … Før han når dit glett ho og dett ho, for låvebrua var farlig glatt i regne, ho fer hovudstups ned på slipesteinen. Ho hadde eit stort gap oppi hovude, fortalte dei. …

(Samtid (12);75-76)

Jorda hivde han

«Samtid» sluttar på ein dramatisk måte med ei spengningsulykke, der både Agnar og jenta til Allek blir drept:

da sette nokon i eit rop, og , og der med ropa mange, der var noko som stod på, og Allek gav frå seg ein jammerlyd og tok til å springe tilbake.

Agnar visste det før han fekk snudd seg, det var gjentungen som hadde blitt att. Ho kom stabbande opp av ei grop like ved haugen og skotte, ho hadde ligge der og gjømt og leikt seg med einkvart, og no vil ho opp og sjå på det som ryk.

(Samtid (12);142)

Han hørte ånddråtten sin, men no var han framme, no er han her, enten han er redd eller ei, her sat dei og bora, men opp med ungen, så! han har henne i handa.

Da skjedde det, jorda hivde han.

(Samtid (12);143)

Ja fan ta deg så visst …

Nikolai ga dokteren greit svar, etter at dokteren hadde drege aksla hans i ledd:

Han tok etter det som ei trøst, at slik svor gamle Nikolai til dokteren ein gong. Dokteren drog aksla hans i led, og dokteren spurte om det gjorde vondt. Nikolai såg dokteren i auga og svara: - Ja fan ta deg så visst!

(Samtid (12);107)

... ikkje feitare finger …

I «Menneske og maktene» blir vi kjent med Borghild og Arne, som reiser til moster etter at mora deira har reist bort. Her steller Arne fingeren når moster skjer seg:

Ein gong skar ho (moster, ff mrk) seg i fingeren. Ho var så redd ho ropte noko reint ukristelig. – Nei men moster, åtvara han henne. Han tok handa hennes og stellte med såre: - Det var ikkje feitare fingen, berre som du skar i ein kjepp, ser du. Ho fann seg i det som han var dokteren sjøl, ho takka han jamenn!

(Menneske og maktene (12);205)

Omkom på tur etter dokteren

I «Menneske og maktene» er Øyvære eit eige lite samfunn, der vi blir kjent med dei fleste som bur der. Men når Torger og Arne skal hente dokter til ungen til Enka, blir Arne, bror til Borghild, skylt over bord:

Utpå vinteren vart eine barnsungen til Enka bråsjuk. Dokteren måtte hentas. … Arne hadde alt kledd seg i sjøhyre. … Full storm var det ikkje, men høg sjø.

Utpå dagen kom skjøyta inn sunde, mange timar før ho kunde vera ventande. Ho hadde gjort vendereis. …men Borghild såg der var berre ein mann om bord. Ho gjekk inn og sette seg. Om ei stund stod mannen framfor henne og fresta fortele henne om ein brottsjø. …

… Arne var for resten berga han. Kva det vil seie, det veit berre den som har hatt han til bror. …

(Menneske og maktene (12);211-212)

Torger fortel korleis det har hendt:

Austi farvatne ei staden kom dei ut i stolpesjøen, han var rettelig nask mot dem. Arne fer fram og skal sette fokka til, i det samme Torger vil be han om det. Da kom ulykka veltande inn over luv baug, ein veldig foss av ein straumsjø, og da den fór, da hadde gutstakaren òg fare.

Same kor lenge ein låg der, borte var borte.

(Menneske og maktene (12);224)

Når nokon vart sjuk og dei skulle hente dokter, tok dei kanskje større sjansar enn vanleg.

Døydde på Øyvære uvérsnatta

Den største katastrofen Duun skildrar er den på Øyvære uvêrsnatta, der til saman 14 personar omkjem. Tre menneske er borte, mens dei fører 11 lik til kyrkjegarden på fastlandet:

… Om kvelden hadde dei alle lika i Gammalstua. … Der låg dei i breidd på det skjeive golvet, 11 lik.

(Menneske og maktene (12);317)

10.11. Diskusjon

Kapitla 6-9 viste korleis Duun har skildra tuberkulose, andre infeksjonar, graviditet og fødslar og psykiske sjukdommar. Dette kapitlet viser at Duun også har skildra mange andre sjukdommar, ulykker og skader i dei ulike romanane og novellene. Kor detaljert han har skildra dei ulike helseproblema varierer. I nokre tilfelle får vi ganske bra innsikt, f.eks. når Lars Lines og Bendek i Kjelvika døyr, og når Sigyn får tannpine. I andre tilfelle får vi berre overflatisk informasjon om sjukdommen. Dessutan har Duun skildra mange ulykker og skader, deriblant dødsulykker, der detaljnivået varierer sterkt.

Denne gjennomgangen illustrerer at dei litterære personane hos Duun levde nært på sjukdom, ulykker og død. Dette var før det var noko som heitte arbeidsmiljølov og HMS, og synet på risiko og tryggleik var nok ganske forskjellig frå i dag. Det var også før antibiotika og andre, meir moderne og effektive helsetenester, som vi i dag tek for gitt.

Korleis det faktisk var på Namdalskysten på Duuns tid har vi få data på, da berre nokre sjukdommar er omtala i Medisinalmeldingane. Men dødelegheita var høgare og levealderen lågare, og sjølv om Duun omtalar eit breidt spekter av sjukdommar, var det nok i røynda enda fleire sjukdommar og plager blant folk på hans tid:

Veneriske sjukdommar er ikkje eit tema hos Duun, men i Medisinalmeldingane går det fram at det er tilfelle av både syfilis og gonoré også i Ytter-Namdalen. I 1910 er det rapportert om heile 17 tilfelle av gonoré i Vikten:

… Samtlige fra Vikten distrikt anmeldte tilfælde var gonorré og uretrit (hos 12 mænd og 5 kvinder). I Vikten herred var halvparten utenbygdsboende fiskere og sjøfolk, som passerte Rørvik eller laa paa fiske. Man ser sygdommen hyppigst utover høsten; dette er vistnok til dels betinget av sildefiskerierne, hvor kvinder i stor utstrækning følger med som «værkere» og har sit tilhold om bord i fartøier, som er utrustet for sildesaltning. (Rüsing). … [1]

Skabb høyrer vi heller ikkje om hos Duun, men i Medisinalmeldinga frå 1905 går det fram at skabb (fnat) ikkje var ukjent:

… Av fnat anmældtes i alt 48 tilfælde, hvorav de fleste fra Vikten. Her spredtes nemlig sygdommen i almindelighet gjennom skolehusenes internater, som maa benyttes i stor utstrækning paa grund av den spredte bebyggelse, hvorav dessuten en betydelig del er paa smaaøer. … [2]

Tidlegare var skabb assosiert med dårleg hygiene og fattigdom, men i Europa i dag er ingen slik klar samanheng påvist [3].

Lepra eller spedalsksjuke finst heller ikkje i Duuns univers, men vi veit at lepra fanst også i Ytter-Namdalen mens Duun budde der. I Medisinalmeldinga for 1900 står det:

… I Fosnes Distrikt fandtes ved Aarets Udgang fremdeles 11 Spedalske, af disse var 3 ny tilkomne i 1900. … [4]

I Medisinalmeldinga for 1916 går det fram at det er færre spedalske, og at fleire er sendt til Reitgjerdet:

… I Fosnes distrikt bor som før 1 spedalsk og i Flatanger 2. Den spedalske i Kolvereid distrikt blev efter helseraadsbeslutning indlagt i Reitgjerdets pleiestiftelse. I Leka distrikt er der nu ingen spedalske, idet den sidste blev sendt til Reitgjerdet, og ingen nye tilfælde blev konstateret i aarets løp. … [5]

Ein kunne tru at dei som hadde lepra var godt kjende i lokalsamfunnet, og difor hadde det ikkje vore så rart om Duun hadde brukt denne sjukdommen som eit litterært verkemiddel, slik han brukte andre sjukdommar. I Bojers «Den siste viking» høyrer vi for eksempel om Per Suzansa, som får diagnosen mens han er på Lofoten (Vedlegg 1).

Det å få lepra var ikkje mindre enn ein katastrofe: Vansiring av kroppen, lidingar utan håp om å bli bra, utstøyting av samfunnet, og ofte bortsending til ein leprainstitusjon langt heimanfrå for resten av levetida. Mens dei ennå budde heime, vart dei nok ofte gøymt bort utan å syne seg for folk, og familien prøvde å skjule skamma så godt dei kunne. Kanskje var lepra så tabuisert at sjukdommen ikkje passa inn i Duun sitt univers.

Mange av sjukdommane som Duun skildrar i litteraturen sin, ville fått ein nokså annleis omtale dersom det hadde vore i dag. Det gjeld for eksempel behandling av grå stær, hjarteinfarkt, hjerneslag, kreft, magesår og tannpine. Dessutan, med større båtar med motor, GPS, ekkolodd og andre hjelpemiddel, ville ulykkene på sjøen ha vore atskillig færre. Ein får inntrykk av at det berre er få av personane hos Duun som kan svømme, og det er aldri snakk om redningsvestar eller andre sikringstiltak. Også på dette området er situasjonen annleis i dag.

Alkohol var elles ein viktig medverkande faktor ved mange av ulykkene og skadane hos Duun. Dette er vel ikkje så ulikt det vi ser også i dag.

Jostein Holmen