i2

6. Tuberkulose

Tuberkulose er den sjukdommen som går igjen i dei fleste av Duuns romanar, og det er kanskje ikkje så rart at tuberkulose vart eit sentralt tema hos ein forfattar som var fødd på slutten av 1800-talet: Rundt førre hundreårsskiftet tok tuberkulosen livet av 6 –7000 nordmenn kvart år, og i løpet av dei seksti åra frå 1895 til 1955 kosta sjukdommen livet til omtrent 250 000 nordmenn [1]. Det var mest unge menneske mellom 15 og 35 år som fekk tuberkulose, og med sjukdommen følgde mangeårige lidingar, kanskje sanatorieopphald langt frå heimen, isolasjon, frykt og – ikkje minst - skam.

6.1. Tuberkulosen – ei svepe til alle tider

Tuberkulosen har hatt mange namn opp gjennom tidene: den kvite pesten, lungesott, den store manndreparen, phthisis, scrofulose, consumption, eller tæring, som kanskje er det aller vanlegaste namnet. Tæring betyr underernæring, og avmagring er eit vanleg symptom. Denne sjukdommen har følgt menneska til alle tider, og det er funne spor av tuberkulose i skjelett frå Egypt frå ca. 3000 f.Kr. Om lag tre tusen år seinare skildra legen Aretaios frå Kappadokia (ca år 200 e.Kr) den tæringssjuke i detalj:

… Den tæringssykes lunger mangler spennkraft og elastisitet. Om kvelden føler den syke seg kald, om morgenen het, og svetten som presser seg frem, er mer ubehagelig enn heten. Oppspyttet er mangeartet, halsen er lett bøyet, slank, noe ubevegelig og spent. Fingrene er tynne, leddene noe fortykket og knoklene trer sterkt frem fordi bløtdelene er tæret vekk. Neglene på fingre og tær er krummet, underlivet rynket og flatt. Nesen er spiss, tynn mens kinnbenene er fremstående med hektiskrøde kinn, dyptliggende øyne med glinsende blek eller blygrå hudfarve. De slappe kinnene legger seg om tennene liksom en leende og gir ansiktet et utseende som et lik. Kroppen er mager og avpillet, ribbene kan en ikke bare telle, men en ser også tydelig heftingen til brystbenet. Leddene trer tydelig frem både på knær, hofter og armer mens skulderbladene rager fram som fuglevinger. … [2]

I følge forfattaren Dag Skogheim (1928-2015) er denne skildringa truverdig: Jeg har sett døende tæringssyke og kjenner hvert eneste trekk i Aretaios’ detaljerte beskrivelse, skriv Skogheim, som sjølv hadde tuberkulose i mange år og fekk rikeleg erfaring i omgang med andre som hadde tuberkulose [2].

Det var en tragedie å få tæring. ... Tragedie på tragedie fulgte i kjølvannet. Det å få tæring var ensbetydende med å miste sin sosiale sammenheng. Plutselig ble en kastet inn i en verden hvor helt andre normer for adferd gjaldt. Autoriteter og reglement regjerte og administrerte nå ens liv. Ikke underlig at angsten for å bli smittet grep om seg og skapte holdninger som gjorde at tuberkuløse så ofte ble stigmatisert og isolert. Å bli isolert fra det miljøet hvor en hørte til, var nesten ikke til å bære og fikk selvsagt de alvorligste konsekvenser. Det kan forklare hvorfor noen, selv om symptomene på sykdommen helt klart var til stede, ikke gikk til lege. Angsten for å bli erklært syk, sendt til sanatorium eller –aller verst! – havne på pleiehjem ble altoverskyggende. Så prøvde de å flykte fra tæringen ved å late som om intet var i veien med dem til de var så avkreftet at de ikke maktet mer og døde … hjemme. I mellomtiden hadde de smittet mange [3].

Fire av fem barn døyr av tæring

Eit eksempel på kor hard tæringa kunne vere for nokre familiar, får vi i «Juvikfolke» (slektskart over Juvik-slekta: sjå vedlegg 5). På slutten av 1800-talet er det Åsel og Kristen (Folden) som styrer på Håberg, ein av stor-gardane i bygda. Kristen er også direktør i banken. Dei har fått fem barn: Valborg, Peder, Marjane, Elen og Marta. Peder er einaste sonen, men han har ikkje så lyst på sjøen og er i opposisjon til foreldra. Han er heller ikkje heilt frisk.

Elles og har dei hatt mykje å stri med. Valborg er død i tæring tidlegare, og den yngste, Marta, er dauvstum:

Motgang hadde dei havt, det var så. Eine veikjungen deira var dauvstum, ei sorg og eit kors og halvvore som eit fingerpek; og for eit par år sida døde eldste dotra i tæring, for det at mora nekta henne å ta den ho vilde, vart det sagt. …

(Storbrylloppet (6); 17)

Kor var dei andre borna, tru? Først var det Marta ho måtte sjå etter, ho som var dauvstum, for ho var sjølrådig så det var ei nau, og den ein minst vilde vere av med like vel. Gudskjelov, ho var inni kammerse hoss’n morfar, i lag med Marjane, litleveikja. Dei kraup inn der gjernast, når det var mørkt. Elen hadde gått på loftet og lagt seg. Henne var det aldri farlig med. Når det berre hadde vori litt meir om henne, såla – kvifor åtte hos ikkje det som kunde kallast mot på live?

(Storbrylloppet (6); 20)

Etter kvart får vi oppleve at Marjane døyr av tæring i 17-18-års-alderen, Peder døyr like etter at han har gifta seg, og Elen, som blir mor til Odin, døyr seinare, kanskje i 50-årsalderen, så fire av dei fem barna til Åsel døyr av tæring. Korleis det går med Marta høyrer vi ingen ting om. Åsel overlever dei alle, men også ho døyr til slutt av same sjukdommen. Rundt førre hundreårskiftet og tidleg på 1900-talet var det ikkje noko særsyn at tuberkulosen kunne ramme ein familie på denne måten.

Vidare i dette kapittelet vil eg vise korleis Duun skildrar ulike stadier av tuberkulose, frå dei svake og tidlege teikna til seige dødsprosessar.

6.2. Tidlege teikn på tuberkulose

Mange kan gå med symptom på lungetuberkulose i lang tid, kanskje fleire år, før sjukdommen blir oppdaga. Vanlege symptom i tidleg fase kan vere hoste, blodig oppspytt, avmagring, raude kinn og nattesveitte. Hos Duun får vi høyre om alle desse symptoma.

Hoste – eit vanleg symptom

«Det gode samvitet» er ein stort anlagt slektsroman der vi følgjer dei to familiane på Bjørland og Lines i tre generasjonar. Sentrale tema er økonomisk utruskap, religiøsitet, kjærleik i og utanfor ekteskapet og sjalusi, men også lungetuberkulose er eit sentralt tema.På Bjørland, sør for fjorden, bur faren Per Håbjørn og kona Ane-Marta i lag med dottera Nora og sonen Anders. Alt i innleiinga blir Ane-Marta omtalt med at ho stadig hostar. (Det gode samvite (4);132). Vi får og høyre at hosten varar ved utover i historia, og til slutt døyr ho av lungetuberkulose (vedlegg 4).

I «I eventyre» får vi høyre at Eilert, far til Iver som bur på kåret, hostar og er tung for bringa. (I eventyre (6);159) Det er Elen, mor til Odin, som steller han. Fleire år seinare døyr også Elen av tuberkulose, så det kan godt tenkjast at det er Eilert som har smitta henne. Hoste er eit symptom hos fleire andre av Duuns personar.

Avmagring

Ved tæring er det også vanleg at pasientane blir avmagra og tynne. I «Ettermæle» er Turid, søster til Brynjar, sjuk, typisk for lungetuberkulose:

Slik såg ho ut. Betre stod det ikkje til. Ein måtte tru ho hadde opplevd både kista og grava. … … Ho står og heldt handa hans, med dei tynne, tynne fingrane sine, ho eig ikkje tanke om kor søsterlaus han kjenner seg.

(Ettermæle (11);12)

Feber, raudleitt og sveitt

I «Samtid» er Birger, 23 år gammal, veikhelsa:

Verst der er ikkje større helse i stakaren heller,- Bryste mitt er ikkje noko å slå i veggen med, tilstod han ein gong.

(Samtid (12);14)

Det gjekk ei streng krimsjuke eller kva det var. … … Da hørte han at Birger òg var sjuk, han hadde alt vore liggande fleire dagar. Det var verre, for Birger var veikbrysta av seg, og all slag fark som fór der, saug seg på han med ein særskild vondskap. … Feberen sat i han enda, men det var betre oppe enn i senga. … Dokteren hadde nyst vore der. Birger låg hardt sjuk. … Han var gloheit å sjå til, svært ulik seg, men han smilte da Agnar kom inn. Det var bra lenge sia han gjorde det. … Han er meir sjuk enn han sjølv veit. Kan hende han veit det òg. … Der ligg han brennande rødlett og sveitt, den lyse luggen hans er stryken ned, flatt til hovude, som av ei frammand hand. Auga hans flyttar seg ein og annan gongen. Så rettar han seg og må ha luft, og da smiler han raringen; det blenker blått i auga hans, enda så truverdig gråe dei er. Litt etter er blikke uutgrunnelig som før.

(Samtid (12);101)

Blodig oppspytt

Eit anna vanleg symptom er at den sjuke får blodig oppspytt, dei «hostar blod». I novella «Lauris» er redselen for smitte eit tema: Rebekka, kona til Lauris, er sjuk og spyttar blod. Dette skaper smittefrykt, slik at nokre meiner at dei ikkje bør få lov til å sende mjølka til meieriet. Bygda er også redd for ungane (Or løglege skruvar og anna folk (1);126).

I «Samtid» går Albert og spyttar blod, men bryr seg ikkje om slikt:

Albert ja, med kvart spyttar han blod, men han er vaksenkar og bryd seg ikkje om slikt. Nei da, han er ikkje meint å døy ungkar og utan avkom, - eg skal vel ikkje døy gjelk? seier han, og da tar han seg over skjegget og smiler.

(Samtid (12);51)

6.3. Korleis tuberkulosen kunne arte seg

Duun skildrar fleire sjukdomsforløp ganske detaljert og illustrerer at tæring kunne arte seg på mange ulike måtar, både fysisk, psykisk og sosialt. For tæring på den tida Duun skriv om, var ikkje ein sjukdom som berre affiserte den sjuke og det sjuke organet – oftast lungene. Sjukdommen kunne føre med seg sterke psykiske reaksjonar, ofte angst og depresjon, og det var ikkje berre den sjuke som fekk reaksjonar, det hende også ofte hos dei næraste. Hos Duun er det berre i nokre få tilfelle at den sjuke kan komme på ein tuberkuloseinstitusjon. Det vanlege er at familien må ta seg av den sjuke på alle måtar, og sjukdommen kan vare lenge, gjerne månader og år, før døden til slutt kjem. Da var nok familien ganske utslitt, både fysisk og mentalt. Ikkje minst fordi sjukdommen oftast angreip unge menneske som var i starten på livet, fekk sjukdommen også ofte store sosiale konsekvensar for resten av familien, arbeidslivet og samfunnet elles.

Astri «ofrar» seg for ein tæringssjuk

Astri Håberg i «Juvikfolke» er eit eksempel på at nokon også kunne «ofre» seg for tæringssjuke. Astri går på jordbruksskole, og der møter ho Arne Finne, som truleg har tæring alt på dette tidspunktet. (I ungdommen (7);15) Odin og Astri hadde eit godt auge til kvarandre, men i jula kjem også Arne Finne på festen:

Arne Finne, tenkte Odin; han såg litt meir på han. Ålvorlig bleik var han, og ikkje stort vakker heller; og auga i han dei var hjartans tungsinte. No såg han hitover att, gjekk så og sette seg.

(I ungdommen (7);17)

Seinare får Astri høre at Arne Finne er alvorlig sjuk, og vi får inntrykk av at ho først og fremt synest synd på han. Sjølv om han er dødssjuk, bestemmer ho seg for å gifte seg med han:

Æ fekk brev ifrå `n Arne i dag. Nei, i går va det. Han sei farvel med mæ. Han ska døy no. …

… Men er det ikkje rart, seier ho, at han skulde bli liggande no nett med det same -? Som eit tegn, synes du ikkje det? Dokteren seier han skjønnar det ikkje, det har komme så fort .

(I ungdommen (7);54)

Etter at dei er gift, skal dei bu i ei lita stue nedmed sjøen:

… Arne måtte kjørast dit, og enda berast inn.

… Og der på sengegavlen eller på stolen attmed senga vart ho verande for det meste, dei tre vekene han levde. Ho hadde ein liten benk å ligge i; men om natta torde han lite eller ikkje sleppe handa hennar, han var redd som barne og kvakk opp først ho reiste på seg, og om dagen gav han henne heller ikkje stor freden. …

… Som snarast, eit døgn eller to, såg det ut som sjukdommen hadde slakna. Hosten linna litt i, og sømnen vart jamnare; ein dagen sov dei fleire timar båe to.

(I ungdommen (7); 58-59)

Men Arne døyr etter berre tre vekers tid:

… Astri skreiv heim da Arne var død. Brevet var til mora denne gongen. – Han døde i natt, skreiv ho. Det var utpå morgoparten for resten, og lyst ute, eg hørte fuglen song. Han døde så vakkert, det var inga sak, verken for han eller meg. Det er så langt ansles å døy enn eg trudde før. …

(I ungdommen (7);60-61)

Når Astri kjem heim etter å ha vore sørover med kista til Arne, er ho innom Segelsund hos Mina (Mina var gift med Arthur, morbror til Astri). Mina var «frelst» og er slett ikkje fornøgd med korleis Astri har oppført seg – ho er redd for både smittefaren og skamma. Her snakkar ho med bestemor Åsel:

… Og dessutan så veit de ikkje korleis det her går enno, på det eine eller det andre vise, ho kan vera både smitta og sjuk alt, og kva sette ho av ut for? Og slik ei skam!

(I ungdommen (7);72)

6.4. Skam - tabuisering

Eit viktig trekk ved tuberkulose har vore at sjukdommen vart sett på som ein lågstatus-sjukdom, ofte knytta til skam. Dermed har det også vore vanleg å fornekte sjukdommen på ulike måtar, omskrive omgrep og bruke andre namn enn tuberkulose eller tæring. « Alltid lå det et tabu over denne sykdommen som i menneskenes historie har krevd fleste dødsfall », skriv Dag Skogheim, som sjølv hadde opplevd dette, blant anna da storesøstra hans døde:

Rundt tæringen lå alltid stillheten. Der den var gjest, hørtes ikke latteren, alle gikk stille og talte sakte. Der tæringen slo til, var det aldri skrik, jammertog av flagellanter og tordnende vekkelsesmøter for panikkslåtte mennesker. Tæringen var en lang, stille prosess mot en sikker død – lumsk og uberegnelig. Av og til syntes det som om den slapp taket. Det kunne komme en periode med tilsynelatende bedring. Så, helt uventet, tentes en rasende feber med blødninger som rev den syke raskere mot livets definitive slutt. … [4].

Marjane – eit eksempel på tabuisering

Alt i Duuns første roman, «Marjane» (1908), er tuberkulose eit sentralt tema, særleg kor vanskeleg det er å snakke åpent om sjukdommen. I romanen får vi høyre om Helge frå Breistranda, som er glad i Marjane heilt frå dei er små, før konfirmasjonsalderen. Vi får inntrykk av at ho også er glad i han, men slik tradisjonen er, er det vanskeleg å vise dette. Og Marjane held Helge på avstand, samtidig som Helge opplever at Andreas er ein rival. Slik går Helge og har det vondt i heile ungdomstida til dei blir vaksne. Helge gjer det bra på sjøen og er borte i lengre periodar, men når han kjem heim, ser han Marjane i kyrkja. Da har ho vorte bleik og alvorleg av seg:

Han såg ho med kyrkja ein dagen. Ho var uvanlig bleik, og det var, tykte han, noko yver ho som han ikkje hadde set fyrr. Noko som ein saknad.

(Marjane (1);65)

Der stod ho Marjane og såg på han att. Ålvorlegt; grundande.

(Marjane (1);66)

Høg - og grann - var ho. Bleikare enn andre. Ålvorleg og still. Slik var det ho var.

(Marjane (1);70)

Men sumtid var hennar augo so tunge. Det kom sorg yver andletet. Ein gong såg ho på han, det kom ein liten smil um munnen, og ho nikka åt han. … … Elles, det var visst gjerne ikkje slik, at ho såg på han, augo kvilde berre rett fram. Dei var tunge av tankar, visst. …

(Marjane (1);75)

Marjane kjem og vil vere i lage med han på ein fest, men innimellom er ho tungsint. (Marjane (1);77) Ho er fleire gonger på nippet til å fortelje Helge kva som feiler seg, men gjer det ikkje, og han forstår ikkje at ho er alvorleg sjuk. Vi får nokre indirekte hint om kva som feiler henne, men det blir aldri sagt rett ut.

Men kunde dei ikkje møtast ein kveld snart? – de’ e noko du ikkj’ veit … sa ho.

(Marjane (1);77)

Han kjende ho ikkje, visste ikkje kven ho var. Ingen i verda visste kven ho var. Kvifor kom ho etter han, - kva vilde ho, - kva var det som dreiv ho?

(Marjane (1);79)

Men det vart – synd i han, det.

Synd i han?

Ja. Ho riste på hovudet. – Det vart synd i han. Han visste då vel – korles ho var ….

… Då vart han vis med at ho gjekk og gret. Tårorne rann stilt og kringt nedyver kinnet. … Kva var det, det der som låg so tungt yver ho og som drog ho langt burt ifrå han? Kunde vel ikkje spyrja um det. Det fekk vera kva det vilde.

(Marjane (1);81)

Han reiser på fiske igjen og blir borte lenge, men tenkjer på den siste kvelden han møtte henne:

Han vart sitjande og tenkja på den siste kvelden han møtte ho. … heile tida tala ho berre um at det vart synd i han, at ho ikkje var som dei andre og ikkje dugde til nokon ting. – Held du ikkje av meg? spurde han. – Visste ikkje. Det hadde vorte berre vondt for han, det òg, sa ho og fekk gråten i halsen. Og han torde ikkje spyrja meir. No sat ho og trykte handa hans. Men det var so tungt å få tankarne burt ifrå den kvelden.

Då bøygde ho seg burttil han og kviskra:

Ikveill ska’ æ vera di.

Ikveill …

Ja. De’ e’ sist’ kveill’n ikveill, veit du. Vil du ikkj’ de’ da? spurde ho lågt og sårt.

Berre i kveld … sukka det gjennom han. …

… slik hadde han aldri set ho fyrr; augo brann i ein uroleg, framand glans, og på kinnerne hadde ho tvo heite rosor. Under – var det visst gråten. (Marjane (1);83-84)

Men ho vart meir og meir tunglynd, dess lenger det leid. Kvifor kunde ho ikkje segja han kva det var? So sa han at han skulde fara burt; på fiske. – Du gjer ikkje det … sa ho. Ikkje i vinter. … … Då dei skildest, la ho handa yver panna hans og sukka. – Stakkars deg! Du veit ikkje - - veit ikkje ---. So sprang ho ifrå han. Gråten vann yver ho. …

(Marjane (1);87-88)

Den siste kvelden … Ho hadde dei raude rosorne; det var som to flekkjer av blod. Rett som dei gjekk, sette ho seg på ein stein; ho pusta tungt og klaga yver at ho var so veik i knea. Han spurde korles det var, - han visste då ingen sterkare enn ho. – Ja, sa ho tankefull. So reiste ho seg. Ho trudde ho var bra sterk. Det kom berre yver ho, sumtid. Eller – ho visste ikkje. – Då dei skildest, bad ho so vakkert at han måtte ikkje taka det so tungt; ho kunde ikkje noko for det, at ho ---- . Det var dei orda, visst, som dreiv han burt. Kva var det han ikkje skulde taka so tungt? Alltid det der som han ikkje kjende og ikkje fekk vita; alltid gleid ho burt ifrå han. Tenkte ho ikkje det grand på han då.

Men kanskje han hadde fare gale. Reist ifrå ho … Han tenkte på dei raude rosorne og dei forpinte andedraga. Hadde ikkje sansa stort på det den gongen.

(Marjane (1);88)

Når Helge endeleg kjem heim frå sjøen, finn han at ho nyleg har døydd. Han kjem seg aldri over tapet av Marjane. Han reiser ut igjen, men er av og til heimom og vitjar grava hennar.

… Sidan såg dei han ikkje meir. Kom vel burt på sjøen, helst.

(Marjane (1);100)

Marjane som lita jente

I fjerde boka i serien om Juvikfolke («I ungdommen») møter vi på nytt Marjane på Håberg, denne gongen som lita jente. Romanen blir innleia med at veslejenta Astri leikar seg med faster Marjane, som er nokre år eldre. Men Astri merkar det er noko gale med Marjane:

for den dåmen (av heggblomster) var det same som tonen inni stua, og det same faster Marjane tenkte på når ho sto still og såg framfor seg; og det var noko ho var redd, for ho visste ikkje kva det var. Det var det òg at ingen av dei andre merka det. …

(I ungdommen (7);7)

Alt her tyder det på at det er ein litt dyster stemning i heimen, at Marjane sjølv veit at ho er sjuk, men at ingen snakkar om det. Astri trur ikkje dei andre merkar det. Astri «forstår» at Marjane skal døy ung, og at det er eit dårleg teikn når ein er for tynn:

Marjane var tynn som pirålen og bleik i hamleten

(I ungdommen (7);7)

Ho leikar med dokka si:

-Ti still no, di klomse! sa ho. Trur du du får døy tidlig da? Du som er så rund og raud?

Ho Marjane --- ho reisi ifrå oss ho. Så langt att!

Å ja men, når ein vart stor så. Men da var ikkje ho litl-faster her meir. Men det visste dei ikkje, nokon . …

(I ungdommen (7);9)

Astri kjenner på seg at det er noko i vegen med Marjane, men det blir ikkje snakka om at ho er sjuk, så Astri trur ikkje dei andre veit om det. Dette er ei god skildring av korleis eit barn kunne oppleve korleis tæringa var eit tabu og dermed tagd i hel.

… Det gjekk ein fire-fem år, før det hendte som Astri visste om. Marjane vart sjuk og døde. Ho var millom 17 og 18 da, og Astri omkring 12. Det kom så dått på. Ho, som hadde vori så frisk av seg? sa folk. Men dokteren meinte ho hadde bore på det lenge, etter som det bar i veg så fort, og når Åsel tenkte seg om, så ranns det for henne at slik hadde det vore ja, ho hadde regjort i feigda, som dei sa for gammalt. Det var tæringen, den same sjuka som tok far til Astri, og slik på lag hadde det vore med han òg: mote var større enn makta. Tæringen var ein uransakelig ein, som hadde sett seg for i slekta. Han skulde vera arvelig, enda. Berre det ikkje var han som tok ho Marta òg. Eldste dotra si nemnte ho ikkje så nokon hørte det.

(I ungdommen (7);10)

Marjane vart kvitare og kvitare i andlete, med brennraude roser i kinna, og auga dei vart meir og meir som glase å sjå til, som tomme skinande glase . …

(I ungdommen (7);10)

Marjane døydde ein gong tidleg på 1900-talet. Bakterien som er årsak til tuberkulose var forlengst oppdaga, men enno høyrer vi at dei trur at sjukdommen er arveleg. Med den sjukehistoria dei har på Håberg, er det ikkje rart at dei tenkjer slik.

Berre nerveslit, vart det sagt…

Også i «Hilderøya» får vi eit eksempel på at dei ikkje likte å snakke om tuberkulose. Alt tyder på at Hanna har fått tæring og er innlagt til kur «på fjelle», truleg ein helseheim eller eit sanatorium, men «det var berre nerveslit, vart det sagt». (Hilderøya (2); 266)

I «Ettermæle» opplever vi at Turid først ikkje vil innsjå kor sjuk ho er. Brynjar, broren hennes, prøver å overtale henne til å vente med å gifte seg fordi ho er for sjuk, men Turid prøver å fortrenge sjukdommen:

Du lyt vente, Turid, sa han.

Angsten jaga harmen opp i henne. – Du trur ikkje eg er frisk nok til å gifte meg, du heller? Men eg er frisk, eg gir ein god dag i kva de seier alle samen! …

(Ettermæle (11);17)

… kalla det plevritt og tok det kvardagslig…

Også i «Gud smiler» møter vi tæringa – og her er det dokteren som prøver å bagatellisere:

Rebekka var avskaplig lang og mager, og freknut i andlete. Folk spådde ho skulde døy av tæring, for det hadde mor hennes gjort, og gjenta hadde same voksteren og same andlete. …

(Gud smiler (11);118)

Han vart sjølv skremt av døden den tida. Han møtte han personlig, gjorde han. Han vaknar ei natta med ein farlig styng for bringa. Ikkje får han puste, og ikkje får han snu seg. Han blir jaga inn i kalde dødsangsten. … Sia kom dokteren, han kalla det pleuritt og tok det kvardagslig; det var berre å lide pina og sengeligga det, og arbeidstape og slikt. Han sa til Rebekka etter han kom opp att: - Eg blir aldri meg sjøl meir. Eg har set for mykje av døden til det.

(Gud smiler (11);140)

Sosial utstøyting

Både redselen for smitte og skam-stempelet var truleg grunnar til at dei som hadde tuberkulose kunne bli utstøytt sosialt. Alt i «Sigyn» får vi høre at Sigyn hadde hatt motvilje mot folk med symptom frå brystet. Thekla Olsen kjem til bygda som lærarinne, og ho hadde Sigyn gått i lag med på lærarskolen. Ho er ikkje frisk (Sigyn (2); 97), men ettersom det er ei som Sigyn kjenner godt, blir det annleis:

Det skulde vera eitkvart i bryste Thekla drogs med. Sigyn hadde støtt havt imot folk som gjekk med bringsverk, anten det så var på den eine eller den andre måten. Dette her var ansles. …

(Sigyn (2); 98-99).

Men vi høyrer at mange av Duuns personar var redde for smitte.

6.5. Tæringsdøden - langvarig og slitsam

Fleire av Duuns personar som har tæring, døyr til slutt, og Duun skildrar fleire sider ved desse vanskelege sjukdomsforløpa, til dels ganske detaljert. Her siterer eg eit av sjukdomsforløpa som ein illustrasjon til korleis det kunne opplevast. Andre som døyr av tæring har sine historier og sine opplevingar. Dei er omtalte i vedlegg 4.

Odelsguten døyr

I «Storbrylloppet» høyrer vi om Peder, som er odelsgut på Håberg (sjå vedlegg 3). Han gifter seg med Andrea, dottera til dyrlegen, men under bryllaupet blir han sjuk. Denne historia om Peder er ei skildring av korleis sluttfasen av tæring kan vere. Peder har feber, sveittar og er tørst, og i periodar nektar han å innsjå at han er alvorleg sjuk, men han hostar blod, han blir uroleg, deprimert og krevjande for dei som er rundt han. Etter kvart blir han svakare. Her går det fram kor vanskeleg ein slik sjukdom kan vere også for dei som er omkring pasienten. Denne sjukdomsfasen kan gå over mange veker, så det er slitsamt for både den sjuke og dei som står han nær:

… Andrea var på lofte hoss Peder, for han var sjuk og i senga; det fauk så på han det han drakk i sta. Arnesen kom just opp, og da gjekk ho ned etter vatn. Ho kom ikkje att straks, og så var Arnesen ned etter vatnet. Peder drakk i villska. …

… Andrea sat på senggavlen attmed Peder, da ho fortalte korles det stod til. Han hadde lagt handa hennar på panna si, for han hadde så ilt i hovude, og der måtte ho ligge …

(Storbrylloppe (6);129-130).

… Var det ikkje så at han Peder hadde vorte sjuk? hadde fått den sjukdommen som søstra hans døde i ? …

… Det var lys på lofte hoss Peder enda, da Ola kom til Håberg. Da sat vel Andrea oppe og vaka over han; det hadde vorte hennar arbeid sia ho flytta hit. For det var sant som folk fortalde, at Peder hadde vorte klein. Han fekk det med både frost og heite. Andrea hadde trua han til sengs, og der låg han. Han hosta blod. Om nettene var han så urolig, kunde mest ikkje vera i seng, og kom han opp vilde han svimre utor og måtte støast åt senga straks. – Eg sveittar som ein husmann, lo han – kva er det her for slag? Han såg undren og vantruen på dem.

… Doktoren hadde vore der, men han var gammel og vilde ikkje seie stort. Peder skulde ligge, og ta nokre dropar. Men det var ingen smak på dem, og Peder spytta dem ut og nekta å ta dem meir. Det feila han aldri det slag, stod han på berre litt krim etter byturen og brylloppssjauen, og han fortalde han hadde spytta blod før, fleire tak, han skulde snart vera god kar att. – Du skal ikkje vera så bleik, Andrea; du trur da ikkje eg er slik ein krypsyl til kar?

… Men da det leid om nokre dagar, slakna han av. Han sa ikkje noko, snakka godtsom ikkje orde meir, han såg ut som han visste kva veg det bar.

… Åsel såg det klart nok. Just slik var det ho fekk det, ho Valborg som døde; det var denne tæringen, og han var det inga råd for. Han saug blode tå folk. …

(Storbrylloppe (6);132)

Morbror Ola er på Håberg og snakkar med Andrea:

Han spurte om han ikkje kunne få sjå opp til Peder. Det fór ei flage med nød og angst over andlete hennar, og auga stana midt imot han: Det er knapt han vil sjå meg. Og ingen annan. Ola visste det elles. Ikkje mora eingong ville han sjå. Men åleine likte han heller ikkje å vera. …

(Storbrylloppe (6);133)

Dagen etter kjem Andrea ut til Ola utpå garden:

… «Reis etter bydokteren, Ola, kan du ikke gjøre det! Kan du ikke få folk i vei da, Ola!»

… «Du tror ikke det er noe hjelp i det, ser jeg?» ho hadde tårane i auga.

«Jau, det trur æ fullt og fast.»

Han var uti plassane og gjorde laus 3 mann, og skreiv ein brevlapp og skikka med dem.

Doktoren kom andre dagen, han gjekk over Peder gong for gong, og sa til slutt, at dette her var visst ikkje så farlig. «En sort lungebetændelse, som må ha sin tid,» sa han. Peder la seg attende med ein bleik liten hånflir. Men Andrea fór ned og fortalde det, først til Åsel og sia til Ola, ho fann han i snekkarstua:

«Det står til liv! Det står til liv, Ola! …

… Ola stod lenge og såg seg rundt.

Han sa det med Åsel straks etter, ho kom over garen ifrå fjøse. – Ho skin som blanke dagen, sa han. – Ja, stakars henne, eg har set det – kan ikkje du snakke med henne? For meg skal du ingenting fortele om han Peder. Vi har mista han. Det såg eg på doktoren òg. … Ja men her må vera berging enno? Ola var nåmen kring munnen som ein blåfrosen unge. Så vart han flageraud over andlete:

«Vårherre, kann du ikkj prøv å --»

(Storbrylloppe (6);133-134)

… Peder kunne og sjå månen; han stod midt i vindauge og synte seg for han. – Kva er det han er ute og ser etter? sa han. Det er ikkje meg du vil noko. Det er dei andre du skal skine for; og lykka til for resten. Han snudde seg tvert og såg ned til fotenden av senga, der Andrea hadde sett seg. – Kva er det du sitt der og sipar for? For eg ser du gjer det. Det var skit eg vart klein, vil du seie? Og verst for deg ja, eg veit det. Men er det du som skal i jorda, eller eg?

Han kasta seg attende, og låg lenge og såg i take og bles tungt. – Ein vass-skvett! bad han. Andrea skyndte seg og slo vatn i glase og kom med. – Isj! skal eg ha lunka vatn da? Nei, nei, bli ikkje kvit i andlete for det, eg meinte ikkje noko med det. – Vent litt, eg skal vera snar! Ho var alt i døra og fór nedgjennom troppa. Da ho kom med nytt vatn, var han ikkje tørst lenger.

Ho stakk fingrane inni håre hans. Ho beit seg i leppa og syntes ho beit i eit kaldt stykke ved.

«Du må ikke skjenne på mig, Peder – jeg – jeg - »

Han låg still ei lang stund. – Åh! Her er så varmt, anka han med seg sjølv. Kjøtte kokar av beina på meg – finns her ikkje vind da?

Andrea var borttil glase og såg ut: Det er som eit lite drag no. Eg hører han aust i haugane, ein liten sus. – Jauvisst! Trøst skal du ha, Peder. Men i morgo står eg opp. Berre eg kjem meg i arbeide er eg god kar att, eg har prøvd det før. He? Trur du det ikkje kanskje? – Du må vera tålmodig ei lita tid enno, Peder, så kjem du vel opp. Eg trur for oss båe, eg. Han kvitna i leppene: Tålmodig? Korles trudde du eg var da? Du har vel aldri vore gift med ein bonde før? Men bed heller han morbror Ola komma opp litegrand. Så får du fred den stunda, trur du ikkje eg unner deg så pass? Han er ein luskælv, men. Så får du fred, som sagt.

«Nei, nei nei!» bad ho. Men ho reiste seg og gjekk ned.

Ola kom og sette seg attmed senga. Peder såg hånlig på han. – De driv på de, karar, sa han. Men du kan vel sitte her ei lita stund for det. Så riv eg da ikkje øyra av kjerringa mi den stunda. Han kasta seg i senga, strauk sveitten av panna:

«Å! Ho plaga ut mæ!»

«Du må da vel skjemmast, gut!»

Peder vart logande raud: Er det ikkje det eg gjer da, for svarten! Ho går her som ein gudsengel all dagen, og natta med; ovant himmelen ein stad. Og her ligg eg som eit anna kraum. Du skulde ha vore gift med henne du, så skulde du ha fått kjenne. Når du var ein varg til menneske og ein bonde, og låg her og måtte syne det, for slik ei som henne? Tvi! Eg er vel like bra eg som ho? No går det hundande i vald med garen her; og da ho fekk meg, fekk ho ein sjukling. Som ofra når det var for seint. He? Og når eg lyser helvete over henne, så puskar ho berre og gret med seg sjølv. Du var slug du som tapte. Kan du ikkje svare?

Og lest som han tenkte på andre ting, og det logna utrulig.

«Men sei mæ ein ting, Ola; Trur du ikkj æ bli fresk meir?»

«Va du ein kar, Peder, så spurd du ikkj slik. Og da vart du fresk ja.»

«Men ho trur det, veit du. Ho trur for oss beggji to. Liksom folk når dem trur her må komma ei likar ti’ snart; det må, det, sei dem, det såg for svart ut ellest.» Han var blank i auga av hån, han såg dem tydelig for seg.

Så fekk han ei hosterid. Da han hadde ligge still eit tak, spurte han om ikkje Ola kunde bli der natta over. Og det lova han.

Andrea måtte snu i døra. …

(Storbrylloppe (6);137-139).

…..

Han (Ola) sat oppe hos Peder om nettene. Natta er lang, vinterstida, for den som ikkje får sova, og da var Ola den einaste han vilde ha der. Om dagen slepte han ikkje Andrea frå seg. Rett som det var, kunde han spøre: Søv du, morbror? Og straks etter: Kva er det du sitt og tenker på no? Først ei natt utpå vårparten, da han ikkje hadde lenge att, kom han fram med det som hadde plaga han: Har du aldri trudd det kunde ha vorte nokon kar tå meg? – Tå deg? – Nei, eg trur det ikkje sjøl heller nei. Her veks ikkje opp nokon høvding meir. Det trengs visst ikkje; dei får til å styre seg sjølv no, småfolka. Så låg han ei stund liksom han beit i ein smil. Fingrane famla og plukka på åklæe. – Men det ser eg no lel, morbror, at det var ikkje den der ugreia borti Juvika som slo meg over ende. Det går ikkje slik for seg, - det var inga sak da. Det blir ho mor som får bera på den tingen; ho er skapt til å bera ho.

Han vart som eit lite barn før han døde, og da var det mora som helst skulde vera hos han. Ola vilde han ikkje sjå. – Han har Styggmannen med seg! kviskra han.

Åsel let att auga hans, og så tok ho Andrea og leidde henne bort. …

(Storbrylloppe (6);142-143)

Magetuberkulose

Dei aller fleste med tuberkulose hos Duun har lungetuberkulose, men det er unntak. Faren til Odin, Otte, har tuberkulose i magen:

… Slik møtte han Astri, da ho kom med bud om at far hans låg på det siste. Andrea hadde telefonert utover at han gjerne vilde sjå Odin, og ho trudde ikkje han hadde lange stunda att.

(I stormen (7);224)

… - Har du visst det før, du da, at det stod til så kleint med han? sa ho, og no var ho som ho pla vera. – Å, det har da komme for meg. Tuberklar i magen, har eg tenkt. – Det skal vera det ja. Ja ja, du får helse frå meg òg da

(I stormen (7);225).

… Otte var det smått med. Odin sat lenge attmed senga hans før han kom seg til å seie noko. – Det vart dårlig med deg, meiner eg? sa han endelig. Otte smilte så vidt det sågs.

Leid om eit tak kom han seg så pass at han tok handa til Odin og heldt henne; han låg og såg på han heile tida. Odin trudde han visste tankane hans. – Nei, ho Astri nådde ikkje til, sa han. Ho bad meg helse deg. Vi er venner og vel forlikte; om vi ikkje er einig stødt.

Seinare på kvelden var Otte kvikkare enn vanlig. Han tok handa til Odin og heldt henne hardt.

(I stormen (7);225)

… Otte vilde ha svara, men han fekk ei rid med pine, og sia var han for trøytt, tok seg ein liten blund enda, med fullt tak i handa til Odin. …

(I stormen (7);226)

Odin snakkar om det å vera bonde:

… Odin hadde snakka lågmælt og med små kvil alt i eitt, men enda stod sveitten i panna på han, og no da han tok til seg handa, seig han halvveges i hop i stolen. Otte låg med ein djup, takksam glans i auga. Dei hadde sagt einannan farvel, og det var ikkje det som hadde teke på Odin, han var forundra over det. Det hadde strøypt han mest, før her når han kom til å sjå han auga. Faren famla og fekk i handa hans att. …

(I stormen (7);227)

… Han vaka hoss faren om natta, og om morgonen sa han farvel med han enda ein gong, men da var det ikkje stort meir enn ein død mann han tok i handa og møtte auga til

(I stormen (7);228)

Tæring i eit øysamfunn

I «Olsøygutane» er tæringa eit gjennomgangstema i heile romanen. Handlinga er lagt til Olsøya, eit lite øysamfunn som er nokså isolert frå fastlandet. Alt på første sida får vi vite at det er tuberkulose der, når Sofia kjem roande til Olsøya, for kona til Jørgen hadde ligge sjuk i i tæring i lang tid. (Olsøygutane (9);5). Ikkje lenge etter døyr ho (Olsøygutane (9);6), og Sofia må vere som ei mor til dei to gutane til Jørgen, Johan på tre og Jæger på to år. Snart giftar Sofia og Jørgen seg, og dei får to gutar, Arne og Sebulon. Men Jørgen omkjem på sjøen ikkje så lenge etter.

Nokre år seinare blir Sofia gravid med drengen, og det blir ei jente som ho kallar Jørgine. Men drengen sender ho bort, så da er ho einsleg mor med fem barn, og dei prøver å klare seg så godt dei kan der ute på øyene. Men når Jørgine er i sjuårs-alderen, blir Sofia sjuk, blir operert på sjukehuset, men døyr like etterpå. (Olsøytane (9);30).

På naboøyene bur to jenter, Johanna og Olga, og etter at dei veks opp, blir Johan og Johanna gift. Johanna får ein gut, har ein komplisert fødsel, og kjem seg liksom ikkje etter den:

… Om sommaren kom det til ein gut på Olsøya. Johanna var svært sjuk, alle karane såg ut som dei vilde ta til rømmings snart. Over stod ho det, men retteleg frisk såg ho ikkje ut etter den ferda. … Eit par gonger snakka brørne frampå til Johan, om Johanna verkeleg var frisk? - Jøss, ho var frisk, kva anna skulde ho vera?

(Olsøygutane (9);56)

… Johanna gjekk der og vart mindre og mindre for kvar tida. Ho hadde mista både helsa og mote, og om ikkje anna så hosta ho seg i hel. …

(Olsøygutane (9);58)

Dokteren slår fast at det er tæring, og at ho må på sanatorium. (Olsøygutane (9);58) Men ho har ikkje klede, så Jæger og mor til Johanna kjøper klede til henne utan at Johan veit det. (Olsøygutane (9);59) Langt utpå hausten kjem ho heim igjen:

… Og det var verkeleg så at ho kom seg. Det gjekk dagar og det gjekk veker, og helsa heldt. …

(Olsøygutane (9);60).

Johan kollseglar og hamnar i sjøen, får lungebetennelse og døyr. Etter ei stund blir Johanna og Jæger gift. Like etterpå reiser dei ut til fiskeværet. Da får Jæger tæring:

Men straks etter vart han sjuk, og da der var lite å tape med det, tok dei han og fór heim. Det var vågsamt, men han bad så vakkert om det. Det var influensaen som hadde teke han…. Ho tok handa hans, og held henne hardt: - Det er ikkje lungebrune da? - Nei da, nei da! Berre influensa, du kan tru meg på det, Johanna! ...

(Olsøygutane (9);70)

… Sjukdommen tok seg på tak etter heimferda. Johanna vaka som ho hadde vaka over Johan. Det var Sebulon som måtte jaga henne i seng. Dokteren vilde Jæger ikkje høre snakk om. Han vann seg til att, smått om senn, men hosten for hardt med han, og mat og sømn smakte han ikkje. – Bronkitt, sa han. Det er berre ei råd for den, og det er å ligge, ligge, ein må ligge sjukdommen i hel. Mikstur og slikt ødelegg magen og tennene, det er klokkebytte med tap det. …

(Olsøygutane (9);70)

… Det kom slik uro over han at han stod opp. Det lettna for ein sjøl og det lettna for andre når ein først var ovan senga. Kanskje så kunde ein bli trøytt eller svolten og. …

… Dei hadde komme i hug, skjønna han, at mor hans døde i tæring. Eller Johanna frykta for ho hadde smitta han. Ho såg han visst ikkje så heilt og fullt i auga som før? Men kan hende ein sjukling krev meir enn friskt folk, - ein er ikkje menneske når helsa er borte.

Han sat oppe nokre dagar, og dermed bar det til sengs satt. Denne gongen henta dei dokteren. Det var ein ung og dugelig mann, han trøsta dei med at der var god von. Sjukesøstra kom dit, den same som hadde vore hoss Johan. … (Olsøygutane (9);70)

… Sommaren gjorde Jæger god att. Han låg ute godversdagane og kurerte seg, slik han hadde lese om det skulde gjerast, eller som Johanna hadde lært det da ho var borte. Det var sanatorium godt nok det. Litt blod spytta han, men det var så lite at han nemnte det ikkje. Og så heldt både det og hosten opp. Det som hadde hjelpt mest trudde han var tran med sprit i, som det var god tid på uti øyane no. …

(Olsøygutane (9);72)

… Det einaste var at Jæger hadde fått eit grand innvertes frost i seg oppå haugen den dagen, han tok inn sterke saker, reint så live lysna, og enda vart han ikkje gjennomvarm. Johanna bad han så vakkert han måtte legge seg ein dags tid. Endeleg gjorde han det, for det bar til med vestaver og full haust. Da kjente han at han kom ikkje opp meir. …

(Olsøygutane (9);74)

… Ein kvelden sa han: No ligg eg her, Johanna, der eg skal ligge. … Tæringen er ein tenlig sjukdom. Han hjelper den som har godt av det. Han gjer vel imot oss. …

(Olsøygutane (9);74-75)

… for det var ikkje til å sjå på kor sjukdommen og døden for med han. Skulde ho røre ved han, vart ho kald all igjenom og hjarte vilde stogge i redsla. …

(Olsøygutane (9);75)

… Jæger døde først i april. … Da snudde ho (Johanna) seg og stirde tomt på Sebulon: - Det er eg som har teke live av han.

(Olsøygutane (9);77)

Etter at Jæger er død, reiser Johanna heim til foreldra sine, men ho blir sjuk igjen:

… Aletta fortalde at Johanna hadde vorte sjuk att. …

(Olsøygutane (9);84)

… Berre ein fekk henne på trua til å reise på denne helseheimen att, så var det ingen fare. Men han (Sebulon) var der mange gonger før ho gjekk med på det. Han var hos dokteren og fekk han til å tinge rom for henne, var så i banken etter dei kronene han hadde der, og følgde henne til byen da ho for…

(Olsøygutane (9);84)

…. Litt lenger utpå hausten hørte dei at Johanna hadde komme heim. Ho skulde ikkje vera friskare enn at ho låg. … (Olsøygutane (9);85) … Johanna hadde vorte grå i hamleten, men ho smilte da Sebulon kom: - Eg reiste heim att eg. Eg vann ikkje å vera der lenger. Du må ikkje vera sint på meg for det. … (Olsøygutane (9);86)…. Men eg blir ikkje frisk. Nei, eg gir meg no, Sebulon. … Ho fekk eit par gråthikst, og dermed kom hosten. Sebulon tok og heldt henne med det stod på. Da kjente han det ho måtte ha kjent med Jæger låg på sitt siste: han vart kald i kroppen når han tok i henne. Etterpå låg ho lenge still. …

(Olsøygutane (9);86)

….

Johanna smilte som ho pla gjera når han kom. Da han hadde sitte der ein times tid, såg han det tok på henne, og så sa han godnatt. Ho bad at han måtte ikkje dryge så lenge før han såg dit igjen. …

(Olsøygutane (9);89)

….

Johanna hadde det gått fort att og ned med. Andlete var borte, og auga stod halvopne og framande imot Sebulon. Smilen var ingen smil meir. – Kjem du verkeleg åt meg enno? kviskra ho, det var armelig han hørte det. Ho retta fram handa, og den vart han sittande med, fire tynne, kalde bein inn loven hans. Ho småhosta og anka seg, ho vart brennraud i dei grågrønne kinna: - Kan vel ikkje ha så lenge att no?…

(Olsøygutane (9);100)

…. Men om eit par dagar kom mora og fortalde at Johanna var død.

(Olsøygutane (9);100)

Duun skildrar fleire andre dødsfall av tuberkulose, sjå vedlegg 4.

6.6. Sterke inntrykk

Vi har tidlegare høyrt at Helge Breistrand aldri kom over at Marjane døyr frå han så uventa. (Marjane (1)). Det var ikkje rart at slike dødsfall blant ungdom kunne sette sterke og varige inntrykk som kanskje prega dei resten av livet. I «Harald» er hovudpersonen ein villstyring og spelemann som gjer og seier mykje rart. Noko av forklaringa på at han er slik, kjem eit stykke uti romanen:

… Han kom til å minnast den tid han var ein 14-års gutunge: Da kom det ei framand gjente på skolen, ho var frå byen, og ho hadde ein lyserød kjole på; ho var så bleik og fin; halsen hennar var lang og kvit, og så hadde ho eit lite, svart sliketørkle omkring han, så han vart enda kvitare, for ho hadde vondt i halsen og hosta støtt. Ho var det vakraste han hadde set, ho måtte ha gått gjennom døden, syntes han, så vakker var ho, at han for i veg og gjorde alt det villaste og grovaste han visste. Da hendte det seg ho smilte, og han var nær på å strøypast av lukke. Så vart ho konfirmert, og så vart ho forlova, med ein spelmann frå byen, - og Harald låg og drømte oppi lia om korleis dei hadde det, til han vart reint fortulla og sjuk. Så døde ho av tæring. Og villskapen og spelemannshugen hadde sete i han frå den tida, og minne om henne hadde gnage han – og det var det som hadde ført han til Sara, no først gjekk det opp for han.

(Harald (4);38)

Berre det å ha denne sjukdommen kan ha store konsekvensar for mange: I «Ettermæle» er Turid, søster til Brynjar, sjuk. Ho er forlova, men faster Dina er lite fornøgd med dette når ho snakkar med Brynjar:

Nei da er det rettare du tenker på Turid, søster di. Det òg skulle Torberg måtte ha. Ein helselaus barnsunge som sett i veg og forlovar seg. Forlovar seg i den alderen. Det var nei-menn ikkje vårt vis. …

(Ettermæle (11);27)

Men Turid forstår etter kvart kor sjuk ho er og gjer det slutt med kjærasten:

ein kunde kjenne på seg at han vart tung å miste, om så skulde skje. No skulde det ikkje skje, ventelig, men herre gud kor ho hosta i natt! …

(Ettermæle (11);103)

… - Eg sa berre det, at han skal vente på meg til eg blir frisk. --- Og det blir eg aldri, veit du.

(Ettermæle (11);104)

6.7. Behandling – sanatorium

Ei mor med tæring og sonen funksjonshemma etter ulykke

I «I stormen» er det konflikten mellom Odin og Lauris som er hovudtema. Karen-Anna frå Jørnstranda har tidlegare fått eit barn med Lauris, og ho og guten bur i byen. Astri, som no er gift med Lauris, besøker Karen-Anna når ho er i byen:

Karen-Anna budde i utkanten av byen, i eit kammers. Det var reint og velstelt inne, men utrulig trongt. Karen-Anna var bleik og skrinn og var ikkje rart klædd, det var berre armoda og vanhelsa, såg Astri. … Borti benken sat sonen, han skulde vera i tjugeårsalderen no, rekna Astri etter. Han var ikkje stort lik Lauris lenger, det kunde ho sjå; han var uhuglig beinberr i andlete og slø i auga, det måtte stå til kleint med han. Krykkja låg attmed han.

…. Ho (Karen-Anna) hadde vore sjuk ja, og var sjuk, ho hadde sneven av tæring, etter som doktoren sa, og no masa han på at ho skulde bort, byen skulde koste henne inn på eit sanatorium dei kalla. …

(I stormen (7);210)

Astri tek guten (Ludvig) med seg heim til Håberg, slik at mora kan reise på sanatorium. (I stormen (7);211-213)

I «Ettermæle», der handlinga er lagt til tida omkring første verdskrig, har Turid, søster til Brynjar, eit håp om å komme til den helseheimen ho har vore på før, og faren har planer om å bli med henne:

Eg får ta Turid og fara nedover med henne, til helseheimen der ho var, og få lappa litt på helsa hennes. Kanskje ho er litt tynnslitt mi helse òg, flekk og annan slik. Vi reiser i alle fall.

Eller kva seier du om det? spurte han Turid, ho sat og vart flagande raudlett.

Auga hennes fortalte kor glad ho var. …

(Ettermæle (11);106)

Men faren, Torberg, døyr plutseleg, så det er broren Brynjar som reiser med henne til helseheimen. (Ettermæle (11);110)

I «Samtid», som også går for seg omkring 1920 (folkemordet på armenarane), har Birger fått plass på ein helseheim som blir skildra som eit stasbygg, så kanskje er det ganske nytt. Der høyrer vi om unge pasientar som er ute og går tur i frisk luft, det same behandlingsopplegget som Brehmer starta med om lag sytti år tidlegare. Men vi høyrer lite om korleis pasientane eigentleg har det, eller om dei får annan behandling. Agnar reiser for å besøke han på helseheimen:

Helseheimen låg der han skulde ligge, men det var lenger ferd dit enn folk skulde tru. Paradisvakkert måtte ein seie der var, og heimen sjølv fresta vera det same; han tykte visst han var vel så det. Jau da, det var eit fin hotell å sjå til, storveges, men tru om det ikkje kunde vera litt langsamt å bu der like vel? Men du veit, når ein er sjukling, så.

(Samtid (12);110)

… Da møter han Birger. Ja først møtte han ein flokk med damer som kom etter ein skogstig. Dei var som andre menneske utvendes, dei var friske og vel så det, men det fór i han at dei var gjester der, gjester ja og sjukt folk. Han såg nærmare på dem, vart visst syndhard i hjarte og såg vel: Dei hørte til her og ingen andre stader. Men dei var her og skulde bli friske; og det vart dei nok. Der kom eit par mannfolk òg, av same slage, der etter nokre som gjekk parvis, gjente og gut.

Og da møter han Birger på same stigen, Birger og ei gjente, ei ung dame, ja så gu! …

… Birger er friskare enn vona var, og mykje meir til kar enn han var der heime. – Er det slik å vera sjukling her? spør Agnar og ler.

(Samtid (12);110-111)

Gjenta gjekk frå dem nedetter og heim att. Ho var ulovlig tynn, til menneske å vera, ho vona vel ikkje ho skulde bli gammalkjerring ho der?

(Samtid (12);111)

Agnar gjekk til sjukepalasse og fann Birger. Det var fint der, all ting på stormanns-vise frå tak til kjellar. …

(Samtid (12);115)

Men å veta, som han gjer det, at rettno er det slut? Eit helselaust-år eller to, så kjem døden? – Ein kunde sette seg ned og – nei ikkje gråte, men gjøye, sette seg ned på bakbeina og hyle likhund mot alt i hop!

Slik er lagnaen for somme, for mange. Dei burde organisere seg. …

(Samtid (12);116)

6.8. Diskusjon

Tuberkulose er den dominerande sjukdommen i Duuns litteratur – i fleirtalet av romanane hans opptrer tuberkulose i ei eller anna form. I nokre tilfelle, som i «Marjane», i «Olsøygutane» og i delar av «Juvikfolke» er sjukdommen også eit gjennomgangstema. Duun skildrar dei ulike sjukdomsfasane av tuberkulosen detaljert, nærgåande og på mange måtar truverdig, også ut frå ein fagleg medisinsk synsvinkel. Eg har difor valt å ta med mange direkte sitat av korleis han skildrar sjukdommen. Ein får inntrykk av at forfattaren må ha opplevd mykje av dette på nært hald, utan det kunne han knapt ha skrive på denne måten. Og mens tuberkulosen på Duuns tid var vanleg, har knapt nokon lege eller sjukepleiar av dagens norske generasjon opplevd dødsfall på grunn av tuberkulose.

Tuberkulose spreier seg ved dråpesmitte, dvs. at bakterien blir spreidd til lufta når ein person med tuberkulose nys eller hostar og personar rundt pustar inn lufta. Bakterien kan da sette seg i lungene til den som blir smitta og vekse opp der. Derifrå kan bakterien vandre via blodet til andre delar av kroppen, slik som nyrene, skjelettet, ryggmargen og hjernen.

Det var først mot slutten av 1800-talet at behandling av tuberkulose kom inn i meir organiserte former. Før den tid hadde legane lite å tilby av behandling, men dei hadde utvikla metodar for betre diagnostisering, blant anna med oppfinninga av perkusjonsmetoden (Auenbrugger, 1761) og stetoskopet (Laënnec, 1816). Mange av dei gamle lungelegane var dyktige til å diagnostisere, og dei visste godt kor sjukdomsprosessen sat og kva for ein fase han var i. Dei kunne journalføre dette mellom anna ved hjelp av eit slags notesystem, med eigne teikn for ulike perkusjonsfunn og respirasjonslydar, slik at det hos nokre pasientar vart som oversådde partitur [5].

Opp gjennom historia var det gjort tallause forsøk på å behandle tuberkulose, for eksempel ved bønner, fetisjdyrking, opphald ved mineralkjelder, dagleg drikking av tjærevatn, opphald i tørr fjelluft, reiser til sjø med frisk havluft, innanding av svovelhaldig gass i vulkanske område, innanding av amoniakkhaldig luft i fjøs eller duft av nåletre. Alt utan positive resultat.

Mot slutten av 1800-talet kom det så meir systematiske behandlingsopplegg med sanatorier og helseheimar. Det var den tyske legen Hermann Brehmer (1826-1889) som i 1850-åra bygde det første tuberkulosesanatoriet, Görbersdorf i Schlesien, eit eige sanatorium meint berre for pasientar med lungetuberkulose. Behandlinga gjekk ut på feittrik og næringsrik mat, ro, mykje kvile, rolege spaserturar og frisk luft i landleg natur. Etter kvart greidde Brehmer å overbevise fleire om at behandlinga verka, og med modifikasjonar vart Görbersdorf mønster for alle sanatoria som seinare vart bygde [6].

Dei fleste tuberkuloseinstitusjonane i Noreg vart bygde i perioden frå 1900 til 1930. Sanatoria var meint for dei pasientane som i følgje legane trong behandling. Lyster sanatorium var eit av dei første i Noreg (1902), men på tross av at det vart bygd mange liknande institusjonar, var det vanskeleg å få plass. Helseheimane var ein annan type institusjon, og kunne ha opp til 50-60 pasientar. Dei hadde ofte eigen lege som var lungespesialist og kunne for eksempel foreta blåsebehandling og vurdere pasienten for operasjon. Namnet «helseheim» vart brukt for å unngå å knyte tuberkulose eller tæring til namnet. Ein tredje institusjonskategori var tuberkuloseheimane eller pleieheimane, som var meint for pasientar med uhelbredeleg tuberkulose. Desse vart difor ofte sett på som «dødens forgårder» [7].

Tuberkulosen på Jøa på Duuns tid.

Fleire av Medisinalmeldingane i perioden 1882-1916 nemner tuberkulose, men som regel ganske kort. Elles ser det ut til at distriktslegane var meir opptatt av dei epidemiske sjukdommane, som difteri, kikhoste, meslingar og skarlagensfeber. Kanskje er forklaringa at tuberkulosen oftast vart opplevd som ein kronisk sjukdom som folk kunne gå med i mange år og difor ikkje var så dramatisk. Det var på mange måtar ein «stille» sjukdom som folk heller ikkje ville snakke om, men dersom vi ser på dødsårsakene, ser vi at det er tuberkulose som var den vanlegaste dødsårsaka i Ytter-Namdalen i perioden 1880-1916. (Tabell 5.2, kapittel 5)

På Duuns tid var det lungetuberkulose som var vanlegast, og det er også den som er vanlegast i litteraturen hans. Sjølv om legane kunne vere gode til å diagnostisere lungetuberkulose, kunne nok mange sjukdomstilfelle vere usikre. Men vi får høyre at Otte, far til Odin, hadde magetuberkulose. Tuberkulose i skjelettet, som heller ikkje var uvanleg, får vi derimot ikkje høyre om. Heller ikkje skrofulosen, der infeksjonen er lokalisert særleg til lymfeknutane på halsen og i kjeven, skriv Duun om, men han skildrar mange av dei vanlege symptoma ved lungetuberkulose, som langvarig hoste, blodig oppspytt, lungeblødningar, tung pust, bleik hud og ofte hektiske, raude kinn. Vanlege symptom ved meir alvorleg sjukdom: avmagring, tung pust, feber, sveitting og etter kvart minkande krefter, sengeleie med stadig verre tungpust, hoste, oppspytt, kanskje større blødingar, før den sjuke blir mentalt uklar, kanskje på grunn av hjerneaffeksjon (meningitt), før døden kjem. Sjukdommen kunne vere langvarig, kanskje over månader og år, og Duun har fleire skildringar av kor stor påkjenning sjukdommen kunne vere, ikkje berre fysisk, men også psykisk og sosialt.

At både Sigyn (Sigyn (2)) og andre var opplærte til å halde seg borte frå tæringssjuke, var ikkje så rart. I ei lærebok for folkeskolen frå 1921 er det også understreka at ein skal halde seg borte frå dei sjuke og som er «urenslige»:

… Urenslige er alle de tæringssyke som ikke brenner op de forbindinger de har på åpne sår. Likeså alle de som hoster og spytter på gulv og gate. Alle slike skal man ta sig i akt for og ikke være sammen med dem. … [8]

Det er naturleg å tolke det slik at Duuns litteratur reflekterer kor vanleg tuberkulosen var på hans tid, og kor stort trugsmål sjukdommen var. Når unge menneske gjekk sjuke, kanskje over lang tid, og dei til slutt døydde på denne måten, fekk det store følger, ikkje berre for den sjuke, men også for familien og samfunnet rundt. Og nokre kunne bli prega for resten av livet av slike opplevingar. Eit kjent eksempel på at slike opplevingar kunne prege eit heilt liv, var Edvard Munch (1863-1944), som levde omtrent på same tid som Duun. Han kom stadig tilbake til korleis han opplevde at søstera hans døydde som ung av tuberkulose, blant anna uttrykt ved maleriet «Syk pike» (1885-1886).

«En brystsvak pike» - ei vise som vart kjent over heile Skandinavia - er eit anna eksempel som viser kor tragisk tuberkulosen kunne opplevast. Forfattaren skal ha vore Nicolay Benjamin Batt (1865-1932), overlege ved Namdal sjukehus i åra 1893-1932, og visa vart skrive til ei av pasientane hans, den elleve år gamle Anna Sætereng frå Otterøya, som døydde av tuberkulose i 1907. Sjå vedlegg 5.

Frå først på 1900-talet vart det ei storstilt satsing på helseopplysning og hygienetiltak i regi av Norske Kvinners Sanitetsforening, Nasjonalforeningen, Røde Kors, andre frivillige, og regjering og Storting, og dødelegheita av tuberkulose gjekk vesentleg ned (Figur 6.1).

Figur 6.1. Dødelegheit av tuberkulose per 10 000 innbyggarar, femårige gjennomsnitt. 1871/1875 – 2001/2004 (alders- og kjønnsjustert etter europeisk standard) [9].

I 1943 vart Statens skjermbildefotografering oppretta, og i 1947 vart det lovfesta at det var pliktig å møte fram til skjermbildeundersøking, dvs. røntgenundersøking av lungene. I 1950- og 1960-åra reiste Statens skjermbildefotografering, ved hjelp av bussar og båtar, rundt til byar og bygder – alle fekk besøk.

Den første effektive medisinen, Streptomycin, vart tatt i bruk først i 1947. I 1947 starta ein også med BCG-vaksinering av barn, noko som var påbode ved lov heilt til 1995. Talet på sjuke og dødelegheita sank enda meir i åra etter krigen [6].

Ved den første runden av Helseundersøkinga i Nord-Trøndelag (HUNT1, 1984-86) vart det tatt ca. 75 000 skjermbilder (røntgenbilde av lungene) i Nord-Trøndelag, og resultatet var at det vart påvist éin – 1 – person med tidlegare uoppdaga tuberkulose [10]. På dette tidspunktet kunne ein altså konkludere med at tuberkulosen var under kontroll. Men sidan har mykje skjedd: Folk reiser oftare til utlandet enn før, det har kome fleire innvandrarar til Noreg, og dessutan har antibiotikaresistente tuberkelbasiller begynt å spre seg. I Noreg blir det nå registrert ca. 340-400 nye tuberkulosetilfelle i året. Omtrent 85% av nye tilfelle oppstår blant utanlandsfødde, og ein går ut frå at dei fleste er smitta i det landet dei kjem frå. I dag inngår BCG-vaksine i vaksinasjonsprogrammet for barn med mor eller far frå land med høg forekomst av tuberkulose. Nyfødde barn av foreldre frå land med høg forekomst av tuberkulose blir vanlegvis vaksinert på barselavdelinga eller ved første besøk på helsestasjonen. På verdensbasis går ein ut frå at 1,7 milliardar menneske er smitta, og rundt to millionar menneske døyr av tuberkulose kvart år [11].

Jostein Holmen