i2

5. Sjukdomsmønsteret i Duuns litteratur

Med ein bakgrunn i samfunnsmedisin og epidemiologi, er det naturleg for meg å prøve å få oversikt over den populasjonen eg skal studere. I denne samanhengen dreier det seg om det litterære universet som Duun har skapt. Eg ville difor prøve å få oversikt over kor mange helseproblem og kva slags helseproblem han faktisk omtalar.

Som hjelpemidel har eg brukt det internasjonale diagnoseklassifikasjonssystemet ICPC-2, som er utvikla til bruk i allmennmedisin [1]. ICPC-2 omfattar både symptomdiagnosar og organdiagnosar. Symptomdiagnosane skal brukast når legen ikkje har nok opplysningar til å stille ein sikker organdiagnose, slik det ofte er i allmennmedisinen. Difor passar symptomdiagnosar på mange av Duuns personar – dei får ein tentativ («forsøksvis», «foreløpig») diagnose. Samla kan difor bruken av ICPC-2 gi ei oversikt over det sjukdomsmønsteret som Duun skildrar i det litterære universet sitt.

5.1. Oversikt over diagnosar etter ICPC-2

Ved gjennomgang av dei 25 romanane og dei tre novellesamlingane i Minneutgåva frå 1949 markerte eg dei stadene i teksten der det var eit relevant helseproblem. Ut frå den informasjonen som teksten ga, prøvde eg å sette den mest sannsynlege diagnosen. Nokre gonger ga dette seg sjølv, for eksempel der Duun fortel kva for ein sjukdom det er. Også om mange andre personar er det fyldige opplysningar, slik at diagnosen er rimeleg sikker. Om andre kan det vere sparsamt med informasjon, og der brukte eg ofte symptomdiagnosane. Ein person som vart omtalt med same sjukdomen fleire stader, fekk berre ein diagnose, mens personar som hadde fleire ulike helseproblem, kunne få fleire diagnosar.

Etter denne gjennomgangen hadde eg markert til saman 503 diagnosetilfelle ved hjelp av ICPC-2. Figur 5.1 viser ei oversikt der diagnosane er gruppert. Dette stadfester at døden var nær hos Duuns personar – han skildrar i alt 128 dødsfall. Ved gruppering av dei andre diagnosane var det flest under kategorien «Psykisk», med til saman 83 diagnosar. Det var til saman 68 diagnosar under «Luftvegar», dersom vi tek med 34 diagnosetilfelle med tuberkulose (tuberkulose hos Duun er med få unntak lungetuberkulose). Det vart registrert 52 diagnosar under «Sosiale problem» og 42 under «Svangerskap/fødsel/familieplanlegging». Dei fleste andre diagnosegruppene var også representerte, men med færre tilfelle (Figur 5.1).

Figur 5.1. Ved gjennomgang av Duuns 25 romanar og tre novellesamlingar registrerte eg 503 diagnosar. Figuren viser rangering av diagnosegruppene ved bruk av ICPC-2.

Dei vanlegaste diagnosane

Bortsett frå dødsfall, er «tuberkulose/tæring» den diagnosen som er mest vanleg hos Duun, med i alt 34 tilfelle. Deretter kjem 24 tilfelle med «uønska graviditet» og 22 «sjølvmord/sjølvmordsforsøk». Eg registrerte også ei rekke «sosiale problem med barn», «fattigdom», «lungebetennelse» og «kronisk alkoholmisbruk». Andre diagnosar var sjeldnare (Tabell 5.1). Det vart registrert til saman 29 tilfelle av skadar (summen av N80, A06, L17, A81 og S18).

Tabell 5.1. Oversikt over diagnosegruppene i Duuns litteratur med fem diagnosar eller meir etter ICPC-2.

ICPC-2 kode

Diagnose

Antal

A96

Død/dødsfall IKA

128

A70

Tuberkulose/tæring

34

W24

Uønska graviditet

24

P77

Sjølvmord/sjølvmordsforsøk

22

Z16

Problem – barn

16

Z01

Fattigdom

12

R81

Lungebetennelse

10

P15

Kronisk alkoholmisbruk

10

Z03

Problem – nabolag

9

P76

Depressiv liding

8

P99

Psykisk liding IKA

8

Z12

Problem – samlivspartnar

7

N80

Hovudskade

7

A06

Besvimelse/synkope

6

L17

Skada fot

6

A27

Redd for sjukdom

5

A81

Multiple skader/traumer

5

P74

Angstliding

5

P78

Nevrasteni

5

P85

Psykisk utviklingshemming

5

S18

Opent sår

5

R83

Luftvegsinfeksjon

5

 

Sum

342

Denne oversikta viser at Duun skildrar, ikkje berre mange helseproblem, men også eit breidt spekter av sjukdommar og helseplager i litteraturen sin. Han skildrar mange dødsfall og særleg mange psykiske plager og sjukdommar knytta til luftvegar, sosiale problem og svangerskap/fødsel/familieplanlegging.

5.2. Sjukdomsmønsteret i Ytter-Namdalen på Duuns tid

Eit relevant spørsmål er om sjukdomsmønsteret hos Duun er i samsvar med mønsteret slik det faktisk var på den tida han la handlingane til.

For å finne korleis sjukdomsmønsteret faktisk var i Ytter-Namdalen på Duuns tid, har vi to kjelder: Dødsårsaksregisteret [2] og Medisinalmeldingane [3] som distriktslegane sende inn til amtmannen. Eg noterte dei vanlegaste registrerte årsakene til 4001 dødsfall i utvalte år i perioden 1880-1916. Når vi grupperer diagnosane, ser vi at det er tuberkulose som var den vanlegaste dødsårsaka, med i alt 1109 dødsfall (27,7%) (tabell 5.2.). Deretter kom alderdomssvakheit, kreft og lungebetennelse. Hjartesjukdom kom først på femteplass med 7,4%. Når det i Duuns litteratur er tuberkulosen som dominerer, stemmer det godt med desse dataa. Elles er det grunn til å merke seg at det enno var «lov» å døy av alderdomssvakheit.

Tabell 5.2. Dei vanlegaste registrerte dødsårsakene i Ytter-Namdalen i perioden 1880-1916, gruppert og rangert.

Dødsårsaker 1880-1916

Antal

Prosent

Tuberkulose

1109

27,7

Alderdomssvakheit

903

22,6

Kreft

479

12,0

Lungebetennelse

386

9,6

Hjartesjukdom

295

7,4

Annan luftvegssjukdom

289

7,2

Hjerneslag

213

5,3

Difteri

124

3,1

Medfødt svakheit

54

1,3

Peritonitt

45

1,1

Brights nyresjukdom

31

0,8

Akutt poliomyelitt

28

0,7

Skarlagensfeber

26

0,6

Strupehoste

19

0,5

Sum

4001

100,0

5.3. Diskusjon

Formålet med å stille diagnosar på Duuns litterære personar var å få ei oversikt over omtrent kor mange og kva slags sjukdommar og andre helseproblem han skildrar i samfunnet han skriv om. Gjennomgangen viser at sjukdom, ulykker og død er vanlege tema i Duuns litteratur - i alle romanane kan vi lese om ulike helseproblem, og det er eit breidt spekter av diagnosar. Ikkje minst ser vi at det er mange dødsfall. Men er det riktig, og i det heile tatt mogleg, å stille diagnosar på denne måten?

Diagnostikk per distanse

For å kunne stille ein diagnose i moderne medisin er det fleire krav: Sjukehistorie, klinisk undersøking og ofte supplerande laboratorieprøver, røntgen eller andre diagnostiske metodar. Generelt skal legar vere svært forsiktige med å stille diagnosar utan å ha møtt pasienten personleg.

Kva så med å stille diagnosar ut frå opplysningar i ein litterær tekst, slik som i dette tilfellet? Her har eg ikkje hatt høve til å møte nokon av pasientane, ofte er dei medisinske opplysningane ufullstendige, og i tillegg skal pasientane ha levd for hundre, kanskje to hundre år sidan, mens teksten er skriven for om lag hundre år sidan. Det er likevel fleire grunnar til at eg synest det både er interessant og forsvarleg å prøve å sette diagnosar på dei medisinske tilfella vi møter i Duuns litteratur:

  • I mange tilfelle oppgir Duun sjølv diagnosane, for eksempel tæring, lungebetennelse eller difteri. Hans litterære personar gjekk neppe gjennom mange diagnostiske testar, slik vi er vande med i dag, men når han bruker sjukdomsbegrep på den måten han gjer, går eg ut frå at han skildrar personane som om dei skulle ha den sjukdommen han skriv om, og for mitt formål er det godt nok.

  • I andre tilfelle skildrar han mange symptom og sjukdomsteikn slik at det er mogleg å peile inn diagnosen, sjølv om det er ulik grad av usikkerheit.

  • Diagnosesystemet ICPC-2 omfattar både symptomdiagnosar og organdiagnosar. Symptomdiagnosane skal brukast når legen ikkje har nok opplysningar til å stille ein sikker organdiagnose, slik det ofte er i allmennmedisinen. På same måte passar ofte symptomdiagnosar på mange av Duuns personar – dei får ein tentativ («forsøksvis», «foreløpig») diagnose.

  • Dei diagnosane eg har stilt hos Duuns personar gir ei oversikt over sjukdomsmønsteret i det litterære universet hans. I motsetning til diagnostisering i klinisk praksis på legekontoret, får diagnosane hos Duun sine litterære personar ingen konsekvensar for pasientane, verken når det gjeld behandling eller på andre måtar – dei «levde» i eit litterært univers for hundre, kanskje to hundre år sidan.

Det kan også reisast spørsmål ved om det er riktig å bruke eit moderne klassifikasjonssystem som ICPC-2 på sjukehistorier frå ei anna tid, der dei kunne ha heilt andre oppfatningar og tolkingar av symptom og sjukdomsforløp. Statistikken i Medisinalmeldingane er også basert på eit anna grunnlag enn vi er vande med i moderne medisinsk statistikk; legane hadde få diagnostiske hjelpemiddel og klassifiserte ofte sjukdommar annleis enn vi gjer i dag.

Trass i desse innvendingane synest eg at diagnosesetting ved hjelp av ICPC-2 gir meining. Det gir ei grov oversikt over det medisinske terrenget som Duun skildrar i litteraturen sin.

Sjukdomsmønsteret hos Duun

Oversikta viser at Duun har skildra mange ulike sjukdommar – diagnoselista er lang – og vi kan lese om både somatiske og mentale lidingar og om sosiale problem. Som ei foreløpig oppsummering:

  • Døden er nær hos Duun.

  • Tuberkulosen er den enkeltsjukdommen som går igjen oftast, men vi kan også lese om mange andre infeksjonssjukdomar.

  • Uønska graviditet er eit vanleg problem.

  • Det er mange tilfelle med psykiske plager av ulik grad, deriblant depresjon, sjølvmord, sjølvmordsforsøk og kronisk alkoholmisbruk.

  • Det er mange sosiale problem, deriblant problem i forhold til barn og problem med fattigdom.

  • Duun skildrar mange andre sjukdomar, men det er relativt få tilfelle av kreft og av hjarte- og karsjukdomar.

Sjukdomsmønsteret i Ytter-Namdalen

Dei kjeldene vi har om kva slags sjukdommar som faktisk fanst i Ytter-Namdalen på Duuns tid, er nokså upresise. Diagnoseprosedyrane kunne nok variere både frå lege til lege og frå tid til tid - dette var lenge før diagnoseklassifikasjonen vart standardisert, og ein kan få inntrykk av at det kanskje var litt tilfeldig kva for kategoriar som distriktslegen brukte. Dersom ein grupperer diagnosane og ser heile perioden under eitt, får vi likevel truleg hovudtrekka i sjukdomsmønsteret på denne tida. Tabell 5.2. viser at tuberkulosen var den vanlegaste dødsårsaka, og lungetuberkulosen var vanleg. Kreft vart oppgitt som vanleg dødsårsak, sjølv om det er grunn til å tru at kreftdiagnosane på den tida måtte vere temmeleg usikre. Lungebetennelse var og vanleg, mens hjarte- og karsjukdommar var relativt sjeldan samanlikna med situasjonen etter andre verdskrig.

Den statistikken vi har tilgang på omtrent frå Duuns tid, gir grunnlag for å tru at både forfattaren og hans samtidige i Ytter-Namdalen måtte få eit nært forhold til mange sjukdommar og til døden, som ofte råka både barn, vaksne og eldre.

I dei neste kapitla vil eg vise korleis Duun har skildra dei ulike helseplagene.

Jostein Holmen