i2

4. Bygda

Bygda spelar ei sentral rolle i dei fleste av Duuns romanar. Han skildrar ofte små bygdesamfunn der dei fleste veit det meste om kvarandre, og der det er eit tett samspel mellom individ, den nære familien og bygdesamfunnet. Dette samspelet kan vere på godt og vondt. Nokre gonger verkar bygda som ein stimulans og inspirasjon til innsats, andre gonger kan bygda vere som ei klam, truande og kvelande hand, slik at det kan gå ut over både liv og helse. I dette kapittelet vil eg ta for meg nokre sider av bygda, slik Duun skildrar henne.

4.1. Klassestrukturen

Den delen av Duuns litterære univers som vi blir godt kjente med, strekker seg over ein periode på godt over hundre år, dvs. frå tidleg 1800-tal (Per-Anders i «Juvikfolke») til 1930-talet («Samtid» og «Menneske og maktene»). Eit trekk ved det samfunnet som Duun skildrar er klassestrukturen, eit sosialt hierarki som ligg som ein overbygnad over dei fleste romanane. I dag er det velkjent at store sosioøkonomiske skilnader kan bety mykje for helse og sjukdom. Det er difor interessant å studere dei ulike klassane i det samfunnet som Duun skildrar. Det er naturleg å dele Duuns samfunn i seks klassar: 1) Embetsstanden, 2) Bønder, 3) Fiskarar og fiskarbønder, 4) Lærarar/handverkarar/arbeidarar, 5) Husmenn, plassfolk og andre fattige, og 6) Samar/finnar og taterar/farkar.

Embetsstanden

I Duuns romanar står embetsstanden, som presten, dokteren, dyrlegen og lensmannen, øvst. Dei er med i mange av romanane; likevel er det få vi kjenner namnet på eller blir godt kjent med. Men det er nokre unntak: Anders Håberg (Blind-Anders), som blir som ein høvding i bygda, har eit godt forhold til både den gamle og den unge presten, og dei er gode samtalepartnarar for Anders («I blinda»), men vi får aldri namnet på dei. Eit unntak er når Frigg («Det gode samvite, Yngste ætta») går til familielegen, doktor Wibe, for å få legeattestar. Dette er den einaste legen Duun skildrar så nært og personleg (kapittel 13.3).

I romanen «Harald» er folkeskolelæraren Harald forlova med Sara, dottera til gamaldokteren. Dette blir ein kulturkollisjon mellom «vanlege folk» og dei «kondisjonerte», eller overklassen, først og fremst representert ved dokterfamilien. I eit selskap hos dokterfamilien tek Harald eit oppgjer med dei «kondisjonerte» og slær opp med Sara (Harald (4); 20-26). I eit brev til Sara like etterpå skriv han:

… Ikkje berre det at mor di er av storfolk, og at far din vil vera det, nei, det verste er at du er som du er. Du er fin. Heilt gjennom fin er du, og Gud velsigne deg for det; men eg er så grov og ufin, at det kunde du aldri tru før du hadde vori gift med meg i lang tid. …

(Harald (4); 30-31).

Også Petra (Harald (4);50) og naboen Ola (Harald (4);109) gir uttrykk for at dei er ulike dei frå overklassen. Dokteren og familien hans er altså her representantar for overklassa. Nydokteren får for eksempel laga ein seglbåt, dvs. ein fritidsbåt, noko som nok var eit framandelement i eit fiskarmiljø, der båtar var til nyttebruk. (Harald (4);113)

Elles er representantane for overklassa skildra nokså upersonleg, og vi får difor inntrykk av at dei er ganske fjerne og distanserte frå folk flest, og dei har heller ikkje sentrale roller i romanane.

Bønder

Det er bøndene i Juvika, på Håberg og dei andre gardane som er dei mest dominerande personane i Duuns dikting. Dei er ofte hovudpersonar og har ein solid status i samfunnet. Det gjeld for eksempel Per-Anders i Juvika og Per Håberg («Juvikingar»), (Blind)-Anders («I blinda»), Per Håbjørn på Bjørland og Lars på Lines («Det gode samvite»), Torleiv Svennem på Svennem («Straumen og evja»), Håkon på Stavsund («Medmenneske», «Ragnhild», «Siste leveåre») og Justin Bunese («Gud smiler»). Dei kan ha sin problem å stri med, og nokre går også konkurs (Torleiv Svennem og Håkon på Stavsund) og får dermed eit alvorleg statusfall, men i det store og heile har dei ein trygg posisjon i samfunnet.

Fiskarar og fiskarbønder

Mange av hovudpersonane hos Duun er fiskararar, ofte kombinert med gardsdrift. Sjølv om fisket kan gje stor inntekt, og sjølv om heile samfunnet på mange måtar er avhengig av fisket, får vi inntrykk av at fiskarane har litt lågare status enn bonden.

Lærarar/handverkarar/arbeidarar

I Duuns persongalleri er det fleire personar som statusmessig er i ei mellomgruppe. Dei tilhøyrer verken embetsstanden eller bonden/fiskarbonden, men har likevel ein respektabel posisjon i bygda. Det gjeld for eksempel lærarar som Sigyn og Thekla i «Sigyn», Harald i «Harald», klokkaren Ola Håberg og handverkaren Otte i «I ungdommen». I siste del av Juvikfolke møter vi også industriarbeidaren som tek opp den meir moderne «klassekampen» mot fabrikkeigarane i «I stormen».

Husmenn, plassfolk og andre fattige

Dei er det mange av i Duun litteratur, og dei står langt nede på rangstigen.

Samar/finnar og taterar/farkar

Desse står aller nedst.

Ut frå eit samfunnsmedisinsk perspektiv er det dei gruppene i samfunnet som er nedst på den sosiale rangstigen som ofte er mest interessante, både fordi dei vanlegvis har størst helserisiko og fordi det er dei Duun fortel mest om. Eg vil difor drøfte deira situasjon nærmare.

4.2. Husmenn, plassfolk og andre fattige

Husmenn, plassfolk og andre fattige får sjeldan nokon positiv omtale hos Duun. På garden Juvika bur Per og Jens først på 1800-talet, men Jens er ikkje så nøye med kor han fér:

Jens var nedi Skare, ein plass nedmed sjøen, på nordsia, det var ikkje mange stega dit. Dei nedi Skare var berre så midt i lage til folk, og Per vilde helst kalle de ratpakk, late og svoltne, og ureinslige i kjeften; men der var Jens, og der var han ofte. …

(Juvikingar (5);86)

… berre ein grankvist til klinka …

Duun skildrar ofte ein krass sosialrealisme, der fattigdom først og fremst er ei skam: I «Marjane» er husmannsguten Helge frå Breistranda hovudpersonen. Han har vore glad i Marjane frå storgarden Håberg heilt frå dei gjekk på skolen. Han har truleg sett korleis dei bur på ein storgard og opplever kontrasten til fattigdommen heime:

Det kunde ikkje nokon tru kor vondt det var å koma heim for han. Det var så lågt under loftet, inne, og so myrkt og trongt. Fyrr gådde han det ikkje. Og stygt av han var det å tykkja soleis, han visste det, men kunde inga råd for det. – So syrgjeleg stilt som det var. Han vann snart ikkje draga anda. … Og so mor, som gjekk ut og inn og stulla og småskjende på ungarne og klaga yver at det var mjøllaust eller vedlaust; - ho hadde alltid noko å bera seg for. Småungarne, dei var snørutte og svarte; dei ylte og peip og stellte stova til som eit fjøs, beint fram, …

(Marjane (1);16)

Ein dag kjem Marjane til Breistranda i lag med ein løytnant og ei jente, noko Helge syntes er svært pinleg:

Ho var i fylgje med den lange fine mannen i hermannsbunaden og so ei framand gjenta. … Mora gjekk i ei lortutt kvit trøya og sund stakk; håret hadde ho i tafsar ned i andlitet. Klædesplagg og ymse anna låg strødd utyver det skitne golvet. Ei sur og fatig lugt fyllte romet. Han hadde set det fyrr òg, men aldri slik som no. Det var liksom det brende seg inni sjæla, - han kjende det som eit svidande, blødande sår.

(Marjane (1);62)

Når løytnanten byr på dram og spør om glas, blir det enda verre:

Hadde ho eit par glas, so.

Glas …. Ja, det kom meir an på. Ungane var so fæle. Men uppi loftsglaset var der visst eitt, - det var alltid sundt, men for det so. – Helge, spreng ætt’ de’ du! – Ongan’, sjer du, ongan; dæm sler soinnt aillt som e’. Det siste av brudlaupsglasa deira.

(Marjane (1);63)

Og i Breistranda er dørklinka berre ein grankvist:

Det var berre ein grankvist til klinka, såg han, ein kvist med borken på; og det skar han som ein kniv.

(Marjane (1);97)

Dette er den nakne og skamfulle fattigdommen, skildra av ein som ser kontrastane i bygda.

Brutalt klasseskilje

Historia om Sigyn («Nøkksjølia» og «Sigyn») inneheld også krasse sosiale skildringar. Alt i innleiinga får vi høyre at mora til Sigyn, Sigrun, dotter til lensmannen, først har gifta seg med Ingbrigt:

kleinare kar enn Ingbrigt gjekk det ikkje i to skor der i bygda…

(Nøkksjølia (2);7)

Kort tid etter kjem Sigyn til verda. Ingbrigt gjer underslag på postkontoret, blir fengsla og henger seg kort tid etter. Mora reiser til byen og giftar seg oppatt snart;

… storveges godt gift og. …

(Nøkksjølia (2);7)

Det viser seg at mora er gift med dokter Gulbranson, som har praksis i byen (Nøkksjølia (2);37), men han må ikkje få vite at mora har eit barn, så Sigyn blir avvist av mora.

Trygge fosterforeldre

Hos Duun er «husmann» og «fattigfolk» oftast skjellsord, men det finst unntak. Når Odin kjem til Kjelvika og møter Bendek og Gurianna, blir dei to skildra på ein varm måte, sjølv om Bendek er ein småtjuv og Gurianna kan verke litt skummel for ein sjuåring:

Gurianna var like svarthærd, kor lenge ein såg på henne, og litt kaldt var det å sjå på henne, ho var ikkje ulik ei farkkjerring som hadde vore innom på Vennestad eingong,

(I eventyre 6);151)

Odin blir i Kjelvika i fleire år, og i det store og heile blir Bendek og Gurianna skildra som trygge og varme menneske.

… berreste ei husmanns-førkj …

Nokre år seinare kjem også Lauris til Kjelvika, og ein kveld er Odin og Lauris på seisjøen:

… Da sa Odin, med dei kvilte på årane: Er det ikkje rart at det skal vera som avgjort førut kven vi skal ha? … Det bli no berreste ei husmanns-førkj på dæ da, sa Lauris

(I eventyre (6);230)

Odin får problem når det blir kjent at han har vore på lemmen hos Karen-Anna frå Jørnstranda, ein naboplass til Kjelvika, alt før han var konfirmert. Det er Kristine som kommenterer dette:

«Låg du verkeli i lag med a Karen-Anna da? Du e guten du! Men ho e berre eit husmannsjåltre, Odin!»

(I eventyre (6);251)

… det luktar fattigfolk …

Fleire år seinare går Astri Håberg og Odin heim i lag etter julfesten. Astrid synest det er så tomt og stilt, ho skulde ønske det kunne hende einkvart:

Tenke over det først! Det kan dei andre gjera, dem bry eg meg ikkje om, det luktar fattigfolk av dem, og det er det verste eg veit. Men slik er ikkje du, Odin,

(I ungdommen (7);19)

Etter at Odin er vorten vaksen, arbeider han med våronna på Håberg. Han har hjelp av dei som tidlegare har vore husmenn. No er dei sjølveigarar, men det verkar ikkje som Odin har veldig høge tankar om dei:

… Husmennene, hadde vore, var der mykje godt i onna og hjelpte til. Det var no som før, at når Håberg skikka bud på dem, så kom dei visst dei kunde; men no gjekk dei for dagpengar. For Odin var dei husmennene like vel, han tenkte ikkje ansles over den tingen. … Men lystra gjorde dei. Odin såg etter dem der dei gjekk. …

(I ungdommen (7);57-58)

Det er også eit klart skilje mellom ein bonde og «ein vanleg arbeidskar, ein utor plassane». Etter at Lauris har kjøpt hus i Håbergvågen, kjem han av og til opp til Håberg om kveldane:

Han var ein velkommen gjest, enda ein kunde merke at Åsel sette han berre jamsides med ein vanlig arbeidskar, ein utor plassane. …

(I ungdommen (7);98)

Storkarar og småfolk

Når Astri og Lauris på Håberg får det fjerde barnet, er det barnedåp. Fadrane ved barnedåpen er viktige, men det går fram at dokteren og dyrlegen blir rekna som ei eiga klasse - dei tilhøyrer «storkarane», så dei er ikkje med. (I stormen (7);166)

Lauris set ut rykte om at han har vore i lag med Ingri, kona til Odin, i Nordland, før ho og Odin var gift, og Engelbert, som er fagforeiningsmann på fabrikken, fortel dette til Ingri. Odin blir da så rasande at han styrer seg ikkje, og han jagar Engelbert slik at han må springe på sjøen. Odin trur først han har teke livet av han:

… «Og’n Engelbert han har æ jaga på sjø’n i kveld, i aftes, rettar sagt. Høyri du det, Ingri?...

Han såg det for seg, alt han nemte, men han tenkte ikkje over at han låg og sa det. – Her skulde har vore kosta i bygda! Småfolk, seier dei. Eg har sagt det mange gonger: Eg hatar det orde. Det er eit stygt ord. Men no har det snudd seg, no må eg til å bruke det. Alt saman har snudd seg, og eg er på andre sida. Ho Astri og ‘n Lauris, dei ser eg på småmanns-sida, eg trur snart eg ser heile bygda der. Men da vil eg heller rømme. Dei skulde settast i tjor eller bås. Eg ser det no: det er slik over heile lande. Det er slik no ei tid. At det skulde komma til å sjå ut slik for meg da!

… Astri ja, ho er aristokrat. Ho ser både opp og fram, ho er skapt til mor for ei stor slekt. Men morsinnstinktet, det har småfolka òg, det er plebeiisk, har eg lese, det dreg ned. …

(I stormen (7);257). …

Her definerer Odin både Engelbert, Lauris og mange andre som «småfolk», som bygda skulle ha vore «kosta» for, mens han ser seg sjølv «på den andre sida». Det er tydeleg at Odin er bevisst på sin eigen status.

… største skarvane skal høgast henge …

I «Ragnhild» høyrer vi om Lea, halvsøster til Håkon på Stavsund. Ho mister mannen sin, Morten, på sjøen, og har ingen ting å leve av, så ho risikerer å hamne på «fattigkassa». Håkon besøker henne:

… - De er vel redd eg kjem på kassa dykkar no? Nei, born, så glad i live er eg no ikkje heller …

… Dykk andre hadde vi ikkje noko hop-hav med, de hang på ein spikar høgare opp, som rett var, største skarvane skal høgast henge. …

(Ragnhild (10);169)

Vi les at Lea og Morten har plassert seg sjølve i ein annan klasse enn Håkon, som er bonde på Stavsund.

Brutal fattigdom

Også i «Ettermæle», som i tid er plassert rundt 1918, er det eksempel på brutal fattigdom:

Kilius var på lag fattigaste menneske i bygda, etter det folk visste og såg. Ingen kunde ha tenkt seg så snau ei stue, eller så gamle klæplagg på ein menneskekropp. Han ser ut som han fekk mat i fjor ein gong, vart det sagt.

(Ettermæle (11);70)

Men det finst eksempel på at bøndene viser omsorg for fattige folk. I «Medmenneske» tenkjer Ragnhild på ei husmannsenke og barnet hennes og går dit med mat. (Medmenneske (10);51)

Novella «Gapstokken» er ei historie om fattigfolk som er redde for å bli til spott i bygda – gapestokken er eit symbol på dette, men dei er så stolte at dei heller blir tjuvar enn å be naboen om hjelp. Så opplever dei at dei ikkje blir sett i gapestokken, men får hjelp utan å tape for mykje ansikt. (Gapstokken (9);201-207)

… Fattigfolk skal vera fattige dei …

Historia om Borghild og Arne i «Menneske og maktene» handlar om ei mor som reiser frå barna sine, og det handlar om fattigdom, svolt og mishandling av barn over mange år. Etter at mora har reist frå dei, reiser dei nordover til mostra si, men blir sett i hardt arbeid, samtidig som dei får for lite mat. Arne prøver å opponere, men det er ikkje lett, for «fattigfolk skal vera fattige dei»:

Borghild visste loven deres: Fattigfolk skal vera fattige dei, for det er dei. Dei andre ikkje. … Med kvart lo ho til dem, for det hørtes som dei ville sope ned stjernene med ei kalverompe og strø ut til armoda. Meir hjelpte det vel heller ikkje om Arne protesterte mot uloven deres. Men det var friskt at han gjorde det, kor som var.

(Menneske og maktene (12);206)

I same boka blir Borghild kjent med Roald som bur i Øyvære, og til slutt blir både ho og Arne med dit. Etter at Borghild kjem til Øyvære, legg ho på seg og blir «som eit anna kvinnemenneske». (Menneske og maktene (12);223) Til slutt blir dei så berga ut av den håplause situasjonen hos mostra og mannen hennes.

Fattigdom, mobbing og hemnlyst

Justin i «Gud smiler» blir mobba på skolen og får mykje å hemne, men når han blir stor, finn han ut at han heller vil bruke vettet:

Han heitte Justin, men da han var liten og gjekk på skolen, la dei på han namnet Stakars Per. Han fann seg i det, etter kvart: han var ikkje anna enn ein stakars krok. Ein fattigmanns-unge, … Dei var leie mot han dei andre skolebarna. …

… Ei stor lang gjente la på han utnamne, enda det var ho han likte best av alle i hop. Han trøsta seg med at han skulde hemne henne når han vart stor. … Men da han vart stor da hadde han så alt for mykje å hemne han såg ikkje syn for å gå i gang. Da brukte han heller vette. …

(Gud smiler (11);113)

Hersing med fattigfolk

Novella «Bedehuse» er ei historie om korleis rikfolk og bedehusfolk kunne herse med fattigfolk. Likevel blir det ein slags rettferdig slutt på historia. (Bedehuse (9);195-201)

Men i «Medmenneske» er Didrik på desperat jakt etter pengar, slik at han kan investere i prosjektet sitt på Stranda. Da kastar han brutalt ut fattigfolk som har budd i eit hus han har eigd i fleire år:

Neste dag tok Didrik vegen vestetter att, der han fòr dagen før. Han åtte husa på ein liten gar-part som låg øde. Der hadde det leigd seg inn ein mann med huslyden sin, ein skulde aldri ha set slik ei umengd med stygge ungar. No var det eitt av to: enten kjøpte han stua, eller så laut han ut. Her den førre dagen fekk han ikkje mote til å snakke med han. Kroppen var nøydd til å kjøpe, eller rettare sagt, bygda laut kjøpe, for kor skulde dei elles gjera av han?, Ein måtte som sagt til å føre saka si sjøl. Han var innom fattigordføraren og kunngjorde korles det stod til med han som aldri betalte. Han fekk berre ein vantruen smil til svar. Han venta seg ikkje meir heller.

(Medmenneske (10);59)

andre fiendar hadde han frå før, og dei siste dagane hadde han fare fram som ein tyrk: han hadde hivd ut ein huslyd som hadde budd fritt hos han i fleirfaldige år;

(Medmenneske (10);60)

«Gammelheim» for fattige gamle

Tidlegare var fattige gamle nøydde til å gå på legd, og vi høyrer fleire eksempel på dette i Duuns litteratur:

… Bina Risnese dreiv garden på den måten, at ho hadde to legdekallar for betaling, lite grand utretta dei, og så leigde ho karshjelp for dei skillingane ho hadde for dei. Ein tre fire gonger om åre truga ho dei med å seie dei opp, men gjorde det aldri. …

(Or gamal jord (1); 298)

I «Medmenneske» høyrer vi om Tull-Beret som går på legd gardane mellom (Medmenneske (10);67), og i «Hilderøya» blir Tull-Nils og broren hans, Sivert, bortsett for betaling (Hilderøya (2);277). Men i slutten på «I ungdommen», like før ho døyr, høyrer vi om at bestemor Åsel meiner det bør byggast ein gamleheim. (I ungdommen (7);137)

I gravølet etter Åsel vil Odin ha med seg folk til å sette Åsel sitt ønske ut i livet, men blir mest gjort til latter. Åsel døyr kanskje omkring førre hundreårsskiftet, og da er tanken på å bygge ein gamleheim enda ny og ukjent, slik at Odin møter motstand. Når vi møter Odin nokre år seinare, har han likevel fått bygd gamleheim («den store fattigkassa på Vennestad») i tillegg til mykje anna, som nyveg, bank og sildoljefabrikk (I Stormen (7);169). Korleis han har greidd alt dette, høyrer vi lite om.

4.3. Samar/finnar

I dag heiter det «same», men på Duuns tid var det vanleg å bruke ordet «finn», eit omgrep som på den tida var nøytralt (jfr for eksempel Finnemisjonen). I Duuns romanar møter vi mange finnar, og bortsett frå Solvi blir dei alle omtalt i negativ samanheng. Ordet «finn» blir dessutan brukt i mange ulike samanhengar, og ofte som skjellsord [1].

Finngann var farleg

Den første juvikingen vi blir godt kjent med, Per Anders, levde på slutten av 1700-talet og tidleg på 1800-talet. Han var kjent bl.a. for å ha trossa finngann, men elles var folk redde finnane, for dei kunne ganne og føre sjukdom og ulykker både på folk og dyr. (Kapittel 13)

… Det e da berre finn, Anders. …

Sonen til Per Anders, Per, og Valborg bur på Håberg i første halvdel av 1800-talet. Dei har to gutar, Anders (seinare Blind-Anders) og Petter («I blinda»). Til Håberg kjem det besøk:

… Det var Petter som var fram att, han og eit par andre gutpåkar. Det var ei fattigkjerring dei hadde for seg, ei halvvori finntøykje, som fór og smått tagg; finn var ho no elles ikkje, men ho var kona til han Halt-Andrias inni Engdalsmarka. Ho kom smettande om stallnova, hadde vore i kjøkene hos forgongsfolke og fått i panken sin, og no hadde dei fanga førkjungen hennar i eit taug og vilde draga av med henne. Dei skulde berre skure av henne finnhamen, let dei, ho gjorde ikkje vera redd. Mora snakka vislig til dem, men sistpå saud det over for henne; det var vel det at gjentungen gret.

(I blinda (5); 139)

Det er storebror Anders som må gripe inn:

… men Petter vart ståande og flire like skyldlaust som han pla gjera.

«Finn, finn!» ropa han, til kjerringa var nær på å ryke i lufta; snudde seg så til broren, liksom han strauk ut alt som gale var. – «Det e da berre finn, Anders!» …

(I blinda (5); 140).

… - Han hadde tenkt på den litle finnveikja: Det var no vel hunden til liv å vera finnunge slik, når ein kom fram i bygda. Kanskje dei hadde einkvart heime å trøste seg med; ein kattunge eller ei gjeit, men lel så. Ho kunde få ein liten speiel av han, kom ho slik ein gong…

(I blinda (5); 140)

Her viser Anders empati for samejenta, og nokre år seinare er denne samejenta, eller finnveikja Solvi, vorte ei vakker jente som Petter blir interessert i:

… ho var det mest velskapte kvinnfolkemne Petter hadde set; og han hadde set på dem alle i hop. Kring hoftene og midja var ho teinrund, og føtene slikt slag, - når ho sprang, måtte ein tru ho hadde fjører under dem; halsen og den vesle barmen kunde ta sømnen ifrå ein, ansles visste han ikkje å seie det. Andlete var eit grand vêrbare, men elles var ho kvit i holde som det gildaste kristen-menneske. Auga dei var brune, to kvikke, blanke dropar, som undra seg og blunka og såg midt imot ein, det eine litt mindre enn det andre, slikt eit par underlege auga under lyse bruner og lyst hår. Dei var så innerlig truhjarta, og så gode, men visste ei mengd likevel, og fulle av lått og trøyheit var dei. Petter meinte det måtte vera godt som umulig å gjera dem noko større vondt. Og slikt eit hår da, til å henge i eit tre etter. …

(I blinda (5);160)

… læt finn vara finn …

Vakker er ho, men knapt rekna som eit kristen-menneske, og Massi åtvarar Peter mot å gå til Solvi:

«Gå beinast heim, du Anders - du Petter, vil æg sei – så e du gromgut da. Og læt finn vara finn, om dem e aldri så vakker.

(I blinda (5); 158)

Han vilde sjå Solvi lel. Ho fekk vara finn så mykje ho vilde. Finn var ho no elles ikkje, faren var halvfinn berre, og mora var garmannsdotter ovant sjølve Grong, det hadde Anders fått greie på med han var der og handla hest. Hadde dei nokon gong set finn med lyst hår?

(I blinda (5); 159)

Petter er redd faren til Solvi, Andrias, og han orkar ikkje klappe hunden. Også elles blir plassen der Andrias og Solvi bur, skildra som både utriveleg og uhyggeleg, der det også finst overnaturlege krefter:

Petter gjekk aldri så langt at Andrias fekk sjå han. Han var redd kallen. Hundetassen kom gneldrande oppover, men da han kjente kven det var, tagde han og kraup. «Du gjer dæg finn-blid no,» sa Petter, «tynn som ´n Gammel-Sjur, når dem mana´n utgjennom nøkkelhole. Ja, vâr dæg fer folk, det sei æg dæg.» Hunden vilde ha klapp, men Petter herde ikkje ta i han.

(I blinda (5); 159)

Ho (Solvi) hadde eit lite raudt snøreliv, som ikkje gjekk att, og eit lite stubbskjørt med bot i bot, og elles berre serken, men han var uventande kvit. …

I blinda (5); 159-160)

… « Men kom inn lel, ska du sjå; æg hi strødd osplauv på golvi, og krita muren, osså hi vi fått omn – ka?

Nei Petter vilde ikkje. Ho fekk skynde seg å mjølke gjeite-teksene, så låg han her så lenge.

Men da krydde han full av orm og øle, her var tjukt av det slage.

Gjorde ikkje far hennar åt for slikt da? Han som var så grov til å ganne?

«Ikkj å sei det der!» bad ho.

(I blinda (5); 160-161)

Dermed tok ho gjeitene og fôr, dei hang etter henne liksom det aldri skulde finnast gjeit i dem. … Han visste elles om kor brennsnar ho kunde vera når det stod om, reint som ho trolla det til; denne snuen i kroppen hennar, det var liksom du såg oteren i straumen.

(I blinda (5); 161)

Solvi får også god attest av Massi:

Det var det, sa Anders, at Petter fór her og rak og vasa seg av til denne finn-tøykja inni marka.

Hm-hm! Ja kvifor ikkje det? Ho Solvi var ei gromtaus det; ho hadde vore her mange gonger og hjelp til, og nokon likare hadde Massi aldri havt. Og slik vakker unge da – vakker som synda.

(I blinda (5);162)

… eit folkmenniskj ho Solvi ò …

Men Anders vil hindre at Petter har kontakt med Solvi, og vil hente han heim:

Kvistar som kom i vegen for han, braut han tvert av. «Finnlus og fark!» murra han.

For resten, det vilde han seie. Veikja var bra nok. Ho var alt for god å han trasen. Han hadde set henne med kirka; det var ei gulldokke . …

(I blinda (5);162-163)

… « Ho e no eit folkmenniskj ho Solvi ò, ska du hus-på.»

(I blinda (5);163)

Snart blir også Anders interessert i Solvi:

da han spurte om kva dei levde av her inni marka. Men ho svara stilt og beint fram på det. Faren gjorde hornskjeier og anna smått og selde, og ho spann litt for folk, og med kvart var ho borti garane og hjelpte til med eitt eller anna. Anders visste at dei tagg aldri no, og han vart reint laus i andlete med han hørte på henne.

(I blinda (5);164)

Solvi tener seinare i prestegarden, og Anders ser henne i kirka:

Ho var i full stas, hadde ein lys, fin kjole på, og ein kvit krage kring halsen. Det hadde gjort henne til eit nytt menneske, eit som ein måtte ha.

(I blinda (5);167)

Dette utviklar seg slik at Anders og Solvi snart skal gifte seg. Da snakkar Petter og Massi om finnbryllopp, neppe eit kompliment:

Dei hadde det orde der i grenda, at eldstjerner på gryte og jarn varsla for finnbryllopp; for slik på lag dansa dei der.

(I blinda (5);170)

… som dei hadde fått ei kaldvassbøtte utover seg. …

Det blir eit sjokk for folk i bygda at Anders skal gifte seg med finn. Massi er i kjerka når det blir lyst for dei:

… Han veit ikkje skam! sa Massi. Han går forlate meg som han skulde ha gjort ei stor gjerning. – Det har han no òg, det, sa Ola, han var reint varm i måle. Folke i kirka såg ut som dei hadde fått ei kaldvassbøtte utover seg.

(I blinda (5); 170)

I brylloppet kjem det også kommentarar:

… - At det skulde komma finnblod inni Juvikslekta da. – Ja da er ho tørst.

(I blinda (5);172)

Men Solvi er ei vakker brur:

Dei kunde ikkje anna seie, enn at ho lyste som ei sol for altere, og dagen etter, da ho kom i nykånna-kjolen og huva, var ho enda vakrare. Ho hadde slik lykke i kring seg; ho vermte som sommardagen der ho kom.

(I blinda (5);172)

Og etter brylloppet viser det seg at ho også er flink med arbeidet på garden:

Det raraste var, kor visshendt ho tok i med arbeide i garen. … Ho fann rommet sitt med ein tirøygd smil. … Handlage hennar smøygde seg inn og tok eit tak i han så han (Anders) vart forandra . …

(I blinda (5);173)

Solvi blir altså omtala på ein svært positiv måte, motsett av måten samane elles blir skildra hos Duun. Det er likevel knytta forestillingar om overtru, ganning og ulykker til samane, og framgangen til Anders og Solvi blir brukt mot dei. Samtidig som det går bra med Anders og Solvi på Håberg, blir det nemleg berre sjukdom og elendigheit i Engdalen, der Massi og Ola bur. Snart tek det til å gå rykter om finngann, og at det er Solvi og faren hennes som står bak. Det endar med at Anders jagar Solvi og vesleguten Per ut av garden. Dei tek båten, kjem ut for steinskreia og druknar. (I blinda (5);185-188)

… Berre ein finn …

I «Medmenneske» har dei dugnadsfest på Fagernese hos Morten og Lea, men Paul er for full til å spele:

… I staden hans spela Finn-Jørgen, ein skamdrukken finn som rak i garane med ymse finn-arbeid. Folk sa han var sviken i kjærligheita; han var gråtande ulykkelig når han var påskjenkt. Da dikta han det han spela, tok det beint utor hjarte, vart det sagt, og ofte murra han og song attåt, når sorga vart han for nærgåande. Her i lage skulde han ikkje ha vore, tykte dei, men Lea var ikkje den som viste vekk nokon.

(Medmenneske (10);61-62)

Seinare, etter at Didrik er drept, fortel Morten til Håkon at Didrik ein gong vart mistenkt for eit drap:

… - Kven var det han drap? spurte han endelig.

Berre ein finn, og langt nord i ville Finnmarka, utanfor kristendommen og alt. Men for Vårherre, og for loven, blir ein da mordar av slikt òg, veit du.

Og så fortalte han korleis det hang i hop. Didrik var skylda for noko stygt, for valdsferd mot ei halvvaksi gjente, men han var uskyldig. Der var berre eit vitne som hadde set Didrik på den kanten om kvelden, ein finnkall, men ein slik skapning kan sverja på svarte løgna, han er ikkje døypt eingong. Gjenta hadde ikkje fått sjå valdsmannen. Så fann dei kallen dau nedi fjæra ein morgonen, han hadde fått ein kakk i hovude av noko hardt. …

(Medmenneske (10);132)

Fattigfinn ovant fjella …

I «Gud smiler» foregår deler av handlinga på storgarden Sevaldstad. Også dit kjem det ein same, som dei tydelegvis gjer narr av:

Litt etter kom der ein finn rekande. Han bad om mat først, og sia vilde han få ligge på låven. Dei torde ikkje ha nokon liggande på låven, men han skulde få sengrom som eit anna menneske. Han var ein fattigfinn ovant fjella, fortalte han, skulde til byen, på sjukehuse, og bli operert for prokk, som han sa. Kan hende det var kreft òg, la han til og smilte.

Brokk eller kreft, finnkallen skulde ha sjenk. Han tykte det same sjølv. … … Finnen spurte best det var: - Er det sant dei er så fæle med folk på sjukehuse? At dei auser vatn på naken kropp? Han såg forfæld på dem.

(Gud smiler (11);182)

Om natta blir det ein dramatisk låvebrann, og det er usikkert korleis brannen starta. Så kjem dei på at finnkallen overnatta på låven, så da har dei forklaringa:

… - Finnkallen, vart det sagt. Ja var han på låven no, da vart han der. Men nokre av dei første som kom til gars kunde fortele dei hadde set han, ein liten hjulbeint ein som nøsta og sprang her ifrå, … (Gud smiler (11);266-267)

… Finnkallen berga dem. Dei fann han på sjukehuse, og han tilstod han hadde ligge på låven, men han var full, da han hadde mist pipa si, og så visste han ikkje meir før høye brann ikring han, det var så overhendig kor det brann! …

(Gud smiler (11);272)

«Finn» som skjellsord

Fleire stader blir finn brukt som skjellsord:

… --- Nei å hjelpe ´n Martin, det er som du hivde ein finn ned i eit tomt helvet, det. He?

(Samtid (12);18)

… Ungdommen hadde vore meir brydd, for her skulde det gå fint for seg, og ingen vilde vera finn, …

(Storbrylloppet (6);105)

Justin Bunese var der med nykona si. Ein finn måtta ha ganna det på han.

(Samtid (12);121)

4.4. Taterar

Ei anna gruppe som ikkje blir «rekna med» i samfunnet som Duun skildrar, er taterar eller farkar, som dei òg blir kalla, og det verkar som det var lett å gi taterane skylda når det var gjort noko gale:

Så no visste alle korles det var …

I «I blinda» får Petter, bror til Blind-Anders, jobben med å male kjerka. Men han fuskar med malinga, og dette oppdagar Anders. Først tek Anders kontakt med handelsmannen, Hallstein, som har levert malinga til Petter. Han skuldar Hallstein for å ha levert dårleg maling, og seier han opp:

… Han vilde ha han unda. Han hørte ikkje til her, og fark var her nøgda av før. …

(I blinda (5); 243)

For ikkje å bli avslørt, tenner Petter på kjerka. Etterpå er det spekulasjonar om korleis varmen har komme opp:

… Men morgonen etter kom den tidna til gars, at der hadde fare eit fark-følje, eit heilt båtlag, og dei hadde vorte utvist i prestgaren og hadde lova ilt da dei fór. Så no visste alle korles det var. …

(I blinda (5); 251)

… ihopkoka av storkar og fark …

I «Sigyn» kan vi lese om at det er julelag hos Marta Brønnes, svigermora til Sigyn:

… han Henrik årelatar sat uti kjøkenet og duppa. Fela hadde han med støtt. Han hadde kome raklande her ikveld og hørt etter om hus. Ho hadde lovt han det, endå Sigyn var imot det. …

--- Sigyn hadde ikkje set Henrik sea den gongen i haust, da han stemte blode i Elias. Dei hadde skiltes som gode venner, men då han kom her ikveld, kvakk ho med det same. Han var no òg så mager og fæl, det var reine beinrangle som var ute og drog seg. Og så var det det, at han skulde vera i slegt med henne, på farsida. Ho var ihopkoka av storkar og fark, ho kom då ihug den ting, men det var ikkje stort trøysamare å bli mint om det slik for det.

(Sigyn (2);158).

Mor hennes skulde vera av bra folk …

I «Gud smiler» høyrer vi om Gurina:

Gurina var dotter til eit taterlag i bygda. Mor hennes skulde vera av bra folk. Ungane vart bortsett for betaling, men straks Gurina var konfirmert rømte ho sin veg. … Ho hadde vore så fin i hamleten, men no var ho så brunskjoldut som ein fisk. Ho hadde vore på fiskberge nordanfor, hadde gått der i sol og vind og tørka fisk, og vêre hadde tørka henne med. Ikkje dokteren heller visste noka råd for det.

(Gud smiler (11);229)

Ikkje berre er ho av taterslekt (sjølv om mor hennes skulle vere av bra folk), men er også så brunskjoldut som ein fisk.

4.5. Negrar

Hos Duun er det få som har vore i kontakt med folk frå andre land, og det er berre nokre stader vi høyrer om folk med mørk hudfarge. I «På tvert» er folk samla i butikken til Danel, og Normann kjem fram og ser på kjoletøyet som Danel legg fram:

… Var det brokty, dei såg på? ja, det trong han òg – skulde dei kanskje ta seg kvar-sitt? Det skulde bli stas med kyrkja det. Blått ja? Det var just blått som klædde han; blå brok og sko av negerskinn. - Gjentone log.

(På tvert (1);186)

Slik humor var altså tydelegvis akseptert.

Når spanskesjuka kjem, går det ei vekking over bygda, bedehusfolket meiner epidemien er Guds straffedom, men Odin kjem i hard diskusjon med talaren:

… - Nei, ti still! – eg hørte negrane ein gong, det var ein flokk som synte seg fram for pengar og dei song slik. Same bitande fattigdommen, same armodsgleda. …

(I stormen (7);238)

I «Menneske og maktene» høyrer vi at Ludvik «Sjøtrollet» har vore til sjøs, der han har sett ein neger:

Han såg ein neger i utlande, svarte armingen sprang seg beint ned i ei tom dokk, på lys dagen, låg der steindau. Kvifor det? Han vilde berge live sitt, polisen og loven var etter han. Dauare neger har ingen set.

(Menneske og maktene (12);270)

… neger og anna kravl …

I «Samtid» høyrer vi om Gudrun, gift med Justin Bunese, som i eit selskap er uroa over korleis verda er, og meiner kvinnene burde «streike»:

… Ja, let ho, det blir ikkje eg som sett barn inn i verda slik ho no er. De lyt ordne opp litt først, karar. Ho sa meir sterkt, men ho var mild i måle. Ho meinte verkeleg at verda vi kallar var utan grunnmur, at alle kvinnene burde streike i tenesta …

… Prat, sa Birger der dei gjekk. – Ja, det kunde ikkje Agnar nekte, men: det skulde vore moro om kvinnfolka sette i verk den streiken sin. Det vart ei fin avlusing, kva? Birger svara, at da grodde verda ned med neger og anna kravl.

(Samtid (12);42)

4.6. Sosial kontroll – «bygdedyret»

Nesten alle romanar og noveller av Duun skildrar små og tette bygdesamfunn der dei fleste veit det meste om kvarandre – på godt og vondt.

Eit tvisyn på bygda

I eit par episodar viser forfattaren med underfundig humor at han kunne ha eit tvisyn på «bygda». I «I blinda» blir Anders blind etter å hatt varm tjære innpå augene. Like vel møter han fram i gravølet etter faster Ane i Pålsnese ikkje lenge etter:

… «Æg e for resten blind fer levetida!» sa han; han sa det like sæl, og fomla og åt.

Det var ikkje sant lel? slik måtte han ikkje seie! og slik bortsetter, borde rundt i ein song.

«Det e rett så ja. Men ingen ting å bli så glad fer det, veit æg, fer dokk? Og ingen ting å bli så lei fer heller; fer mæg. Det gjekk slik.» …

(I blinda (5);286)

Også i «Samtid» høyrer vi at naboskap kan ha fleire sider, noko som kan vise seg når grannen døyr («lyt i veg»):

Det er somme som får en smil i andlete, verdens minste smil, når grannen lyt i veg. Enda dei var venner og vel forlikte all sin dag.

(Samtid (12);61)

Den sosiale kontrollen er sterk, og det er mange historier som skildrar kor vanskeleg forholdet til «bygda» kunne vere. Og nokre gonger kan det gå på helsa laus:

Du veit korleis det bli millom øyværingane ofte: den eine grannen gjer den andre reint sjuk; det er sjøen som er slik

(Hilderøya (2); 255).

Akt deg for bygda, Andrea, ho tek deg …

I «Storbrylloppet» har Andrea vore på kvinneforeining på Ramset:

og kaffen var god nok, og mangt av det dei snakka om var arti å høre på, ho kunde ikkje nekte for det, ein kunde bli blå forhuga på å høre meir om det som gjekk for seg i bygda; for ho visste elles ingen ting om det. Men det sleit så på henne, og urolig gjorde det henne rett som det var: før ein visste orde av, var dei tett innpå ein, som fingrar i mørkre, og så kjentes det som der var ei myr under ein, som saug og saug, vilde ha ein ned. Hadde det ikkje vore for hedningkrokane, hadde ho knapt komme der. Og i kveld skuld ho ha vore heime . …

(Storbrylloppet (6);28-29)

Andrea går i lag med Kjersti Rønninga, fosterdottera hans Petter, i heimvegen:

… Ja ja, ho fekk ha takk for lage da, sa Kjersti. – Og no har eg vore så bra ei sladderkjerring som nokon, det går den vegen det skal med oss. Akt deg for bygda, Andrea, ho tek deg! Kjersti lo. …

(Storbrylloppet (6);30)

… Osså e det folksnakkje da ...

I «I ungdommen» høyrer vi om Odin og Astri, som har hatt eit godt auge til kvarandre sidan ungdommen. Astri giftar seg med Arne Finne, men han døyr etter kort tid. Etter at Astri har vorte enke, snakkar ho og Odin om at dei kanskje skal gifte seg, men Odin er i tvil:

… Vi får vent, Astri. Hm? – Osså e det folksnakkje da. Ho gjorde store auga. Det bevra små rykk over andlete på henne. – slik hadde han set hestenasen bevra for ei hard hand i beitsle.

Bry du dæ om ka folk sei da?

Å ja; liti grand. For a mormor si skyld, om ikkj anna.

Da e du kkj den – da e du ikkj tå vårt folk!

Nei, nei; det kund komma vel med det ein gong. Han sette hendene i lomma og smilte. …

(I ungdommen (7);100)

Bygda – inspirasjon og klam hand

Det tette bygdesamfunnet som Duun skildrar kunne vere til inspirasjon til innsats både for seg sjølv, familien og bygda elles. Blind-Anders og Odin er kanskje dei beste eksempla på dette. Det var i høg grad bygda som «dreiv dei» og motiverte dei til ekstra innsats. Truleg greidde dei å kommunisere med folk i bygda, og truleg fekk dei mange tilbakemeldingar om at dei gjorde eit godt arbeid. På den måten fekk «bygda» ein positiv effekt.

Men Duun har også mange eksempel på korleis «bygda» kunne utøve ein negativ sosial kontroll på folk - kor destruktiv ho kunne vere. Danel i «På tvert» bruker heile livet sitt på å kjempe seg til ein plass i samfunnet, som dels gjer narr av og dels synest synd i han som har ein vanskapt fot. Ola Håberg er utsett for negativ omtale så å seie frå han er fødd og gjennom heile livet, både av dei i den nære familien hans og av andre i bygda. Dette må gå ut over sjølvkjensla hans, han blir depressiv og tek til slutt livet sitt («Juvikfolke»). Didrik Dale blir «førtidspensjonert» mot sin vilje, blir aggressiv mot både familien og bygda, og han blir til gjengjeld sosialt utstøytt («Medmenneske»). (Meir om dette i kapitttel 14).

Bedehusmiljøet, som i Duuns verd er ein sentral del av «bygda», er viktig i mange historier. Dette miljøet får mest eintydig negativ omtale, og måten dei opptrer på får ofte store personlege, familiære og sosiale følgjer. I «Menneske og maktene» dreg dei med seg alle i bedehuskretsen i døden uvêrsnatta på Øyværet.

Brutalt «bygdedyr»

«Bygdedyret» kan vere brutalt, og Duun skildrar fleire tilfelle der det gir katastrofale følger. I «I blinda» høyrer vi om Anders på Håberg som er gift med samejenta Solvi. Det går svært godt for dei på Håberg, mens det er sjukdom og elendigheit hos naboane Massi og Ola i Engdalen. Når vargen i tillegg har rive sauer i Engdalen, tek det til å gå rykte om at det er finn-gann som er årsaka til alle ulykkene. Etter kvart forstår Andreas at folk trur at både far til Solvi, Halt-Andrias, og Solvi sjølv også kan skape seg om til ulv og rive sau:

… Heile bygda hadde ligge på lur ette han. Ja, og så synte det seg for han, som skare i berge kunde syne seg og gapa somtid, at dei vilde ta ho Solvi ifrå han. Ho skulde stikkast for det peke Anders hadde gjort dem. …

(I blinda (5); 180-181)

Han kjenner på seg at heile bygda trur Solvi og faren driv med gann og trollskap, og til slutt trur han på dette sjølv og:

… Når han berre hadde funne ei sjæl, ei einaste ei, som tvila! Men dei hadde smidd han inn, i svarte spikertønna. …

(I blinda (5); 185)

Det endar med at Anders jagar Solvi og vesleguten Per heimafrå. (I blinda (5); 185-188)

Æ lystra ikkj! Om a så ha vøri både finn og fark. …

I «I stormen» høyrer vi at oldebarnet til Anders, Odin, også opplever ein svært vanskeleg situasjon. Han er gift med Ingri, men Lauris har sagt at han har hatt eit forhold til Ingri før ho var gift. No har dette ryktet om Ingri og Lauris komme ut på bygda:

Best det var, reiste Odin seg. – Det får skje, sa han. Han sette øksa i stabben. Han skalv på fingrane så han knapt fekk det til. – Eg såg henne i sta, og alle samen har sett det – eg jagar henne utor huse! Han sa det tørt og lognt, slik ein dømmer eit gammalt hus til rivings. Og no var han på vegen. Han mumla med han gjekk, det var einkvart frå i natt. «Det har kommi ut alt i hop,» sa ho. «Alt i hop,» sa ho. I det same levde han det opp att, den skjelvinga som fòr gjennom henne, da han fortalte at Engelbert hadde sagt stygge ting om henne, no la han i veg med lange steg. «Som han Lauris har både brukt og rata,» var det ikkje det han sa? Dei må ha visst om det lenge. Dei har undrast på meg – sitt og undrast no òg! Ho kan bli med ‘n far sin nordover.

Men ved trammen vart han ståande. Han såg undersamt på stua, og sia frå ting til ting.

«Finn?» sa han. «Finn? Å, no veit æ det: Det va ein eingong som jaga finn.» Han tok seg fortulla opp i panna. «Bygda!» stota han. «Bygda som plaga ‘n te det. Men æ? --- Æ lystra ikkj! Om a så ha vøri både finn og fark.»

Han vart ståande der han stod, med handa over nakken, og hadde enda i seg at han stod der og tok seg ut som ein fåming. – Bygde-andlete ja, nikka han. Har plaga mang ein, det, til å gjera karsverk, - plaga ein til å jaga finn utor husa sine eingong. Ei sålbot til kar, han skulde ha vore jaga etter sjølv. Den blinde farten, he? Ein heilrend ein? Snakk ikkje tøv i kveld. Det var mangt dei ikkje visste før i tida. Eg veit ti gonger meir. Er det å vera for veik, så lat meg vera for veik da.

(I stormen (7);267-268)

Fire generasjonar etter at Anders jaga Solvi heimafrå, greier altså Odin å stå mot «bygde-andletet».

Sosial utstøyting med fatalt resultat

Novella «Den eine og den andre» er historia om sosial utstøyting med fatalt resultat. Helmer Pålsnese bur i lag med mora Ane-Marja, han er forlova med Sissel og skal ta over farsgarden, og Helmer er likt av alle.

Etter å ha vore på Segelsund, kappror Helmer i ein liten færing med to kameratar, Iver og Erik. Dei to kollseglar i uveret, mens Helmer prøver å ro til land for å få ta i ein større båt. Imens kjem andre og bergar dei før han. Dette blir han lasta for. Faren til Sissel seier at han hadde venta meir av ein verson, og Sissel seier no beint fram at ho ikkje vil ha han. Han blir utstøytt av kameratflokken, blir rasande og kjem opp i slåsskamp med fleire. Han kjem seg heim, men mora blir skremt:

… Mat smakte han ikkje, og ikkje sømn; slik gjekk han eit par døgn heime. Så ein kvelden vart han borte. Han kom ikkje att meir . …

( Den eine og dei andre (9);186)

Barbro, som er i tjueårs-alderen og bur på ein liten gard, er tjuvkjent for å ha tatt eit lam som hadde gått seg fast i fjellet. Ho finn Helmer til slutt inni marka:

Ho snakka med mor si, og dei vart samrådd om å gjømme han på lofte til så lenge. Han hadde lidd hundvondt med han låg ute, han fortalte han vilde ikkje eingong stela seg mat frå så vondt folk, men han fortalte ikkje kva han hadde levd av; han var ikkje mann for å reise seg dei første dagane, da han endeleg hadde komme i seng . …

(Den eine og dei andre (9);190)

Han får etter kvart vite kva dei snakkar om i bygda, og ein dagen henger han seg i Hesthammarfurua:

Det var ei nød. Det let seg ikkje gjera å få han ned. Furua var gammal og sprø, det knaka i rotfeste på henne først ein kleiv eit føtt utetter. Ho bar ein, og han hang der alt. Han hang og dingla utover avgrunnen; dei fleste stod ikkje ut å sjå på det . …

(Den eine og dei andre (9);191)

Det blir Bertil, far til Sissel, som til slutt tek risikoen med å få han ned.

Helmer blir altså urettmessig stigmatisert og utstøytt. Han går inn i ein alvorleg depresjon og blir uteliggar, og når han kjem seg i hus og får greie på korleis bygdefolket har reagert, tek han livet sitt. Ein beisk kommentar til kor vondarta «bygdedyret» kan vere.

Det urettferdige og hykleriske samfunnet

Novella «Millom røvarar og rettferdsmenneske» er historia om Dave og Eli som blir utsett for røvarar og bortført som gislar. Dave blir torturert på det grovaste og trua til å vera mellommann for å få løysepengane (sølvet). Han greier det, men Eli har i mellomtida vorte glad i røvarhøvdingen og vil ikkje bli med heim, kanskje eit eksempel på Stockholmsyndromet [2]. Dave blir utstøytt frå samfunnet. (Millom røvarar og rettferdsmenneske (9);272).

Dei får tak i nokre av røvarane, men Eli blir drept. Deretter kjem heile røvarflokken og okkuperer våpenlageret og kruttkjellaren, og dei har på den måten kontroll over heile bygda. Dave ofrar seg i ein sjølmordsaksjon ved å sette fyr på kruttlageret, slik at alle røvarane blir drept.

Bygda var berga, og dei samla seg og heldt takkefest for det. Og sia levde folke til dei døde, i fred og ro. Dei aller rettvisaste millom dei spytta på tørva som Dave låg under, når dei gjekk framom. Dei andre gjorde det same.

Men sia kom nye ætter, med ei ny rettferd. For dem vart Dave etter kvart ein stor mann, - ein laut komma i hug kva han hadde gjort! …

- Det hender det som hende skal, sa dei. – Og alle ting skjer til det beste, sa dei.

(Millom røvarar og rettferdsmenneske (9);273-274)

Dette er eit eventyr der vi veit verken når eller kor handlingane skjer. Det er bilde på kor urettferdig og hyklerisk samfunnet kan vera og kor brutale menneske kan vera.

4.7. Sosial mobilitet

Det gamle bondesamfunnet som Duun skildrar i dei første binda av «Juvikfolke», var nokså sementert, og for dei som syntest det vart for tett og klamt, var det små sjansar for å komme seg bort. Vi har sett at dette kunne få dramatiske følger, men i dei romanane som er lagt til rundt førre hundreårsskiftet og først på 1900-talet, er det etter kvart større sjansar for å bryte ut av mønsteret og også kanskje klatre i det sosiale hierarkiet. Duun skildrar tre utvegar: Utdanning, statusjobbar eller Amerika.

Utdanning

For nokre var seminaret (lærarskolen) ein utveg. Vi høyrer at både Sigyn («Sigyn») og Harald («Harald») gjekk på seminaret og vart lærarar, noko som ga dei ein viss posisjon i bygda. I «Carolus Magnus» får Carolus Magnus presteutdanning i Christiania, og det var truleg den høgste utdanninga ein kunne tenke seg at ein bygdegut kunne få. I «I blinda» høyrer vi at Blind-Anders vil at sonen Ola skal bli prest. Han gjekk seminaret og vart klokkar, men ikkje prest.

Odin tek middelskolen på eitt år (middelskolen tilsvarar ungdomsskolen i dag) og går seinare i snekkarlære hos faren, Otte Setran («I ungdommen»). Seinare får vi høyre at Odin blir ordførar og på mange måtar ein leiar i bygda («I Stormen»), men om det har noko med utdanninga hans å gjere veit vi ikkje. Henrik i «Det gode samvite» studerer i byen, men vi veit ikkje kva slags fag - han er først og fremst opptatt av om han kan få meir pengar heimafrå. Farbror til Frigg («Det gode samvite») er sakførar i byen, så han må ha studert jus. Han er elles framstilt som ein lite sympatisk person.

Elles var underoffisersskolen ei vanleg utdanning hos dei som ikkje hadde råd til privat-finansierte studiar. Hos Duun høyrer vi lite om denne utdanninga, men i «Det gode samvite» tek Lars Lines underoffisersskolen, noko som gjer han til ein aktuell kandidat til å bli lensmann. (Det gode samvite (4); 152, 187)

Statusjobbar

For dei som ikkje får utdanning, er det ikkje mange utvegar til å klatre sosialt i Duuns univers, men Blind-Anders, som er opptatt av korleis det skal gå med ungane sine, vil at Jens skal bli handelsmann:

… Fortel a det, at han Jens ska bli handelsmann og storkar snart, at det ska æg vara mann fer, sei!»

(I blinda (5); 239)

Det var også nokre andre statusjobbar som kunne vere innan rekkevidde. Bortsett frå at Lars Lines vart lensmann, høyrer vi i «Storbrylloppet» at Kristen Arnesen er direktør i banken, og seinare har Lauris denne jobben («I Stormen»). Å vere ordførar er sjølvsagt status, og i «I Stormen» har Odin dette vervet. Det same har Periander i «Siste leveåre», men desse statusjobbane var ikkje for kven som helst. Ein burde nok helst både vere av «bra» familie og elles ha mange gode støttespelarar i bygda.

Amerika

Fleire av Duuns personar som ikkje ser noko framtid i Norge, reiser til Amerika. Dette er i siste del av 1800-talet, når emigrasjonsbølga er på det største. Rett nok heiter det når Jens Håberg kjem heim omkring 1880 at mange hadde reist, men få hadde komme tilbake. (Storbrylluppet (6);60,79) Av Duuns personar kjem likevel mange tilbake. Jens Håberg er eine sonen til Blind-Anders. Han kjem tilbake etter å ha tent ein del pengar i Amerika. (Storbrylloppet (6); 79-83). Gjartru, søstra til Jens, er gift med Johan Martin Arnesen. Dei bur ei tid på Vågen, deretter i Segelsund, men etter at dei går konkurs, reiser dei til slutt til Amerika i lag med Jens når han reiser tilbake, utan at vi høyrer meir om korleis det går med dei. (Storbrylloppet (6); 141-142)

Danel i «På tvert» lever truleg omkring førre hundreårskifte og i åra etterpå. Også han reiser til Amerika; vi høyrer at han driv med fleire ulike aktivitetar der og tener også pengar. Han kjem heim etter ti-tolv år og set i gang med å bygge kvern og elektrisitetsverk. (På tvert (1); 272-275). (Amerikareisa til Danel er neppe heilt realistisk, ettersom han med si funksjonshemming neppe ville ha komme inn i Amerika på den tida. På mottakssenteret Ellis Island utanfor New York vart dei som ikkje var heilt friske plukka ut straks dei kom i land. Dei vart først sendt til sjukehuset og deretter oftast returnert dit dei kom frå, og Danel med den vanskapte foten ville mest truleg ha vorte stansa der.)

Bror til Håkon Dale på Stavsund, Johannes, kjem heim etter å ha vore både i Amerika, Kanada og Argentina. (Ragnhild (10);149). Etter ei turbulent tid heime i bygda, bestemmer han seg for å reise ut igjen, denne gongen til Australia. (Siste leveåre (10);238)

4.8. Diskusjon

Ein gjennomgangstone i Duuns forfattarskap er at han tek parti for dei svake og underpriviligerte, blant dei barn som er utsette for omsorgssvikt. Eksempel på dette er Helge Breistrand i «Marjane», Danel i «På tvert», Sigyn i «Nøkksjølia», Ragnhild i «Medmenneske», Borghild og Bror i «Menneske og maktene» og Odin i «I eventyre».

Duun teiknar og eit samfunn med klar klassestruktur, der embetstanden står øvst og husmenn eller plassfolk står nedst blant dei som blir «rekna med» i samfunnet. Bøndene har ein solid plass i samfunnet, og dei har også hovudrolla i mange av romanane. Læraren, klokkaren og arbeidaren har også ein viss posisjon, mens husmenn eller «plassfolk» ofte blir sett ned på og sjeldan omtala på ein positiv måte. Men det finst unntak, som den varme skildringa av Gurianna og Bendek i Kjelvika («I eventyre»).

Det er ein godt dokumentert samanheng mellom sosioøkonomi og helse [3]. Sjølv om grunnlaget er for spinkelt til å vise dette i Duuns persongalleri, er det likevel grunn til å tru at dette også var tilfelle på Duuns tid. Det var og truleg husmenn/plassfolk og «utgruppene» i samfunnet som var mest sårbare.

Utgruppene i samfunnet

Det er to grupper som står aller nedst i det sosiale hierarkiet: Samane/finnane og taterane/farkane. Dei er med i mange av historiene til Duun, men dei blir vanlegvis ikkje «rekna med» til bygda – dei er grupper som lever på utsida av samfunnet. Dei blir nesten utan unntak sett ned på og behandla nedverdigande og med forakt, dels også med frykt. Dessutan får desse gruppene, som også er fattige og ressurssvake, liten eller ingen positiv omtale, og vi merkar sjeldan at nokon har empati eller omsorg for dei [4]. Etter som det elles i Duuns litterære univers er mykje omtanke for dei svake, kan dette verke som eit paradoks. Eit relevant spørsmål er difor om dette er eit fenomen som er spesielt hos Duun, eller om han reflekterer haldningar som kanskje var vanlege på hans tid.

I 1835-36 kom skotten Samuel Laing til Trøndelag og leigde seg ein gard i Verdal. Den dreiv han i eitt år. Etter at han kom tilbake til Skottland skreiv han ei bok om opphaldet i Noreg, deriblant om det året han var i Verdal. Han møtte også samar, og skildrar, på same måte som Duun, at samane hadde lågast status i samfunnet også i Verdal … sett på med ein slags vanvørnad, som eit dyr av eit lågare art… Dessutan var det knytta mykje overtru til samane, særleg at dei kunne skade folk og dyr. (Sjå vedlegg 2)

Louise Rygh (1848-1928) skreiv om korleis det var da ho vaks opp i Verdal, blant anna korleis dei såg på samane. Ho stadfester mykje av det som Samuel Laing skildra eit par tiår før. Ho skriv også om samar i Verdal som kunne gjere seg om til ulv - den same historia som gjekk i bygda om Solvi og faren hennes, Halt-Andrias, og som var ei viktig årsak til at Anders jaga Solvi heimafrå («I blinda»). (Sjå vedlegg 2)

Både skildringane av skotten Samuel Laing frå 1835-36 og av verdalskvinna Louise Rygh frå 1850-60-åra tyder på at mange av Duuns skildringar av samar ikkje var spesielle for Namdalen eller for Duuns litterære univers. Truleg var dette vanlege haldningar i store delar av samfunnet.

Ei viss motvekt mot denne einsidige, negative skildringa av samane finn vi i boka om Laila, skrive av språkforskaren Jens Andreas Friis (1821-1896) og først utgitt i 1881 med tittelen «Fra Finnmarken. Skildringer» [5]. Denne historia er filma fleire gonger, sist i 1937, og ho var svært populær. Boka skildrar reinsamar i Finnmark på ein gjennomgåande sympatisk måte. Hovudpersonen og heltinna Laila veks opp på vidda blant samane, men ho er «norsk» og ikkje same, og ho giftar seg sjølvsagt med ein «norsk» mann til slutt. Likevel gir denne boka eit meir nyansert bilde av samane enn det Duun viser. Dessutan var det sjølvsagt langt mellom rike reinsamar på Finnmarksvidda og fattige samar i Ytter-Namdalen.

Fanga i si eiga tid

Duuns litterære figurar skildrar negrar, samar/finnar og taterar/farkar i tråd med tradisjonell rasisme og slik rasetenkinga og raseteoriane var på slutten av 1800-talet og dei første tiåra på 1900-talet [6]. På den måten ser Duun ut til å ha vore fange av si eiga tid. Han skildrar bygda og dei ulike gruppene der ut frå slik haldningane var i den tida historiene var lagt til. Det er få teikn til at dei litterære figurane hans braut med dei gjengse normene. Kanskje skulle vi heller ikkje forvente det. « Vi ville være urettferdige om vi skulle forvente eller kreve at forfatteren stod høyt hevet over fordommene i sin egen samtid », skriv Gujord [7].

Ein kunstnar som levde på Duuns tid og som braut med dei vanlege konvensjonane, var Edvard Munch (1863-1944). Det gjaldt ikkje samar eller taterar, men svarte afrikanarar. Dette var på ei tid da afrikanarar (og samar) vart utstilte som raritetar, som for eksempel på jubileumsutstillinga i Frognerparken i 1914. Det Munch i staden gjorde, var å måle ein svart afrikanar i vanlege vestlege klede («Afrikaner i grønt skjerf», 1916). Dette var eit signal frå Munch om at afrikanarar var menneske som oss andre. Framstillinga som Munch gjorde, var likevel uvanleg.

Bygdedyret

«Bygdedyret» er eit omgrep skapt av forfattaren Tor Jonsson (1916-1951) om negative sider av livet på den norske landsbygda. Bygdedyret er blitt kalla den rurale versjonen av Jantelova [8]. Hos Duun møter vi «bygdedyret» fleire stader, fleire tiår før omgrepet vart definert. «Bygdedyret» hos Duun har ofte stor makt og kan vere farleg, kanskje livsfarleg. Tor Jonsson vaks opp i Lom i Gudbrandsdalen, så det viser at fenomenet ikkje berre fanst i kystbygdene, som hos Duun. Mykje av det som blir tillagt “bygdedyret”, er utbreidd i heile samfunnet. Vondsinna mobbing, som er eit hovudtrekk hos «bygdedyret», er i følgje samfunnsforskaren Ottar Brox (f. 1932) eit minst like stort problem i små og store byar som i fjellbygder og fiskevær [8].

Brox meiner at mykje av den forakta for den svake, som er typisk for «bygdedyret», først og fremst er eit trekk ved klassesamfunnet og ikkje nødvendigvis eit trekk ved grisgrendte bygder. Dei som var øvst i samfunnet, for eksempel bøndene, var avhengige av at det fanst fattige og svake, folk som stod klare til å gjere dagarbeid for dårleg betaling. Den forakta for underklassa som vi finn i slike samfunn, heng difor saman med klasseskiljet.

Kanskje den verste effekten av undertrykkjande klasseskilje er aggresjonen mellom dei svakaste og dei som berre er nesten like undertrykt. Det var der bygdedyret manifesterte seg på det verste. Det kan vere verd å tenke over at vi i det norske samfunnet i dag ser ut til vere i ferd med å innføre nye klasseskilje, noko som gjer at “bygdedyret” lett kan stikke hovudet sitt opp på nytt. Motviljen mot innvandrarar i urbane grender kan vere eit forvarsel om dette [8].

Jostein Holmen