i2

15. Samla diskusjon

Utgangspunktet for denne boka var eit inntrykk av at Duuns skildringar av sjukdom og uhelse kunne vere interessante ut frå eit medisinsk historisk perspektiv, og eg hadde som mål å studere nærare desse spørsmåla (kapittel 2): Korleis var sjukdomsmønsteret i Duuns litterære univers? Korleis opplevde romanfigurane hans sjukdom og uhelse? Kva slags syn hadde dei på medisinske hjelpemiddel, som for eksempel folkemedisin, dokter og sjukehus? Kva betydde andre forhold, som familien, bygda og samfunnet elles, for sjukdom og uhelse?

I dette kapitlet vil eg oppsummere dei viktigaste funna og deretter drøfte kva slags kunnskap vi i dag kan ta med oss når vi på denne måten bruker skjønnlitteratur som kjelde til medisinsk historie.

15.1. Hovudfunn

Sjukdom og uhelse var ein del av kvardagen

Det viktigaste funnet og noko av det som har gjort sterkt inntrykk på meg ved lesinga av Duun, er erkjenninga av kor nært Duuns litterære personar levde med sjukdom, ulykker og død i kvardagen. Handlinga i dei fleste romanane er lagt til omkring førre hundreårsskiftet, dvs. berre omtrent hundre år sidan, men kontrastane til dagens samfunn er store. Mens vi i dag tek det nærmast som sjølvsagt at vi får friske barn, har ei god helse til vi blir gamle og har tilgang til gode og effektive helsetenester, var ikkje noko av dette sjølvsagte ting for Duuns personar. Livet var utrygt på ein heilt annan måte enn det vi er vant til i dag.

Det sjukdomsmønsteret som Duun skildrar i litteraturen sin er for ein stor del prega av ulike infeksjonssjukdommar. Det er tuberkulosen i ulike former og ulike stadier som oftast går igjen, og han krev mange dødsfall, men også mange andre infeksjonar kunne vere alvorlege og kanskje dødelege. Dette var lenge før antibiotikaen kom, og lungebetennelse kunne vere dødeleg, på same måten som vanlege barnesjukdommar kunne vere alvorlege. Dødsfall hos barn og unge var ikkje uvanleg. Vi kan og lese om mange uønska graviditetar, om abortar, fødslar og fødselskomplikasjonar.

Psykologiske reaksjonar og mentale problem og sjukdommar er sentrale element i mykje av litteraturen hans. Han skriv også om alkoholisme og ulike grad av karakteravvik. Sjølvmordstankar og sjølvmord er også viktige tema.

Det er elles ei lang rekke andre sjukdommar og helseproblem som inngår i Duuns forfattarskap. Dessutan kan vi lese om familievald, oppsedarvald og oppvekstforhold som vi i dag ville kalle barnemishandling. Vi kan lese om korleis det var å bli gammal, om korleis tru, overtru og folkemedisin styrte livet til mange, men også om korleis ein meir naturvitenskapeleg basert medisin etter kvart kom i bruk. Dei tette bygdesamfunna som Duun skildrar gir inspirasjon og motivasjon for nokre av personane, men den klamme og til dels farlege kontrollen frå «bygdedyret» er elles til stades i rikt monn.

I det heile bruker Duun eit stort spekter av ulike helseplager og sjukdommar i litteraturen sin, men det fanst også nokre sjukdommar som Duun ikkje skildrar i det heile, for eksempel kjønnssjukdommar og lepra. Ved å samanlikne diagnosestatistikken i Duuns litteratur med opplysningar vi kan få om helsetilstanden i Ytter-Namdalen på slutten av 1800-talet og starten på 1900-talet, er det delvis samsvar. Det var tuberkulose og andre infeksjonssjukdommar som dominerte sjukdomsbildet i Ytter-Namdalen på Duuns tid.

Korleis folk opplevde sjukdom og uhelse

Hos Duun kan vi lese ikkje berre om at dei vart sjuke, men korleis dei opplevde sjukdommen. Mange av personane hans blir vi godt kjende med og kjem nært innpå, også når dei blir sjuke. Noko av det som kanskje er mest ukjent for oss som lever i dag, er dei langvarige og slitsame sjukdomsprosessane som tuberkulosen førte med seg. Vi høyrer ikkje berre om ulike symptom som hoste, blodig oppspytt, tung pust, slappheit og feber og feberfantasiar, men kanskje likså viktig er det korleis dei opplevde angsten, skamma, tabuiseringa, vekslinga mellom håp og motløyse og etter kvart resignasjonen inn mot sluttfasen og døden. Dessutan høyrer vi korleis menneska omkring den sjuke hadde det, med stell, nattevåk, hjelpeløyse og angst, i tillegg til korleis dei vart utslitne reint fysisk. Og det gjaldt ikkje berre tuberkulosen, men også for eksempel ved lungebetennelse, kreft, hjerneslag, fødselskomplikasjonar, difteri og andre barnesjukdommar. Dessutan er det mange eksempel på at det var mykje redsel og overtru knytta til døden.

Danel i «På tvert» er eit eksempel på korleis ein gut med ei funksjonshemming strevar med å kompensere for helseplagene og å skaffe seg ein plass i samfunnet, trass i plagene. I «Siste leveåre» viser Duun at også ein innbilt sjukdom kunne vere alvorleg nok. I «Sigyn» har han livaktige skildringar av korleis tannpina kunne opplevast – også det ei vanleg plage i tidlegare tider.

Redsel for graviditet er eit tema i nokre av romanane, men vi høyrer ingen ting om prevensjon. Uønska graviditet kunne vere alvorleg og dramatisk, særleg for jentene, som fekk sitte både med skamma og omsorga for barnet. Men vi høyrer også om fleire mødre som slett ikkje skamma seg på grunn av ein «lausunge», men tvert i mot var stolt av barnet. Vi kan lese om fleire spontane abortar, og også om nokre provoserte abortar, sjølv om dette både var straffbart og risikabelt. Fødslar og fødselskomplikasjonar har Duun skildra meir på avstand, sjølv om vi i «Carolus Magnus» har ei skildring av Martha som døyr av svangerskapsforgiftning. Elles var ikkje kvinnehelse Duuns sterke side.

Psykologiske konfliktar er sentrale i mange av Duuns romanar, og det kan vere ein glidande overgang frå normale psykiske reaksjonar til det vi i dag vil kalle psykisk sjukdom. Det er angst- og depresjonsplager som er mest vanleg, og vi kan lese om fleire som er suicidale. Det er ikkje minst dei personane som har psykiske problem og som kanskje har karakteravvik, som er interessante ut frå eit medisinsk synspunkt.

Dei helseplagene som Duun skildrar i sitt litterære univers, kan vi også lese om i medisinsk litteratur. Heldigvis er fleire av sjukdommane han skildrar i praksis utrydda i Noreg i dag, så dagens generasjon av helsearbeidarar har knapt sett fleire av desse sjukdommane. Dessutan blir det noko heilt anna å lese om korleis sjukdommen blir opplevd av pasientane og familiane enn å lese ein nøktern og kanskje nokså teknisk tekst i ei medisinsk lærebok. Det er ikkje minst her Duun kan lære dagens helsearbeidarar noko.

Bruk av dokter og andre helsetenester

I dei romanane som er lagt til slutten av 1700-talet og tidleg 1800-tal, høyrer vi ingen ting om dokter eller andre, meir moderne helsetenester. Ved sjukdom er folk overlatne til seg sjølve og er i mange tilfelle påverka av trua på vonde makter, finngann og ulike varsel. Folkemedisin og det vi i dag vil kalle overtru, var harde realitetar, og kristne førestillingar om synd og straff var ofte tilstades. I historier lagt til slutten av 1800-talet og først på 1900-talet blir dokteren ofte tilkalla når nokon blir alvorleg sjuk eller ved ulykker, men dokteren er oftast ein fjern person. Han blir som regel tilkalla seint i sjukdomsforløpet og kan sjeldan gjere noko frå eller til. I dei historiene som er lagt til 1900-talet, møter vi også sjukepleiarar ute på bygda. Fødslane skjer heime med hjelp av kvinner i familien og i nabolaget.

Fleire av Duuns personar blir innlagde på sjukehus, og nokre blir operert, men dei fleste med dårleg resultat. Alle som døyr av tuberkulose ligg heime utan noko særskilt medisinsk behandling, men i dei romanane som er lagt til 1900-talet er det stor tru på at kuropphald på sanatorier og helseheimar vil gjere folk friske. Trass i at mange personar i desse bøkene har psykiske problem, høyrer vi nesten aldri om at nokon kan få profesjonell hjelp for dette, men det finst unntak: Danel i «På tvert» er alvorleg redd for å bli innlagt på Rotvoll, men unngår dette. Carolus Magnus i «Carolus Magnus» blir innlagt på sinnsjukehus til slutt.

Når vi ser Duuns litteratur samla, kan vi altså følge utviklinga av synet på sjukdom og bruken av helsetenester over ein periode på over hundre år, frå det vi i dag vil kalle folkemedisin og overtru, til trua på det som var «moderne» helsetenester først på 1900-talet. Vi høyrer likevel sjeldan at behandlinga hjelper, enten det gjeld gammal folkemedisin eller meir moderne behandling. Det gjennomgåande trekket er at sjukdommen går sin ubønnhørlege gang.

Andre relevante tema

Sjukdom og uhelse oppstår ikkje i eit vakum. Korleis samfunnet rundt er, og korleis det reagerer når sjukdom og uhelse råker, kan bety mykje. Hos Duun er bygda sentral i mange av romanane, og vi høyrer nokre gonger at bygdemiljøet verkar positivt på helse og trivsel, men kanskje oftast kor trykkande og helsefarleg bygda kan vere. Kanskje er det særleg det tette miljøet, der dei fleste veit det meste om kvarandre, som kan vere ei psykisk påkjenning.

Vald var akseptert i større grad enn i dag, kanskje særleg mot barn. Oppsedarvald var sett på som ein nødvendig del av det å oppdra barn, og vi høyrer om mange slike tilfelle. Vi høyrer også om tilfelle av annan familievald, slåsskampar og overfall. Det er sjeldan snakk om å melde slikt til lensmannen.

Kvinnene hadde ei anna rolle enn det vi er vande med i dag. Trass i at vi blir kjende med mange sterke kvinner hos Duun, hadde kvinnene som regel sine gamle og tradisjonelle roller. I Duuns litterære univers var det oftast mennene som rådde.

Det er fleire tema Duun skriv lite om, for eksempel hygiene, mat og klede, men frå det vi veit gjennom andre kjelder er det grunn til å tru at hygienen var ganske dårleg, og at kleda var lite tilpassa det harde livet på sjøen. Maten var truleg nokså einsformig, og det var truleg også eit høgt forbruk av både tobakk og alkohol.

Noko av det som gjer eit sterkt inntrykk på ein lesar av i dag, er dei store sosiale skilnadene i Duuns bygdesamfunn. Dei fleste av Duuns litterære personar høyrer til det vi kunne kalle ein middelklasse, med bønder og fiskarar som dei meste sentrale. Dei har det dei treng av hus, mat og klede, og enda har dei litt til overs. Samtidig kan vi lese om rein og skjær fattigdom og svolt. Da det ikkje er noko anna sosialt tryggingsnett, må barn i mange tilfelle bli bortsett på bygda. Vi høyrer og om samar og tatrar, som ikkje blir «rekna med» i samfunnet, men som mest blir omtala som uønska element og truslar mot det etablerte samfunnet. Alt dette er moment som vil vere sjukdomsskapande i eit samfunn.

Alt i alt skildrar Duun bygdesamfunn som for nokre av personene var inspirerande og positive, men når vi ser på desse med «dokterbriller, var det mange sjukdomsskapande element i desse bygdene, og mange fekk lide for dette.

15.2. Å bruke «dokterbriller» på Duuns litteratur

Eit relevant spørsmål kan vere om det i det heile tatt er «riktig» og «forsvarleg» å studere litteratur med «dokterbriller», slik som eg har gjort her. Eit medisinsk perspektiv vil uvilkårleg innsnevre synsfeltet og kan ta inn berre ein del av alt det som Duuns mangfaldige litteratur vil formidle. Vil ikkje essensen i litteraturen bli borte med slik «partering» og «disseksjon» av stoffet? Vil det vere eit overgrep mot forfattaren og litteraturen hans?

Dersom målet var å drøfte dei store eksistensielle spørsmåla, som store delar av Duuns litteratur handlar om, ville slike argument vere relevante. Det er før skrive mange bøker og avhandlingar som har tatt for seg ulike sider ved Duuns litteratur, men knapt nokon har greidd å ta inn alle perspektiva hos Duun. Det er nettopp det som er kjenneteiknet ved dei mest interessante forfattarane - at dei kan lesast og studerast frå ulike perspektiv. Ein kan lese dei fleire gonger, og stadig kan ein oppdage nye og interessante sider ved personane og handlingane. Litteraturen kan bli både «partert» og «dissekert», han tåler dette godt, og utan at det er noko overgrep verken mot litteraturen eller forfattaren. Det er slik eg opplever Duuns litteratur.

Difor, når eg nå har studert ei side ved Duuns litteratur og har sett på han med «dokterbriller», er eg sjølvsagt klar over at eg på denne måten har oversett mange andre og viktige aspekt. Eg har her tatt allmennlegens og samfunnsmedisinarens rolle. Eg er utdanna og har hatt yrkeskarriera mi på siste del av 1900-talet og starten på 2000-talet, dvs. omtrent hundre år etter den tida som handlingane i dei fleste av Duuns romanar er lagt til. Den legeetikken som gjeld i dag føreset at ein lege skal ta i mot og behandle alle pasientar på like vilkår, og han/ho skal sette diagnosar og behandle ut frå objektive kriterium og beste medisinske skjønn.

I dag finst det internasjonale diagnoselister, og eg har tatt utgangspunkt i ICPC-2 i ein del av arbeidet her, men omgrep som vondskap, umoral, synd og skam, som er viktige tema hos Duun, finst ikkje i det medisinske vokabularet eller i diagnoselistene. Det moralske perspektivet, som dei fleste Duun-studiane drøftar, høyrer difor ikkje med når eg her ser på litteraturen med «dokterbrillene» mine. Dette blir særleg tydeleg når eg ser på nokre av dei mest karakteristiske personane hos Duun, som for eksempel Didrik, Ragnhild og Håkon i «Medmenneske». Som lege prøver eg å forstå kvifor personane handlar som dei gjer ut frå eit medisinsk, psykologisk og kanskje sosiologisk perspektiv, utan å sette moralske merkelappar på dei. Eit underliggande motiv for ein lege er at ein på den måten vil prøve å finne måtar å hjelpe personane på, kanskje slik at konfliktar ikkje blir verre. Tolkingar med eit slikt utgangspunkt kan difor bli nokså annleis enn det dei fleste tidlegare Duun-forskarane har publisert.

15.3. Skjønnlitteratur som kjelde for medisinsk historie

Faglitteratur er naturlege kjelder til historieskrivinga. Men kva med skjønnlitteratur – kan det brukast som truverdig historisk kjelde? Schiøtz drøftar dette:

Trass i at det handlar om fiksjon, er truleg skjønnlitterære verk dei rikaste kjeldene om vi vil gripe pasienterfaringane. … … Det som særmerkjer dei gode diktarane, er nettopp evna til observasjon og innleving. Dei set ord på det ordlause, dei appellerer til sansane våre, og dei opnar for innsikt og nye måtar å tolke liv og sjukdom på. … [1]

Også Kjelstadli meiner at skjønnlitteratur kan brukast av historikarar – på visse vilkår. Han siterer Edvard Bull d.y. (1914-1986) som skal ha sagt dette:

… «litteraturen gir opplysninger om menneskers opplevelser av sin tids virkelighet, om konvensjonelle holdninger, meninger og moralbegreper. Den kan gi kunnskap om «ytre ting», og den kan ses som uttrykk for den ideologiske påvirkningen som fortidas mennesker ble utsatt for». … [2]

Kjelstadli fortset:

… « Men å bruke litteratur må ikke skje for direkte og naivt rett fram. Skjønnlitteraturen er jo ikke en direkte avspeiling av virkeligheten, men fiksjon. Om bevisstheten vår er en bearbeiding av de erfaringene vi har gjort i livet, er en skjønnlitterær framstilling enda en ny runde med bearbeiding. I denne bearbeidingen påvirkes en forfatter av tidas stilidealer, av sjangeren, av det han mener er publikums forventninger, av muligheten for å få solgt boka. Skal en få tak i forfatterens primære erfaringer, må slikt «ryddes unna »». Dessuten må vi spørre: Hva representerer forfatteren? Et stykke på vei viser han eller hun en tid eller et visst miljø. … Videre må vi stille kritiske spørsmål ved litteratur som ved andre kilder: Hva slags bok er det, hvorfor er den skrevet? Hvor godt kjente forfatteren emnet? … Og: Hvem skrev forfatteren for? Kjente leserne emnet, slik at det her lå en kontroll? For opplysninger om konkrete detaljer kan dårlige kolportasje- og kioskbøker være like opplysende som mesterverkene. Men den gode litteraturen trenger vi for å kunne leve oss inn i livene i fortida, for å få «økt menneskekunnskap», som Edvard Bull d.y. sa » … [2]

Når vi skal vurdere Duuns litteratur som kjelde til medisinsk historie, bør vi difor også sjå kritisk på desse spørsmåla.

Helse og sjukdom som tema i skjønnlitteraturen er ikkje nytt. Mange norske forfattarar har skildra helse, sjukdom og helserelaterte tema i litteraturen sin. Også det å bruke litteratur som kjelde til medisinsk historie har ein lang tradisjon. Noko av det vanlegaste har vore personlege historier i form av for eksempel dagbøker, brev og sjølvbiografiar (memoarlitteratur), ofte frå folk som ikkje er profesjonelle forfattarar. Det kan og vere profesjonelle forfattarar som greier å skildre eigne opplevingar på ein måte som gir god innsikt i sjukdommen, korleis den sjuke opplever tilstanden, og korleis familien og hjelparane rundt handterer situasjonen.

Eit klassisk eksempel på litteratur som gir god innsikt i helse og sjukdom er «Ivan Ilitjs’ død» [3], der Leo Tolstoj (1828-1910) greier å skildre korleis Ivan Ilitsj går frå å vere ein frisk og respektabel borgar til ein sårbar og nedverdiga pasient, utstøytt både frå samfunnet og familien, før han til slutt døyr, 45 år gammal. Eit anna eksempel er Amalie Skram (1846-1905), som i to bøker skildrar korleis det var å ha ein psykisk sjukdom og vere innlagt på eit «sinnsjukeasyl» («Professor Hieronimus» og «På Sct. Jørgen». 1895) [4, 5]. Knut Hamsun (1859-1952) har også med nokre skildringar av helse og sjukdom i «Markens grøde» (1917) [6]. Johan Bojer (1872-1959) er eit eksempel som er nært Duun, ikkje berre i tid, men også i geografi. I «Den siste viking» (1921) [7] skildrar han fleire medisinske tilfelle, blant anna korleis Per Suzansa opplever å få påvist lepra, og korleis Elezeus Hylla døyr av lungebetennelse mens dei er ute på fiske. Han skildrar også helserelaterte tema som mat og klede, og han har også ei detaljert skildring av kor brutal fattigdommen kunne vere (vedlegg 1).

Eit anna eksempel på memoarlitteratur som er relevant også for Duuns litteratur, er Dag Skogheim (1928-2015) [8]. Han skildrar korleis det var å ha tuberkulose ut frå eigne erfaringar. Han vart innlagt på ein tuberkuloseinstitusjon som tenåring og fortel korleis han opplevde forholdet til andre pasientar, mange på hans eigen alder. Han fortel og om forholdet til personalet og den strenge sjukehuskulturen, han skildrar skamma og tabuiseringa ved det å ha tuberkulose, og ikkje minst fortel han kor sterkt inntrykk det gjorde å oppleve at medpasientar døydde. Mykje av det Skogheim fortel stadfestar det Duun skildrar, for eksempel i historia om Marjane («Marjane» og «I ungdomen») og i fleire av Duuns personar i Juvikfolke, som for eksempel når Peder («Storbrylloppet») og Elen, mor til Odin («I ungdommen»), blir sjuke og døyr.

Fiksjon eller realisme?

Duuns litteratur er først og fremst prega av dei store eksistensielle spørsmåla, som livet, kjærleiken og døden, og det er først og fremt måten han har skildra desse som gjer han til ein stor forfattar. Duun var ein ordkunstnar og greidde også å skildre folkelivet på ein god måte, og han har mange naturskildringar. Det overordna målet for forfattaren Duun var sølvsagt på denne måten å formidle estetiske opplevingar til lesaren. Dette er grundig drøfta av mange Duun-kjennarar, frå Rolv Thesens bok frå 1942 til nyare biografiar og avhandlingar [10-13]. Likevel, bortsett frå Hovstads artikkel om Juvikfolke [14], er det få som har lagt stor vekt på dei medisinske skildringane i Duuns litteratur.

Duun skil seg ut frå mange andre forfattarar ved at mange av skildringane hans er detaljerte, han ser sjukdommen eller helseproblema frå den sjuke og familien si side, og skildringane verkar ofte truverdige, medisinsk sett. Rett nok har han nokre stader tatt seg litt dikterisk fridom, som når Danel fot i «På tvert» står rett ut, mens det hadde vore meir truverdig dersom foten hadde vore vridd innover, som ein klumpfot. Det finst og mange stader der han skildrar at ein person blir «kvit» eller «raud» i ansiktet av psykiske påkjenningar, men dette må tilskrivast kontoen for litterære verkemiddel, og det øydelegg ikkje hovudinntrykket av at skildringane hans av dei ulike helseproblema er interessante ut frå eit medisinsk perspektiv.

Fleire biografar skriv dessutan at Duun generelt skreiv ut frå eigne erfaringar. I pamfletten «Det norske syn» i 1926 skreiv Duun at dersom kunstnaren skal ha noko å formidle til andre folk enn sitt eige, må han ta utgangspunkt i sitt eige tradisjonsgrunnlag. For kva skulle han elles ha å skrive om som ikkje andre folk visste betre av seg sjølve? Og skal ein ha evna til å ta til seg lærdom frå andre, må ein først vere trygg på sitt eige utgangspunkt [15]. Det er difor fleire ting som tyder på at Duuns skildringar ligg nært opp til verkelege hendingar. Denne realismen i Duuns litteratur gjer at han er meir interessant ut frå ein medisinske historisk ståstad enn det mange andre forfattarar er.

15.4. Duuns skildringar av helse og sjukdom - i perspektiv

Dei levde i si tid

Når eg les Duun, er det sølvsagt fare for at eg, med min medisinske bakgrunn og mine livserfaringar mange tiår etter at Duun levde, tolkar litteraturen ut frå mitt 2019-perspektiv. Dette kan bli både feil og kanskje urettferdig. For å få eit meir tidsriktig perspektiv på Duuns litteratur, er det nødvendig å prøve å sjå litteraturen ut frå den tida som handlingane er lagt til.

Som drøfta i kapittel 1, hadde folk enno langt ut på 1800-talet førestillingar om helse og sjukdom som hadde røter tilbake til den antikke humoral-læra, samtidig som trua på folkemedisin og overnaturlege krefter var viktig. Frå andre halvdel av 1800-talet var det ei rivande utvikling innanfor naturvitenskapen, så Duun opplevde i si tid overgangen frå mange av desse gamle førestillingane til ein meir naturvitenskapeleg basert medisin og utbygging av helseinstitusjonar utover 1900-talet. Denne utviklinga er avspegla i litteraturen hans: Tidleg på 1800-talet låg Per Anders i naustet Løssi Langnatt, møtte «Svartmeisk», fekk lungebetennelse og døydde, mens både han og familien hans såg mange uhyggelege varsel («Juvikingar»). Finngann var ein reell fare. Dåret setertaus, mor til Danel i «På tvert», ville verken ha dokter eller vekke folk midt på natta «berre for at ho skulle stryke med». Ved sjukdom var det stor grad av fatalisme, der sjukdommen måtte gå sin gang. Mange sette sin lit til Vårherre, mens langt færre såg ut til å stole på dokteren. Men seinare, i dei romanane der handlinga er lagt til omkring 1920-1930 («Siste leveåret», «Ettermæle» og «Samtid»), høyrer vi at det var vanleg å få seg undersøkt hos dokter, og at det var viktig å bli innlagt på sjukehus eller komme til ein tuberkulose-institusjon.

Andre sider ved Duuns samfunn var for eksempel dei store sosiale skilnadene, synet på vald i barneoppsedinga, manglande tilgang på prevensjon, kvinnene si stilling, manglande vernetiltak under arbeidet og manglande redningsutstyr på sjøen. Alt dette var harde realitetar for dei som levde på den tida.

Vi kan lære om «gamle» sjukdommar

Når eg i dag les Duuns litteratur, er det fleire moment som er interessante ut frå ein medisinsk historisk ståstad. Eit slikt moment er at Duun skildrar fleire sjukdommar som i dag er meir eller mindre utrydda i Noreg:

Tuberkulose er den sjukdommen som oftast går igjen i Duuns litteratur. Dette er ikkje unaturleg, etter som tuberkulosen tok mange liv, ikkje minst mange unge liv, i Duuns levetid. Sjukdommen var på retur alt på 1920- og 1930-talet, og etter at det kom både effektiv antibiotikabehandling og effektiv førebygging mot tuberkulose frå 1940-talet og utover, kom tuberkulosen nesten bort [16]. Resultatet er at det i dag er få norske legar som har opplevd alle dei ulike fasane av tuberkulosen, og særleg ikkje slike seige dødsprosessar hos unge menneske som vi kan lese om hos Duun (eks. Peder i «Storbrylloppet» og Elen i «I ungdomen»).

Tyfoidfeber (nervefeber) har vore årsak til alvorlege epidemiar, truleg i fleire hundre år, og enno på Duuns tid kunne tyfoidfeberen vere dødeleg. Gjennom førebyggande tiltak som god hygiene og vaksine, og ved antibiotika og symptomatisk behandling, er tyfoidfeber ikkje eit stort problem i Noreg i dag [17].

Difteri var ein ikkje uvanleg dødsårsak hos barn og unge på Duuns tid, og vi kan lese om fleire slike tilfelle. Etter siste verdskrig har det knapt vore registrert difteri i Noreg [18].

Kikhoste kunne på Duuns tid vere alvorleg, og var ein ikkje uvanleg dødsårsak, særleg hos små barn [19].

Svangerskapsforgiftning er ikke ukjent heller i dag, men ei sentral oppgåve for svangerskapsomsorga i Noreg i dag er nettopp å førebygge og oppdage svangerskapsforgifting (preeklampsi) på eit tidleg tidspunkt. Difor er det neppe nokon norsk lege i dag som har opplevd dødsfall av svangerskapsforgiftning, slik vi kan lese om i «Carolus Magnus» når Marta døyr.

Duuns til dels detaljerte skildringar av korleis desse sjukdommane kunne arte seg, gir eit anna bilde enn når vi les om dei same sjukdommane i ei medisinsk lærebok. Vi skal ikkje meir enn nokre timars flytur sørover før fleire av desse sjukdommane er daglegdagse også i dag.

Med dagens perspektiv

Når vi samanliknar samfunnet i dag med det samfunnet som Duun skildrar, har det skjedd mange og slåande endringar. På mange område har det skjedd forbetringar, men vi må nok erkjenne at vi også i dag har utfordringar:

Livsstilen , dvs. måten vi lever på, er i dag nokså ulik den Duuns personar hadde. Det gjeld ikkje berre den generelle levestandarden, men også for eksempel hus, klede, hygiene, mat, drikke, og også fysisk og sosial aktivitet. Den gjennomsnittlege levealderen har auka frå 50-60 år i 1900 til over 80 år i 2018 [20]. I dag er overvekt, fysisk inaktivitet og einsemd blant folkehelseproblema. Dette høyrer vi lite om hos Duun. Alkoholen førte derimot med seg mange problem i litteraturen til Duun, og det same gjeld i minst like stor grad i dag, samtidig som vi nå har fått andre rusproblem i tillegg [21, 22].

Infeksjonssjukdommane er i dag under kontroll på ein heilt annan måte enn på Duuns tid. Det gjeld også tuberkulosen. I dag, derimot, opplever vi at antibiotikaresistensen er eit veksande problem, og vaksinemotstanden er aukande i nokre miljø. Dei mest pessimistiske har difor spådd at vi om ei tid kanskje kjem i omtrent same situasjon som tida før vi hadde antibiotika og vaksiner. Da kan vi kanskje få oppleve situasjonar omtrent som dei Duuns personar opplevde på hans tid. Det er og eit tankekors at tuberkulose slett ikkje er utrydda globalt, slik WHO hadde som mål for nokre år sidan. I 2017 vart det registrert over 160 000 tilfelle med tuberkulose. Aktiv behandling og vaksine er viktig, men det er grunn til å tru at fattigdom er eit underliggande problem [23, 24].

Synet på barneoppseding har endra seg dramatisk. Mens Duuns personar såg det som del av ansvaret deira å gje ungane ris, er dette nå straffbart. Barnevernet er nå utbygd i alle kommunar, så barn blir tatt vare på og ikkje sendt på bygda på meir eller mindre tilfeldig vis, som på Duuns tid. Vi opplever nå at det er for få fosterforeldre, at barnevernet ofte kjem til kort og stadig er utsett for kritikk. Det kjem dessutan rapportar om at angst og depresjon hos unge blir meir utbreidd.

Kvinnenes stilling er nå heilt annleis enn på Duuns tid, både rolla deira i yrkeslivet og i samfunnet elles, og dei har i dag ein heilt annan kontroll over svangerskap og fødslar.

Eldreomsorg. Hos Duun er det familien som har ansvaret for dei eldre, men ikkje alle har familie som kan ha omsorga, så da blir dei sendt gardimellom på legd. I «I ungdommen» høyrer vi at bestemor Åsel vil ha bygd ein «gammelheim» for «fattige gamle», og «I stormen» har barnebarnet Odin fått realisert dette. Denne historia er lagt til tidleg på 1900-talet, og er det første teiknet på at ei offentleg eldreomsorg var på gang. I dag tek vi dei offentlege tenestene meir eller mindre for gitt, men om det offentlege vil greie utfordringane i åra framover, kan vere usikkert, og dette blir stadig debattert. Kanskje vil familien igjen få eit større ansvar for sine gamle.

Utviklinga av helsetenestene er eit av dei områda der det har skjedd mest etter Duuns tid. Stikkord er antibiotika, vaksiner, utdanning av fleire legar og anna helsepersonell, utbygging av sjukehus, ny teknologi for undersøking og behandling og effektive medisinar. Dette har gitt eit anna syn på helse, sjukdom og død enn det Duuns personar hadde. Dei levde tett på sjukdom, ulykker og død og var stort sett overlatne til seg sjølve. I dag kan vi nærmast ta for gitt både avanserte og rimelege helsetenester og det å ha ei god helse til langt opp i alderdommen.

Tannhelsa er betre i dag, så tannpine, som Duun også har skildra, er langt sjeldnare. Men det er uro, særleg for tannhelsa til dei eldre, og tannhelse er enno ikkje kome under dei offentlege refusjonsordningane på linje med andre helsetenester.

Psykiske problem var vanlege hos Duuns personar og er vanlege også i dag. Mens det på Duuns tid var familien som hadde ansvaret for dei som hadde psykiske problem eller var psykisk utviklingshemma, og utan noko profesjonell hjelp, har vi i dag fleire spesialiserte profesjonar og moderne sjukehus og medisinar. Likevel er mange, både unge og eldre, plaga med angst og depresjon [25], og sjølvmord er også i dag eit vanleg fenomen, både hos unge og eldre [26, 27].

Arbeidslivet på Duuns tid var prega av stor risiko for liv og helse, ikkje minst når dei var på sjøen, og vi høyrer om mange og alvorlege ulykker. I dag er arbeidslivet regulert på ein heilt annan måte, det er større og langt sikrare båtar, og dei som er på sjøen har GPS og ekkolodd, og dei kan følge med vérmeldingane kontinuerleg, for eksempel på Yr.no. Likevel er det mange som druknar kvart år, arbeidsulykker er ikkje sjeldne heller i dag, og det er stadig bekymring over at mange barn ikkje lærer seg å svømme.

Klassesamfunnet som Duun skildrar måtte på mange måtar vere eit sjukdomsframkallande samfunn. Utbygginga av velferdssamfunnet etter andre verdskrig reduserte dei store klasseskillene, og samar og tatrar er vortne integrert på ein annan måte enn dei var i Duuns litterære univers. Men det er i dag på nytt uro for at dei sosioøkonomiske skilnadene blir større. Vi har også i dag minoritetsgrupper som ikkje er godt integrerte i storsamfunnet. Det beste eksempelet på «utgrupper» i dag er kanskje romfolket som sit og tigg på gatene i dei fleste byane.

Synet på helse og sjukdom . Hos Duun les vi om ulike syn på helse og sjukdom. Vi kan merke arven frå den antikke humorallæra, redsla for finngann og anna overtru, eit kristent religiøst syn med sjukdom som straff for synder, og også meir moderne, naturvitenskapelege synspunkt. Ein kunne kanskje tru at synet på helse og sjukdom i løpet av dei knapt hundre åra sidan Duun hadde utvikla seg i ein meir rasjonell retning, parallelt med utviklinga av den naturvitenskapelege medisinen. Så enkelt er det ikkje. Eit rikt utval av «alternative» behandlingar har utvikla seg til ein blomstrande industri [28, 29]. Kanskje kan den aukande sekulariseringa forklare noko. «Er det Gud vi saknar?» har vore eit tema, der ein har drøfta det religiøse basisbehovet hos alle menneska. Når vi har «pensjonert» Vårherre, er det fritt fram for alternative forklaringsmodellar. Det «rasjonelle» og naturvitenskapelege synet på helse og sjukdom blir berre ein av fleire modellar [30].

15.5. Konklusjon

- Studiet av Duuns forfattarskap ut frå ein medisinsk historisk ståstad gir eit godt innblikk i fleire av dei store folkehelseproblema på Duuns tid.

- Duun gir mange og nære skildringar av korleis folk kunne oppleve sjukdom, ulykker og død. Vi får innsikt i kor tett folk levde med sjukdom og uhelse i kvardagen, og vi får personlege og subjektive skildringar som ein vanlegvis ikkje får frå medisinske lærebøker. Fordi han skildrar fleire sjukdommar som i dag nærmast er utrydda i Norge, kan litteraturen hans gje kunnskap til helsearbeidarar også i dag.

- Gjennom Duuns litterære univers, som strekker seg over meir enn hundre år, kan vi følge korleis folk såg på og møtte sjukdom og ulykker, kva dei trudde på og stolte på. Vi kan og sjå korleis dette endra seg frå dei eldste juvikingane først på 1800-talet, til dei meir moderne romanfigurane på 1900-talet.

- Duuns forfattarskap gir også på andre måtar innblikk i eit samfunn som på mange måtar var ulikt vårt samfunn i 2019.

Jostein Holmen