i2

14. Nokre kasuistikkar

Mykje av Duuns litteratur er prega av konfliktar mellom menneska, nokre gonger med dramatiske resultat både for dei det gjeld, for dei næraste og for samfunnet rundt. I fleire tilfelle er handlinga prega av markante personar. Eg har valt ut seks slike personar som ikkje berre pregar handlinga i romanen dei er med i, men også har personlege eigeskapar som er interessante ut frå eit medisinsk/psykologisk perspektiv.

I serien om «Juvikfolke» er Ola Håberg ein sentral person i fleire av romanane. Han er klokkar, spelmann og ein original i bygda og har eit vanskeleg liv på mange måtar. I «På Lyngsøya» hamnar Magnus Brudalen i religiøs grubling, noko som får store følger både for han og familien. I «Carolus Magnus» møter hovudpersonen Carolus Magnus store forventningar alt som ung, han studerer teologi, men personlegdomen hans gjer livet vanskeleg for både han sjølv og dei omkring han. I «Medmenneske» hamnar hovudpersonane Didrik, Ragnhild og Håkon i eit komplekst familiedrama. I dag ville fleire av desse personane vere godt kjende på fastlegekontoret og kanskje også på sjukehuset. I dette kapittelet vil eg sjå nærare på desse personane med «dokterbrillene» mine, omtrent som eg ville gjort dersom eg møtte dei på legekontoret, og kanskje kan eg prøve å forstå kvifor dei handlar som dei gjer.

14.1. Ola Håberg

Dårleg sjølbilde, depresjon og til slutt sjølvmord

I bøkene om Juvikfolke blir vi godt kjende med Ola Håberg. Heilt frå han blir fødd til han døyr i syttiårsalderen er han med i fleire av romanane. Ola er yngste sonen til Blind-Anders og Massi, han er ein attpåklatt i søskenflokken, og vi kan få inntrykk av at han både er «spesiell» og blir omtala i litt nedsettande ordelag heilt frå han er liten:

… Fleire år etter, da dei ingen venta lenger, kom det ein gut, og han kalla dei Ola. Det var røytegget, sa dei, og han tok mest live av mora; ho var kleinhelsug i mange år etter, men gutungen vart tjukk og rund. …

(I blinda (5);207)

Ola-guten hadde komme for seint, sa faren; røytegget bli det aldri fugl av. Han heitte ikkje etter nokon, og likna ikkje nokon; - han gjorde som han vilde med den ting, sa han sjøl. Han var tjukk og rund, og sein av seg. Berre osten! sa foreldra. Men ein god ost lel, sa han; for han svara så det sat i veggene, om han aldri sa noko elles. Han var ein klyppar til å lesa, og så kunde kan spella så folk gret. Men det var dem som tvila på om han var rett eller ikkje.

(I blinda (5);226)

På den måten kan ein kan få inntrykk av at Ola blir sett ned på heilt frå han er liten. Han er mest opptatt av bøker og blir klokkar, men blir gåande som ein slags original i bygda. Han dekker seg ofte bak ironi og flir og blir ein som folk ikkje tek heilt på alvor. Han har lågt sjølvbilde, er temmeleg nervøs og har depressive tendensar. Ein gong er Ola på Segelsund, der søstra Mina bur, og han kjem på at han vil overnatte i borstua, der dei meiner det spøker. Men han greier ikkje å vere der om natta:

Så var han på vegen ut. Han var så kald, han trudde ikkje han levde. Urande lite grand til no, så gjekk det sundt einkvart i han, så rauk det sundt heile stelle, - han var eit egg som fór imot veggen. Ja, han var på vegen ut no, ….

Slik var vegen for dei stakarane som hadde gjort åt med seg. No veit du det, Ola. No veit du det.

(Storbrylloppet (6);24)

Både Ola og søstersonen Peder er forelska i Andrea, dottera til dyrlegen, men Peder er svært populær hos jentene, er på nattbesøk hos Andrea, og han gifter seg til slutt med henne. Ola har liten sjølvtillit, så han dreg seg unna:

… «Æ e «veiet og funden for lett». Av mæ sjølv, forstår du. Fyk som eit fjun i vinden.»

(Storbrylloppet (6);27)

… «Nei nei nei, Andrea! Læt oss ti-still – læt oss vara folk! Ein dømt ein som æ,» skyndar han seg å seie, - «veit du ikkj æ bli tili blind? Og at æ hi drømt det, all mi tid, at æ fekk berre byttinga te bonn; det hi æ forteld dæ, Andrea!»

(Storbrylloppet (6);46)

I samtale med Andrea seier Ola:

… «Det feila visst ikkj mykji på at æ tek live og spring med det no, tek løkka mi og fer som ein annan juviking. Men sjå, det gjer æ no ikkj, det e den forskjéln. Hælsena e avhogd på mæ – det va skjit, va det. Ja. Osså denher usmakjen i munn!» mumla han med seg sjølv. …

(Storbrylloppet (6);60)

Ola går stadig med sjølvmordstankar. Gammalmoster kjem ein morgon og skal vekke Ola, han har ligge rund på senga :

Men eg har komme etter ein ting i natt. – Kva for slag da? – At sjøldauen er ein tung daue, når ein ikkje blir jaga ut i han. – Du er same slauren du både i åtferda og i snakke, du skulde skjemmast! Det er det eg ligg her og gjer. Eg meinte det var såpass av juvikingen att i meg, at eg kunde ta mitt og gå når eg lysta. Men ikkje det eingong er eg til. Kanskje så bar det i fliren med meg, i sjølve høgtidsstunda, - at eg såg meg sjølv som ein annan fåne, med tauge i handa? – Fåne ja, - men no ti du still med deg! – Ja, men heile verda er ei bøtte full med all slag kravl og armodsdom, - har du ikkje set søstrene mine? Og meg og alle dei andre? Ja, ikkje ho da, det meiner eg ikkje, men – eg får munnen full av vatn! Klokkardauen blir meg for seig. Men du gjer ikkje å vera redd for meg; det måtte berast i veg både fort og blindt; skulde det bli noko av det; og så pass kan ingenting gå innpå meg – eg som mest ikkje er til! Og så etterpå da? Eg har så godt som prøvd det. For da var han der, det kjenner eg på meg, om eg aldri kan tru på han. Sei så eg ikkje er bonde…

(Storbrylloppet (6);61)

… Ikkje trivs det hår på meg, og ikkje skjegg, eg er som eit eggskal både utvendig og innvendig …

(Storbrylloppet (6);62)

Gammalmoster held auga med han der han går:

… Å næggu, du hengji dæg ikkj, som snakka om taugje …

(Storbrylloppet (6);62)

Ein kveld Ola er på Rønningen hos farbror Petter, sit dei og drikk:

Petter sat litt og tenkte på sitt. Så løfta han eine augebruna: Du, seier du? Berre skrapkaka du som eg, ban. Eller rettare sagt: Du er som du skulde har vore sonen min? Eg tenker ofte på deg. Men er redd deg, å kalle. Eg har set munnen din, somtid. Det er ein småmanns-munn. Du kunde suge blod. Du smiler kvitt som ein sjøklein ein etter folk, etter søstrene dine til og med; og med kvart så ler du innvortes som Svarten sjølv. Du er eit kvinnfolk til kar! Og eg trur eg veit korles det smakar å gå og kjenne på det – sei meg: har du aldri tenkt på å gjera åt med deg?...

(Storbrylloppet (6);69-70)

Ta rennsnara kring halsen ja, og rømme ifrå heile stelle, hm? Ifrå alt i hop som ein ikkje vart. Petter vart litt høgare i måle:

Du val no dryg tart brølloppe e over. Det stunda te helg i Håbergslekta, ban.

(Storbrylloppet (6);70)

… - No ska vi sjå da! låg han og sa. Om eg hadde hovude inni rennsnara, så jamisel tok eg det ut att ei stund og bia. …

(Storbrylloppet (6); 70)

Det ser ut til at det er mest som også dei i familien «oppfordrar» Ola til å ta livet sitt. Det er ingen som støttar eller oppmuntrar han på ein god måte. Seinare er Ola på Håberg, og også no kjem det fram at han går i sjølvmordstankar:

… Men i det same kjem Mina, i hattstand og kåpe og i full fart. Andlete lyser ungt og friskt som tyttebær-moen i blanke haustmorgonen, og den vesle Håberg-nasen styrer modig imot han. Auga kunde stane ein som var på veg åt skogen med taugløkka i handa. …

(Storbrylloppet (6);140)

I «Storbrylloppet» blir eine brurgommen, Peder, alvorleg sjuk og liggande på loftet. Ola kjem og sit hos han i lange stunder. Her møter han Åsel, søstera si:

… «Og du da Ola?» sa ho, han kom og skulde sjå opp til Peder. «Det såg ut som du ò va faraferdi nyst her?» Og så snudde ho seg frå han og såg ut gjennom gangdøra: Her fanst ikkje ein meir som vilde ta ei bør på seg, - som vilde ta bygda på nakken og gå med henne, korles skulde det bli til slut?

«Nei, æ vil døy klokkardauin her. Med æ venta på han som skal komma.» «Som ska komma, ja… Vi fekk vel heller te å komma sjøl, mein æg.» … '

(Storbrylloppet (6);142)

Fleire år seinare sit Ola Håberg i lag med blant andre Odin og Engelbert Olsen, som var formann i arbeidarlaget:

Folk blir så sluge! Eg tek snart av meg skoene og lurar med til sjøs. Eg har alt vore rundt og sagt farvel. De kan sitte der og vera sluge, skål!

(I stormen (7);185)

Dei snakkar om fabrikken, og igjen skin det gjennom at Ola går med sjølvmordstankar:

Ola læst som han var forfæld. «Lyg du no, så e det gæli. Og lyg du ikkj, så e det enda verr’. Men han Lauris, det e verstin tå dem all samma – æ vil legg att eit brev etter mæ, te slut. Eit som ska hjolp dæ visst dem vinn på dæ, Odin, hi hi hi!».

(I stormen (7);186)

Til slutt gjer Ola alvor det han har snakka om i lang tid, og han går på sjøen:

Mina hadde sakna Ola til kafeen og hadde gått og set etter han. Da kom ho i hug at han hadde vore litt rar av seg før om dagen, og best ho gjekk fór redsla i henne, det slo som eit vått plagg innpå naken kropp, at han levde ikkje. Likevel var ho på veg ned til uthusa, ho trudde ho skulde finne han der liggande eller hengande, og ho var nøydd til å gå i veg og sjå etter. Da kom det for henne, at ho heller skulde sjå ned til sjøen, for der nedpå bryggeodden eller nedfor nausta hadde ho set han sto somtid; ho småsprang nedetter vegen. Ho fór odden rundt, og gjekk seg på skone hans ved åborden der fartya fortøyde seg. Ho sette i og ropte namne hans, eit par gonger. Skone hans torde ho ikkje røre. Da fekk ho sjå ein lang hake låg straks bortafor, ein båtshake frå eit farty, visst, dei hadde brukt han til garnrå. Den tok ho, og til å sokne i sjøen, ho visste så tvillaust at der nedunder brattberget låg han. Litt hadde vore, fekk ho tak og drog opp. Det var han. Ei lita stund visste ho knapt til seg, ho hadde berre ein ting klårt for seg, at utan sko skulde ikkje folk finne han, for det hadde ho hørt frå gammalt, at folk som gjorde åt med seg dei smetta av seg fothyre først. Det var tverrdjupt ved bryggeberget, men ho fekk bala like frametter med lande til det låg på grunn i ei bergklip. Der kleiv ho ned med skone, vadde uti og fekk dei på han, slikt det var. ...

(I stormen (7); 202-203)

Det var ei skam for familien at nokon hadde teke livet sitt, så Mina vil prøve å skjule det. Men Odin er ueinig:

… «At’n skuld gjera oss det her!»

«Ja, slik va no det,» sa Odin. Rart at han ikkje hadde gjort det før, tenkte han.

«Men ein ting, Odin: Vi nemne ikkj at --- at skon’ hans stod att på berje.» ….

… Da han stod på gonga heim, sa han til henne: Vi seier det slik det er. At han vart lei seg på jorda og gjekk på sjøen, - ein gammal, nyttelaus krok. …

(I stormen (7);203)

… «Enn at’n va her og sa farvel!» sa Ingri best ho sat.

«Han Ola? Ja du har rett i det. Og no har ‘n falli ut, som ei tann utu ein gammel munn.»

Men Ingrid hadde vorte bleik. – «Det va ikkj sjølgjort, veit æ?»

«Som ein tek det te. Han va ferdi og dø leng før mi tid. Han ha’ visst aldri vøri i gang.» ….

(I stormen (7);206)

… Midt i sjauen vart det gravøl på Segelsund. … Odin hadde forbydd dei å be dit Vikesylt, og det fann folk rimelig, for litt med kvart hadde det komme ut kva slag død han Ola hadde fått. Dei syntes det, mange, at dei kunde ikkje vente annan ende for han, ein einstøing og ein forlesen ein, og ein gudsfornektar dertil. Odin song ut like. …

(I stormen (7);208-209)

Kommentarar

«At fortellingen om Ola er ladet av undergang, galskap, død og destruksjon, er tydelig fra første stund», skriv Syéd [1]. Ho framstiller Ola som ein hovudperson i Juvikfolke, han lever lengre og opplever fleire generasjonar enn dei fleste andre romanfigurane hos Duun. Ho refererer historikar Elin Strøm, som meiner at Ola Håberg på mange måtar viser sjølvbiografiske trekk hos Duun - kanskje er Ola ei skildring av korleis det kunne gått med Duun dersom han hadde blitt gåande heime på Jøa [2].

Også når ein ser på Ola med «dokterbriller» er han interessant. Heilt frå han var nyfødd vart Ola karakterisert i negative ordelag. Han var ein attpåklatt og «påførte» mora store helseplager i fødselen. Faren kalla han «røytegget» og sa mellom anna at «av røytegget blir det aldri fugl», så i alle fall faren hadde ingen store forventningar til han. I staden for å bli prest, vart han klokkar og spelmann, noko som ikkje ga særleg status i bygda. Han hadde og ein spesiell utsjånad, og han var klar over det sjølv. Han tapar også i kjærleikslivet – det er brorsonen Peder som får Andrea, som også Ola er forelska i.

I fleire situasjonar er han og god å ha, for eksempel når Peder ligg for døden i tuberkulose. Likevel får vi inntrykk av gjennom fleire romanar der Ola er med, at alle kan ha lov til å trakassere Ola. Dei baktalar han, kallar han med utnamn, forstår ikkje at han orkar å leve og ber han gå og henge seg. Vi kan knapt registrere at han får ein positiv omtale eller kommentar, verken av dei nærmaste i familien eller av andre, og det er ikkje rart at dette må gå ut over sjølvbildet. Om Ola i utgangspunktet hadde disposisjon for depresjon, veit vi ikkje, men at denne negative påverknaden av familien og bygda elles, over så mange år, hadde alvorlege konsekvensar for Ola, kan det ikkje vere tvil om. Han utviklar ein alvorleg depresjon, uttalar over lengre tid at han er suicidal, og til slutt går han på sjøen.

Ut får eit medisinsk perspektiv ser skjebnen til Ola ut til å vere resultat av årelang trakassering, både frå familien og andre i bygda. Vi ser ikkje at nokon prøver å vise omsorg for Ola, trøste og oppmuntre han. Dette er eit eksempel på kor farleg «bygdedyret» kan vere, her også i form av «familiedyret».

14.2. Martin Brudalen

Religiøs grubling og depressiv psykose

I «På Lyngsøya» er Martin Brudalen hovdupersonen. I 11-12-års-alderen mister han begge foreldra på sjøen, mens han og halvsøstra bergar seg. Seinare reiser han bort for å gå på skole, og han reiser så rundt som predikant før han kjem heim vel tjue år gammal. Han tek etter ei tid til å gruble på religionen sin, han sluttar å preike, reiser frå heimgarden og blir gardskar på Lyngsøya hos Katrine, som er enke. Katrine har ei dotter, Tora, som Martin etter kvart gifter seg meg.

Romanen inneheld konfliktar på fleire plan, bl.a. konfliktar omkring ein gammal forsikringssvindel og forsøk på lureri for å få tak i pengar og få overta garden, alt ikledd ein religiøs retorikk. Martin er ein grublar, er tungsint, søv dårleg om natta, men bagatelliserer plagene sine:

Å, han fekk da sova nok, berre ikkje mya var så grov.

Han fekk til å røyke tobakk til henne, så gav ho seg tilfreds, sa ho (Tora). Ja men, kvifor kunde han ikkje gjera det? For det såg da ut så – hyggeleg. Eg skal gjerne betale deg for det, sa ho. I det minste skal eg halde deg med tobakken, sa ho, hm?

(På Lyngsøya (3); 99).

… Ja men, æ e friskar no, Tora; mykji friskar.

Ha du vøri - dåli da?

Nei, forresten. Og no har det gått over, no e æ god kar igjen.

(På Lyngsøya (3); 99).

… Ja, for han var – han kunde ikkje eingong seie henne kva han plagdes med!

(På Lyngsøya (3); 101)

Martin har mykje hovudpine:

… For hovude var så vondt, og først det gav seg litegrand med denne gravinga og isinga der, så måtte det sjå ansles ut for han.

Når han for i veg og arbeidde, gav det seg utrulig; men det var tungt å komma i veg. Ein dagen snudde han beint om og gjekk inn til Tora att. Han vilde seie henne alt i hop. Men da han stod framfor henne og skulde til, kom han i hug at dette var ikkje å seie, der fanst ikkje ord for det, han hadde leita etter dem ofte nok.

(På Lyngsøya (3); 115)

… Berre ho gav seg, denne pina, berre han slutta, denne tomme vonde lyden som song for øyra og baki nakken, denne massing-tonen, denne telefon-songen. Herre gud, det måtte gi seg snart!

(På Lyngsøya (3); 119)

… Det e berre hue mitt som e kleinsli; ikkje noko anna. …

(På Lyngsøya (3); 129)

Han reiser åleine ut til Flesa langt ut i havet og er der fleire dagar. Det blir storstorm og høg sjø, og da blir han skikkeleg sjuk:

… Martin hadde aldri vore mørkrædd før, ikkje noko større, men no braut det i hop i han og isa igjennom, knea krøktes opp under han, og vette for sin veg gong for gong. Stundom sat det ein mann attmed senga hans og sukka. Det var berre sjøen; det var berre Flesa: det store nattville andlete hennar stirde på han gjennom glase, lenge – han var ein mordar! ------ Ja, ja det låg nake alt i hop no, det var ikkje det at han hadde tynt ho Julia, og ikkje det at han hadde ødelagt Tora for seg, men det var ein stor, svart flekk ein stad, det var at han vilde drepa seg sjøl! …

(På Lyngsøya (3); 133)

… Han visste han var galen. Men han kjente han var rettare enn alle andre.

(På Lyngsøya (3); 135)

Etter han kjem heim:

… No har eg funni Gud, Tora. ----- Ja, no var han frisk, sa han. Endelig ein gong – og Gud lat ikkje eit menneske bli stort sjukare enn han hadde vore!

(På Lyngsøya (3); 144)

… Men etter kvart som det leid til endes med dagen austover, vart Martin stillare av seg; han vart sittande og leike med det han fekk i handa, og såg tomt for seg.

(På Lyngsøya (3); 145)

… Martin var litt sturen av seg, og fleire gonger glømte han det han vilde fortele…

(På Lyngsøya (3); 147)

Så les han i avisa ein dag om ein mann som hadde drepe kona og eit av barna med tollekniv. Om natta får han ikkje sove, finn ein kniv, går først inn på soverommet til Katrine og deretter inn på soverommet til Tora og gutungen. I ein psykose-liknande tilstand forestiller han seg at han drep Tora og gutungen på soverommet- og kor vart det av han? av Gud? (På Lyngsøya (3); 150-154).

Katrine blir vettskremt etter dette opptrinnet om natta. Det er krefter i sving for å få Martin innlagt på sjukehus, men han blir tatt vare på så dette blir avverga. Etter ei tid kjem Martin til seg sjølv igjen og er tilsynelatande frisk :

… Og som barne kjente han seg heilt igjennom, eit lite barn som har vore ute i sjukdom og fare og ligg heime og er berga.

(På Lyngsøya (3); 159)

Kommentarar

Noko av kjernen i denne romanen er religiøs grubling, utløyst av reaksjonen hans på å ha sett ei jente bade naken i sjøen. I dag kan det verke uskyldig, og det er vanskeleg å forstå at dette skulle vere eit problem. For Martin, med hans pietistiske bakgrunn, er dette likevel ei stor synd, noko som etter kvart utviklar seg til ein alvorleg depresjon. Ein slik depressiv tilstand kan vere alvorleg, og hos Martin kulminerer det med ein psykotisk tilstand der han både er suicidal og på nippet til å bli drapsmann. Til slutt går det likevel bra, han bergar sitt eige liv, han unngår å bli drapsmann, og han frisknar snart til. At han frisknar til så snart verkar imidlertid mindre truverdig - ein blir vanlegvis ikkje plutseleg frisk av ein årelang, alvorleg depresjon med psykose.

Korleis ein mann, som i ungdommen verkar frisk og sterk, kan hamne i ein slik situasjon, er ikkje lett å forklare, men som oftast elles kan det skuldast kombinasjonen av arv og miljø. Vi veit ikkje om nokon i familien til Martin som hadde psykiske problem, så om han er arveleg disponert for depresjon, er uklart. Det kjem likevel fram at den religiøse bakgrunnen hans, bl.a. «predikantskolen», gjer at han set store og urealistiske moralske krav til seg sjølv. Han kjem heile tida til kort overfor eigne forventningar. I det pietistiske miljøet i Ytter-Namdalen på Duuns tid, var truleg dette eit aktuelt problem.

I dagens sekulariserte samfunn er risikoen for å hamne i akkurat ein slik situasjon truleg mindre, men også i dag finst sekteriske, religiøse grupper der medlemmer kan oppleve strenge og kanskje urealistiske moralske krav. Dessutan treng det ikkje vere religiøse krav. I dag er det mange, kanskje særleg unge, som set store og urealistiske krav til seg sjølve, kanskje både til eigen kropp, til skoleprestasjonar og til det å ha ein stor vennekrets og vere populær. Så ser vi da også aukande forekomst av depresjon hos unge, sjølv om det i dei færreste tilfella får så dramatiske følger som for Martin Brudalen [3].

14.3. Carolus Magnus

Carolus Magnus er hovudpersonen i romanen med same namn. Carolus kjenner at han er noko for seg sjølv heilt frå han er barn. Han blir mobba som barn, men hevdar seg godt i skolefaga. Han får toppkarakter i gymnaset og utmerkar seg også i teologistudiet. Under studiet får Carolus eit forhold til ei enke med to barn, Marta. Når ho blir gravid, får Carolus henne til å reise til Danmark, der ho døyr like etter fødselen, mens barnet blir bortsett.

Carolus blir seinare gift med Helena, søster til kameraten Erik, men utan at ho veit at han har eit barn frå før. Dei slær seg ned i heimbygda til Carolus, der han set i gang eit stort prosjekt for å etablere ein eigen skole. Etter kvart får han med bygdefolket til å betale for skolen, men han er redd at kameraten Erik skal fortelje om forhistoria hans. Dette fører til at han gjer eit mislykka drapsforsøk på Erik, og ingen oppdagar kva han har prøvd på. Når skolen skal ha stor opning og han skal tale, er det tydeleg at han er psykotisk, og han blir til slutt innlagt på sinnsjukehus.

Måten Carolus lever på får store konsekvensar, ikkje berre for han sjølv, men også for dei næraste, familie og venner. Her vil eg gå nærare inn på historia hans for å prøve å forstå kvifor han kunne handle som han gjorde.

Familiær belastning

Det går fram at i familien til Carolus Magnus er det fleire som har psykiske plager:

… Rett nok var det berre farbroren som sa det, og han var tullut og vart kalla Paven for det han trudde han var paven sjølv. …

(Carolus Magnus (8);157).

Faren, som er klokkar, henger seg etter at han gjort underslag i misjonskassa, truleg først og fremst for å betale utdanninga til Carolus. (Carolus Magnus (8);184). Også mora får eit psykoseliknande anfall:

… Men eine natta for ho opp or sømnen og ropa over seg. …. Ho sat i senga og tvistirde fram for seg, reint ifrå vette å sjå til, og alt i eitt skreik ho, - ho skreik seg hås: - Vekk med deg! Vekk med deg, Just! Just!

Han skjønna det var faren ho såg. … Da var det liksom ho vakna og vardest han, med andlete hennar var dødt, så forfæld var ho. – Han var her! kviskra ho. Han hang der! Og så kom han! Han sette auga i meg? Kan du ikkje svara meg? …

(Carolus Magnus (8);182-183)

Psykopatiske trekk

Carolus Magnus er svært sjølvopptatt, og det er svært viktig at ingen må komme i vegen for han. Dersom han kan risikere ein flekk på omdømmet sitt, tek han ingen omsyn. Eit eksempel er når søstra Klara kjem etter han til byen:

… Men det seier eg deg, Klara: Du er søstra mi, og du skal vera rein! Visst ikkje, da støyter eg deg ut. …

(Carolus Magnus (8); 175)

Og når mora fortel at faren har hengt seg, truar han mora på livet dersom ho fortel dette vidare:

… Da fór det eit kaldt og grått ålvor i Carolus Magnus, og han bøygde seg over henne og sa: - Ti du ikkje no, da strøyper eg deg. Han såg henne i auga, og dei måtte svara han og forstå: det var meint som det var sagt! …

(Carolus Magnus (8);185)

Han tek seg sjølv svært høgtideleg, og har liten sans for humor:

… Då lo Erik, men det var hjartans ungt og velmeint: - Det er jamen rart gut, å høre nokon seie slikt! – Ja du ler du, mumla Carolus Magnus. – Ler ja? Du skulde prøve det du og, ein gong imillom. – Carolus Magnus hørte ikkje på slikt,

(Carolus Magnus (8);172)

… for første gong i live hadde låtten tak i han. …

(Carolus Magnus (8);214)

Carolus Magnus har alt frå han er barn eit stort sjølvbilde, også etter at han er gift med Helena:

… - Det er Gud sjølv, Det gode, som legg denne børa på meg. Å eige deg. For når han kårar ein ut og merkar ein til sjeni, da er det å tie og lyde. …

(Carolus Magnus (8);269)

Det kulminerer med at han på opninga av den nye skolen presenterer seg som den nye Luther:

Eg er, som de ser, den nye Luther, eg er attkommen og er større enn før, her står eg, eg bed ikkje Gud hjelpe meg denne gongen, for eg er større enn han. …

(Carolus Magnus (8);295)

Han lyg der det tener han. Eigentleg lyg Carolus Magnus kontinuerleg gjennom heile historia:

… Så skulde her lygast i hop einkvart til denne onkel Fredrik. Det greidde nok Carolus Magnus Berg, for han, ein kjente han, han hadde aldri gjort anna enn å lyge, han laug til han trudde sjøl.

(Carolus Magnus (8);213)

Det kan sjå ut som han ikkje har evne til å vise empati med andre, som når Marta fortel at ho er gravid:

… Ho var i slik ubotelig hjelpeløysa at han sat steins still og såg på henne. Noko medkjensle for henne hadde han ikkje, han hadde heller ikkje vore plaga med det nokon gong; det hørte dei andre til. Men eit menneske i nøda, det fekk ein enten slå i hel, eller òg hjelpe det ein evla og meir til. …

(Carolus Magnus (8);204)

Carolus Magnus er opptatt av seg sjølv, og i mange situasjoner gir han uttrykk for at det omkring han ikkje skil han, også etter at Marta er død:

… Marta ho hadde det godt no, og hjarte i han det var kaldt som telen i jorda; slik det alltid var.

(Carolus Magnus (8);214)

Håret hennar var det siste som levde. No var vel det og dødt? Skilde han ikkje.

(Carolus Magnus (8);214)

Og lerkesongen låg som ei lysdæmd sky over jordene, den tida som no. Men kva skilde det han i grunnen?

(Carolus Magnus (8);233)

Han har ein parasittisk livsstil. Han låner pengar heile tida, frå han går på folkeskolen til han har fått bygd den nye private skolen sin. Han låner frå faren, frå naboar, frå søstera, broren, husvertinna Marta, kona Helena, og i sluttfasen frå mange folk i bygda. Han betaler aldri noko tilbake.

Psykotiske trekk

I tillegg til slike psykopatiske trekk, har Carolus Magnus på eit ganske tidleg stadium også psykotiske trekk. På eit hotellrom i Danmark, like etter at Marta er død, ser vi dette:

… Da kom djevelen til han, med han sat lysvaken på romme sitt, ein liten, vond skapna, ei rotte berre, og han lo og sa: - Du er Carolus Magnus. Du kan aldri leva minders du er han; du døyr av det, hi hi hi! Carolus Magnus vart opp i under, for han hadde aldri lese om at den mannen gjekk med kløyvd øvreleppe. – Du og eg, ser du! lo Svarten, - pelsen hans var elles ein mon raud i leten - . Eg er ein lystig ven; ein følgesvein.

(Carolus Magnus (8);214-215)

Carolus Magnus er livredd for at Erik skal fortelje Helena om forhistoria hans. Han mister søvnen, er uroleg om natta, og han tenkjer på å skyte Erik og seg sjølv etterpå:

Det var ei plage: han kunde ikkje bli viss om han drømte, eller om det var til, dette han hørte og såg ikring seg. Han sat i sofaen med eine ålbogen på borde og kjente seg da vaken nok? Det argaste av alt han såg var denne rotta under omnen. Slik ei øvreleppe vilde han nødig ha set no eller slike rotteauga. Ho fresta til og med å halde seg ålvorsam. Nytta ikkje å hive blekkhus etter slikt krek. Han måtte sjå både hardt og heitt på henne før ho kraup inn i usynligheita att. Men der, inni synligheita, der gav det på og snakka og kviskrelo, det nemnte namne Erik alti eitt. Andre helst med Carolus Magnus.

(Carolus Magnus (8);276-277)

Kommentar

Carolus Magnus har store tankar om seg sjølv heilt frå han er liten, han er skoleflink, sjarmerande og kan lett overtale folk. Han har lita evne til empati, bruker og utnytter folk omkring seg til sin eigen fordel, han lyg når det passar slik, er manipulerande for å oppnå det han vil, og han angrar aldri det han gjer. Alt dette er ulike psykopatiske trekk, og det er dei som pregar Carolus og måten han oppfører seg på.

Nærare om psykopatomgrepet

Det har lenge vore kjent at det finst menneske som manglar samvit, empati og er gjennomgåande antisosiale, utan at det kan forklarast med psykisk liding, hovudskade eller svikt i oppdraginga. Psykopatiomgrepet har ei lang og komplisert forhistorie, rikt krydra med moralsk fordømming, men nyare forskning har støtta validiteten av omgrepet, sjølv om psykopati ikkje er anerkjent som eigen diagnose i DSM eller ICD.

Omgrepa psykopati, antisosial personlegdomsforstyrring og dyssosial personlegdomsforstyrring er i slekt, men ikkje synonyme omgrep. Ein reknar med at omtrent 0,5-1% av befolkninga tilfredsstiller kriteria for psykopati, mens omtrent 20% av ein fengselspopulasjon tilhøyrer denne kategorien. Psykopati har bestemte kjenslemessige og mellommenneskelege karakteristika og bestemte åtferdstrekk. Dei kjenslemessige trekka omfattar egosentrisitet, avflata affekt, manglande empati og mangel på anger og skyldkjensle. Dei mellommenneskelege trekka omfattar impulsivitet, og dei er uansvarlege, lyg og manipulerer. Åtferdstrekka omfattar stadige brot på normer og reglar, innanfor og utanfor lovas grenser [4].

PCL-R (Psychopathy Checklist-Revised) er den mest anerkjente og grundigst evaluerte manualbaserte sjekklista som er tilgjengeleg for å kartlegge symptom på psykopati. Sjekklista består av 20 ledd og belyser på den eine sida psykopatens særeigne mellommenneskelege stil og kjenslemessige fungering (kjenneteikna ved kynisk og kjenslelaus manipulering av andre) og på den andre sida psykopatens impulsive og antisosiale livsstil. Kvart ledd blir skåra frå 0 til 2 poeng, så totalskåren på PCL-R varierer frå 0-40. Jo nærare maksimal skåre, jo meir vil ein person likne ein prototypisk psykopat. Ein vanleg brukt diagnostisk grenseverdi internasjonalt er ein totalskåre på 30 eller høgare. Noko forskning tyder på at den diagnostiske grenseverdien bør vere noko lågare i Europa (25-26) på grunn av at sosiokulturelle forhold til ein viss grad verkar på korleis psykopati kjem til utrykk her samanlikna med i USA og Canada [7].

Carolus Magnus vurdert etter PCL-R:

1. Glatthet/overflatisk sjarm

2 poeng

Han snakkar rundt dei fleste han kjem i kontakt med, blant anna for å få pengar.

2. Storhetsideer om egne evner og betydning

2 poeng

Heilt frå han var barn hadde CM forestilling om at han var noko særskild. Han var heile tida opptatt av at han hadde ei særleg stor oppgåve her i verda. Det kulminerer med at han på opninga av den nye skolen presenterer seg som den nye Luther.

3. Behov for stimulering/lett for å kjede seg.

1 poeng

Det går vel ikkje fram at det er noko utprega hos CM. Han er for eksempel mykje for seg sjølv og les.

4. Patologisk lyving.

2 poeng

– CM lyg kontinuerleg gjennom heile historia.

5. Bedragersk/manipulerende

2 poeng

– CM greier å manipulere alle omkring seg, menneska omkring han ser han på som reiskap han kan bruke for å nå sine mål.

6. Manglende anger eller skyldfølelse

2 poeng

– CM viser ingen teikn til anger, han har truleg inga evne til det.

7. Grunne affekter

2 poeng

– Det er stort sett ingen ting som «går inn på» han.

8. Ufølsom/manglende empati

2 poeng

– CM viser ingen teikn på empati overfor nokon, eksempelvis når Marta fortalde at ho var med barn:

9. Parasittisk livsstil

2 poeng

Han låner pengar heile tida, frå han går på skolen, til han har fått bygd skolen, dvs. frå faren, frå naboar, frå søstra, broren, husvertinna Marta, kona Helena, og i sluttfasen frå mange folk i bygda. Han betaler aldri noko tilbake.

10. Dårlig atferdskontroll

1 poeng

– Stort sett kontrollerer han seg, er kalkulerande.

11. Promiskuøs seksuell atferd.

0 poeng

– Ikkje noko tema hos Duun.

12. Tidlig atferdsproblemer

0 poeng

– Truleg ikkje

13. Mangel på realistiske fremtidsplaner

2 poeng

– Ja, han legg store og urealistiske planar heilt frå han er barn.

14. Impulsivitet

1 poeng

– Kanskje av og til er det slik.

15. Uansvarlig atferd

2 poeng

– Ja, fordi han aldri tek eigentleg omsyn til menneska omkring seg. Dei får betale både økonomisk og menneskeleg.

16. Tar ikke ansvar for egne handlinger

2 poeng

– Martas graviditet er eit godt eksemel på at han unndreg seg ansvar og kjenner inga skyld.

17. Mange kortvarige ekteskaps- eller samboerforhold

0 poeng

– Nei, berre eit.

18. Ungdomskriminalitet.

0 poeng

– Nei.

19. Vilkårsbrudd

2 poeng

– Dersom det betyr det same som avtalebrot: Ja.

20. Kriminell karriere med flere typer lovbrudd

2 poeng

Inga karriere, men han truar med å drepe mor, og gjer eit drapsforsøk på Erik.

Sum

29 poeng

Etter ein gjennomgang av dei 20 spørsmåla på denne måten, skårar Carolus Magnus altså 29 poeng, noko som stadfestar at han har utprega psykopatiske trekk. Dette kan forklare korleis han lever og oppfører seg mot andre, også dei næraste. I tillegg får Carolus Magnus andre alvorlege psykiske symptom, som psykoser med hallusinasjonar. Dette fører til at han må leggast inn på sinnsjukehus.

Psykopatiske trekk kan vere til stades i ulike grader, frå svake tendensar langt under grensa på 25-26 poeng, til utprega symptom, som hos Carolus Magnus. Det er mest vanleg med færre og svakare symptom. Likevel kan personar med slike trekk verke destruktive på folk og miljø omkring seg, både i familien og i arbeidsmiljøet. Det er heldigvis langt mellom reine psykopatar som Carolus Magnus.

14.4. Hovudpersonar i «Medmenneske»

I «Medmenneske» er Didrik, Ragnhild og Håkon hovudpersonar. Det er Håkon og Ragnhild som er sjølvfolket på garden, mens faren til Håkon, Didrik, er på kåret. Dei kjem inn i ein innfløkt konflikt, som endar med at Ragnhild tek livet at Didrik. Alle tre er interessante personar som fortener særskilt omtale.

Didrik Dale

I bind 10 (med trilogien «Medmenneske», «Ragnhild» og «Siste leveåret») har Rolv Thesen ei innleiing, der han peikar på at i «Medmenneske» ville Duun først og fremst skildre den vonde Didrik - ein som ikkje var som andre menneske. I mange tolkingar av romanen har Didrik vore framstilt som eksponent for det vonde, mens Ragnhild har representert det gode, som i ein desperat situasjon «reddar» Håkon frå å gjere skade på faren ved sjølv å drepe Didrik.

Slik vi møter Didrik i romanen, blir han oppfatta som ein kranglefant som ingen liker, verken i familien eller i bygda elles. Han lurer Paul til å ta på seg eit farskap, han lyg om at han har fått Fagernese «på handa», truar med å melde om brannstifting, kastar fattigfolk ut av heimen, er brutal både overfor kona Tale og yngste sonen Arn, og han truar Håkon og Ragnhild.

I løpet av romanen får vi gradvis meir innsikt i bakgrunnen til Didrik. Eg vil igjen bruke «dokterbrillene» mine og sjå nærare på Didriks historie og situasjonen hans som kårmann, for kanskje å forstå betre kvifor han oppfører seg som han gjer.

Trekk ved Didrik si historie

Vanskeleg fortid. I siste del av romanen, etter at Didrik er død, får vi vite at han hadde ei vanskelegare fortid enn folk flest visste om. Svigersonen hans, Morten, som er gift med Lea, hadde vore mykje i lag (med han)den tida Didrik var skipper og den andre var gut om bord (Medmenneske (10);41). Morten kan fortelje at Didrik var mistenkt for valdtekt av ei jente, og han var også mistenkt for drap på eit vitne til denne valdtekta. Morten verkar å vere trygg på at Didrik var skyldig, men det var ein annan som vart dømt. Fleire stader i romanen er det referert til at ein galning nordfrå er ute etter å «ta ned» ein eller annan i bygda. Vi skjønar at dette er han som vart dømt for valdtekta og drapet, kanskje uskyldig, og at han er ute etter Didrik for å ta hemn.

Vi får aldri vite heilt sikkert kva som er sant når det gjeld denne delen av fortida til Didrik. Uansett må denne historia ha følgt han gjennom livet. Dersom han var skyldig, har han tidleg vist seg brutal og valdeleg, men har greidd å skjule det for familien og bygda. Enten det var slik, eller han var uskyldig, men mistenkt, kan denne historia kanskje forklare kvifor han føler at «alle» er etter han.

Fall i status. Tidlegare hadde Didrik hatt ein viss status i bygda. Han fekk kjøpt begge Stavsundgardane og bygde nye hus, men han fekk økonomiske problem, og dermed tapte han nok ansikt og status i bygda:

Didrik reiv ned husa på båe garane og bygde dem i hop, så det vart berre ein Stavsund-gar. Det bygde han seg forderva på, og sleit som ein træl med skyld og renter, spekulasjonar og prosessar. No var han reint snau, det visste nokon kvar. …

(Medmenneske (10);19)

Gamle Even sukka: - Sørgelig at skulle bli slik ein krokfant av´n Didrik; han var emna til noko anna han. …

(Medmenneske (10);19)

Han var kjent for å vere kunnskapsrik, og på dugnadsfesten på Fagernese høyrde dei på han når han snakka både om politikk og anna:

Visst hadde han lese meir enn andre, det var enda han som hadde sett i hop den vesle stubben at «bokhylden er en stige, hvorved du bliver din overmands lige», kom ikkje her. Bibelen hadde han lese frå perm til perm, grundig, mest som han las lovar og dommar og slikt;

(Medmenneske (10);61)

Han var ikkje Didrik for ingen ting. Og slug som farligheita det var han, og utlærd i alle slag develkonster, hald eg unda der, ban. Men i natt var dei jamngode med han, mange, han burde vera litt meir utrygg.

(Medmenneske (10);61)

Ei historie fortel at Didrik fekk uvenner alt i sine yngre dagar:

Det vart fortalt og trudd at Didrik hadde vore utsett for eit gann eller eit vondt ønske. Han hadde svike ei gjente, og mor hennes hadde lova at så lenge ho levde skulde han ikkje komma inn i kirka med brura si. Folk mintes det vel: Ein gong kom ikkje brura, ho hadde vorte klein om morgongen; andre gongen kom ikkje presten, da var han sjuk. Tredje gongen, da fekk ein sjå. Da gjorde Morten det, for gode ord eller betaling, han fòr i veg og trua kjerringa med kvast, eller kva råder han brukte; nok var det, kjerringa laut ta i seg develskapen sin, og Didrik vart gift. …

(Medmenneske (10);41)

Uansett kva som hende, fortel historia at Didrik vart sett på som ein som var uheldig, og som kunne bruke harde metodar dersom det var nødvendig. Og også ei slik hending kunne nok bekrefte at andre «var ute etter han».

Didrik er altså ein kranglefant som ingen liker, ein utstøytt, både i eigen familie og i bygda. Han blir kalla stygge ting og får stadig signal om kor uønska han er: Også Håkon er beisk i sine kommentarar:

- Gå sytten i vald med bråket ditt. Den vegen ber det kor som er. Gå vekk, eller så –

(Medmenneske (10);24)

Ho hørte han murra ei stygg banning da han gjekk framom faren, han bad visst develen hente den som hørte han til. …

(Medmenneske (10);25)

Også kona Tale er ganske klar i talen om kva ho meiner:

… - Å ja, arme Didrik, sa Tale, han får det da heitt nok dit han kjem. Når eg tenker på det, da må eg vera god med han, - lat meg smikke på dingsen og lunke ein kaffedrope åt han! Ho reiste seg og sette kjelen over omnen. – Ikkje for det, småsnakka ho, eg trur nok han kjem til å trivast der nede; han finn mange å bitast med der. …

(Medmenneske (10);76)

no mintes han noko anna han sa, om at han vilde av stad og henge seg. Tale baud han hosebanda sine å henge seg i, dei heldt, let ho, for ho hadde vove dem sjøl.

(Medmenneske (10);103)

På dugnadsfesten på Fagernese er det mykje folk, og dei har planlagt å drikke Didrik full:

I kveld kom han hit, tålig visst, og var lykka så god så var vona god, Indiana hadde lova å få han full. Ein eller annan hadde fått Paul, spelmannen, til å be henne om det.

(Medmenneske (10);60)

Karl Albert og Morten baud han skjenk alt i eitt, og han drakk trøstig, for han skjøna kva dei vilde han, krokane.

(Medmenneske (10);62)

På veg heim frå festen blir han rundjult og skamslegen så det kunne ha stått om livet. Håkon og Ragnhild finn han og tek han med heim, og seinare ror dei han til sjukehuset. Vi får inntrykk av at dette overfallet er planlagt, mange av dei som var med på festen veit truleg om det som skjer. Overfallet er svært alvorleg, og det kunne likså godt ha enda med drap. Likevel er det ingen som varslar om kva som har skjedd, og ingen står fram og tek på seg ansvaret. Didrik er ein som «fortener» å få bank, og han veit det sjølv. Didrik er eit mobbeoffer for heile bygda.

Krenka, og lågt sjølbilde. Didrik kjenner seg krenka og forfølgt av folk, delvis med rette:

Enda kunde han ikkje rekne dem for menneske heilt ut, somme tider; dei tok han fri for det. Dei såg ikkje retten som ein annan hadde, dei gjekk og trødde på den.

(Medmenneske (10);47)

Det hadde ikkje falle han inn at ikkje han og Vårherre vilde det same. Han hadde enda bedt han at han måtte få råderom til å gi fan i folk. Men hitinntil hadde det set ut som han og den andre støtt vart to-eina i mot dem.

Og no syntes han sjå han hadde vorte åleine mot dem. Når ikkje eingong eins eigne folk trudde på ein, vilde ein anna enn vondt?

(Medmenneske (10);58)

Først tok dei garen frå han; så kåre, kunde ein seie; så tok dei arven som Gammalfaster hadde lova han, tok heile framtida og gleda hans,

(Medmenneske (10);95-96)

Didrik har likevel bra sjølvinnsikt, han veit at han har uvenner og at folk ikkje liker han. Det er mange teikn på at han har svært lågt sjølvbilde:

Didrik la merke til at ingen vart glad da dei såg han.

(Medmenneske (10);17)

- Der sit dei liksom dei såg Svarten i døra når du kjem. …

(Medmenneske (10);19)

Nei, det er som ho Tale seier, eller kven det er som seier det, eg tør ikkje drikke. Huff, ban, eg er så full av vondt, eg kunne forsnakke meg. Nei nei nei, Ragnhild, bli ikkje redd meg. Du veit eg er ikkje så svart som folk vil ha meg til; og takk og ære for det, Ragnhild! ...

(Medmenneske (10);21)

Før Ragnhild og Håkon var gift:

Garen skal de få; eg er utsliten no, og unner dykk meir enn den. Og du unner meg kåre, det ser eg. Blir eg for uvis mot deg, og det blir eg vel, når hørte du anna om´n Didrik Dale?

(Medmenneske (10);38)

- Men sjå, seier han, kva veit du om slikt, du som ikkje er meg! Du som er eit skikkeleg menneske. Ho hørte det var meint det han sa, ord for ord.

(Medmenneske (10);53)

Det er Håkon som no sit med garden og «makta», og Didrik kjenner seg så underlegen at det er viktig for han at Håkon skal sjå opp til han:

… - da måtte han vel bli vâr at han hadde ein far han òg.

(Medmenneske (10);46)

Familievald. Didrik tyr vil vald eit par gonger, ein gong mot Tale og ein gong mot Arn:

…. - Da Ragnhild hadde vore oppe og gitt Gammalfaster mat, hørte ho Didrik inni kårstua, han ropa vilt over seg og svor, han vilde jage Tale på dør. – Eg tåler ikkje sjå deg meir! skreik han, ut med deg, til helvetes! Eg har gått her som ein devel for deg i alle dei år, trur du ikkje eg har set det? No skal eg vara den du held meg for. Går du ikkje på timen no, - han sa det lågare og farligare da, da!

(Medmenneske (10);56)

Tale seig ned på stolen da ho hørte korles han lo, og frå stolen bar det i golvet med henne. Der låg ho. Ho hadde svimra utor. … - Ja da, du må gjera deg stiv no, din hyklar der du ligg. Eg skal spenne deg i hel visst du ikkje pellar deg opp!

(Medmenneske (10);56-57)

Arn var yngste sonen til Tale og Didrik:

og jamvel Arn den vargtemmingen kom seg utor vegen for han på slike dagar, han visste det var ikkje langt etter juling. Var ein da så skamlaus at ein skreik for det ein fekk, da gjorde`n far sin farsplikt; og var ein så syndhard ein tagde til det, da gjorde han slikt slag. …

… men enda råka han til å komma i vegen for faren sin. Sjølv veit kva han hadde sagt eller gjort, men Didrik tok han og tverrista han. Da guten slapp laus var han kvit rasande.

Blir det ikkje folk tå deg! skreik han mot faren.

Didrik sprang på han og hivde han flat i golve så naseblode rann, og murra og skreik over han: Eg skal trø deg i hel! og det vanta lite på at han gjekk i gang med det straks. …

(Medmenneske (10);75)

Ein tidleg-pensjonist. Didrik er pressa til å gi frå seg garden av Ragnhild – han er «tvangspensjonert». Det har ført til at han har mista både posisjon og identitet. Han har inga rolle, verken i familien eller i samfunnet, og han føler at han ikkje har noko framtid. Difor er han ute etter noko å fylle tida med og også få tilbake noko av sjølvbildet og statusen i familien og i bygda elles. Han har leigd eit laksvald, men taper retten til det:

… - han hadde vorte flådd for eit laksvald som han hadde leigd på levetida si, for alt han skulde leva av her etter. Nei, han gav seg sytten om det, som sagt, men i byen hadde han hørt nytt. Verkeleg nytt, og farlig nytt, tykte han. …

(Medmenneske (10);15)

… Jau, der var funne opp eit slag vasshjul no som skulde vera fule til å dra kvennbruk og slikt, og vatne lurte ein til dem gjennom lange jarnrøyr, så ein kunde legge bruke nedmed sjøen om ein lysta, - så folk nådde dit sjøveges med mølnaden sin – det skulde ligge her, nedpå stranda der handelsebua hans Karl Albert stod og brysta seg! …

(Medmenneske (10);15)

Da hadde han set i eit syn, han hadde i grunnen set det for ein mannsalder sia, at hit skulde kvenna og saga flyttast. Det var livsverke hans, som venta på han.

(Medmenneske (10);15)

Men Håkon vil ikkje samarbeide:

… Ja men hør no er, tok han opp att: Fossen er din som han har vore, eg får berre retten til å bruke vatne når du har brukt det, nedanfor, skjønnar du, nedpå Stranda! Lite grand må eg ha å bale med, det unner du meg, ikkje sant? Kva er eit menneske utan framtida?

(Medmenneske (10);23)

Ho hørte han tala om kåre, at der fanns ikkje meining i det – han trong pengar, kontant, - nedpå Stranda skulde han bu, han hadde alt kjøpt – han tala om framtida igjen, og enda meir høgmælt, han ropa mest: - Eg vil tene pengar så eg ikkje fell deg til byrde – det skal komma ein dag at du ikkje skjemmest av far din!

(Medmenneske (10);23)

han hadde slutta å vente seg retten sin, no hadde han berre denne her litle vona att, så han slapp å døy som ein vanæra stakar. …

(Medmenneske (10);25)

Han fortalte det ein etter det andre, om kor folk var vonde og vilde inn på ein, dei unte ein ikkje æra, dei unte ein ikkje live!

(Medmenneske (10);27)

Didrik kjente seg slett ikkje ferdig med arbeidslivet, og han la store planer:

Han var så for ung enno, han syntes han kunde snu både vêre og lagnaen. …

(Medmenneske (10);45)

Skulde det ikkje vera arti å ta til for seg sjølv ein gong att?

(Medmenneske (10);49)

Didriks personlegdom

Moral. Didrik har ein slags moral og eit samvit, bl.a. bruker han ikkje å lyge:

Det hadde teke så på han her i kveld at han rådde ikkje med seg sjølv. Han hadde trive til løgna! Det hadde han aldri gjort før, utanfor retten og dei ting. – Her går du og har gjort det, sa han. Kva kan du ikkje vente deg no – kva er det det varslar? Så lenge det er von er det liv, sant nok, sant nok, men kva er det det varslar? To gonger på rapp laug du. …

(Medmenneske (10);20)

Det var berre så uhuglig det hadde hendt. Mest som einkvan vilde leie han ut i ulykka. …

(Medmenneske (10);20)

Fagernese var det romme Didrik lova Karl Albert. Han sa han hadde det på handa.

Didrik kaldsveitta først han kom i hug det.

(Medmenneske (10);42)

Karl Albert var narra, Didrik såg det. For folk visste at Didrik Dale laug ikkje, kva anna gale han gjorde.

(Medmenneske (10);97)

Han er eigentleg også sosial, og likar seg mellom folk:

Didrik hadde aldri halde seg for ein utanom dei andre. Folk var medmenneske, han hadde dem ikring seg og likte seg ved det; dei var så ymse og så mangt, han kjente varme gode mengda av dem.

(Medmenneske (10);47)

Kommentarar

Didrik er ein kranglefant som er mislikt både i familien og i bygda, og ut frå mykje av det han gjer, er dette lett å forstå. Ikkje nok med det: Både familien til Didrik, bygda, forfattaren sjølv og Rolv Thesen framstiller Didrik som ein representant for det vonde, men slike omgrep finst ikkje i det medisinske vokabularet. Som lege skal ein ikkje dømme folk etter moral, men prøve å forstå bakgrunnen for korleis folk handlar og kvifor dei har ulike symptom, slik at ein kanskje kan hjelpe dei. I medisinsk terminologi er det psykopati-omgrepet som er det nærmaste til det moralske omgrepet «vond», så difor kan det vere interessant å vurdere også Didrik Dale etter PCl-R:

Didrik Dale vurdert etter PCL-R:

1. Glatthet/overflatisk sjarm

2 poeng

– Ja, han kunne vere glatt og sjarmerande

2. Storhetsideer om egne evner og betydning.

1 poeng

– Han hadde planer, men neppe patologisk

3. Behov for stimulering/lett for å kjede seg.

1 poeng

– Han har først og fremst ute etter å ha noko å gjere som pensjonist.

4. Patologisk lyving.

0 poeng

– Neppe, det vart sagt at han ikkje brukte å lyge, og han fekk dårleg samvit da han gjorde det.

5. Bedragersk/manipulerende

2 poeng

– Ja, han prøvde med fleire knep

6. Manglende anger eller skyldfølelse

1 poeng

– Delvis

7. Grunne affekter

0 poeng

– Han viste kjensler ved fleire høve, truleg ekte

8. Ufølsom/manglende empati

1 poeng

– Når konflikta tilspissa seg, viste han lite empati, men tidlegare viste han at han hadde empatiske evner.

9. Parasittisk livsstil

1 poeng

– Han hadde eit lån hos Lea som han ikkje betalte tilbake, men elles ville han først og fremst bli økonomisk uavhengig

10. Dårlig atferdskontroll

1 poeng

– Ja, delvis

11. Promiskuøs seksuell atferd

1 poeng

– Han hadde eit forhold til tausa Indiana

12. Tidlig atferdsproblemer

0 poeng

– Truleg ikkje

13. Mangel på realistiske fremtidsplaner

1 poeng

– Kanskje, men ikkje verre enn at Håkon realiserte dei seinare.

14. Impulsivitet

1 poeng

– Han mista kontrollen overfor Tale og Arn

15. Uansvarlig atferd

2 poeng

– Ja

16. Tar ikke ansvar for egne handlinger

2 poeng

– Han la ofte skylda på andre

17. Mange kortvarige ekteskaps- eller samboerforhold

0 poeng

– Nei, men hadde eit forhold til Indiana

18. Ungdomskriminalitet

0 poeng

– Nei, ikkje det vi kjenner

19. Vilkårsbrudd

2 poeng

– Mange avtalebrot

20. Kriminell karriere med flere typer lovbrudd

1 poeng

– Kanskje, ialle fall vart han mistenkt for både valdtekt og drap for mange år sidan.

Sum

20 poeng

Vurdert etter PCL-R har altså Didrik fleire psykopatiske trekk, men er godt under den skåren som skal til for å tilfredsstille kriteriet for psykopati.

Sett med mine «dokterbriller» er det grunn til å tru at Didrik var sterkt prega av ei vanskeleg fortid. Vi kjenner mistanken om valdtekt og mord, men veit ikkje kva som skjedde. Uansett må dette ha vore ei stor påkjenning gjennom mange år. Han opplever så å bli «tvangspensjonert» av den kommande svigerdottera, med tap av status, identitet og roller som resultat. Denne situasjonen blir verre etter at han taper prosessen om laksevaldet. Han er uglesett i familien og i bygda, blir trakassert og nesten drept av folk i bygda. Han er åleine utan støtte av nokon. Han er krenka, ærelaus og makteslaus. I forsøket på å skape seg ei rolle, eit levebrød og litt status og respekt, møter han ein uforsonleg Håkon og ei sterk Ragnhild. Da blir han desperat, og både han og Ragnhild mister kontrollen. Katastrofen er eit faktum.

Å forstå Didrik som berre «vond», dvs. som ein kjenslekald psykopat, blir ut frå ei slik vurdering feil og framfor alt for unyansert. Utan å unnskylde alt han gjer, er det langt på veg mogleg å forstå den fortvilte situasjonen hans.

Ragnhild

Ragnhild er den andre hovudpersonen i «Medmenneske». Ho har også fleire ineressante karaktertrekk:

Stort sjølvbilde: Ragnhild har aldri hatt nokon far, og mora døyr før ho er åtte år. Da er ho gjetarjente hos Even og kona hans på Stavsund, og dei blir som foreldre for henne. Ragnhild har høg sjølvtillit alt frå ho er lita. Ein dagen kjem ho i skade for å tenne på ein liten lyng- og skogbrann:

Da kastar ho seg ned attmed ein stein og bed åt Vakkermannen, ho var 10 år den sommaren: - Du skal hjelpe meg, hører du! Gret gjorde ho ikkje, det såg ho no, hadde visst ikkje gjort det sia mora vart teki frå henne. Ho ropa og bad. Og hjelpa kom: tora slo over fjelle, og litt etter kom regnet høljande. Ho undrast ikkje over det den gongen.

Sia ein gong låg Beret, husmora hennes, og var sjuk. Ho såg dei venta døden. Og på Even såg ho at den måtte ikkje få komma. … Lenge streid ho imot, men så gjorde ho det, ho gjekk åt fjøse og kasta seg ned og bad. Ho bad Gud sjå´n Even der han gjekk, og tenke etter kor snild ho Beret hadde vore, … Da ho vakna morgonen etter, var Beret over det verste. Slik var ein den tida. …

(Medmenneske (10);36)

Og heile tida hadde ho havt den vona og vissa i seg, at ho trongs der ho kom. Ho tykte ho visste meir om kva von er enn alle ho møtte.

(Medmenneske (10);37)

Høge ambisjonar. Ragnhild har høge ambisjonar og set store krav til seg sjølv:

Aldri hadde ho set det klårare at ho var berre eit vanlig lite kvinnfolkkre, men det var inga årsaking for henne. …

(Medmenneske (10);66-67)

Før ho giftar seg, set ho som vilkår at Didrik, far til Håkon, må gi frå seg garden:

Det første ho gjorde, det var rart å tenke på det enno; ho fór dit og snakka med Didrik. Ho sa at utan Håkon fekk garen, flytta ikkje ho dit. Garen brydde ho seg elles ikkje så hardt om, ein gar er ingen helligdom, men for Håkon skulde det vera heimen og litt meir. …

(Medmenneske (10);37)

Seinare oppmuntrar ho Håkon til å sette i gang nedpå Stranda:

Men du veit, du burde rive ned heile kråkereiret her og bygge deg eit skikkeleg kvennhus, - du som har nevane til det og saga her like attmed. Det burde du.

Har du òg tenkt på det? Han såg opp i under på henne.

Nei, men eg tenkte at du hadde tenkt på det.

Eg har det. …

… - Gud gi du vilde klemme i veg! Brast det ut av henne.

(Medmenneske (10);13)

Løysingsorientert og handlekraftig. Ragnhild er både løysingsorientert og handlekraftig. Ho ser kor vanskeleg forholdet etter kvart blir mellom Håkon og faren og prøver å mekle så dei kan bli forlikte:

… eg kan ikkje anna enn halde med han; for han meiner det så vel (Didrik, forf. mrk.). Ho fresta tenke ut einkvart som kunde vera til hjelp, så han og Håkon forliktest og gjekk i lag til verke sitt. Ho tenkte ut mangt, men ho stansa ved det til slut, at einkvart skjer det som syner ein det rettaste. Bakom alt anna stod Vårherre. Fekk han bruk for henne, så fann han henne.

(Medmenneske (10);30)

Ragnhild prøver å snakke med Håkon om det som er vanskeleg:

Ho snakka om slaktinga, og ho snakka om bakinga, og han svara, det vanta ikkje det, men ho syntes han tagde like vel, at han gjorde seg til eitt med fienden omkring dem. Dette fann ho seg ikkje i, slett ikkje heller, ne-hei gu`! som Gammalfaster sa. Det måtte gå an å snakke her i garen òg, der det vart så mykje snakka.

(Medmenneske (10);33)

Ho prøver og å snakke med Didrik:

Ho kom i hug at no skulde ho ha snakka til han. Ho skulde i alle fall ha bedt han snakke til Håkon, så kom dei til å gå i lag med dette storverke sitt.

(Medmenneske (10);53)

Og seinare med Håkon igjen:

- I kveld skal du finne opp han og snakke med han. Vi skal ta oss til å snakke i kveld, det er ikkje for seint enno. Vi skal rydde huse for ufreskje i kveld. Du veit at eg gir meg ikkje. Eg trur for oss alle i hop.

(Medmenneske (10);101)

Impulsiv. Når Ragnhild går ut om morgongen for å hente ved, har ho ingen planer om å drepe Didrik. Reint tilfeldigvis møter ho Didrik, men når han provoserer henne sterkt, mister ho kontrollen, og «da visste ho berre at ho steig unda og at øksa fór i vêre» (Medmenneske (10);107). Dette var truleg ei impulshandling.

Kjenslekald? Ho viser få kjensler etter drapet på Didrik:

Det var uhuglig så lett dette, sa ho seg da ho tok øksa og gjekk. Korles det no går eller ikkje, han Håkon er uskyldig i det; det var ikkje han, san. Ligg i fred! No har verda vorte fri deg. Det kom sju år for seint.

… Håkon kom da Ragnhild hadde hogd ved og fått kjelen i kok. …

(Medmenneske (10);107)

… Ho gjekk ut og pumpa vatn til fjøse. Det drygde før Tale kom i dag.

Henne var det ikkje grand rart å sjå att. Dei gjekk omeinannan og hjelptest åt med fjøsstelle, det var for tidlig enno å gå inn. Rett som ho stod attmed henne vilde ho fortele at no var det slut med Didrik. Men i det same spurte Tale om ho hadde set noko til kallen.

Nei, er han ikkje heimkommen? Det var sagt så naturlig, at ho måtte undre seg sjøl. …

(Medmenneske (10);108)

… For ho kjente ho var herre over det som møtte henne. Det som hadde hendt, var forferdelig, ho undrast om der fanns menneske på jorda som kunde ha fortalt det; men ho åtte makta til å sjå det i auga, der kom ein varme innanfrå som heldt henne oppe, og sjølv veit kven som gav henne den. …

(Medmenneske (10);112)

Ho gjekk åt kammerse og såg på vesleguten. Ho stod lenge og såg på han; det var siste gongen ho såg han sov. Sia såg ho rundt i kammerse; det var siste gongen ho gjorde det òg. Så dyrverdige kan ikkje ting bli minders ein skal miste dem, undrast ho. Midt i dette kom ho i hug: ein mannsalder att-i tida vart slike som eg enten hengt eller halshogd. Korles hadde Håkon teke det? Ho såg på guten ein gong til.

(Medmenneske (10);136-137)

Når Tale møter Ragnhild, etter at ho har sona ferdig fengselsstraffa, snakkar ho om Hallvard:

- Men det blir ikkje folk av han! Tale hadde gråten i måle da ho sa det. – Det blir varg av han! Ragnhild var nær på å seie at det får stå i Skaparen si hand, men ho hadde ei minning frå før om at slikt sa dei ikkje.

(Ragnhild (10);208)

Da sa Ragnhild det, slik det var: At ho var død og borte frå all ting der nord.

(Ragnhild (10);208)

Håkon møter Ragnhild i byen:

Og enno hadde ho ikkje spurt etter Hallvard.

(Ragnhild (10);235)

Håkon vart nåmen, han kom i hug noko ho sa til han ein gong. «At eg ser ned på deg, det ber du ikkje», spådde ho.

(Ragnhild (10);237)

Ikkje lenge etter snudde ho seg til han og spurte: - Korles står det til med gutungen din, han er vel stor no? Ho visste at orde din vilde ta borti han. Det var meininga òg: han burde vita at ho hadde flytta over i eit anna liv. Han hørte vel at ho sa dette utan ei rørsle innvendig? Det var synd ja, mot naturen og ånden og kva dei vilde ha det til. Men det var ikkje hennes synd. …

(Ragnhild (10);237)

… Ragnhild sat der lysdæmd og still. Dei hadde ikkje set menneske så rolig i blikke, men kva såg ho for slag?...

(Ragnhild (10);238)

Ragnhild er tilbake på Stavsund i lag med Hallvard:

Han tjyvstirde på Ragnhild gong og annan utetter kvelden. Ho ser han, og seier med seg sjølv, at han der er ho mor for. – Eg merkar inga sjælsrørsle ved det, tenker ho. Nei nei, ingen ting å gjera ved det.

(Ragnhild (10);245)

Nei, men han var eit barn ho gjorde morlaus, her. Det er same synda som å ta liv.

(Ragnhild (10);245)

Ragnhild minnes tida på tukthuset:

Men ein og annan kvelden den første tida kom heimsjuka over henne. Det hendte ho gret. Ho kunde ligge og seie einkvart med Tale eller kven det var, og smått snufse ja; og så var det denne gutungen, ho var ikkje godtil å døy ifrå han på lenge. Ho døde da elles grundig nok, men det tok tid. …

(Ragnhild (10);249)

Hallvard såg ho lite til. Han heldt seg visst unda henne alt det han kunde. Ein gong såg han henne i auga, som eit lite vaksemenneske, og da ho snakka til han, såg han bort og hørte det ikkje. Det var ikkje noko under om folk var glad i borna sine. Men det måtte vera ei tungvori bør. …

(Ragnhild (10);249-250)

Einast vondt ho har lidd, var da han viste henne frå seg. Han har ikkje heilt glømt henne enno, det hendte her i garen. Nå ja, det var no inge langdrap, det stod av seg på nokre få døgn. Men åra etter har vore stutte mot dem.

(Ragnhild (10);258)

Kommentarar

Ragnhild har høge tankar om seg sjølv, har stor sjølvtillit og er ambisiøs både på eigne og på Håkon sine vegner. Dessutan er ho løysingsorientert og handlekraftig. Ho forstår konflikten mellom Håkon og Didrik og prøver å mekle, men utan å lykkast. Ho viser empati i mange situasjonar, men forstår lite av Didrik sin situasjon. Det var nok uvanleg, og eigentleg svært så freidig, da ho før ho og Håkon giftar seg går til Didrik, sin kommande svigerfar, og set som vilkår at han må gi frå seg garden. At ei kommande svigerdotter kjem og set slike vilkår, vil nok for dei fleste verke uhøyrt, men seier mykje om kven Ragnhild er.

Etter at Didrik og Tale har gitt frå seg garden, held Tale fram med å arbeide i fjøset. Ho har dermed fortsatt ein viktig funksjon i garden, mens Didrik opplever det som eit stort tap at Ragnhild nærmast har «trua» han til å gi frå seg garden. Didrik er både krenka, makteslaus, æreslaus og arbeidslaus. Det er frå denne situasjonen han vil prøve å reise seg gjennom å etablere mølle på stranda. Når han da møter ein uforsonleg Håkon, blir det ein så tilspissa konflikt at Ragnhild ved ei impulshandling tek livet av han.

Ragnhild har mange gode eigenskapar og vil i utgangspunktet det beste for alle, men å vurdere henne som representant for «det gode», i motsetning til «den vonde» Didrik, blir unyansert. Ho har svært så store tankar om seg sjølv, og er vand med å rydde opp og greie det meste. Når ho så føler at ho ikkje greier å ordne opp i konflikten mellom Håkon og Didrik, tyr ho til ei impulshandling som blir dramatisk. Ho viser liten empati for Didrik, og heller ikkje for dei andre ho har ført ulykke over med drapet, og vi høyrer aldri at ho angrar. I ettertid prøver ho å forklare drapet, bl.a. med at ho ville «spare» Håkon frå å gjere det same, noko som kan passe med det vi kallar rasjonalisering, eigentleg ei bortforklaring. Dersom vi prøver Ragnhild etter dei same kriteria for psykopati som vi prøvde for Didrik, får vi eit slikt resultat:

Ragnhild vurdert etter PCL-R:

1. Glatthet/overflatisk sjarm

0 poeng

- Nei

2. Storhetsideer om egne evner og betydning.

2 poeng

- Ja, ho hadde tidleg forestillingar om kor store evner ho hadde

3. Behov for stimulering/lett for å kjede seg.

0 poeng

- Nei.

4. Patologisk lyving.

0 poeng

- Nei.

5. Bedragersk/manipulerende

0 poeng

- Nei

6. Manglende anger eller skyldfølelse

2 poeng

- Ja, hos viste liten eller ingen anger etter drapet på Didrik

7. Grunne affekter

1 poeng

- Ho viste lite kjensler etter det som hendte

8. Ufølsom/manglende empati

1 poeng

- Ja, kanskje

9. Parasittisk livsstil

0 poeng

- Nei

10. Dårlig atferdskontroll

1 poeng

- Ja, kfr drapet på Didrik

11. Promiskuøs seksuell atferd

0 poeng

- Nei

12. Tidlig atferdsproblemer

0 poeng

- Nei

13. Mangel på realistiske fremtidsplaner

1 poeng

- Kanskje

14. Impulsivitet

1 poeng

- Ja, i alle fall da ho drap Didrik

15. Uansvarlig atferd

2 poeng

- Ja

16. Tar ikke ansvar for egne handlinger

1 poeng

- Kfr reaksjonen etter drapet på Didrik

17. Mange kortvarige ekteskaps- eller samboerforhold

0 poeng

- Nei

18. Ungdomskriminalitet

0 poeng

- Nei

19. Vilkårsbrudd

0 poeng

- Nei

20. Kriminell karriere med flere typer lovbrudd

1 poeng

- Kfr drapet på Didrik

Sum

13 poeng

Som vi ser har Ragnhild, i tillegg til mange gode eigenskapar, også ein del psykopatiske karaktertrekk, men ho skårar lågare enn Didrik.

Håkon

Håkon er den tredje hovudpersonen i dramaet på Stavsund. Han er gift med Ragnhild, og gjennom romanen bygger det seg opp ein konflikt mellom han og faren Didrik. Men forholdet mellom Håkon og faren er vanskeleg alt før Håkon og Ragnhild giftar seg og tek over garden:

Men der sit han far. Mot han er han verjelaus, no når han har gjort seg til herre over han. Han minns eit stygt hende dem imillom. Det var straks før han fekk garen:

… Faren går der blid og trygg og hundsar han: slik og slik; og Håkon tier og finn seg i det, som elles. Men best det er så finn han seg ikkje i det, han seier stopp. Faren spør i iskalde vondskap: - Jaså, må eg verkeleg jaga deg òg frå garen? Håkon svarar like kaldt: - Nei, stakar, det blir eg som jagar deg. Dermed skyt sinne opp i han, så han slær i bordet og går tett innpå far sit med knytt neve: - Gjer eg min rett no, da – da! …

(Medmenneske (10);40)

Ragnhild såg kor hardt det tok han, dette med faren. Han heldt av han, på sin måte, meir enn han sjølv visste, han hadde vore byrg av han, for Didrik var halden for beste hovude i bygda, og vilde han ikkje skjemmast av han så laut han hjelpe han no. Men da måtte faren komma til han.

(Medmenneske (10);50)

Forholdet mellom Håkon og Didrik blir neppe betre av at Ragnhild, mest truleg i samråd med Håkon, tvingar faren til å gi frå seg garden. Håkon er også ein stri person, han vil ikkje samarbeide med faren om møllebruket og saga nedpå Stranda. Han tek tak i Arn og lempar han ut og trugar faren ein gong (Medmenneske (10);40), men elles ser vi ingen teikn til at han er valdeleg. Når konflikten tilspissar seg, har han mest lyst til å rømme til Amerika (Medmenneske (10);100-101).

Drapstrugsmål og umenneskeleg-gjering. I løpet av handlinga får vi eksempel på at fleire uttaler seg sterkt om kva dei meiner bør gjerast med Didrik. Ein kan få inntrykk av at familien er med på å umenneskeleggjere Didrik. Halvsøstra til Håkon, Lea, er i konflikt med faren om eit lån han ikkje har betalt tilbake:

Eg skulde hit og ødelegge´n far vår. Får eg ikkje pengane mine no, og det på timen òg, da veit eg ikkje kva eg gjer med han – eg drep han!

(Medmenneske (10);45)

Ho Lea drap han far visst han narra henne denne gongen;

(Medmenneske (10);49)

Også Håkon får etter kvart eit hatsk forhold til faren, og er med på å «umenneskeleggjere» han:

… - Om einkvan uvetting gjorde som han var huga til, og slo han flat, så var det ikkje noko manndrap; for han er ikkje menneske no.

(Medmenneske (10);58)

Håkon, etter roturen da dei frakta Didrik til sjukehuset:

Han òg vart glad: men han vart redd seg sjølv, for no kjente han at heile tida med dei rodde båten og faren snakka så stygt, hadde han sitte og ønska det vart enden med faren, han var så ikkje eit rettelig menneske like vel. I alle fall hadde han vore like glad med kva som hendte. – Men er eg eit rettelig menneske, tenkte han, da er alle det. …

(Medmenneske (10);68)

… - Og kva vil du eg skal seie om´n far? Eg kunde gjera mangt for han. Eg kunde gjort det, men no tåler eg han ikkje lenger. Syner han meg vondskapen sin ein gong til, da veit eg ikkje kva som hender. Da var det betre om eg hadde rømt. …

(Medmenneske (10);101)

Etter at Ragnhild har drept Didrik:

… Men er der ikkje eingong blod i han? undrast ho. Var det likt! Nei da måtte han ha vore eit menneske da. …

(Medmenneske (10);107)

Denne haldninga både hos Lea, Håkon, Tale og Ragnhild tyder på at dei ser på Didrik mindre og mindre som eit vanleg menneske. Når Ragnhild, som på mange måtar er eit klokt og forstandig menneske, slær han med øksehammaren «av all si kraft», og etterpå konstaterer at «Nei da måtte han ha vore eit menneske da», kan det tenkast at den gradvise umenneskeleg-gjeringa har gjort drapet lettare.

Var drapet «nødvendig»?

Ragnhild meinte det var nødvendig «å berge Håkon». Dessutan «var verda no kvitt han» (Medmenneske (10);107). Dette er tankar som Ragnhild kjem med etter drapet og kan godt tolkast som rasjonalisering eller ei bortforklaring for å «legitimere» drapet både for seg sjølv og andre. Vi høyrer ikkje om slike tankar før drapet, drapet var ikkje planlagt den morgonen ho skulle ut og hente ved. Når Didrik provoserer, kan ho ikkje kontrollere seg og handlar på impuls.

Kor stor risikoen er for at Håkon skulle gjere faren noko, kan vi ikkje vite, men det er grunn til å tru at Håkon hadde ein høg terskel før han ville gjere faren noko.

Didrik oppførte seg på ein ufyseleg måte som alle mislikte. Sett ut frå hans situasjon er det kanskje likevel mogleg å forstå den vanskelege situasjonen han var i. Han var i praksis tvinga til å gi frå seg garden, han hadde mista status og identitet, hadde inga rolle verken på garden eller i bygda, hadde ingen funksjon lenger - hadde mista all ære både i familien og i bygda, og han hadde svært lågt sjølvbilde. Det var noko av dette han på ein desperat måte prøvde å vinne att.

Didrik hadde ein del psykopatiske trekk, men var ingen psykopat i eigentleg forstand. Han var ikkje utan empati. Etter at han var død, kom det opp rykte om at han hadde stått for ei valdtekt og eit drap for mange år sidan, men vi får aldri bekrefta dette. Han bruker makt mot Tale og mot Arn ein gong, elles er han ikkje valdeleg, men når han kjem med forslaget om å bygge mølle og sag på Stranda, møter han ein stri og uforsonleg Håkon. Ragnhild prøver å mekle mellom Håkon og faren, men har sjølv ei dobbeltrolle. Etter som ho er gift med Håkon, har ho naturleg nok si eiga interesse av at Håkon skal lykkast, og ho oppmuntrar Håkon til å satse ned på Stranda. Samtidig prøver ho å få til ei forsoning. Dette blir dermed ein dobbeltkommunikasjon, og meklinga mislykkast.

Sett utanfrå kan det verke nokså urimeleg at Håkon ikkje vil inngå avtale med faren, slik at dei kan lage eit felles prosjekt. Faren er over 60 år, og han vil uansett ikkje ha så veldig mange år igjen som yrkesaktiv. Kanskje er det slik at Håkon ikkje greier å samarbeide med faren fordi han er så vanskeleg, men vi kan likså godt få inntrykk av at Håkon ikkje vil dele «æra» og kanskje fortenesta med faren. I det heile verkar det som Håkon er nokså stri og lite kompromissvillig av natur.

Ragnhild opplever konflikten mellom Håkon og faren som svært vanskeleg. Ho har og store tankar om seg sjølv, ho er handlekraftig og vant til å kunne ordne opp (Medmenneske (10);99,101). Slik får konflikten ein katastrofal utgang når Ragnhild blir maksimalt provosert, bl.a. av at Didrik truar henne med at dei må rømme fordi han kan skulde dei både for drap på Gammalfaster og for forfalsking av testamentet hennar. Men drapet var ei impulshandling, det var ikkje planlagt. Dette er i tråd med den måten mange drap skjer på [5].

Etterpå unnskylder Ragnhild drapet med at ho hadde «redda» Håkon frå å gjere skade på faren, og med at no hadde verda blitt kvitt han (Medmenneske (10); 107). Dette verkar mest som eit forsøk på å bortforklare for seg sjølv, så ho kunne leve med det, men utan å verkeleg ta inn over seg det ho faktisk hadde gjort. Ho tilstår først når Håkon pressar henne til det.

Drapet på Didrik er eit resultat av ein konflikt mellom Didrik, som var desperat etter å gjenreise den tapte «æra» si, og ein stri og lite samarbeidsvillig Håkon, og Ragnhild, som forventa av seg sjølv at ho kunne «ordne opp». Ved ein meir moden reaksjon frå Håkon og Ragnhild kunne ein sjølvsagt ha tenkt seg fleire andre, ikkje valdelege utgangar på denne konflikten, sjølv om Didrik var vanskeleg. Å karakterisere Didrik som «vond» vil i medisinsk/psykologisk terminologi tilsvare ein psykopat, og det passar dårleg på Didrik. Det er ikkje umogleg at Didrik trass alt kunne ha endra seg eller kanskje gått med på eit kompromiss i den aktuelle konflikten. Lett ville det ikkje ha vorte for nokon av dei impliserte, men å konkludere med at drap var einaste utvegen, gir inga meining.

Frå ein medisinsk/psykologisk synsvinkel er drapet den verst tenkelege utgangen. Resultatet er ein katastrofe, ikkje berre for Didrik, men også for dei som er att: For Ragnhild, som må sitte i fengsel i mange år, og som «mistar» både mann, barn og heim i alle desse åra, for Håkon, som forutan å miste faren, også mistar kona i mange år, for Hallvard, som mistar mora i desse åra, og for Tale, som forutan å miste mannen sin, også får ei vanskeleg stilling på garden. Dessutan opplever dei alle sjølvsagt skamma som følger med ei slik drapssak.

«Det vonde drep du ikkje med øks», seier djevelen til Ragnhild i ein draum etter drapet. (Medmenneske (10);123). Det kan vere mykje rett i det, men først og fremst kan det vere lurt å tenkje over kven som er «vond» – om den ein tenkjer på verkeleg er så vond som det ein trur. Og er den som ein trur er «god», så god som ein først trur? Verda og menneska er oftare måla i gråtonar enn i svart og kvitt. Det kan vere ein god grunn til å vere forsiktig både med øksa og andre drapsvåpen.

14.5. Diskusjon

Ola Håberg, Martin Brudalen, Carolus Magnus, og Didrik, Ragnhild og Håkon Dale er seks markante personar i Duuns forfattarskap. Gjennomgangen i dette kapittelet viser kor samansette og komplekse desse personane er, og dei fleste er studert og analysert av litteraturvitarar før. Når eg ser på dei med «dokterbriller», er utgangspunktet litt annleis, blant anna fordi som lege må eg halde det tradisjonelt moralske aspektet på avstand.

Etter vanlege kriterier er Carolus Magnus ein psykopat, ein som alltid set seg sjølv i sentrum, som utnyttar dei omkring seg til eigen fordel, utan empati, og som har psykotiske periodar. Til slutt blir han så psykotisk at han må leggast inn på sinnsjukehus. Sett med «dokterbriller» er romanen er ein god illustrasjon på kor destruktiv og farleg ein psykopat kan vere, men som romanfigur er Carolus Magnus eindimensjonal, og blant alle Duuns sentrale romanfigurar er han kanskje ein av dei mindre interessante [6].

Martin Brudalen blir depressiv og i ein periode psykotisk, men her er noko av den utløysande årsaka religiøse førestillingar. I dei fleste romanane har Duun eit spark til «lesarane», og ein kan sjå livet til Martin Brudalen som del av dette.

Ola Håberg og Didrik Dale er på mange måtar ulike. Dei har og ulike roller i samfunnet, men på eit vis får dei ein felles skjebne. Begge er over lang tid utsett for grov hetsing og sjikanering, ikkje berre frå bygda, men også frå den nære familien. Dei får få eller ingen positive tilbakemeldingar, og det er ingen som eigentleg viser omsorg for dei; dei blir åleine mot «alle». Dette går ut over sjølvbildet og psyken. Ola går inn i ein langvarig depresjon, mens Didrik reagerer med opposisjon og trass. Som følge av både «bygdedyret» og «familiedyret» endar begge liv tragisk, men god og dramatisk litteratur blir det.

Jostein Holmen