i2

13. Tru, overtru, folkemedisin og anna behandling

Handlingane i mesteparten av Duuns litteratur er lagt til siste del av 1800-talet og dei første tiåra av 1900-talet, men i «Juvikfolke» går Duun lenger tilbake i tid. Til saman spenner han over eit tidsrom på fleire hundre år. I tråd med dette skildrar han kor viktig tru, overtru og folkemedisin var i tidlegare tider. Deretter, i perioden frå slutten av 1800-talet fram til 1930-talet, skjedde ei rivande utvikling innan vitenskap og teknisk utvikling, deriblant utvikling av moderne medisin og helsetenester. Dette blir også reflektert i Duuns litteratur. I dette kapittelet viser eg kor viktig overtru og folkemedisin er for Duuns litterære personar frå eldre tider og fram til utpå 1800-talet, og eg tek med nokre eksempel på overgangen til bruk av meir moderne hjelpemiddel hos dei som lever først på 1900-talet.

13.1. Tru, overtru og helse

Tru og overtru var nært knytta til sjukdom og død. Dei eldste juvikingane var kjende for vantrua si, og den eldste juvikingen, Per, … som kom ifrå Sparbun eller Stoe eller kor det no var … og først flytta til Juvika, kanskje så tidleg som på 1300-1400-talet, brydde seg lite om kyrkja. Han hadde gravlagt mora sjølv:

Førd? Nei ho ligg nedi bakken her. Betre jord å ligge i er her vandt om. … Dei var elles så sjeldsynte ved kirka, juvikingane; det var eit visst ord i bygda, at gudsord og finngann beit ikkje på dem.

(Juvikingar (5);12)

… det fór kalde elingar igjennom dem …

Per Anders er den første juvikingen vi blir godt kjende med. Han lever på slutten av 1700-talet og først på 1800-talet, og han blir kjent for å ha tråssa finngann. Ein dag kjem det ein same, Nila Fykom, til gards:

Folk var så redd han, dei gav han det likaste dei visste. Han var innom Juvika ein dagen, og der fekk han alt han tagg om, og meir til. Da han skulle gå, tok han i hop hendene og velsigna både folk og fe, fjøse og bure og heim og hamn. Per Anders sto og flirte. – Kan du ganne? sa han. Finnen ville komma seg ut, men Per Anders steig i vegen: Kan du ganne, spør eg, ditt finnhelvet? Du skal svara når eg spør. He? Mora bad både kjære og søte at han skulde halde fred, og tenarane drog seg unda, dei var både bleike og veike, for det skulde mindre til enn som så til han Nils Fykom før han gjorde ei ulykke på ein, dei kjende både ein og fleire som han hadde sprengt på flekken å kalle. – Du er ein ung mann, sa finnen blidt, men hugs-på ho er gammal ho som temmer. – No skal du ganne på meg, minders kjem du ikkje herifrå med helsa! Sett beinsøtta på meg, så eg styp! Ta håre tå hue på meg, som du gjorde med med Bjørlandskona – vil du lystre! Fram med gannposen din! Og Per Anders reiv sekken ifrå finnen og tømte han. Dei snudde seg vekk alle mann: det fór kalde elingar igjennom dem. … Så tok Per Anders og bar ut både finnen og sekken hans, rista han som eit plag ut i vinden. Men all maten hans tok han og vilde vest i plassane med, for der var det støtt einkvan som svalt. - Da steig finnkallen opp på ein stor stein og las bannskap og ilt etter Per Anders, så det brann blått i kring han. Håre reiste seg iskaldt på hovude åt ein: Føtene skulde krøkast i hop under Per Anders, kjøte skulde rotne av beina på han, krøtera skulde sturte før dei var tilkomne – tretten dags dag skulde garen brenne – a-i, a-i, a-i oh! Per Anders klappa seg bak, og gjekk. Plasskjerringane vart glade for maten, og Per Anders levde som han hadde gjort. Det beit ikkje gann på han . …

(Juvikingar (5);14)

Denne historia seier noko om kor redde folk var finngann, men ho seier også noko om kva slags status samane hadde i samfunnet og korleis ein kunne oppføre seg mot dei. (Sjå elles kapittel 4.3)

Løssi Langnatt og Svartmeisk

Eit år like før jul skal Per Anders besøke døtrene Ane på Håberg og Åsel i Vikan. Dette er på hans eldre dagar. På turen kjem han ut for uvér, og da han omsider kjem seg over fjorden seint på kvelden, er han kald og utslitt:

… No først merka han at han var utsliten og gjenomfrosen, han sat og hoppa på tofta, og auga dei var ikkje til noko meir. Først vart æg no blind, og så mist æg syns, sa han, for å lette på seg og vera den han var. …

Han legg seg til i naustet. Men dette er Løssi Langnatt, da alle vonde makter er ute:

Så kunde dei da få vita det, gutungane, at han var vaksen kar enno, og ikkje skuggredd; om det var ho Løssi Langnatt aldri så mykje . …

(Juvikingar (5);29-30)

Det var ho Løssi Langnatt. Ei natt som aldri tek slutt. Da klagar kua seg på båsen, og sauen med; og folk sit med harehjarta opp i halsen, sitt og hakkar tennene og bit i det: goveitra rullar stein oppi fjelle, småkallane spring og trampar kring veggene, det slamrar og det lèt all stads; kven er det som vil gå på lemmen den natta, eller åt nauste? – å gang utu ljøsi fer mæg! Dei herder ikkje høre på ei ulåt. Per Anders retta seg godt, sa i Jesu namn, som han gjorde kvar kveld, og så sov han. Nei, ikkje det heller, beint, men han var i dorminga.

Da stomlar det ute i naustet… Da det leid om litt, luska det hund frammed veggen, med nasen i jorda. … I sømnen hørte han det kom nokon opp frå sjøen, reiv opp døra og stod still der, i mørkre. Vinden kom isande inn, gjorde han blå vaken. «Orka du å stå, så orka vel æg å liggji», sa Per Anders, og han låg. No let det visst att døra, her vart lognt att. Per Anders breidde godt over seg, for han var frosen etter roren. … Men så stomlar det oppunder taket, han set seg opp og hører på det, med handa på kniven.

«Er det nokon!» ropar han. Da vart det drypstilt. Men så tuslar det og går att, trør over åsane og garnrærne, ein stor og tung kar. Per Anders spring opp, finn seg ei år, og slær ho imot åsen så ho fyk i filler: «Hald fre i naust, det varsku æg dæg om! Din Tykji der du er».

Da lo det oppi mørkre, urande stilt, men djupt, liksom all natta lo. Men no visste han det: Dette var han Svartmeisk sjølv, sjølve Kallen. Per Anders var på veg til å gå ut, men det kunde han heller ikkje få seg til,- her var da vel rom for to? Dette var ein som var til; det var verken draug eller anna ovtru; denne mannen var det inga skam å fire for. Han sette seg. Han var ikkje lik seg lenger, han fraus så gudnådslig…

(Juvikingar (5);30-31)

Sønene Per og Jens finn han omsider nedi naustet og hjelper han heim:

… Oppved stueveggen stana han og såg vestover myr og haug, til plassane: I natt er dem forfæld, folk. I natt smyg dem pund’ fellen! Og så e det ein langt annan ein som – som skremi dem. Og han, han e rundt ikring oss. Han hi dem stanga tå seg honna på, gammelkaran her i gårn. Det bers mæg slik for. Han far, og ‘n farfar – her va mang ein kall kar her, san. Dem gjord som ein brei veig med vantru ette sæg – gang utu ljøsi fer mæg! Men han, han vart dem for dryg. He, he æg våga på dem murra når dem drog sæg unna. Å men det var folk som gjord’ veig ette sæg i mørkri det. Ein annan ein bli berre –« Dei fekk han endelig inn, og han la seg rund. Han fraus så heile senga dilra. Ane stod opp og vermte eit åkle som ho snara han inn i; Per hadde fått av han trøya og støvlane . …

(Juvikingar (5);35)

Sjølv om juvikingane var kjent for si vantru, tek også Per Anders etter Jesu namn, men Løssi Langnatt og Svartmeisk, sjølve Kallen, er ein realitet. Etter denne Løssi Langnatt kjem Per Anders seg aldri, men døyr av lungebetennelse like over nyttår (kapittel 7.1).

Mange førevarsler om at faren skal døy

Per og Jens har fått fleire førevarsel om at faren skal døy. Ei natt dei ror heim, kjem ein stunn-ul (hubro) og set seg på mastetoppen:

… Eit stort svart flag kom nedgjennom lufta, utan ein lyd, som hamen av ein dau ein; eit stort hovud, og kveldskinglevenger.

«Hu!» Song det utor gape på han, dei hørte kor stor og stygt det gape var.

«Det dèr – e ingen faugl det», sa Per, han sputta rolig.

«Dra dæg te helvetes, der du kom ifrå!», skreik Jens og rista i riggen. … No hua han att, med folkmål!

(Juvikingar (5);41)

Når dei går oppover frå sjøen:

… Men kva var no det der? Det går ein føre dem oppover vegen, ein liten gammal og rundrygga mann, han er skruslen og stølføtt, men han går frå dem, blir borte i halvmørkre oppi bakken.

«Hm-Hm!» sa Per. «Ska det barast te slik»

«Da lid det vel te kvelds med’n far snart» sa Jens. For det der, det vilde ikkje dem til livs .

(Juvikingingar (5);42)

Det går nedover med Per Anders:

… Per Anders hadde ei fæl ri med struping og surkling. Så sa han: «Kom no, Ane. Gi mæg no staven.»

«Be te Vårherre, be te Vårherre!» kviskra ho ivrig.

«M-m. Hi æg no ikkj bedt te ‘om før så ---«

Det var det siste han sa. Ane lett på døra, så sjæla fekk fara sin veg, og så stelte ho med like, slik det skulde gjerast. Ho vart vâr Anders-guten, han stod i døra. Valborg gådde han òg i det same, og dei spurte båe to: Kva er det du står og ser, Anders?

Guten pekte mot fotenden av senga: Kva var det for ein kar som stod der?

Der? Dei såg på einannan. Dei vart mjo i knea. Valborg tok og fekk guten inn og i seng. …

(Juvikingar (5);49)

Kirkeklokka går tungt når dei skal ringe etter Per Anders, det er også eit dårleg teikn. (Juvikingar (5);52)

… « Og dette at ikkje like stivna til – han stivna da til tålig fort, syntes ho? » …

(Juvikingar (5);59)

Dei opplever altså fleire uhyggelege teikn. Ikkje lenge etter dett Beret nedi brønnen og druknar (Juvikingar (5);60), og tre vekers tid etter dett mora Ane på kjøkengolvet og bryt lårhalsen og øydelegg magen, så også ho døyr (kapittel 10.10). (Juvikingar (5);61)

Andre førevarsel

Morten Aune er ein stakkar som prøver å stele til seg litt mat på buret i Juvika. Sønene på garden, Jens og Per, spring etter han og jagar han til slutt utom Svarthammaren og på sjøen. Etter at Morten er borte, blir det på bygda snakk om at han har gått seg ned i Flymyra:

… Dei hadde havt førevarsel om det. Grenda grodde over med mørkredd snakk. Rev-tikja hadde sitte og hosta og gjøydd vestpå haugen ovom flya natt etter natt; og to kyr hadde kasta daukalven straks før. Ein gammal krok som var til sengs og låg vaken om nettene, hadde hørt rop innover myra i vinter; og ramnen, den ufuglen, hadde sitte oppi fjellet og sagt rak! Mest kvar einaste dagen. Og kvelden før, eller same kvelden det hendte seg, hadde himmelen vore så nivsk som dei ikkje hadde set han før: blågrøn og gul og vatrut i eitt bragl, som sistpå var han som ein gloande omn, med nåkvite skapningar som hoppa og dansa – han hadde no vel aldri gjort åt med seg, armingen? For han kunde vel ha som ein liten grunn til det òg, hadde styggmakta fått klo han….. Men verst var det aust i Svarthammaren. … da sto det ein kvit ein oppi berge, dei trudde ikkje auga sine, enda dei var to mann i båten, men så tok han til å lea på seg, bynte å fekte med armane åt dem og vilde dem einkvart; dei la seg på årane det dei vann, og det siste dei såg, var at han hivde seg hovudstups i sjøen, - det var ein som ikkje låg i kristen jord . …

(Juvikingar (5);76-77)

Finngann – ein farleg realitet

Sonen til Per Anders, Per, slit sund magen mens han arbeider med ein stor stein nedpå åkeren, straks etter at han har brukt makt mot Halt-Andrias, som var same (finn):

… Før han sjølv visste det, hogg han i kragen på finnen og løfta han tilsides: Reis til helvete og kom aldri att meir! formana han. …

(Juvikingar (5);107).

Men Per blir aldri den same etter dette. Han er redd det er finngann som er årsaka, og han prøver å verne seg ved å ty til gamle råder, men utan at andre får vite det:

Han friska opp den gamle krossen over fjøsdøra, så ingen såg det; han spikra opp ein hestsko over stalldøra. I senga gjømte han eit knivblad, nedpå tele.

(Juvikingar (5);108)

Ein kveld Per og Jens sit toeine:

… «Det e vel som dem sei: at vi sjer berre attlengjes. Men æg va så forheksanes hoga på å prøv. Om æg fekk Styggin sjøl imot mæg!»

Per vart frosten og nåmen av seg, da han hadde sagt det. Mørkre tok til og saug i kring han. Han kjente han hadde sagt eit ord for mykje.

Ei stund etter, da han måtte ut ein vending, fekk han sanne det. Han gjekk seg beint på han. Det var borti fjøsposten, han kom famlande i mørkre, og så tok han i han. Det var som han tok i ein diger lodden stokk. Redd vart han, rasande vart han, og så hogg han i og vilde blåhalde han. Men da var han borte, han hørte berre kor han tuska og steig borti mørkre, og der hosta han litegrand; Per såg eit urande lite gloraudt griseauge som stirde på han. Han gjekk etter lykta: Fanns ikkje den ting i fjøsporten han kunde gå seg på, snaue veggene stod der og gliste mot han.

Først om natta kom redsla over Per. Valborg sov, og alle dei andre sov. Han tok bort i henne og fekk henne vaki. – Er det du? sa ho. Ja, det er eg. Og med seg sjølv bad han, det heitaste han kunde: «Men frels os frå det Onde!» Og skam å seie, så logna det utrulig omkring han. Mannen var vel berre eit kraum mot Svartmakta, skjønna han. Å seie, når ein var skraput med helsa ja; da trong ein einkvart å stø seg til».

(Juvikingar (5);116-117)

… Ei råd hadde han i bakhanda enno, og det var kirkegaren. Kirkegaren midt på svartaste natta, eit daumannsbein eller kva det no kunde bli, der var det kraft å finne! Og det var no inga skam da; for det er kur for vaksefolk det. Men Per visste ikkje: han kom vel knapt til å bruke den råda. Dei hadde vore bra lange, desse to åra, det hadde vore mang ein dag, men han hadde aldri vore mota på det lel. Det vart vel da som no. At han vilde ikkje gjera seg til hund for så lite!

(Juvikingar (5);122-123)

Så gjekk han seg på Halt-Andrias:

… « No ska du fortêl mæg, om det va du som gjord mæg helslaus!» … «Ja ja,» sa han. «Du gjer som du vil. Men du skuld ikkj angr på det. Om du gjord mæg fresk igjen. Du skuld ikkje gjera det fer inkj». …

(Juvikingar (5);123)

Overtru og bygdesnakk

Anders er sonesonen til Per Anders som låg nedi naustet Løssi Langnatt, og lever frå tidleg på 1800-talet til omtrent 1880. Anders blir forelska i Solvi, dotter til Halt-Andrias, som var halvt same. At ein frå juvikslekta giftar seg med ei jente av sameslekt, skaper stort oppstyr i bygda, og etter at Anders og Solvi er gift, går det svært godt på Håberg, mens i Engdalen, hos Massi og Ola, går det dårleg: To av ungane der døyr som små, Ola blir sjuk på grunn av ein fot, kyrne kastar daukalven, dei får aldri smør, og hesten stryk også med. Folk på bygda set alt dette i samband med finngann og trur det er Solvi og faren Halt-Andrias som står bak:

«Dei snakka sitt borti alle garane» … «Det var Halt-Andrias dei skugra for gann» … «for dei fortalte det mannjamt, at dette hadde komme på sia ho Solvi flytta til Håberg. Ho skaut vel dit Anders peka, var det ei gammal kjerring som sa, og Massi i alle fall trudde det.»

(I blinda (5);176-177)

Bygdesnakket og redsla for finngann fører til at Anders jagar både Solvi og guten deira ut av garden, og begge blir tatt av steinskredet og druknar (sjå kapittel 4.3). Men også i seinare år er «Erik» ein realitet for Anders:

… Anders på Håberg gjekk til presten. … Anders fór til og vart gammal. Han var over femti. Han gjekk like bein som før, og like frisk i hamleten var han, men kvit i hår og skjegg. …

«Jau, du val ut med bokja åt mæg ja. Han Erek hi gjort mæg eit pek». … «Vist sæg ja? Låg som ein svart hund inpund sengja vår i mårest og let tausa sjå sæg. Mæg rømt’n fer, veit du. Men æg va lik gla om’n; æg vil ikkj vætta tå ‘om. … Kom med bokja, så skal æg ler ‘om den ny leksa æg!» …

(I blinda (5);210-211)

Andre former for behandling

Ved ulike former for sjukdom kan Duuns personar ty til både årelating og berøring av lik. Tjære kan brukast mot det meste, men «dråpar», som truleg er noko nymotens, vil ikkje Per Anders ha:

Dropar. Per Anders i Juvika får lungebetennelse etter natta i naustet (Løssi Langnatt):

… Så la han seg attover, fekk ei rid med hoste og kov for bringa. Ane, dotra, kom med dropar og vilde ha han til å ta inn. Han kava ifrå seg: dropar hadde aldri komme innom hans tenner! ...

(Juvikingar (5);46)

Men kva slags dropar det er snakk om, veit vi ikkje.

Tjære. Dei eldste juvikingane er prega av overtru, og det er ingen som snakkar om dokter eller anna helsehjelp. Jens, sonen til Per Anders, skadar eine foten sin:

… Han skulde hoppe over ei bergklip oppi marka med ein tung borksekk på ryggen, glatt så og vrikla foten så han kom haltande heim. Han smurte på heit tjæra, og lest som han var like god, men det var armelig han kunde tippe ned på med han. …

(Juvikingar (5);64)

Årelating blir prøvd mot sinnsjukdom:

… Men yngste dotra til Anders, Beret; ho likna for mykje på fastra som ho heitte etter. … Og eit par gonger hadde ho havt ei tull-ri over seg, ho hadde sprunge opp og ut midt på nattens tid med kauk og skrik, og var frå seg i dagevis etter. Anders hadde kurert henne med årelating, men ein kunde aldri bli trygg. …

(I blinda (5);226)

Kirurgi . Når Massi får halsbyll, vil Anders bruke kniven, men får ikkje lov:

… Ho fekk ein svull i halsen. Anders såg straks at den vart ikkje grei, han sat så langt nedi at ein ikkje kom til med kvast der. Han kurerte med dei råder han visste, og tenkte å bruke kniven utanfrå; men Massi ville ikkje høre snakk om det; ho rista så hjartans trøytt men sterk med hovude: dei fekk lyde henne denne gongen. …

(I blinda (5);256).

Det er ikkje utenkeleg at Anders kunne ha berga Massi dersom han hadde opna byllen på eit tidlegare tidspunkt, men til slutt går det hol på byllen av seg sjølv, og straks etter døyr ho. (I blinda (5);259)

Røring ved lik. At døde menneskekroppar kan kurere sjukdom, er ei gammal førestilling, og det høyrer vi om når Marjane er død. Astri, som er plaga med vorter, er i lag med farfaren :

… Ser du her du! sa ho og viste fram høgre pekefingeren sin. – Ja, kva da? – Eg blir fri vortene! - Så? – Ja. Dei må til, når ein gnur seg på lik. – Huff da! Du har da ikkje gjort det lell? Jau. Ho såg lykkelig på han: Eg strauk meg på handa hennar litl-faster. …

(I ungdommen (7);12)

13.2. Kristentrua

Parallelt med gammal overtru spela kristentrua ofte ei stor rolle også når det gjalt helsa. Per-Anders i Juvikfolket er kjent for vantrua si, men før han legg seg nedi naustet Løssi Langnatt, tek han med ei lita bøn lell:

… Per Anders retta seg godt, sa i Jesu namn, som han gjorde kvar kveld, og så sov han. Nei, ikkje det heller, beint, men han var i dorminga. …

(Juvikfolke (5); 30).

Men når Per Anders ligg på det siste, vil han likevel ikkje be til Vårherre:

… Per Anders hadde ei fæl rid med struping og surkling. Så sa han: «Kom no, Ane. Gi mæg no staven.»

«Be te Vårherre, be te Vårherre!» kviskra ho ivrig.

«M-m. Hi æg no ikkj bedt te òm før, så ---- «

Det vart det siste han sa. …

(Juvikfolke (5); 49)

Når sonen Per «slit sund» magen og blir ufør, har vi høyrt at han friska opp krossen over fjøsdøra (Juvikinga (5);108). Når Anders, sonen til Per, skal kurere synet og planlegg å smøre varm tjære innpå auga:

Den som no hadde havt nokre ord og lese over, no, sa han. Han smilte med han sa det, slik blindt folk ofte gjer det; men han ønska det likevel. For i denne stunda hadde han tru på kva det skulde vera.

(I blinda (5); 278)

Sjølv om juvikingane var kjende for vantrua si, skin kristentrua gjennom, parallelt med trua på «Gammel-Erik», skrømt, finngann og ulike førevarsel. I dei fleste romanane der handlinga er lagt til siste del av 1800-talet og først på 1900-talet, er også kristendommen ofte med på ulike vis. Men oftast dreier det seg om «lesarane», dvs. pietistane eller bedehusfolket, og det er mange eksempel på at dei får ein heller ublid omtale av Duun. I «På Lyngsøya» går Martin Brudalen inn i ein alvorleg depresjon, delvis på grunn av religiøs grubling (sjå kapittel 14.2). Når Lars Lines ligg for døden i «Det gode samvite», høyrer vi om korleis «venene» kjem og tek over, slik at familiemedlemmene blir heilt utstøytte (Det gode samvite (4);264-265). I «Menneske og maktene» blir bedehusfolket verande inne i bedehuset mot «all sunn fornuft», og dei druknar alle i hop. Når spanskesjuka kjem og bedehusfolket meiner det er Guds straffedom, må Odin stenge bedehuset (I stormen (7); 237-238). I «Carolus Magnus» får vi også ein beisk kommentar når far til Carolus henger seg i selane til «kjerkbuksa», etter at han hadde gjort underslag i misjonskassa (Carolus Magnus (8);183). Det er mange andre eksempel.

13.3. Dokter og sjukesøster

I dei romanane av Duun som går lengst tilbake i tid, som «Juvikfolke» og «I blinda», høyrer vi ikkje om bruk av dokter eller sjukehus, trass i at det er fleire alvorlege sjukdommar og dødsfall, for eksempel Massi, som døyr av ein halsbyll, faster Ane som døyr etter hjerneslag og (Blind-) Anders som øydelegg auga med varm tjære. Men når storbryllaupet blir feira omtrent år 1880, og Peder blir alvorleg sjuk, får dei tak i dokter. I dei romanane som er lagt til rundt hundreårskiftet og seinare, er det ofte snakk om dokter. Vi får også høyre om at sjukesøster kjem heim til den som er sjuk, og om folk som blir innlagde på sjukehus og sanatorium.

I «Sigyn» høyrer vi om Elias som skadar handa si og får ei arteriebløding. Dokteren kjem, og vi høyrer om konflikten mellom han og Henrik årelatar (kapittel 10.10).

Ein god familielege

I «Det gode samvite, Yngste ætta», finst eit av få eksempel i Duuns litteratur der vi blir meir kjent med ein dokter. Frigg er dottera til Lars og Nora på garden Lines. Lars er vorten lesar, mens Nora er tæringssjuk. Frigg er litt av ein opprørar og orkar ikkje vera heime. Da reiser ho til dokter Vibe:

Ho klaga over at ho tålte ikkje slite heime, ho vilde til byen, og bad om to attestar, ein til dem heime, så dei kunde sjå ho var sjuklig og veik, og ein til farbror Petter, om at ho var frisk og vel i stand.

Da lo gamle dokter Vibe. Han lo lenge. Endelig fekk ho han til å lye på bryste, til å prøve syne og hørsla hennar og slik bortetter, men han smilte heile tida. Ho såg på han og venta.

Ja, det var som han kunde tru, sa han. Ho trong å gå i fjøse ein vinter eller to, eller på anna utearbeid. På kontore – å ja, ho vara vel og rakk nokre år der òg, det var ikkje om det, men.

Ho fekk tårane i auga.

Ja, men: han kunde ikkje beint fram lyge full foreldra hennar heller; litt grann i voksteren det var ho, men elles var ho det friskaste han hadde lydd på, litt god luft no med ho voks, og så kunde ein kjøre tømmer med henne. Dokteren snakka seg varm og tok handa hennar.

Da la ho den andre handa si oppå hans og smått strauk henne, ho såg han inn i auga og blunka hjelpelaust som barne.

Er det reint gæli nu da?

Ja, Di må hjolp mæ! For æ – held ikkj ut det lenger, heim. No som det e, la ho til og let hovude sige.

Å, er det slik, er det slik! Dokteren reiste seg fort, strauk henne med handbaken om kinne. Ja, da skulde det bli ei råd. Han song med han tenkte seg om, og så skreiv han at det var gjerne best ho kom bort frå heimen no i det første, for nervene si skyld, helst få seg noko arbeid.

Frigg tørka tårane og takka han med nye tårar i auga, ho var i ein strålande barnesmil heile andlete over, så dokteren snakka lenge og rørt med seg sjølv etterpå, om å «bevare sit barnlige sind til det siste». …

(Det gode samvite (4);257)

Doktor Vibe er altså ein dokter med både sunn fornuft, empati og sans for humor, konsultasjonen er truverdig skildra, og han løyser problemet på ein god måte. Dette er den einaste dokteren Duun har skildra så personleg, og ein kan lure på om han kanskje har opplevd ein liknande situasjon sjølv. Samtidig ser vi at Frigg kan vere nokså utspekulert og manipulatorisk for å få gjennom viljen sin.

Bruker dokteren for å stenge bedehuset under «spanska»

«Spanska» var ein influensa-pandemi som kom i 1918, han angreip særleg ungdomar og unge vaksne:

… Det gjekk ei tung ri med vekking over bygda att, Odin hadde hørt mangt om det. Det var denne sjukdommen som tukta folk til korse, og ein storprekar hadde det komme som hadde eit eige lag med dei sovande. …

… No sto talaren fram att. Straks Odin møtte auga hans og kjente branden i dem, slo det han at det var galen manns auga. Odin hørte lite på det han sa, hørte berre at no var Vårherre ute og gjekk gjennom bygda, som mordarengelen gjennom Egyptens land, hørte dei ikkje kirkeklokka? …

… Dette var ein farang, og en farlig ein; eg minns det har fare mange slike over bygda, og etter har det vorte berre oskehaugen. …

(I stormen (7);237-238)

… Den andre glødde stort og fast: Har du ikkje set at Gud er her? At han er i denne sjukdommen som rasar i bygda? At han kan komma og slå ned det kjæraste for deg, eller deg sjølv, kva dag og stund det skal vera?- Utan det kunde eg vel ikkje blande meg borti det? sa Odin. – Du har merka og set at Gud styrer all ting? – Det har eg. Det har eg set bedre enn De. Men eg trur han heldt med meg om eg jaga dykk utor huse her i kveld alle mann, eg har sett mangt, eg. Og det var det eg skulde seie, at no får det vera slut med denne leiken her, med sjukdommen gjer ifrå seg. Eg skal få dokteren til å stenge huse. Gå heim, godt folk, og ta bibelen dykkar og lesa sjølv, så får De reint mjøl i posen! …

(I stormen (7);239)

Her tek altså Odin eit oppgjer med bedehusfolket, og han bruker dokteren for å få stengt bedehuset mens farangen står på.

Dokter og sjukesøster under spanska

Astri blir også sjuk av spanska, og Odin vil ha tak i dokter. Odin går bort i garden og vil snakke med Lauris. Lauris snakkar om penge-lånet, men Odin seier:

Eg trur vi let det òg vera til ein annan dag. Vi får vel heller tenke på å få hit dokteren, til a Astri? Det kan slå seg på lunga, veit du; ålvorlig spell det gut! …

(I stormen (7);281)

Dette skjer i ein situasjon da Odin er så rasande på Lauris at han har bestemt seg for å ta livet av han, ettersom Lauris har sett ut rykte om seg sjølv og Ingri. Odin har både tenkt på å skyte han og å kaste han på sjøen, men så kjem stormen:

Ka anna har den her stormen å gjera enn å hjelp mæ? Han e rar, han som styri stelle: Plaga ein te å bli mordar, og let´n aldri slepp. Æ lit på stormen æ.

(I stormen (7); 280)

Lauris nøler på grunn av stormen, han vil ha ein større båt og ein mann til, men Odin held på sitt:

… Nei, to. Dokteren blir tredjemann hitover – kor var det du fann han? – Han skulde til Ommundstranda og der i kring, utpå ettermiddagen. . … «Nei, Lauris. Det blir vi to i dag. Gutan vår, dem bli heim i dag ja.»

Astri var så blank i auga at det gav ein kvekk i Odin med det same. Det var visst ikkje frakt innvendig der nei. Ho såg på han, pusta tungt ein totre gonger. Så slakna auga i henne eit tak, seig bort i blanke ørska. …

… Han snudde seg til Lauris, som stod bak han. Du har ikkje ein drope brennevin i huset? – ho vil ikkje ha. – Ho skal. Han tok Lauris over handa så det svikta i knea på han: Det er ålvor det her! Har du ein skvett, så skal det ikkje vera brent til fånyttes. Brennevine kom fram så blankt det var, og Odin plaga det i henne. …

(I stormen (7);282-283)

… I kjøkene møtte han sjukesøstra, ho kom og skulde sjå til Ingri. Men er du her no att? sa han. – Ja, berre som snarast. Om eg kunde vera til litt hjelp, meinte eg? – Nei da, du skal vera der du er, og hør heller bort til Astri. …. Det var Odin som hadde fått henne avstad i lære og hadde fått henne tilsett her. … men kanskje du ser hit i kveld? Om det skulde bli litt seint. Vi kunde bli liggande vêrfast til i morgo òg. – Ja, det skulde ho gjera! Ho vart enda glad, såltinge …

(I stormen (7);284)

Lauris og Odin kjem seg over fjorden, og der finn dei dokteren:

… Dokteren var ferdig til å kjøre heim da dei kom opp i garen på Ommundstranda. Da han hørte korles det stod til med Astri, steig han utor kjerra utan eit ord og laga seg til å bli med. Men da han kom fram på sjøbakken og såg fjorden, vart han ståande, og da han såg båten deira, snudde han seg om til dem. – Det kunde ikkje vera meininga deira dei skulde ut med den der? Han hadde fare verre fjordar og i verre vêr enn i dag, men da hadde det vore anna til båt. – Dei gjekk på han, at han måtte bli med, båten var utleita god, og no spakna landvinden litt med kvart, syntes dei sjå; dei gjekk hardt innpå han. Han såg på Lauris. – De trur det ikkje, De heller, at det er rådelig? sa han. Snakk sant – eg ser det på Dykk! Lauris såg på Odin. Han stod med hendene i lomma og såg utover, underlig borte og utan andsvar. …. No snudde han seg til dokteren , halvveges på låtten, kunde ei tru: Ja kom no, vi må ha dokteren med!

Men dokteren var ikkje til å rikke. Han rista på hovudet og sette auga strengt i dem: Og de blir her i natt, de òg, sa han fast. De er da såpass til sjøfolk. – Så finn fram medisinen da! sa Odin. Fram med han, vi har ikkje stunda til å stå her og røle, det er kvelden snart.

Dokteren gjekk inn med skrinet sitt, og kom ut med ei flaske og gav Lauris. Så kom han med dampen i morgo, la han til. Han såg enda ein gong på fjorden, tagde og tenkte litt, og sa farvel, - det venta sjuklingar på han nokon kvar-stads. …

… Kjem du? sa Odin, han gjekk i båten. – Jau da. Men: Han hadde no rett da, dokteren. Han er ikkje frøsen forfæld, det veit vi. …

(I stormen (7);286)

Berre brennvin, visst …

På tilbaketuren kollseglar dei, Odin druknar, mens Lauris blir berga og kjem seg i land:

… Han (Lauris) smått gjekk og smått sprang oppgjennom vegen. Han kjente etter om han hadde medisinflaska heil i lomma. Jau. Ho òg var berga ja. – Du skal sjå ho Astri blir god att! sprang han og murra. Merkelig! Merkelig!

Sjukesøstra og tausa var i kjøkene, men Lauris gav dem ingen ans, han gjekk inni stua, stod litt der, og gjekk åt kammerse. Astri vart eit anna menneske straks ho såg han, men ho sa ikkje noko, og heller ikkje han. Ho låg urørlig still og stirde på han med han tok fram medisinen og skjenkte i. – Der! sa han. Berre brennvin, visst, men ta det. Korles er det med deg? …

(I stormen (7);293)

… Astri fekk ei ri ho ikkje kunne puste. Lauris gav henne medisin, og da linna det straks, men han kunne høre kor kove surkla nedi bringa på henne. …

(I stormen (7);295)

… Da tok ho handa hans. Feberen susa så for øra på henne, ho visste lite til seg for det første. Så tok det til å surkle i bringa på henne att og stemte for anddråtten. Lauris måtte opp og gi henne tå flaska. Ho ørska og smått snakka med seg sjølv, men litt var det så tok ho til og vart kvikkare att. …

(I stormen (7);296)

Pulsen

Vi høyrer sjeldan om kva dokteren eller sjukesøstra gjer av undersøkingar når dei kjem på sjukebesøk, men hos Astri følgjer sjukesøstra med på pulsen:

… Sjukesøstra kom inn, og da gjekk Lauris og skulde byte klæa. – Eg meiner De er bedre no? sa ho og kjente på pulsen til Astri. Men han var like galen som han hadde vore. …

(I stormen (7);293)

Snart hundre – men redd for dokteren

I «Medmenneske» høyrer vi om gammalfaster «Kvitugla» som snart er hundre og ligg på loftet. Ho blir sjuk, men vil ha verken dokter eller prest:

Den kvelden var Gammalfaster reint dårlig. Det hadde elles gått fort nedover i det siste. Ragnhild nemnte dokteren, men da kava ho og peip, ho hadde vore redd den mannen all sin dag. Da ho vart likare ei stund, spurte Ragnhild om ho ikkje vilde ha presten. Gamla vart så arg at ho vart reint frisk.

- Så gammal som eg er! klaga ho seg. Og han som preikar så seigt: sjølve kjerringdauen! Eg vil ikkje --- pinast meir enn eg er nøydd til! Ho var borte ei tak, men ho kom til seg att. – Presten! kviskra ho og lo. Han sa til meg ein gong, med eg levde: Tenkt på du skal døy, sa han. Tenk sjøl, svara eg. Hi-hi-hi! Da veik han frå meg. Det vart det siste ho sa. Ho sovna, og sia var der ikkje noko samling i henne meir. …

(Medmenneske (10);71)

… let enda vel om sauminga …

Didrik blir skamslegen etter dugnadsfesten på Fagernese, etter at dei har skjenkt han full. Håkon er ute og leitar etter han da han ikkje kjem heim:

Andlete var ei blodkake, - så gale hadde han set han før ein gong - , men det var djupe sår i hovude på han. Ja, dei hadde vore harde straffarar, syndharde, dei hadde gitt Didrik for alle gongene. men krypen kunde ikkje sette fot under seg. … Det synte seg at meste blode kom frå ei stor flære over venstre øre, og frå båe øra, for dei var halvveges avrive. Eine auga var over hovna, og det andre stirde ut i vêre som det var dødt. Bak i nakken hadde han ein diger kul. Håkon reiv fôre utor trøya si og batt over verste såra så godt han kunne.

(Medmenneske (10);64)

Da dei hadde Didrik i seng, tok Ragnhild seg for og vaska såra hans. Ho bleikna da ho såg den store flæra i hovudet. Men dette måtte her gjerast noko ved, og det straks. Ho snudde seg til Håkon, som stod der og halvt såg på.

Didrik bad henne: - Saum att verste gapet du!

Ho vart enda bleikare. Ho såg på Håkon at han skulde ho ikkje be. Ho fann seg det som til skulde, og gjorde arbeide. Eit par tak var ho åt og skulde uvita, men så gjorde Didrik det i staden. Ei stund gjorde ho seg til dyr, det var nær på ho murra; så innbilte ho seg det var fisk ho sauma i. Didrik kom seg så vidt han takka for arbeide. …

(Medmenneske (10);65)

Dei var straks einige om at dokteren måtte hentast. Men dokteren budde i byen, og dit var det to gamle mil. … - Det einaste blir å ro til byen med han, no før landvinden kvesser i. Så kjem han under dokterhand mange timar tidligare. …

… Men da dei kom til Didrik slo han seg rang. – Langt ifrå, han skulde ikkje til byen! I morgo den dag var han god kar att

(Medmenneske (10);66)

Sjukhusdokteren saumfór Didrik. Han trudde ikkje det skulde vara så lenge før han var god kar att. Han let enda vel om sauminga hennes Ragnhild.

(Medmenneske (10);68)

Når dei finn Didrik død i kvennhuset blir det skikka bud både på lensmann og dokter:

Så var dokteren der. Han hadde ant om, for der låg sjukfolk og venta han andre stader. Han skreiv at døden hadde komme av brott på heilen. Eit fall mot ein stein kunde godt ha gjort det, sa han . …

(Medmenneske (10);110)

13.4. Sjukehus og sanatorier

I «På Tvert» vil Ane ha Danel, som har ein vanskapt fot, med på dans. Men foten hindrar han. Og han reagerer når også ho synes synd på han. «– Stakar! sa ho». Men han har høyrt snakk om at det går an å operere:

… Eig ska snart skjel meig me den her no, sa han og sette fram høgrefoten.

Skulde han operere seg, kanskje? Det stod om det i bladom no, det var ein dokter som gjorde det fort vekk, og gode vart dei; det skulde ikkje vera så ubergelig vondt heller. …

(På tvert (1);210)

(Danel var fødd med det høgre fotbladet som sto tvert ut. Men dette er ingen kjent tilstand, så her har nok Duun dikta litt. Meir truleg var det at Duuns modell hadde klumpfot, der fotbladet er vridd innover . Og i dag er det heilt vanleg å operere for klumpfot).

Litt seinare snakkar Danel med Sevrin:

- Veit du ha eig ska gjèrra, Sevrin?

Tjen pèng, venteli, sukka han.

Va de lekt seig. Tvi da! – Haugg tå meig foten.

No gjekk det for vidt. Spøkje med slikt, det …

Spøk tåli, sa han. – Du kan få att de på hèlsa.

Langt ifrå, det var rame alvore. Ringte opp til knivmeisteren nedpå sjukhuse i dag, men han sa nei. Hadde ikkje så likt til stål, sa han. – De e fell trollbein i den-her gutn, sa Danel og sette fram foten. Skuld til stiftstaden no om tirsdagen. Dei bruka sag der, sirkelsag. Fryktsommeli ilt, gut. …

(På tvert (1);212)

Det blir lange dagar for Danel på sjukhuset:

… Han hadde aldri drøymt om at tid kunne bli så lang. Det var ikkje meir enn vel så ein 14-dags tid at han låg. Men jamvel det var ei æva. Og så vart han der ei veka, og han vart der to, ennå fekk han ikkje reise. – Hadde dei endå kunna lova han at foten skulde bli; men pinnfritt han kunde få det orde utor deim. Han skulde bli betre, så nokonlunde, det var alt. Og så vart han her liggjande, - det var så ein kunde skrike, beintfram, eller bite sund tennerne. …

(På tvert (1); 213)

Kva slags operasjon som vart gjort veit vi ikkje, men han har gips eller skinner:

… Men den dagen tok dei endelig desse greiene av foten. … … --- Ein dags ti etter gjekk han beinast til overlækjaren og sa at no måtte han heim!

Det var umulig. Han kunde bli krøpling tilgangs då, - det var fårligare enn så.

Eig må heim no! Eig reisi, gjer eig!

Dokteren riste på hovudet og tala om galenskap. … … Dokteren tala med all si magt til han, lågt og varmt som til ein ven, og han kjende seg viss på at det hjelpte; han såg det då Danel gjekk, han humpa så tålmodig ut. Han sa nokre ljose ord til han.

--- Dagen etter fór Danel med dampskipe i snøggruta nordover. …

(På tvert (1); 214-215)

Så etter 14 dagar skriv han seg ut sjølv mot overlegen sitt råd. Ein skulle tru at han måtte bruke krykker den første tida etter operasjonen, men det står det ingen ting om. Og foten blir ikkje bra, han er stadig ein plage:

… Det fortaldest at det var berre så som så med foten hans Danel på bua. Han hinka i alle fall meir no enn før, det var noko alle såg. Vondt var det visst i han òg, ettersom det høyrdest; han var i veg og låg alt i eitt om dagen. Men dokter søkte han ikkje, det var du då fri, …

(På tvert (1);219)

I tråd med at sanatorier og sjukehus blir utbygd først på 1900-talet, bruker også Duuns personar desse helsetenestene. Danel i «På tvert» har djupe depresjonsperiodar, og han er fleire gonger redd for at dei skal sende han til Rotvoll asyl i Trondheim [1]. Men han greier å halde på kontrollen så han unngår å bli innlagt (kapittel 9.1).

I «Gud smiler» høyrer vi at Vidar Holm truleg har kreft og skal til Stockholm for å få behandling med radium (kapittel 10.5). Truleg skal han til Radiumhemmet i Stockholm, som var Sveriges første kreftklinikk, grunnlagt i 1910. Radiuimhospitalet i Oslo vart etablert først i 1932 [2, 3]. I «Olsøygutane» blir Sofia sjuk, truleg med ein kreftsjukdom, og ho må på sjukhuset. Ho blir operert, men etter ei tid får gutane hennes brev om at ho er død (kapittel 10.5). I «Siste leveåre» får Lea magekreft og blir sendt på sjukehuset, men også ho døyr etter operasjonen (kapittel 10.5). Karen-Anna («I stormen») har tæring og får til slutt reise på sanatorium. Det same gjeld Turid i «Ettermæle» og Birger i «Samtid» (kapittel 6.7).

13.5. Diskusjon

Som vi ser i dette kapittelet, var redsel for finngann, skrømt og anna overtru farlege realitetar hos Duuns personar til langt ut på 1800-talet. Det kunne vere forklaringa på sjukdomar og ulykker, det var viktig å legge merke til førevarsel og å verne seg på ulike vis. Ikkje minst var det viktig å ikkje å bli uvenner med samane. Det var berre Per Anders som torde det. Tjære kunne brukast mot det meste, og dei kunne også ty til årelating.

Slike førestillingar levde lenge parallelt med kristne førestillingar om synd, skyld og skam knytta til sjukdom og ulykker. I siste halvdel av 1800-talet var det og sterke pietistiske vekkingar på Jøa, noko som kom til å prege ikkje berre bygda, men også forfattaren og fleire i Duuns persongalleri [4].

Namdal sjukehus

Den nærmaste byen for Duuns personar var Namsos, så vi må tru at det var sjukehuset der som var modell for dei fleste som vart innlagt. Som mange andre stader, vart det etablert små private sjukehus fleire stader i Namdalen frå tidleg på 1800-talet, men det som seinare skulle bli Namdal sjukehus, vart bygd på Alhus og ferdig i 1848 [5]. Det første året og i åra fram til 1854 vart det lagt inn 92 pasientar, og av dei var om lag tredjedelen spedalske. Det var ingen luksus. Sjukeromma i ein etasje måtte stengast den første vinteren på grunn av kulde. Dei første to åra var det eit talglys på kvart rom, før dei fekk tranlamper i 1850. Vegger og tak innvendig var og sprukne og umalte og stokkverk fulle av vegglus. Dei tilsette måtte arbeide med dårlege hjelpemiddel i upraktiske lokale … midt oppe i smittsomme sykdomskilder og med pasienter utenfor enhver elendighetsbeskrivelse. Radesyke, tuberkulose og mange spedalske som sakte med sikkert råtnet bort. … [5]

Det vart noko betre etter at dei spedalske vart flytta til Reitgjerdet frå om lag 1870, og i 1888 vart sjukehuset flytta til Bjørum i Namsos. Dei som kunne betale for seg fekk da bra utstyrte rom, mens det elles ofte mangla utstyr som sengetøy. Det kunne gå fem til ni år mellom kvar gong det vart skifta halm i madrassane [5].

I 1913 vart det bygd eit nytt og etter måten moderne sjukehus, ikkje minst etter mangeårig innsats frå overlege Batt, som var sjef på sjukehuset i åra 1893-1932. (Sjå elles vedlegg 5) På 1900-talet vart det enda fleire utvidingar.

Legar og anna helsepersonell i Ytter-Namdalen

Dei kommunane eg har rekna med til Ytter-Namdalen her, hadde vel 15 000 innbyggarar i 1880, noko som auka til 18 600 i 1920. I følgje Medisinalmeldingane var det ein lege i Nærøy i 1880, mens det i 1890 var lege både i Fosnes, Kolvereid, Nærøy og Vikna (Tabell 13.1) [6]. Alt dette var sjødistrikt, der båttransport var det vanlege, også for dokteren. Alt i 1880 var det jordmødre i dei fleste kommunane (Tabell 13.2). Medisinalmeldingane gir ingen opplysningar om sjukepleiarar i distrikta, kanskje fordi dei vart tilsette privat, for eksempel av kyrkjelydane eller av private organisasjonar.

Tabell 13.1. Talet på legar i dei enkelte kommunane i Ytter-Namdalen i utvalte år i perioden 1880-1920. Summert etter Medisinalmeldingane [6].

 Kommune

1880

1890

1900

1905

1910

1916

1920

Namsos (ladested)

1

2

2

3

3

4

2

Fosnes

 

1

1

1

1

 

1

Flatanger

 

 

 

1

1

1

1

Kolvereid

 

1

1

1

1

1

1

Foldereid

 

 

 

 

 

 

 

Nærø

1

1

 

 

 

 

 

Vikten

 

1

1

1

1

1

1

Lekø

 

 

 

1

1

1

 

Gravik

 

 

 

 

 

 

 

 Sum

2

6

5

8

8

8

6

Tabell 13.2. Talet på jordmødre i dei enkelte kommunane i Ytter-Namdalen i utvalte år i perioden 1880-1920. Summert etter Medisinalmeldingane [6].

 Kommune

1880

1890

1900

1905

1910

1916

1920

Namsos (ladested)

2

2

1

2

2

1

8

Fosnes

1

1

2

2

2

2

2

Flatanger

1

 

2

1

1

2

1

Kolvereid

2

1

1

1

1

1

2

Foldereid

 

1

1

1

1

1

1

Nærø

1

1

1

1

1

1

2

Vikten

1

2

2

2

2

2

2

Lekø

1

1

2

2

1

1

1

Gravik

 

 

 

 

1

1

1

 Sum

9

9

12

12

12

12

20

Dette illustrerer korleis den «moderne» helsetenesta gradvis vart utbygd i åra rundt førre hundreårsskiftet, omtrent på den tida Duun la handlinga til dei fleste romanane til.

Relevans i dag

Det kan i dag vere lett å ironisere over dei gamle juvikingane som var redde for finngann, og som på ulike måtar prøvde å verne seg mot sjukdom og ulykker, og i mange av romanane har Duun beiske stikk til «lesarane». Han illustrerer dobbelmoralen deira og viser kor dominerande, invaderande og irrasjonelle dei kunne vere.

I dei tiåra som er gått sidan Duuns litterære personar levde, har det skjedd mykje både innan utdanningsnivå og kunnskapsnivå og i teknologisk og anna utvikling. Vi har fått ei moderne og godt utbygd helseteneste, basert på dei beste naturvitenskapelege metodane. Samfunnet er i stor grad sekularisert, kristendommen og kyrkja har ein langt mindre plass hos folk flest, men det betyr ikkje at det er rasjonaliteten som rår. «Mennesket er dømt til å vere religiøst», sa ein prest til meg ein gong, « - trur vi ikkje på Vårherre, må vi finne noko anna å tru på».

Ei utfordring i dag er å handtere utryggheita hos pasientar og folk flest i ei moderne, sekularisert tid, med identitetsproblem som generelt og eksistensielt problem, og der døden nærmast er tabu[7]. « Døden er sjølvsagt skremmande for ei tid og i ein kultur som ser på det å overleve som si fremste oppgåve », seier idehistorikaren Trond Berg Eriksen. « Det seier seg sjølv at dersom det å overleve er det einaste og høgste målet, må alle menneskeliv ende med katastrofe » [8]. Ingen snakkar i dag om den naturlege og gode døden [9]. I dag har difor trua fått mange utslag. Alternativ-industrien er i sterk vekst, og «Snåsamannen» og andre liknande fenomen har stor oppslutning [10, 11]. Mykje av dette lever parallelt med at folk stoler på og bruker den naturvitenskapelege skolemedisinen - ikkje ulikt slik det var da juvikingane trudde både på finngann, den kristne Vårherre – og etter kvart også litt på dokteren.

Jostein Holmen