i2

12. Aldring og alderdom

12.1. Aldring

Blind-Anders - den første «pensjonisten»

I Duuns romanar møter vi menneske av alle aldrar, også mange som er gamle. Blind-Anders («I blinda») lever omkring midt på 1800-talet, og han er den første i Duuns persongalleri som får ei slags pensjonistrolle. Anders har øydelagt synet sitt for ei tid sidan, så han er blind, og eldstesonen Per er nyleg død av nervefeber (tyfoidfeber). Anders er med da Per blir gravlagt:

Han var med til kirkegaren, og heldt ut i gravøle til siste mann. Han var berre lite grand tunghørd av seg. Han hadde vorte slø, trudde dei, gjekk i barndommen; det var ikkje stort att av han. Han visste dei sa det, men det var noko dei hadde for seg. ... Han gjekk som han leita, dagane etter, fòr og vavra og stavra frå vegg til dør heile huse gjennom. Dei andre gjekk helst krok for han. – Så sette han seg til ro ein dagen. …

(I blinda (5);289)

Det hadde gått i ein dur for Anders i det siste, og han takka for det. Det var alltid stunder til å sitte. Likevel var det liksom han vilde skynde seg på sluten, få det undagjort og komma seg i ro. Han vilde sjå på det som hadde hendt, han vilde ta for seg ulykka og allting og sjå det slikt det var. Og no stilna det forunderlig. Allting så la det seg til ro kringom han. Han hørte solskine, kor det stod ute i lufta sommardagen lang. Han hørte vinden, kor han bles over take og over alle fjella. Han kunde sjå det òg, når han berre let att auga: åkeren la seg unda vinden, båra mørkgrønt og lysgrønt, mørkgrønt og lysgrønt, …. – Men elles skjedde her ikkje noko, syntes han, det var slut og til endes med den ting: verda låg og let tida gå over seg, som vind over fjell.

Og rundt i kring låg det i hop og haug, det han hadde bala med. – Der ligg det, og her sit eg, sa han. – Det der, Anders, det forstår du ikkje. Du blir for stutt! Slikt var rart å seie seg sjølv opp i auga; han hadde aldri prøvd det før. – Nei, men det var herlige ting lel, kor han skar seg fram den tida børen bles. Som han sa, Kristian Lauvset: Du har gjort ditt, Anders. …

Men så skal du komma i hug det da, Anders, at dei venta seg mykje av deg. Og det største, det ventar dei seg no. For her skal du sitte, mann, og sitte så det spørs! Dei som føre deg var, dei kjørte på i same renne som du, men så sovna dei av og ifrå det. …

(I blinda (5); 295)

Anders, som har vore som ein slags hovding i bygda og alltid hatt mange jarn i elden, er sett utom det pulserande livet, men han får god attest frå «bygda», representert ved Kristian Lauvset: « Du har gjort ditt, Anders». Så han har grunn til å vere tilfreds med det han har utretta hittil, men «… det største, det ventar dei seg no. For her skal du sitte, mann, og sitte så det spørs! Dei som føre deg var, dei kjørte på i same renne som du, men så sovna dei av og ifrå det» . … Anders forstår nok at det kan bli vanskeleg berre å sitte i ro, men no har han endeleg fått tid og ro til å reflektere over livet og det han har vore med på, blant anna kva som hendte med Solvi. Han er truleg ein av dei få i bygda som har nok sjølvtillit til å snakke med presten om slike ting, omtrent som dei var likemenn:

Ho va tå finn, stakar; det var det; kunde ikkje vera her, ho . …

«Men hvorfor sendte skjæbnen dig dette da, Anders?»

«Ja sjå, det visst du ikkj. Der vart du fer støtt, ban! Men her sit æg. Og snaut og tomt i kringom mæg ja. Ein kund bli te is»

«Bed om – bed om tålmodighed!» Presten var bleik og kløkt; han vilde sagt einkvart som hjelpte.

«Trøngs ikkj, ban. Æg e tålmodi, æg, -- Men Vårherre, du kalla, kann nok ikkj ha lika mæg så kleint lik-vel. Det e no mi tru».

Anders lo godt, og presten rista på hovude.

(I blinda (5);299-300)

Blind-Anders synest det er … snaut og tomt i kringom mæg ja … , men greier likevel å tilpasse seg den nye rolla som «pensjonist». … Æg e tålmodi, æg . … Han har hatt ein solid posisjon i bygda og er godt fornøgd med det han har utretta, og han trur heller ikkje at Vårherre har lika han så kleint.

Didrik Dale – «førtidspensjonert» mot sin vilje

Ein som slett ikkje er fornøgd med «pensjonistrolla», er Didrik Dale i «Medmenneske». Han må selje garden og «førtidspensjonere» seg når Håkon og Ragnhild skal gifte seg. Didrik er da i 60-års-alderen, enda frisk og full av arbeidslyst. Han og kona Tale har «kår», dvs. hus og mat på garden, men må bu i ei trong kårstue. Tale er fortsatt i fjøset, så ho har noko å gjere. Didrik, derimot, har inga rolle lenger, men er full av virkelyst og planar – og han er ikkje typen som kan sette seg i ro og reflektere over livet, slik Blind-Anders gjorde:

Her kjem vi snart inn i eit nytt hundreår, og enda sitt eg med den gammaldagse kårseddelen! Som ein ape i bur. Nei, sønnafor, der eg var i fjor, der var dei lenger framme, det fanns ikkje slikt som kår der nei.

(Medmenneske (10);17-18)

Og det er trongt om plassen når både ungfolket og kårfolket bur så tett på kvarandre:

Dei hadde berre eitt hushald enda, og åt i kjøkene, for det var stort som ei stue. Husromme var litt knapt for to huslydar, Didrik hadde rett i det, - ja dei var i grunnen tre, for Gammalfaster og tausa hennes hadde ein trefire rom ovanpå. …

(Medmenneske (10);25

Det er trongt også i kårstua:

… Etter maten gjekk Didrik til kårstua som elles. Det var ei trivelig lita stue, men der var reint for trongt, ein gjekk seg på stol eller bord om der var aldri så lyst. I kveld var der slett ikkje verande. …

(Medmenneske (10);25)

I tillegg bur Gammalfaster «Kvitugla» på loftet:

… Gamla var snart hundre år. Blind hadde ho lenge vore, og var så utlevd og mager ho var ikkje godtil å reise på seg. Men elles låg ho der oppå loftet sitt og var med i mesteparten av det som gjekk for seg på garen og litt av kvart borti bygda òg. Ho var garmannsenke, hadde vore gift som snarast og var barnlaus, men ho hadde fått alt som var etter mannen sin og hadde ein huglig slump med pengar i banken. Husvære her betalte ho for, men elles heldt ho si eiga taus og sitt eige hushald. …

(Medmenneske (10);26)

No utetter hausten hadde ho vore meir enn vanlig vesal, dei trudde ikkje ho kunde ha så lenge att. Ho sa det sjølv òg: - Det er berre reklingane att av meg; rettno må jorda ha det litle som er, skal ho ha noko av meg.

(Medmenneske (10);26)

Her får vi altså inntrykk av korleis det var å vere kårfolk rundt førre hundreårskifte; det var trongt om plassen, dei levde tett innpå kvarandre, og særleg kårmannen Didrik var misfornøgd med å leve slik. Det var nok heller ikkje lett å vere ungfolk. Kor mykje dette kunne ha å seie for den konflikten som utvikla seg i «Medmenneske, blir nærmare drøfta i kapittel 14.4.

… å bli gammal er verre ...

I det heile ser det ikkje ut til at gamle menneske har særleg høg status i Duuns litterære univers. Kor gamle folk var når dei vart sett på som gamle, kunne nok også variere:

… Anders fór til og vart gammal. Han var over femti. Han gjekk like bein som før, og like frisk i hamleten var han, men kvit i hår og skjegg. …

(I blinda (5);210)

Tidleg på 1900-talet, når Odin er vaksen, møter han mormora Åsel:

Han såg for seg den litle gamle ryggen til bestmora. – Å døy, sa han med seg sjølv, det må no gå det. Å bli gammal er verre.

(I ungdommen (7);26)

Det er framleis Åsel som sit som eigar av Håberg, og no vil ho dele Håberg i tre partar. Dette er Astri, som er gift med Lauris, sterkt imot – ho vil ha heile garden. Ho og Lauris snakkar om dette:

… - Du skal ikkje forsynde deg imot alderdommen, Astri. Han nemnte henne på namn, det gjekk ikkje ofte på. - Kor gammal kan ho vera no? Ho farmor di, meinte eg. – Ho er snart sytti. – Hm. Ja. Da er det ikkje meir å vente av henne. Litt glede må ein gammal krok ha; for det om vette har fare. …

(I ungdommen (7);131)

Så når Åsel er så gammal – snart sytti – kan ein ikkje vente meir, for «vette har fare». Men ikkje nok med det: Når Astri seinare møter Odin, tek ho til orde for at farmora må «gjerast omyndig» :

Har du snakka med a farmor? spurte ho. – Eg har da det? – Men er ho rett da, sei meg det, er ho ikkje tullut da, trur du? – ho er da visst i sin gode rett. Og meg skil det ikkje; men eg har tenkt på det, eg skal tilstå det. Og likar det gjer eg ikkje nei.

Ho må gjerast omyndig! ropa ho, ho står og bevrar som unghesten.

… Ho må avsettast før det er for seint. …

(I ungdommen (7);132-133)

Også andre stader får vi peikepinn på kva folk meinte med «gammal»:

… Ola var ålvorlig gammal no, han var mykje over 70 ….

(I stormen (7);166)

12.2. Eldreomsorg – og død

«Gamlehjem» - eit nytt omgrep

Åsel er sjuk og ligg på det siste, men det er nok ingen ting som tyder på at « vette har fare ». Derimot er ho opptatt av korleis fattige gamle kan få det betre:

… Det var noko, Odin. Eg las om det – gamlehjem – sei meg: kva er det for noko?

Odin fortalde det han visste om det. – Ja, ser du der! anka ho seg. Visste det, eg, men. Det vart ikkje med meg. Kunde da ha gjort noko, ser du! Men så kjem Han og tek meg ifrå det – eg er så tørst, Odin!

(I ungdommen (7);137)

No må du hald-ti mæg, Anders, det ber i veig no …

Hos Duun kan vi lese om mange dødsfall, og vi kan også følgje mange i den siste, terminale fasen av livet, for eksempel Per Anders og kona Ane («Juvikfolke»), gammalfaster Ane («I blinda»), Peder («Storbrylloppet»), Bendek («I eventyre»), Elen («I ungdommen»), bestemor Åsel («I ungdommen»), Thekla («Sigyn»), Lars Lines («Det gode samvite») og Nora («Det gode samvite»). Alle ligg heime og blir stelt av nære slektningar.

Eit anna eksempel er Per Håberg, som blir sjuk og døyr. Per flyttar frå Juvika til Håberg, men slit seg sund på ein stein nedpå åkeren, får plager med magen og blir arbeidsufør. Han er i sin beste alder og synest det er ei skam å vere sjuk, men så ser han at sonen hans, Anders, som er i fjortenårsalderen, greier å tukte storoksen. Dette synest Per er storveges, men etter kvart blir han dårlegare og sengeliggande. Han meiner det er på tid «at ein kjem sæg pund tørva, åt de ander»:

Etterpå vart han mjo og kløkt. No kunde han gå inn og legge seg. Det maura i han, - det lak utor han no, live dei kalla, ja ja, men det var godt å sitte her ei stund enno. Og kom han seg ikkje inn sjølhjelpandes, så stod det ikkje på; enda skulde ikkje kvinnfolka få bry med han.

(Juvikingar (5);127-128) …

Per reiste seg, vilde inn no. Men det vann han ikkje, han seig i hop att, vart liggande og skjelve, og så bar det i brekkinga med han. Han kom opp med svarte mageblode.

«Gjer aldri det slag, Anders. Det e på tia snart – at ein kjem sæg pund tørva, åt de ander».

«Ikkj å sei det, far!»

«Ska æg gang her som eit anna vanspark æg da? Nei. For no står det ikkj på».

Anders hjelpte han inn. Han bar han mest.

Per kraup i seng straks. – Det er godt å få legge seg attover, sa han.

(Juvikingar (5);128)

Per låg med ein smil nedunder auga; men munnen drog i hop seg tak for tak, og i panna båra det seg rukke for rukke, slik ein ser leira i fjæra sjø. Når det reiv for grovt innvendig, spennte han foten i senggavlen, kleip åklæe så det knaka i finger-leane. Da fekk Anders det same drage, dei same rukkene vilde fram i panna på han òg. …

Per stod ikkje opp meir, og ingen venta det heller. Han låg og hadde det tålig, tykte han.

(Juvikingar (5);129)

Nettene vart så lange for Per, for han mista sømnen. …

Endelig bar det i veg. … Per tok til å kvinke og bera seg i kveldinga, slik han hadde gjort det ofte i det siste. … Men så manna han seg oppatt og var fullt med seg sjølv. …

Men straks Anders var utor syne, seig angsten på han. Det ropar so kaldt der ute, kva er det? Kor det vart tå deg, Anders? Eg ligg her blett mo åleine; på ryggen; kan ikkje snu meg. … Anders bøygde seg over han og snakka han til rettes:

«Slik. Så bli det likar ska du kjenn».

Og Per kvinka med lyst barnemål:

«Jahaha! No vart det godt å vara mæg!

(Juvikingar (5);131-132)

… Valborg la seg bortpå senga si. Det gjekk time etter time. – Er du der, Anders? spurde det frå Per gong og annan.

Og så kviskrar han fort og redd: «No må du hald-ti mæg, Anders, det ber i veig no! Nedover bakken, utover fjelle – kan du ikkj hald-ti mæg urliti!»

Han vart liggande og harkle og pipe, ein time og to timar; det var ei æve det stod på. Best det var, lo han litt …

«Men hald ti mæg no – trur du vi kjem over, Anders? Æg hi vøri ne-i bårdalen all min dag – no ber det oppover – kor det vart tå dæg? Det va slekta som fløtta mæg hit, Anders!»

Det var det siste han sa. Anders heldt lyse framfor han, og venta til det ikkje blykta lenger. Da klemte han i hop munnen på han, og sette fingeren på augelokka.

Valborg sov borti andre senga; ho hadde ikkje fått sova skikkelig på mange netter. No vakna ho, og sette seg over ende. Ho såg berre på Anders, og han mumla som eit ja.

(Juvikingar (5);133-134)

Per døyr omtrent midt på 1800-talet, og det er usikkert kva dødsårsaken er. Kanskje er det blødande magesår, men det kan og ha vore magekreft eller kanskje også tuberkulose i magen. Vi høyrer at han har smerter og angst, men det er ikkje snakk om å få tak i dokter. Det er sonen Anders som passar han den siste tida, og det er han som faren stoler på. Kona Valborg er meir perifer i denne vanskelege perioden, kanskje har det samanheng med den samanstøyten ho og Per hadde tidlegare (kapittel 11.1) (Juvikingar (5);119-121).

… streid ei natt til endes som ho aldri skulle glømme …

Dei som levde på Duuns tid, var nok meir vant med å ha sjukdom og død omkring seg enn det vi er i dag, men det var ikkje dermed sjølvsagt at alle var vande med det. Når faster Ane får hjerneslag og blir avhengig av kontinuerleg pleie og omsorg, er det Åsel som steller henne:

… Faster Ane i Pålsnese vart fort dårligare. … Det vart ingen sømn på Åsel den natta og ikkje noko natt på lang tid; for gamla var apsam og måtte snuast og rettleiast i eine bør, og sautra og bar seg som eit lite barn. …

… Da var alt Ane så langt kommi at ho visste ikkje med seg lenger … Ho (Åsel) streid ei natt til endes som ho aldri skulle glømme. Garfolke såg ho ikkje likt til; dei hadde fått nok av kårkjerringa med ho levde, og ikkje vilde dei syne kor glade dei var. Det kom for Åsel etter-sia, at ho hadde ikkje komme ifrå det med vette, hadde det ikkje vore for det at der var eitt menneske i nærmonom, og det var drengen. …

… Ikkje lenge etter var det slutt. Åsel var iskald oppi hårrota og kjente ikkje golve under seg, men ho beit seg i hop til det og sette fingeren på dei daude augelokka og klemte åt, og la salmeboka under haka på henne, dermed fòr ho ut i stua i sju redsler

(I blinda (5);279-280)

Åsel fekk det ikkje stort lettare da ho endelig hadde sove ut. Ho arbeidde så det svortna for auga. Men det gav ho ingen ans. Det var 16 års slaveri ho slapp ut ifrå no. Ho hadde bore fram børa si. Ho hadde mista alt ho kunde miste, syntes ho, - slite kom ho ikkje i hug - og noe var ho fri og ferdig.

(I blinda (5);281)

Dette viser kor slitsamt stellet av terminalt sjuke kunne vere, både fysisk og psykisk. Terminalt er Åsel åleine om stellet, og ho er redd. Det viser at slett ikkje alle var vant med døden.

… men sjå, live fór i han att …

I «Samtid» møter vi ein mann som blir skildra som «gammal og avkvista» :

Det var ein gammal mann som tok opp og braut opp det jordstykke ein gong her. Han kom slik på det, og der med banna han med seg sjølv og gjorde det. Kal heitte han berre. Ein gammal og avkvista mann, sat der på kåre sitt og kunde vera like glad, men sjå, live fór i han att. Han grov og braut, og anna enn stein var det ikkje, men ungdommen sa han tørka av kvar steinen med lommeduken sin, så det vart litt mold òg. … … og Kal hadde denne tverkroken på ryggen sin, å grava var ingen sak for han.

(Samtid (12);48)

Kal er altså enda ein som ikkje trivst med berre å sitte på kåret. Men «live fór i han att », så han tok til å arbeide igjen, sjølv om ungdommen gjorde narr av han.

Nedverdigande behandling

Gamle Nikolai, som hadde vore ein hardhendt mann i sine velmaktsdagar, er sjuk og sengeliggande, og no er det kona som har «makta»:

Gamle Nikolai i grannegaren her var sengeliggande no for tida. Han var far til Albert, men hadde vore ein klok mann i si tid. Da han hørte låtten no, da vart han så redd han vekte kona si, for dette var feigdar-ropet hans! Ho bles berre åt han, dei sa enda ho rista i hop han. … …- Han hadde tukta kona si hardvore all tida, ja alle i huse; så vilde han tukte levra si òg, da ho slo seg vrang, men det var ho som tukta han, og etter den tid tukta kona han òg . …

(Samtid (12);54)

Men sjølv om han har leverkreft, er han ikkje sjukare enn at han krev skikkeleg undersøking før han betaler dokteren:

berre kom i hug siste gongen dokteren var hos Nikolai, for det var ikkje lenge sia det. Dokteren varskudde det var kreft i levra, ikkje von om anna no lenger. – Skal eg enda betale Dykk, spurte gamlingen, når det inga von er? Ja vel, men da skal De lye på hjarte mitt for samme betalinga, krevde han, for han var ein sparsam mann.

(Samtid (12);61-62)

Agnar skyssar presten til Nikolai så han skal få sakramentet:

Da hendte der noko vondt. Døra til sengkammerse stod på gløtt. Agnar hadde set Nikolai låg der med kvit skjorte og med kvitt laken på senga, det var fredsamt og godt å sjå. Kona var der hoss han, for døtrene stod for hus-stelle. Og så hører dei, både presten og skysskaren, at kona kviskrar og er arg: - Enn du spillte vin på nyskjorta di, din gris! Og på lakene òg – ho kveser noko dei ikkje hører. – Eg er så skjelven! kvinkar kallen. – Sladder og vas, du er ikkje skjelven!

Presten er ingen sau, han spurte Agnar om det han just vilde spøre om, og Agnar svara meir enn gjerne, men kva hjelpte det, dei hørte Nikolai sette i med den gamle tynne røsta si: - Jau betterde er eg skjelven no ja! …

(Samtid (12);62)

Med sin vanlege beiske ironi skildrar Duun avmakta hos ein som er gammal og sjuk og korleis han blir audmjuka av kona, men han viser også at presten kan bruke sunn fornuft i ein pinleg, vanskeleg (og litt humoristisk) situasjon.

«Å vere kistetrøytt» og andre uttrykk

Duun har fleire uttrykk om alderdom og død:

Far kjem stiklande til gars med staven sin, han har vore nedover til Nikolai, ventelig, Albert fortalte her i gårkveld at kallen var kistetrøytt no, han mumla om å langsova. …

(Samtid (12);108)

Gode uttrykk som «kistetrøytt» og «å langsova» er truleg meir uvanlege i dag.

… tok til å levde på nytt …

Gammel-lensmannen, som både var sjuk, «dokterdømt» og «død, rettelig fint», måtte begynne å leve igjen, etter at «ein ung jypling» av ein dokter kom og levna han opp:

Gammal-lensmannen sat på trammen og tok inn kveldsola og kva det no elles var. Han hadde eit stort glas att med seg. Det var pjolter han hadde trolla fram. Dei visste dette var gift for han, for kallen var sjuk, han var dokterdømt. Men slik var han: når det var gift da måtte han ha det. Der var mykje visdom i ei slik gammal vorte, og mykje devel og moro.

(Samtid (12);90)

Gammal-lensmannen datt ein dag og vart liggande. Dei trudde han var steindau. Dei bar han inn, og dokteren kom og fór han over. Da vakna gamlingen, og da var han arg: no var han da død, rettelig fint, hadde vore det i fleire døgn, og her stod der ein ung jypling og levna han opp att! Kva var det han fortalte om slag? Gamlingen mumla så godt han kunde: - Har du fått eit rettelig slag sjølv du? Har du vore ihelslått nokon gong? Kan aldri tru det. Dokteren skjønna sjølv at dette hadde ikkje vore slag. Gammal-lensmannen tok til og levde på nytt, slik det var.

(Samtid (12);104)

Låg til sengs av alderdom

Også på Øyvære («Menneske og maktene») bur det gamle folk. Dei ligg til sengs av alderdom mens dotterdottera steller dei. Dei gamle er morfar og mormor til Herlaug, ein liten gut som bur i lag med dei. Men morfar er dårleg, og mormor høyrer ikkje noko:

Morfar låg og såg ut mot vindauga. Han brukte det. Men han såg ikkje noko større, han var for gammal til det. Han såg ikkje når det blinka i sjøen, såg ingen ting av det som er rart å sjå. Han såg visst berre det som er bortafor alle holmane, bortafor skya og uti der månen der. Der vi er når vi søv.

Herlaug mota seg opp og fortalte at sjøen nådde langt inn på lande. Morfar svara at han hørte det. Han hørte mykje han, men mormor hørte ikkje noko.

(Menneske og maktene (12);278-279)

Det høyrer med til historia at både Herlaug og besteforeldra druknar denne uvérsnatta på Øyvære.

Andre dødsfall

Fleire av Duuns personar døyr stille og utan nokon dramatikk. I «Menneske og maktene» er det Olina som steller for faren til Torger:

Olina stellte vel med han da alderdommen og sjukdommen fall over han.

(Menneske og maktene (12);216)

Ved den tida døde far. Han hadde gått og vasa i sømnløysa lenge, han som ein annan øyværing i den alderen, … Far datt på ein hålkekul og vart liggande. Han hadde all ein dag vore så frisk i magen, som ei god klokke. Nå var det den som tok skade. Dokteren visste ikkje noka råd.

Han låg og døde så smått.

(Menneske og maktene (12);224)

Husbonden på Vikland, der Roald tente, døyr :

Så døde husbonden. Han søkte dokteren til slutt, men da var det ikkje noko meir att av han. Han døde stilt, utan eit ord. … (Menneske og maktene (12);244)

Hos desse er det sparsame opplysningar om dødsårsaka.

12.3. Diskusjon

Synet på aldring og på gamle folk

Av og til får vi høyre at folk «i gamle dagar» hadde større respekt for eldre folk, og at eldre hadde høgare status enn det dei har i dag, men vi ser få teikn til dette hos Duun. På 1800-talet og tidleg 1900-tal var det mange unge som døydde, mens det ikkje var så mange som vart veldig gamle. Duun skriv sjeldan nøyaktig alder eller årstal, men skildrar nokre personar som truleg blir godt over 70 år. Blind-Anders er ein av desse, og han hadde nok ein viss status som klok og gammal, der han sat inni kammerset sitt. Dottera Åsel hadde styringa på Håberg så lenge ho greidde, men det er lite som tyder på at dei unge såg særleg opp til dei eldre. Som Odin sa: « Å døy, det må no gå det. Å bli gammal er verre » (I ungdommen (7);26). Også mange andre stader gir Duun inntrykk av at gamle folk ikkje hadde særleg høg status.

Pleie og stell av gamle

Dei fleste gamle som treng pleie og tilsyn hos Duun, får det av familiemedlemmer, oftast barn eller nære slektningar. I «I ungdommen» høyrer vi om Åsel som eit eksempel på at ei ung jente kunne avtale med ein eldre slektning (gammelfaster Ane), ikkje berre at ho skulle stelle henne, men at ho heller ikkje skulle gifte seg så lenge Ane levde. Som lønn skulle ho få arven etter henne. Ein slik avtale verkar utenkeleg i dag, og det røynte på også for Åsel, det vart til saman «16 års slaveri» . Og mesteparten av det som var att etter Ane gjekk med til å sy messehakel til presten, så det vart ikkje mykje lønn.

Nokre gonger høyrer vi at det blir leigd hjelp, og Gammalfaster Kvitugla, som er utgammal og berre ligg til sengs, er eit eksempel på det. Ho har eiga taus som steller henne (Medmenneske (10)). Nokre gonger kjem ei sjukesøster og hjelper til. Etter initiativ frå bestemor Åsel, får Odin sett opp ein aldersheim (I stormen (7)), men da er vi eit stykke ut på 1900-talet. I fleire tilfelle høyrer vi om at dokter blir tilkalla, også til gamle, men utan unntak kjem dokteren når sjukdommen har komme langt, og dokteren kan gjere lite eller ingen ting. Nokre gonger gir han dråpar, men oftast blir dei ikkje brukt.

Forholdet til døden

Mange av Duuns litterære personar opplever fleire dødsfall i familien og i nærmiljøet. Likevel er døden ofte skremmande også for Duuns personar, og fleire av dei eldste er prega av trua på «mørkemaktene». Eit eksempel er Per Anders som ligg i naustet Løssi Langnatt og blir sjuk etterpå. Innimellom hadde han det bra: … Det er inga sak å døy, veit du, når ein times å få døy i måneskine og klårt vêr, … Og var vi ikkje heldig, du, at vi brente eit grand her føre jul? … Men innimellom opplever han styggemaktene: … Høyr den støgge bokkjen da, kor han remja! Å nei, ban, du skremi ikkj mæg ikkj! … Kona Ane ber han imidlertid intenst: … Be te Vårherre, be te Vårherre! kviskra ho ivrig. … (Juvikingar(5);47).

Sonen Per Håberg, som slit seg sund da han skal grave opp ein stein, friskar opp korset over stalldøra, legg stål i senga og ber Halt-Andrias om å gjere seg frisk, så det var nok ikkje alle som hadde eit roleg og avklara forhold til døden. Åsel, som steller gamalfaster Ane den siste tida ho lever … sette fingeren på dei daude augelokka og klemte åt, og la salmeboka under haka på henne; dermed fór ho ut i stua i sju redsler . … (I Blinda (5);280).

Jostein Holmen