i2

8. Graviditet og fødsel. Kvinnenes stilling

I heile forfattarskapen til Duun har kvinnene sjølvsagte og sentrale roller, og mange av kvinnene går gjennom graviditetar og fødslar, noko som naturleg nok har både kjenslemessige og praktiske konsekvensar, ikkje berre for kvinnene, men også for dei som står omkring. I dette kapittelet vil eg drøfte ulike medisinske og sosiale sider hos kvinnene i Duuns litteratur.

8.1. Seksualvanar og barnebegrensing

Mange av romanfigurane hos Duun er unge, driftene er sterke, det er mange besøk på lemmen til jentene, og dette får konsekvensar på fleire måtar. Skildringar av seksuell aktivitet held Duun seg likevel unna, på dette området er han blyg, slik det sikkert høvde seg på hans tid. Det er eit par eksempel der han er litt meir direkte i omtalen: I ein episode frå «Storbrylloppet», der Peder Håberg overnattar hos Andrea, får dei servert kaffe på senga av ei tenestejente morgonen etter:

… Gjenta drog ikkje på smilen eingong. Forlova folk låg i lag dei, slik var no det; dei gjorde det visst om dei var utrulig fine. – Eg kjem ifrå det andre pare, sa ho, - og no sett eg stelle her. …

(Storbrylloppet (6); 91)

Eit anna eksempel er Astri Håberg, som reiser til byen og giftar seg med den dødssjuke Arne Finne. Han har tæring, er sengeliggande og har berre kort tid att å leve. Astri sit hos han og steller han døgnet rundt dei tre vekene han lever:

… Som snarast, eit døgn eller to, såg det ut som sjukdommen hadde slakna. Hosten linna litt i, og sømnen vart jamnare; ein dagen sov dei fleire timar båe to.

Den natta låg han og såg på henne, tok ikkje auga ifrå henne. Handa hennar heldt han så det brente. – Astri! kviskra han. – Astri! Da reiste ho seg, med brennande kinner, tungt og ålvorlig. Ja, Arne. Eg kan ikkje seie nei til deg. Det får - bli som det vil.

Ho såg ut. Det var grålyse natta der. Lauve rørte seg i vinden, og båra pusta frammed stranda; det var forunderlig langt unda henne. Og rolig og ålvorsamt som ho hadde reist seg, tok ho til å klæ av seg og gjekk og la seg attmed han. – Er her rom til meg da? sa ho.

Utpå morgoparten, da ho stod opp, klaga han: Du hadde ikkje tenkt det her, Astri, da du kom hit! – Nei, kanskje. Nei, sant å seie. Men no er du guten min, Arne!

(I ungdommen (7); 59-60)

Kva Duuns romanfigurar tenkte om prevensjon og barnebegrensning veit vi ingen ting om. På 1800-talet og tidleg 1900-tal var det ikkje heilt uvanleg med tosifra barnetal, men ingen av familiane hos Duun har svært mange barn. Per Anders og Ane, som lever på slutten av 1700-talet og starten på 1800-talet, har seks barn (Juvikingar, (5)) (sjå vedlegg 5). Sonen Per og Valborg har berre to barn (Juvikingar (5)), mens barnebarnet (Blind)-Anders får seks barn med Massi, i tillegg til eit med Solvi og eit med tausa (I blinda (5)). Åsel, dottera til (Blind)-Anders og Massi, som lever på slutten av 1800-talet, får fem barn (Storbrylloppet (6)), mens Odin og Ingri, som lever først på 1900-talet, berre får to, og Astri og Lauris får fire barn (I stormen (7)). Heller ingen av dei andre av Duuns romanfigurar som lever først på 1900-talet har store ungekull.

Nokolunde effektive prevensjonsmidlar som pessar og kondom vart ikkje vanleg tilgjengeleg før på 1930-talet. Langvarig amming var ein gammal og kjend metode for å hindre ny graviditet, men Duun nemner knapt amming i det heile, så det veit vi lite om.

8.2. Redsel for graviditet

Sjølv om det i Duuns univers måtte vere mange som gjekk rundt og var redde for å bli gravide, høyrer vi om dette berre nokre få gonger. Eit eksempel er Odin, som er på lemmen til Karen-Anna alt før han er konfirmert. Dette kjem ut på bygda, og det er berre så vidt han får bli konfirmert. Konfirmasjonen var ein viktig milepæl, så det å bli nekta konfirmasjon ville ha vore ei stor skam.

… Og no først rente det som kniven gjennom han, at var ulykka ute, så stod det gale til med ho Karen-Anna, ho hadde noko å fortele han, og da vart det ikkje anna råd enn å gifte seg; når tida kom. For slik var det i Kjelvika, og slik skulde det vera frami bygda òg, at eit ord var eit ord og mann var ein mann! …

(I eventyre (6); 256)

Odin meiner altså at han må gifte seg dersom Karen-Anna er gravid, men korleis Karen-Anna opplever denne situasjonen, veit vi ingen ting om.

Gudrun i «Gud smiler» gøymer Vidar Holm på loftet sitt ei tid mens han er etterlyst for drap. Seinare, under brannen på Sevaldstad, dett han ned og slår seg i hel. Etterpå tenker Gudrun på at ho kanskje kunne vere gravid:

Det kom dag og annan at ho måtte ligge til sengs ei tak, måtte late att auga og ligge stokk still. Ei tid var ho redd ho skulde ha barn. Sia var ho uglad for di ho ikkje var verdig til det.

(Gud smiler (11); 274)

8.3. Uønska graviditet og «lausungar»

Uønska graviditet og «lausungar» er ikkje eit uvanleg fenomen hos Duun. Barn utanfor ekteskap er ei skam, men mange som blir gravide giftar seg før fødselen og kan dermed «berge seg». Andre må berre leve med skamma. Ofte er løysinga å sette bort barnet til andre som tek seg av oppfostringa.

Barn med tausa

I andre bindet av «Juvikfolke» følger vi (Blind)-Anders og Massi på Håberg, som lever omkring midt på 1800-talet. Dei får fleire barn, og til slutt får dei ein «attpåklatt», Ola («røytegget»). Det er ein vanskeleg fødsel, så Massi får helseplager i lang tid etterpå. Kva slags helseplager det er, står det ingenting om, men kanskje er det underlivsplager, for det verkar som ho unnskylder Anders når han set barn på ei av tausene:

og slik måtte det vel gå, når ho var kleinslig i årevis …

… Den tida Massi var sjuk, hendte det noko leit. Ei av tausene fekk barn med Anders. Slikt hadde mest ikkje hendt der i bygda, det skjemte ut ein mann for levetida. Det var tyngst å gå til Massi med det. Anders angra det så han stod mest ikkje bein for henne, han kunde aldri i live ha fått fram eit ord om det, hadde det ikkje vore for det at det var så for gale. Men Massi ho visste det alt, han trong ikkje fortele det, og no først såg han kor tungsint ho hadde gått her og bore det med seg sjølv.

(I blinda (5); 208)

… Ho tok det ovanfrå og ned, som ho gjorde med allting: Dei skulde ha dette, det var så tillaga; og slik måtte det vel gå, når ho var kleinslig i årevis og gjenta var så vidt vakker. – Dei leigde gjenta inn i plassane ein stad, og sørgde vel for henne i alle måtar, og åre etter tok Anders henne med seg opp i bygdene og tinga henne teneste der. Barne døde for resten snart. Vårherre var god både mot det og mot dei andre, sa Massi. – Kva folke sa og meinte, kom Anders mindre i hug; han hadde så lite med dem. …

(I blinda (5);208)

Korleis jenta som blir gravid opplever å bli gravid med husbonden og deretter bli sendt bort, høyrer vi ingen ting om. Vi høyrer heller ingen ting om korleis ho opplever det når barnet døyr, men det verkar som Anders og Massi blir letta.

Olav Duun budde mesteparten av livet i Holmestrand, og vart på den måten ein slags «emigrantforfattar». Mens han budde på Jøa hadde han opplevd sjukdom og død både i familien og elles, fått med seg mange historier og vori ein lesehest sidan han var liten, så han hadde rikeleg stoff også når han skulle skildre sjukdom og uhelse.

Olav Duun vaks opp på Jøa i Namdalen, og var ein erfaren arbeidskar på 25 år da han reiste til lærarskolen på Levanger. Seinare var han sjeldan på Jøa, men la likevel handlinga i dei fleste romanane til heimtraktene som han kjente som ung.

(Foto: Turkart Jøa, Kjentmann.no)

Olav Duun og Emma Nakling gifta seg i 1908 og flytta same året til Holmestrand. Dotra Dagmar vart fødd i 1910. Etter nokre år fekk dei kjøpt huset på Rambergfjellet, der dei budde resten av livet. Her er familien fotografert i hagen i 1928. Duun hadde nokre få venner, men familien levde elles mykje for seg sjølv. Emma budde der i mange år etter at mannen døydde, og også da verna ho sterkt om privatlivet.

(Foto: Wilse (1928), Nasjonalbiblioteket)

«Eg vil taka av mitt eige og forkynne dykk» skal Duun ha sagt. Sitatet er rissa inn på bautaen som er reist på heimplassen hans Øver-Dón på Jøa. Det er mykje som tyder på at han brukte eigne erfaringar og opplevingar når han skreiv, og det er grunn til å tru at det galdt også når han skildra sjukdom og uhelse.

(Foto: Jostein Holmen)

I 1949, ti år etter at Olav Duun døydde, ga Olaf Norlis Forlag og Johan Grundt Tanum Forlag ut den såkalla Minneutgåva med Duuns litteratur, og det er denne utgåva, med Duuns originalspråk, som er brukt som grunnlag for denne boka. Forleggar Olaf Norli (1861–1959) og Duun hadde eit nært samarbeid i alle år.

(Foto: Jostein Holmen)

Afrikanar i grønt skjerf. Edvard Munch (1916). Duuns litterære personar omtalar ofte «utgrupper» som samar, tatrar og negrar i ein rasistisk tone, slik det truleg var vanleg i Duuns levetid. Edvard Munch, som levde omtrent samtidig med Duun, oppdaga afrikanaren Abdul Karim på sirkus og engasjerte han som modell på Ekely. Dette var ei tid da både afrikanarar og samar ofte vart vist fram som kuriositetar. Det at Munch kledde Abdul Karim i vanlege, vestlege kleda når han mala han, for å vise at han var eit «vanleg menneske», var uvanleg.

(Foto: Munchmuseet)

«Syk pike». Edvard Munch (1885–1886). Tuberkulosen var ein langvarig, ofte «stille» sjukdom som tok mange unge liv på Duuns tid. I mange av romanane skildrar Duun tuberkulosen, og sjukdommen er eit gjennomgangstema bl.a. i «Juvikfolke». Men alt i Duuns første roman «Marjane» (1908) skildrar han korleis sjukdommen kunne vere tabuisert, og kor tragisk det er når Marjane døyr i 17–18-års alderen. Også på Edvard Munch, som levde omtrent på same tid som Duun, gjorde det sterkt inntrykk da søstra hans døydde av tuberkulose, slik han har skildra det i dette maleriet.

(Foto: Munchmuseet)

I «Gud smiler» opplever Justin Bunese at mor hans først får vondt i ei tå. Men ganske snart blir ho alvorleg sjuk og døyr, truleg har ho fått ein infeksjon i tåa, som i sin tur har ført til blodforgiftning (sepsis). Før antibiotika kom i bruk kunne ein slik infeksjon vere livsfarleg. Også Rebekka, jenta som Justin veks opp saman med, opplever det dramatiske dødsfallet. Her er Justin framstilt av Kristoffer Hjulstad og Rebekka framstilt av Emilie Mordal i dramatiseringa av «Gud smiler» på Turnéteateret i Trøndelag i 2019.

(Foto: Turnéteateret i Trøndelag)

«Lausungen» Odin blir bortsett

Hovudpersonen i dei tre siste binda av «Juvikfolke», Odin, er også fødd utanom ekteskap. Eilert på Vennestad hadde vorte enkemann, og Elen, dotter på Håberg, flyttar til han for å stelle huset. Dit kjem snekkaren Otte Setran for å innreie stua. Han er der utover hausten og arbeider, men blir der også over jul, enda han da er ferdig med arbeidet. Når folk reiser på fisket, reiser Otte til gjengjeld til Amerika.

... Utpå haustparten kom guten til. Så uventa hadde ikkje slikt barn komme til der i bygda, i manns alder. No lo dei til det, men den gongen syntes dei ho hadde havt dem til nar alle i hop, så det kjentes. Ho lo enda, da ho låg på seng. – Slik ein velskapt gutunge da, sa Åsel Håberg, mor hennar. - Han gjorde jammen vel og! Vi var no ingen fuskarar, nokon tå oss! Og til den einaste ungdomsveninna si sa ho, da ho sat der på senggavlen hos henne: Ei einaste natt var han her, og så kom han ikkje att meir! – Kom han ikkje att meir? – Nei, for eg stengte døra igjen. Meir skulde det ikkje til. For det skulde gå slik.

Sia kom det ut, at ein av ungdommane hadde snakka med Otte, da han stod på ferdafot til Amerika. Om han ikkje skulde til Vennestad før han fór? – Nei. Ho vilde ikkje ha meg: ho stengte meg ute. Venta ikkje anna heller for resten. ….

(I eventyre (6); 156-157).

Elen og Otte bur altså på same garden i over eit halvt år, dei har eit godt auge til kvarandre og har ei natt i lag. Men dei snakkar ikkje med kvarandre, så da ho stenger loftsdøra for han, tolkar han det slik at ho ikkje vil ha han. Dermed reiser han til Amerika utan å snakke med henne og utan å vite at ho er gravid. Når guten er fødd, høyrest det ut som Elen er stolt av guten, men det er likevel ei skam å få unge utanom ekteskap:

… Ho var utskjemt. Heim til Håberg kom ho aldri meir, og Åsel var ikkje den som trødde ut dørene for folk; og dei andre hadde heller ikkje stort å gjera der. Ingen kunde seie at ho tok seg nær av det, ho var heller lysare å sjå til enn før, og ho lo når det der var einkvart å le til. …

(I eventyre (6);157)

Seinare kjem Iver, brorsonen til Eilert, til Vennestad og kjøper garden. Etter kvart giftar Elen og han seg.

… Her i vår vart dei gift, og no hadde ho vore i Kjelvika med gutungen sin. For han var ikkje med i kontrakten, sa folk, og han Iver han vilde ikkje sjå han, hadde dei hørt. Han sa ikkje noko, han var ikkje den mannen, men det vart så kaldt i stua når han såg i kring seg og ikkje likte seg. Han var ein rett-tenkande mann, det var ingen som sa anna, og Elen var han visst god med, han hadde gjerne gått eit bra stykke veg for hennar skyld. Så var det vel ikkje for mykje om ho gjekk denne stubben for han?

Nei, sa ho med seg sjøl. Såpass fekk eg gjera. Etter som han ikkje sa eit ord om det. Hadde han nemnt det, så hadde det aldri vorte. Og ikkje hadde ho tenkt det heller frå førsten, det var langt av den vegen. Men ho såg skuggen i huse, og den hadde han Iver ikkje fortent. For han var meir til mann enn ho hadde tenkt. Ikkje var det så beint for henne heller med guten, det hadde vorte tyngre for kvar veka som gjekk, at her hørte han ikkje til. Ho hadde liksom teke på seg å gi han bort, ho fekk stå ved det. …

(I eventyre (6); 158).

Elen kjenner på seg at Iver ikkje kan tolerere Odin, så ho føler seg pressa til å sette han bort. Heller ikkje her snakkar dei om denne vanskelege situasjonen – ho berre tolkar mannen sin – og dermed blir ho med sjuåringen Odin til Kjelvika, slik at han kan bu der.

… så bra or vegen der…

I «Nøkksjølia» får vi høyre at Sigrunn, eldste dottera til lensmannen, får ei jente straks etter at ho er gift. Mannen blir sett fast på grunn av underslag og henger seg ikkje lenge etter:

… Sigrunn strauk til byen. Ho vilde ha korkje hjelp eller trøyst. Barne sørgde lensmannen for. Eit år eller så etter dette vart fortalt at ho var gift att; storveges godt gift òg, med ein – ja, dei visste ikkje så nett å seie kva slags mann han var, men det skulde vera av dei grummaste som fans. … … Barne vart bortsett til Nøkksjølia, til han Erik. Der kunde det ha det så godt som blomen i egge, og så var det så bra or vegen der. Det kunde vera nok for mannen hennar Sigrunn, sa lensmannen, at han visste ho hadde havt ein mann før, om han ikkje skulde vita ho hadde ein unge òg. …

(Nøkksjølia (2);7)

… men guten vilde han ikkje sjå …

I «Samtid» er det storebror til Agnar, Aleksander, eller Sander som dei kalla han, som driv garden. Han er gift med Anna:

… Ho hadde eit barn før ho var gift, ein gutunge. Det likte Sander henne like godt for, men guten vilde han ikkje sjå , han måtte bli heime hoss foreldra hennes, enda dei var meir enn mange nok i huse der. Men no da der kunde vera hjelp i guten vilde han ha tak i han. Ho hadde lengta nok etter gutpilten sin, såla, men ho torde ikkje for sitt berre liv gi han Sander i vald. …

(Samtid (12);33)

Burde ikkje vore «påsett»

I «Ragnhild» er Ellida hushaldar hos Håkon i dei åra Ragnhild sit i fengsel. Ellida har ein gut og er altså einsleg mor:

Ho visste folk såg ned på henne for denne gutungen, derfor bar ho hovude så høgt og såg så fritt på ein

(Ragnhild (10);155)

Ellida og guten hennes bur på Stavsund i seks år. Guten blir omtala mange gonger, men konsekvent i negative ordelag, og dei brukar aldri namnet hans:

Så nær som Ellidaguten, og at han hadde vorte på-sett det var ei skam. …

(Ragnhild (10);215)

Broren til Håkon, Johannes, kjem heim frå Amerika, og Ellida blir gravid med han. Håkon kommenterer dette på denne måten:

Gjenta var ferdiggjort, slik stod det til, ho stod der og fortalte det og synte det fram,

… (Ragnhild (10);197)

På leiting etter jenta si – 35 år etter

I novella «På leiting» får vi høyre at Lisbet er oppsagt frå tenesta hos lensmannen fordi ho er for gammal, etter at ho har vore der i 40 år. No er ho på veg sørover for å finne Jonetta, jenta som ho sette bort til frammandfolk for 35 sidan.

… Ho hadde havt dette barne med ho tente i lensmannsgaren. Ho gjekk ut or tenesta eit års tid og var hos søster si, som budde langt unda, for lensmannfrua måtte ikkje få nysn i det som hendte. Barne vart bortsett til snildt folk, det var så hjartans god ein gjentunge, og Jonetta heitte ho, etter faren. Kven han var, det visste berre ho Lisbeth sjølv og så presten der sør. …

(På leiting (9);228)

«Hemmeleg» barn prega heile samlivet

«Ettermæle» er lagt opp mest som ein kriminalroman, der Brynjar kjem heim og vil oppklare korleis mor hans, Arna, døydde. Faren, Torberg, blir først arrestert mistenkt for drap, men seinare sett fri. Brynjar går rundt i bygda og snakkar med folk som har kjent dei to, og han forstår at foreldra ikkje har hatt eit heilt vanleg forhold seg mellom. Til slutt kjem det fram at opphavet til mysteriet, deriblant kvifor foreldra har oppført seg litt rart av og til, er at mora hadde eit barn før ho gifta seg. Otte, gammelkjærasten til Arna, fortel:

Det er stygt men sant, at ‘n Tørris var som far for henne. Ho var i alle fall barn i huse. Og berre barne var ho. Og enda vilde han gifte seg med henne. Ja han vilde det, enda han såg kor redd ho vart først han nemnte det; og når han vilde det, da lova ho det. … Javisst var ho glad i han, for han hadde verkeleg vore eit godt menneske mot henne. Han vart ikkje vond før han hadde latt det vonde ta seg. Han visste ho gifta seg med han så sant ho berre kunde det. Men han tvila på om ho kunde det; vart ho eit år eldre da sa ho gjerne nei. Kva gjer han så? Eg tenkjer du veit det no. Han tok henne til ekte ja, på tomannshand – det er svartaste gjerningen eg har nemnt i mitt liv! Trua seg til det, utan trugsmål, eg seier: hadde han enda brukt vald mot henne!

Du er ein monn bleik no ja. Eg var bort i mot like bleik eg, da eg fann henne i byen og skjønna korleis det stod til. … Fann henne gjorde eg òg, visst du endelig skal vita det. Og da var det slik med henne, beint ut sagt. …

… Eg fann henne att òg ja. Barne hadde komme vel og vakkert hit i verda. No har det komme vel og vakkert her ifrå òg, hører eg. …

(Ettermæle (11);79)

Ho var dødsens redd at ‘n Tørris skulde få vita om barne, for da vilde han bruke retten mot henne, trudde ho, da kom han og tok henne. Ho var redd han både på kropp og sjæl.

Hadde eg visst da det eg veit no, da hadde eg teke barne hit med makt! Det hadde vore rette gjerningen i mot alle samen. Om det så var ei synd mot henne. Men å gjera henne i mot, det var eg ikkje mann for den gongen. For der var ho, ser du, så åleine i byen og verda. …

(Ettermæle (11);79)

Så Arna hadde vorte gravid med han som skulle vere som ein fosterfar for henne, og sjølv om det kanskje ikkje var valdtekt, ville vi i dag truleg kalle det eit overgrep. Arna reiser til byen, føder barnet i dølgsmål og set det bort, slik at verken barnefaren Tørris eller han som seinare blir mannen hennes, Torberg, får vite om det. Denne løyndommen pregar heile livet til ekteparet og er indirekte også årsak til at ho døyr. Så her har Duun laga ein heil roman med utgangspunkt i ein uønska graviditet.

Fleire uønska graviditetar

I «Straumen og evja» er Kristian gift med Åsta, men er utru med butikkdama Laura. Når ho blir gravid, sender han henne bort, så vi høyrer ikkje meir om henne, anna enn at Kristian fortel om det til Åsta seinare (Straumen og evja (8);127). Ingeborg, eine søstera til Åsta, blir forlova og etter kvart gift med Trygve, som er agronom. Men før dei blir gift, er ho redd for at ho er gravid:

Javisst får eg barn, det har eg ikkje tenkt på ein gong. Det gjer ikkje noko, det gjer ikkje noko, sa det i henne, med ho svara både den og den som snakka til henne.

(Straumen og evja (8);76)

Også i «Samtid» er det fleire graviditetar som ikkje var planlagde:

Dei (Agnar og Margit, forfattarens merknad) hadde ei vaksi søster òg, ho heite Beret, og ho var snild mot dem. Men ho var glad i ein gut, og han gjorde einkvart ved henne så ho vart med barn, styggingen, og da måtte ho gifte seg.

(Samtid (12);25)

I «Olsøygutane» får vi høyre om fleire som blir gravide utom ekteskap. Sofia blir gravid med Jørgen berre året etter at han vart enkemann:

… Da ho fortalde han, eine natta utpå sommaren, at ho var med barn, fór han i vêre som ho hadde brukt kvast på ham. Ho gret både den natta og natta etter. Da tykte ho det kunde vera nok i ein gong. Så kjem han ein dagen og seier at dei lyt vel til presten no da. – Som du vil med det, svara ho. … Ei kone frå Skinnarøya var der med ho låg. Ho sa det ho meinte, at dette var eit år for tidlig og vel så det. Sofia svara at ho hadde vist ifrå seg mange nok før. – Og han Jørgen han trong meg, la ho til.

Om våren heldt dei bryllopp og barnsøl same dagen. …

(Olsøygutane (9);6).

Jørgen omkjem på sjøen. Ei stund etter får Sofia barn med drengen Kal, men etterpå skikkar ho drengen derifrå (Olsøygutane (9);10). Borghild kjem og er taus hos dei ei tid. Ho har besøk av kjærasten av og til.

… At ho vart litt meir still av seg etter kvart merka dei ikkje . … Sia kom kona hans Jens Johannes og fortalde at Borghild hadde vorte klein, dei fekk gi tål .

Da dei spør etter henne:

- Ho Borghild? sa ho og småflirte, men ho vart svært lågmælt. Ja no har ho fått seg ein gutunge, de får sjå han i morgo. Retteleg ein blinkfyr! …

(Olsøygutane (9);39)

Så her er det lite å merke til skamma. Det blir verre når kjærasten som Johan har hatt i byen og som er vorte gravid, kjem på besøk. For Johan er i mellomtida forlova med Johanna:

… Jæger spurte kva han sa til denne førkja. – Sa? Eg ba henne pakke seg heim. Ungen blir min, veit du; og han kan eg da vel fø. Berre ho held kjeften sin – eg skulde ha kjøpt henne til å tie! … Gamle husmora deira vilde vita kva slags dame-menneske som var ute og fór. Johan svara at det var gammalkjærasten hans frå byen, ho vilde seie farvel med han. –Ho skulde reise til Selbu, sa han. Det skjøna ikkje gamla, for å reise til Selbu var da det same som å fara i barnseng det?

(Olsøygutane (9);54)

«Selbu-reiser» er altså eit omgrep også på Duuns tid.

I novella «Søster» er Valborg i teneste i prestegarden og blir gravid med ein student som er der. Dette er ei så stor skam at Berit, søstera til Valborg, først ikkje vil ha noko med henne å gjere etter det, men tilgir henne. Men Valborg kjem seg, blir godteke sosialt og greier å hemne seg på Berit og familien hennar. Heile denne novella og dramatikken som følger med blir slik sett i gang av den uønska graviditeten til Valborg og den skamma som følger med. (Søster (9);126-137)

I «Samtid» blir søstera til Oddny, Gudlaug, også gravid:

Gudlaug, stas-søstra deres, var med barn. Ho som eit anna kvinnemenneske ja. Dei sa det som kjente henne, at den lagnaen bar ho ikkje, så stor i seg som ho var, det kom til å gå med henne som med Oddny. Visst ikkje Mattias Sundrem tok til vettes da, men der var lita von om det, gjenta hadde komme gråtande heim sist ho var i veg og møtte kjæresten. …

(Samtid (12);70)

I «Menneske og maktene» blir vi bl.a. kjent med Ludvik, «Sjøtrolle». Da han kjem heim frå sjøen er søstera hans gravid:

… - Kjem du nå, midt oppi elende her! … Inne låg søster hans og jamra seg, skulde ha ein unge, så ugift ho var.

(Menneske og maktene (12);268)

Ingen ting å angre på

I «Olsøygutane» får vi imidlertid inntrykk av at dei «uekte» barna kunne vere meir aksepterte. Sofia er ei stolt kvinne som tilsynelatande ikkje let seg merke med at ho får barn utom ekteskap. Også barnet til Borghild blir omtala som «ein blinkfyr». Kanskje var det mindre sosial kontroll ute på øyene der dei bur?

Eit anna eksempel er Anna, dotter av Lars og Elen Lines (på nordsida av fjorden) i «Det gode samvite». Anna blir kjent med ein student og blir gravid, men studenten reiser bort. Lines er ein av storgardane i bygda, så dette er ikkje bra:

… at no er det gale med ho Anna Lines, det er så synd i henne at ingen veit det --

(Det gode samvite (4);159).

Men det viser seg at Anna angrar slett ingen ting, og ho greier seg bra. Når Nora frå Bjørland, den andre storgarden i bygda, kjem på besøk og ser guten, har Anna denne kommentaren:

Ja, æ sei no det æ, Nora, at når ´n har vøri glad i ´n – og har fått sæ slik ein liten ein som han her, så har ´n ingenting å anger på!

(Det gode samvite (4);180)

Anna er ei av dei første i Duuns litteratur som åpent står fram med eit «uekte» barn og er stolt – ei merkeleg «moderne» utsegn. Noko av den same, stolte haldninga kan vi merke i «Menneske og maktene». Kari, eine stedottera til Helmer, blir kjærast med lensmanndrengen:

Ho hadde ikkje stelt seg vettugare enn at dei måtte gifte seg lenge før dei hadde tenkt.

Der stod ho framfor han og tilstod det. Ikkje så at ho såg noka skam eller ulykke i det. Det gjorde ikkje Helmer heller.

(Menneske og maktene (12);179)

Men å greie å stå fram med eit «uekte» barn utan å kjenne skamma, er nok vanskeleg. Også hos Duun er dette unntaket.

8.4. Spontanabort

Når Per og Valborg flytter frå Juvika til Håberg («Juvikingar»), har dei motgang i førstninga, det er uår og Valborg aborterer to gonger:

… Det var no så det, sa Per berre. Ein riv no ikkje ned låven for berre eitt uår. …

… For Valborg var ikkje noko sålkræ til kvinnfolk. Det var det, at det hadde gått gale med henne, to gonger: ho hadde fare av vegen. Første gongen før dei flytte ifrå Juvika – det var no så tungt for henne å flytte derifrå; andre gongen her i sommar, og da heldt ho på å stryke med – det var vel det, at det vart som eit uår da òg: det vart for tørt. Ho tok det som eit varsel, eller korles det no var. …

(Juvikingar (5);97)

Nokre generasjonar seinare møter vi oldebarnet til Per, Peder. Han er sonen til Åsel og Kristen på Håberg og svært populær hos jentene. Kjerstina i Juvika blir gravid og det begynner å gå rykter om at ho har abortert, men det er viktig at dette ikkje kjem utover bygda:

… Det stod gale til borti Juvika, sa ho. Ho Kjerstina skulde vera så klein; skulde ligge for døden. … (Storbrylloppet (6);62)

… Dem hi vøri forlova. Og no e det slik med a – det kom fer tili! …

(Storbrylloppet (6);63)

… Ein fekk vera glad ho kom ifrå det med live, såla. …

(Storbrylloppet (6);65)

… Men dei hadde vel ikkje latt det komma utover bygda? …

(Storbrylloppet (6);65)

… Kjerstina var ikkje attkjennande. Ho var kvitfådd i andlete og blå i leppene som ein nåe, blode hadde gått av henne så det var mest ikkje liv at. …

(Storbrylloppet (6);65)

… Men Kjerstina hadde gått og lagt seg att, straks det vart fortalt dei var på vågen. Ho var så veik enno, det var alt med seg at ho gjekk, og no vart ho mjo i knea, og svimren, ho vann ikkje meir. …

(Storbrylloppet (6);76)

… Ho Kjerstina, ja, sa Marta, og dei andre såg stilt ned. Ho e dåli, ho. Ho e uti kammerse. …

(Storbryloppet (6);77)

Kjerstina har tydelegvis mista mykje blod, symptoma verkar alarmerande, men ho kjem seg etter kvart. Peder giftar seg imidlertid med Andrea, og under dobbeltbrølloppet, der Peder og Andrea er eine paret og Mina og Arthur det andre paret, kjem bror til Kjerstina, Karl Jensa, «Juvikløva», og vil snakke med Peder:

Kann hels dæ ifrå a Kjerstina. Vi mått ta og bitt a fast i dag. Ho villa tyn sæ. Ha? Ka du sei om det? Svara du ikkje?...

(Storbrylloppet (6);116)

Kjerstina er altså suicidal etter at ho er svikta av Peder, så alvorleg at dei måtte binde henne fast.

8.5. Provosert abort

Provosert abort var straffbart på Duuns tid, men skjedde likevel, utført av legar eller av «kloke koner», ofte under primitive forhold og med dårleg hygiene. Resultata kunne vere alvorlege komplikasjonar med blødningar og infeksjonar, noko som ofte var livstrugande.

Besøk hos madam Husvig

I «Det gode samvite, Yngste ætta» er Frigg ein av hovudpersonane. Ho flytter til byen og blir etter kvart forlova med Rohl, banksjefen, som er mykje eldre enn henne. Men Frigg er ganske vidløftig, er stadig på farten, og ho blir gravid med Martin Olsen, «mannen med arret». Rohl veit ikkje noko, men har ein mistanke og oppdagar at Frigg går til madam Husvig:

… - og var det ikke som jeg fryktede: Hun gikk ind til madam Husvig! De ved hende, jordemoren, som øvrigheden længe har havt sin oppmerksomhed henvendt på.

(Det gode samvite (4);294)

Etterpå fortel han korleis Frigg var:

… Bleg og elendig, men bare blodmangel, … … Hun besvimede i mine armer.

…(Det gode samvite (4);294)

Men det ser ut til at Frigg greier å overbevise Rohl om at ho aldri har tatt abort, og ho skriv om det til Nora, mor si, som verkar oppgitt over kor dum ein kar som Rohl kan vere:

Nora såg i veggen djupt og lenge:

Dummar og dummar. Ikkje-noko veit æ – og ikkj-noko veit han. Men: vi kan tru det best. Det pla bli billiast det. Ho Frigg, ho -- …

(Det gode samvite (4);295)

Provosert abort med katastrofalt utfall

I «Gud smiler» blir Asta, søster til Gudrun, gravid med dokteren ho tener hos:

men da ho vart åleine med Gudrun fortalte ho at ho måtte gjera ende på seg, ho visste berre ikkje korles ho skulde få tak i litt gift. …

… Asta rista på hovude. Det var vonlaust å nemne det. – Eg skal ha eit barn! sa ho best det var og såg Gudrun i auga. … Smått om senn skjønna ho det var umulig å leva visst dette var sant. … Forferdelig, sa det i henne. …

Du får komma med denne ungen da. Blir han påsettande, så sett vi han på. …

- Drepa seg for ein ufødd unge! lo Gudrun. Ho skar i seg sjølv med det, men lat det svi. Finn på noko dummare! let ho. …

(Gud smiler (11);191)

... Tru om ikkje ei forelska gjente er dummaste dyre på jorda? Mannfolka burde bli avsett og tryna ned i søla, ein får barn med dem, ein blir kjerring under dem! Eller så bed du om forgift. Far hadde revgift frå den tida han fanta med revfangst. Først ho kom heim skulde ho stela glase og få det ut av verda. At ikkje Asta heller skulde eiga skam i live! …

(Gud smiler (11);192)

… Du kan fortele han kva han har gjort med deg. Da blir det hans sak å få deg bort, eller få bort ungen. Han kan koste det til utlande, i lære, kan du seie. He! drepa seg for dokteren si skyld. Er det det vi har dokteren til?

(Gud smiler (11);192)

Asta er nærmast suicidal fordi ho er gravid, men søstera Gudrun overtalar henne til heller å ta abort. Det endar katastrofalt:

Asta fór. Ho kom aldri att. … Asta skreiv til Gudrun at ho var sjuk, ikkje noko farlig, for det var overstått, men ho kjente seg ikkje frisk etterpå. Barne – og dokteren – nemnte ho ikkje med eit ord. … Til slut bad ho: - Du må aldri fortele mor nokon ting!

(Gud smiler (11);193)

Litt seinare kjem dokteren heim til dei:

Han var like fin mann den dagen som elles, men han var ulik seg. Det var det han hadde å fortele dem, at han hadde fått brev frå den kollegaen sin i hovudstaden, som Asta var i huse hoss. Ho var død. Av blodforgift; det hadde gått så fort.

(Gud smiler (11);194)

Dokteren, som også var barnefaren, har truleg fått ein kollega i byen til å ta abort på Asta. Men ho døyr av blodforgiftning etter aborten, ein av dei vanlege komplikasjonane etter abort på den tida.

Overlever provosert abort – dokteren tiltalt

I «Menneske og maktene» blir Mildrid, ei av stedøtrene til Helmer, gravid. Barnefaren Roald får brev frå Mildrid:

Ho fortalte som det var, ho skulde bli mor, og han var faren, ingen av delene let seg nekte, dess verre. Så gale kunde det bli når to ungdommar let vera å tenke, skreiv ho, og ho lasta ingen av dem. … Men kva skulde ho trive til? Ho hadde tenkt å bruke dei råder som fanns, men først vilde ho høre eit ord frå han. ...

… han skreiv at ho måtte søke råd straks, og pålitelig råd. Det han åtte av pengar skulde bli sendt først han hørte frå henne att. Gud hjelpe oss båe to!

Det vart ikkje noko å høre frå henne. …

… I staden kom de uhuglig hende i blada: ein dokter i den og den byen var skylda for fosterdrap. Ei bondegjente låg for døden. Sia stod der meir om det, gjenta var utanfor fare, dokteren var sett under tiltale o.s.b. …

(Menneske og maktene (12);265-266)

Også i dette tilfelle er mora i livsfare, men overlever. Her blir det oppdaga kva som er gjort, og dokteren blir sett under tiltale, utan at vi får vite kva som hender vidare.

8.6. Infertilitet

Manglande evne til å få barn, infertilitet, er også eit tema hos Duun. I «Gud smiler» blir Justin gift med Solgjerd, men dei får ikkje barn:

… Dei var barnlaust folk, det var det. Det var dei enno da dei hadde vore gift i 3 år. Han gjorde seg like sæl og sa til Solgjerd: at det å få barn det er ein gave, men å sleppe unda det er ein nåde, han hadde hørt eit menneske sa dei orda. Ho hørt ikkje større på han, og svara ingen ting. …

(Gud smiler (11); 139)

I «Menneske og maktene» kjem Borghild flyttande til øya saman med broren. Ho bur i lag med Roland, men av av ein eller annan grunn får ho ikkje barn:

Som nå det at ho fekk ikkje barn, det var eit tungt tap det. Ho hadde aldri trudd ho skulde eiga nokon ting, men like vel - …

(Menneske og maktene (12);213)

Da først vart det vondt at ho ikkje fekk barn. Men, som han alt visste, ho måtte under dokterhand før det kunde bli. Kven vilde plage henne til det?

(Menneske og maktene (12);224)

Her blir det antyda at Borghild kunne få behandling for infertilitet. Handlinga i denne romanen er lagt til første del av 1900-talet, så om det fanst noka god behandling på den tida er uvisst. Det var heller neppe gode diagnostiske metodar for å undersøke årsaka til infertilitet.

8.7. Incest og valdtekt

Mistanke om incest

Seksuelle overgrep er nesten ikkje omtalt hos Duun, men to-tre stader har Duun antyda at det kan ha vore incest (blodskam). I «Straumen og evja» går det fram at søskenparet Åsta og Torleiv alltid har hatt eit nært forhold, og mannen til Åsta, Kristian, mistenker eit incestuøst forhold, men vi får aldri vite om det var anna enn mistanken:

… Eg trur ikkje du Åsta skuld dømme nokon. Korles det er millom deg og ‘n bror din, det må du sjølv vita. Hadde det enda vore ein annan mann . …

(Straumen og evja (8);60)

I «Menneske og maktene» blir Helmer skulda både for valdtekt og incest (med dottera Målfrid), utan at det er anna enn lause skuldingar:

Bror Jørgen hadde fortalt at der var ein som visste ømse om Helmer. Olga, den gjenta han synda med, skulde ha sagt at Helmer valdtok henne. … Korleis var det mellom Helmer og Målfrid, om sanninga skulde fram?

(Menneske og maktene (12);173)

Mistanke om valdtekt

I «Menneske og maktene» blir vi også kjent med Inger, dottera til Ludvik (Sjøtrollet). Ho er truleg utviklingshemma og har dessutan store psykiske problem, og faren meiner dette kjem av at ho vart utsett for valdtekt mens ho var borte som 17-åring:

Men dei ser ikkje . Dei ser ikkje korles den bonden der aust fór fram mot vesle Inger. Det er far hennes som må sjå det òg. Gjentungen var 17 år den gongen. … … Dei trur Inger skjønner heller ikkje nokon ting. Trur ikkje ho minns valdtekta og heile styggedommen. …

(Menneske og maktene (12);271)

Inger kan ikkje folk ta frå han. Ho vaknar ein dag og seier far. Ja, svarar han. Du er Inger. Du har berre drømt. Nå er det lyse dagen. Og da smiler ho.

(Menneske og maktene (12);272)

Men uvérsnatta, da heile Øyvære heldt på å gå under, er både Inger og faren mellom dei som reddar seg på toppen av øya. Eit stykke unna ser Inger at Roald og Vebjørg står og held om einannan:

Inger hang og klønte der opp enda og såg vestover. – Hå, hå! ropte ho og sa. Å nei lel! Dei hørte ikkje større på henne, ikkje før ho klaga med seg sjøl, det var meir som ho song:

Henne vilde han ha! Og meg vilde aldri nokon ha!

Ho hadde det godt ho som var tullet, tykte somme. Andre fór der som ein tanke igjennom, og faren reiste seg, vart ståande og stirre opp til henne, han kremta og var rar alt med seg. – Jaså! sa han endelig. Skal eg tru det er sant? Jaså, jaså, Inger!

(Menneske og maktene (12);304-305)

Og Inger, såg han, ho hang fast i berge som ein ørn, gut, og var vettugare enn alle dei andre. Henne hadde dei vraka, dei let henne gå urørt. Det var henne litt for tungt ja, armods ungen hans. Slik ein vanheder var verre enn valdtekt.

(Menneske og maktene (12);306-307)

Faren forstår at Inger ikkje vart valdteken. Det er audmjukinga over at ingen ville ha henne som først og fremst plagar henne.

Seksuelle overgrep

I «Ettermæle» viser det seg at Tørris, som skulle vere som ein fosterfar til Arna, har gjort henne gravid. Det var stor aldersforskjell, det er uklart kor gammel Arna eigentleg var da ho vart gravid, men «berre barne var ho» . Det er vel liten tvil om at dette i dag ville ha vore vurdert som eit alvorleg overgrep, kanskje til og med mot mindreårig. (Ettermæle (11);78-79)

Didrik mistenkt for overgrep

I «Medmenneske» kjem det fram at Didrik har vore mistenkt både for drap og valdtekt. Det er Morten, mannen til Lea som fortel om dette til Håkon:

… Og så fortalte han korles det hang i hop. Didrik var skylda for noko stygt, for valdsferd mot ei halvvaksi gjente, men han var uskyldig. Det var berre eitt vitne som hadde set Didrik på den kanten om kvelden, ein finnkall, men ein slik skapning kan sverje på svarte løgna, han er ikkje døypt eingong. Gjenta hadde ikkje fått sjå valdtektsmannen. Så fann dei kallen dau nedi fjæra ein morgonen, han hadde fått ein kakk i hovude av noko hardt. …

(Medmenneske (10); 132)

Om Didrik var skyldig, får vi aldri vite sikkert. Men mistanken har hengt over Didrik, og Morten er så sikker på at Didrik var skyldig at han ripar ordet «mordar» på innsida av kistelokket til Didrik. (Medmenneske (10); 131-132)

8.8. Fødselskomplikasjonar

Det blir fødd mange barn i Duuns litterære verd, alle fødslar skjer heime, og oftast går det bra, men han skildrar også ulike fødselskomplikasjonar.

Svangerskapsdepresjon

I «Harald» er Petra sjuk under svangerskapet og har ein hard fødsel. Deretter får ho symptom på depresjon:

… Sommaren vart ein strid sjau for Harald. Petra vart sjuk lenge før guten kom, og da han endeleg var der, var ho mest klar. Ingen syntes heller det kunde vera anna å vente, for det var ein høljar til gutunge; og Harald kom i hug at han òg så nær hadde teke live av mor si da han kom til. Så var Petra oppe for tidlig og vart liggande ein tørning til.

Det var det med henne, at det nytta så lite å snakke til henne for slikt. … Da ho vart liggande andre gongen, gjekk det hardt innpå henne. Ho låg og såg framfor seg, og svara knapt andre enn Harald.

(Harald (4);44)

Komplisert fødsel

Massi og Anders på Håberg får mange ungar, og til sist kjem Ola. Dette er ein vanskeleg fødsel og gir Massi store helseplagar i lang tid, utan vi veit meir om kva slags plager. Mest truleg fekk Massi underlivsproblem. Iallfall set Anders barn på ei av tausene i tida etter fødselen, noko som Massi såg stort på (I blinda (5); 208).

Også i «Olsøygutane» er det ein komplisert fødsel, men Johanna kjem seg gjennom det:

… Om sommaren kom det til ein gut på Olsøya. Johanna var svært sjuk, alle karane såg ut som dei vilde ta til rømmings snart. Over stod ho det, men retteleg frisk såg ho ikkje ut etter den ferda . …. Eit par gonger snakka brørne frampå til Johan, om Johanna verkeleg var frisk? - Jøss, ho var frisk, kva anna skulde hos vera?...

(Olsøygutane (9);56)

Svangerskapsforgifting

Carolus Magnus lever ei tid i lag med Marta Solberg, og ho blir gravid. Da får Carolus henne til å reise til Danmark før fødselen. Etter ei tid får han først brev frå Marta om at ho er sjuk og er redd, og straks etter får han telegram om at han må komme straks. (Carolus Magnus (8);210)

… Marta var alt inni døden da han stod ved senga hennar, og der var nokon som vilde ha han derifrå, det var gjerne dokteren. Ho låg og døde, og borti ei korg låg barne og levde. Det levde. Marta kjende han ikkje, ho låg i ein døs. Ikkje kjente han henne heller, andlete var ikkje hennar, han stod der hjartans åleine. Han stod der lenge.

Da vakna ho smått om senn, vakna og visste om han, og endelig såg ho han. Ho retta fram handa så godt ho kunde. …..

Ho smilte til han, enda så allvitande sorgsamt ho såg på han.

Men dermed tok pina til. Krampen slo ned i henne liksom han hadde ligge på lur. Han sleit sund andlete hennar, sleit sund heile menneske framfor auga på dem. Carolus Magnus steig unda, stod enno eit tak og såg og hørte, og kom seg så ut or stua. Han såg det blåe andlete hennar og blodskomme kring munnen. Det kom for han det var eit dyr dei pinte i hel, vettlaust folk hadde funne på det, dette var ein urett som gjekk over han!

Dokteren kom og snakka med han. Det var ein ung mann, med full av ålvore frå døds-senga; det var visst ikkje stor von i det han sa . ….

Han venta i timevis… Da fekk han bud om at ho var død.

Marta var ukjenneleg for han der ho låg. Han var ikkje mann for å sjå henne.

(Carolus Magnus (8);212-213)

Død i barsel

I «Hilderøya» er Herborg høggravid når konflikta mellom Svein og Etvart Jørgen toppar seg. Det endar med at Etvard Jørgen henger seg i naustet. Herborg oppdagar liket av Etvart Jørgen før Svein, men utan at ho seier noko om det. Etter det blir ho dårleg:

… Herborg låg der kvit i andlete og med blåbleike leppor. Det fans mest ikkje blod og liv att i henne. … Herborg vart dårlegare utover natta. Ho hadde vore nedi nauste og skulle sjå om der var meir kokefisk, og hadde gått seg på Etvart Jørgen, hadde sige i uvit og langt om lenge kome seg inn. No var ho heilt med seg sjølv att, men låg og kasta seg og bar seg i slik verk at det var spel om live. Kaldsveitten perla på panna i eitt vekk.

Svein sat hjelpelaus og såg på. Det var så greitt at ho skulde døy no. Nytta ikkje å koma seg unna det. Mindre slapp han vel ikkje med. Hanna nemnte å hente doktoren, men Herborg riste på hovude og vilde ikkje høyre tale om det.

Han seig ikne framfor senga. – Han tok handa hennar, og ho let han ha henne. Tennerne beit seg inn i leppa, han var stiv og still. Ho døydde frå han no, dokteren hadde ingenting her å gjera; og det verste, det beiskaste var det, at han trudde ho gledde seg over det. … (Hilderøya (2); 282).

dokteren, som kom og ingen ting kunde gjera, stod der og tok av seg brillone og tørka dei og ikkje kunde seie eit livsens ord; barne, som var så lite og utan liv; og så anda, som arbeidde seg ut or barmen hennar, stridde sine siste tak i halsen og sløktes med ein pipande lyd i nasen

(Hilderøya (2); 282).

Det står ingen ting om korleis sjølve fødselen gjekk for seg, og det er ingen direkte opplysningar om unormal blødning, men « Det fanns mest ikkje blod og liv att i henne», så kanskje blødde ho i hel. Men dette veit vi ikkje sikkert, til det er fødselen og dødsfallet skildra for upresist.

I «Menneske og maktene» fortel far til Torger ei historie når han ligg og skal døy. Kona hans, altså mor til Torger, hadde fått beskjed om at ho ikkje tålte å gå gjennom fleire fødslar. Likevel vart ho gravid:

Da Torger kom til verda hadde dokteren sagt til far at mor måtte aldri komme på den vegen oftare, det stod ho ikkje ut. Og det hadde han lova, for Gud sjøl. Det var ein dom. Men så kom ho på den vegen like vel. Ho pintes meir enn nokon var godtil å minnast, før ho slapp utor live. Far hørte det visst nå, han såg slik ut.

- Eg visste ho måtte døy om så gale hendte, sa han. Eg visste det da? … Men eg døyr rolig. For det var ho sjøl som vilde det slik. Eg må vel ha ein gjentunge òg, sa ho. Men, klaga han seg att, eg veit ikkje kva ho tenkte da. Eg veit det ikkje! …

(Menneske og maktene (12);225)

Trass i at ho hadde fått vite at ho ikkje tålte fleire fødslar, vart ho gravid på nytt, truleg med vilje: «Eg må vel ha ein gjentunge òg », hadde ho meint. Dødsårsaka veit vi ikkje, men også for henne vart det ein pinefull død.

8.9. Diskusjon

Prevensjon og uønska graviditet. Forelsking, hormoner og drifter er så absolutt til stades i mange av Duuns romanar, men Duun er blyg når det gjeld seksuelle skildringar. Det var truleg tabu å snakke høgt om slike ting i hans tid, nokså ulikt det vi kan lese i moderne litteratur. Han fortel om nokre seksuelle overgrep, men dei har ingen sentral plass i romanane.

Derimot er uønska graviditet eller angsten for graviditet nokre av dei verkemidla han ofte brukar i diktinga si. Duun skriv ingen ting om prevensjonsmiddel, og vi kan ikkje vite kva Duuns personar tenkte omkring barneavgrensing eller kor mykje dei visste om slike tema. Kanskje amma mødrene lenge, noko som er ein gammal og kjent metode for å hindre graviditet. Reservelege Ludvig Wilhelm Dahl (1826-1890) ved Gaustad sjukehus reiste rundt for å undersøke «sindsyge» på 1850-talet. Han fortel at det mange stader var vanleg å amme 2-3 år [1]. Men heller ikkje amming er omtala hos Duun, så dette blir spekulasjonar.

Prevensjon har truleg vore praktisert til alle tider - heilt sidan mennesket vart klar over samanhengen mellom samleie og befruktning. Mange merkelege metodar er brukt opp gjennom historia, men det var først på 1900-talet at det vart utvikla pålitelege og stort sett ufarlege prevensjonsmidlar. Overlege Britt-Ingjerd Nesheim skildrar utviklinga av prevensjonsmidlar slik:

… I alle kulturer til alle tider er det truffet tiltak for å begrense barnetallet, f.eks. langvarig amming, avbrutt samleie, skylling av skjeden etter samleie, ulike remedier som har vært lagt inn i skjeden, og kondomer laget av dyretarmer. De prevensjonsmidlene som brukes i dag, er alle relativt nye. Kondom og pessar kom med moderne gummiteknologi på 1900-tallet. Sikre perioder kom med oppdagelsen av eggløsningen omtrent på samme tid. Spiraler ble laget av sølv og silke i 1920-årene. Metoden ble gjenoppdaget i slutten av 1950-årene, men spiralen ble da laget av plast. I 1970-årene kom kobberspiralen og i 1990-årene hormonspiralen. P-pillen ble utprøvd i stor skala første gang 1956, ble registrert i Norge 1963, men tillatt som prevensjonsmiddel først 1967. … [2]

Meir moderne kondom og pessar vart ikkje tilgjengeleg før på 1930-talet, og prevensjonsmiddel var prega av tabuførestillingar og hemmeleghald heilt til 1970-talet. Så det er grunn til å tvile på om Duuns personar i det heile brukte prevensjonsmetodar som var effektive.

Fødselskomplikasjonar. Det er da også mange av Duuns personar som blir gravide og føder, og vi høyrer også om fødselskomplikasjonar, for eksempel Petras fødselsdepresjon i «Harald», Massis helseplager i «I blinda» og Johanna i «Olsøygutane», mens Herborg i «Hilderøya» og Marta i «Carolus Magnus» døyr i barsel. Det er likevel lite omtale av korleis dei gravide opplever graviditeten, om dei for eksempel har plager eller komplikasjonar. Fødslane blir stort sett også omtalt «på avstand» og med få detaljar, sjølv om dette ofte var dramatiske hendingar, nokre gonger med fatale utfall. Forklaringa kan vere at Duun ikkje har opplevd slike ting på nært hald, kanskje i motsetning til andre sjukdommar som han mange gonger skildrar ganske presist. Det var sjølvsagt utenkeleg at ein mann kunne vere med på ein fødsel på hans tid.

Det finst likevel eit unntak: Måten Marta døyr på i «Carolus Magnus» er uvanleg detaljert skildra. Sjukdomsbildet er typisk for svangerskapsforgifting (eklampsi), ein tilstand som kan utvikle seg særleg hos gravide som har høgt blodtrykk. Dersom blodtrykket ikkje blir kontrollert og behandla, kan det etter kvart bli nyreskade med eggekvite i urinen og væskeopphoping i kroppen, bl.a. med hovne bein. Ubehandla kan sjukdommen bli livstrugande både for mor og barn, og med affeksjon av mange organsystem, kanskje med dødeleg utgang, slik det er skildra hos Marta [3]. På hennar tid var svangerskapskontrollane ikkje utvikla, og truleg forsto heller ikkje legane kva sjukdommen kom av. I dag er ei av dei viktigaste oppgåvene ved svangerskapskontrollane nettopp å kontrollere blodtrykk og urin. Da kan ein oppdage sjukdommen i eit tidleg stadium (preeklampsi), slik at ein om nødvendig kan sette i verk behandling. Det er difor i dag sjeldan at nokon blir alvorleg sjuk av denne tilstanden, og det er truleg eit fåtal av dei legane som i dag er i arbeid i Noreg som har opplevd eit sjukdomsbilde som hos Marta. Men i mange andre land, særleg i utviklingsland med dårleg utbygd svangerskapskontroll, er svangerskapsforgifting (eklampsi) framleis langt vanlegare [4].

Ettersom Duun har skildra Martas sjukdom så detaljert, gir det grunn til å tru at Duun enten må ha opplevd ein slik sjukdom på nært hald eller at han kan ha fått han skildra av andre som har opplevd dette. Han kunne kanskje også ha lese seg til det i medisinske lærebøker.

Elles er det ganske få deltaljar knytta til svangerskap og fødslar. Sjølv om svangerskapsplager og detaljar om fødslar sikkert var eit samtaletema blant kvinner, var det truleg eit ikkje-tema blant menn. I det heile er Duuns omtale av graviditet og fødslar prega av at han ser dei frå menns ståstad, slik menn truleg såg på slike hendingar på hans tid. Det var nok frå menn Duun hadde fått sine historier, og det var mellom menn han hadde fått sine erfaringar.

Abortar. Vi høyrer om spontane abortar, som hos Valborg i «Juvikingar» og Kjerstina i «Storbrylloppet», og om provoserte abortar som kunne vere livstrugande, som hos Frigg i «Gud smiler» og Mildrid i «Menneske og maktene». Asta i «Gud smiler» døyr etter ein provosert abort.

I Noreg var det frå 1687 dødsstraff for å gjennomføre svangerskapsavbrot. Dødsstraffa vart fjerna i 1842, men framleis var abort straffbart – ein kunne bli dømt til straffarbeid i opptil seks år. I 1913 starta kvinnesaksforkjemparen Katti Anker Møller (1868-1945) kampen for å fjerne forbodet mot å ta abort. Ho meinte det var urimeleg at det var legar, og ikkje kvinnene sjølv, som skulle ta avgjerda. Ho fekk støtte frå grupperingar av arbeidarkvinner, men det var først i åra etter Anker Møllers død at resten av arbeidarrørsla følgde standpunktet hennar. Sjølvbestemt abort vart vedtatt først i 1978 [5].

Barn utom ekteskap. Det å få barn utom ekteskap var ei skam, men vi høyrer om fleire mødre som ikkje ser ut til å bry seg om dette og var stolte av ungane sine. Det gjeld for eksempel Anna Lines i «Det gode samvitet», Borghild i «Olsøygutane» og Kari, dotter til Helmer, i «Menneske og maktene». Kanskje var moralen i ferd med å endre seg.

Duuns personar levde på ei tid før det var noko som heitte barnevern, så det var ikkje uvanleg å «sette bort» barn av einslege mødre. Dette gjeld for eksempel Sigyn i «Nøkksjølia, Odin i «I eventyre», Jonetta i «På leiting» og barnet til Arna i «Ettermæle».

Situasjonen på Jøa på Duuns tid. Sedskapen og barn utom ekteskap blir fleire gonger nemnt i Medisinalmeldingane:

1900 – Fosnes: Sædelighedstilstanden er ikke tilfredsstillende [6].

1905: Sædeligheten staar ikke synderlig høit. Det er noksaa almindelig, at unge piger har ett eller flere uægte børn; det synes ikke at regnes for nogen skam. Lavest staar sædeligheten paa Rørvik. Dette betinges vel for en del av, at stedet stadig besøkes av sjøfolk og fremmede fiskere [7].

I eit vedlegg til Medisinalmeldinga for 1905 skriv kommunelæge Einar Stoud Platou (1861-1946) i Bjugn, eit distrikt sør på Fosen-halvøya:

… Med sædeligheden er det dessverre daarlig bevendt; 1 à 2 uægte børn ansees af pigerne for normalt, forlovelse betragtes = ægteskab, og brylluppet feires først når der er «periculum in mora» (= «fare ved å vente», forfattarens merknad). Efter opgivende af sognepræsten i Bjugn var der: … … Femaaret (1901-1905): 657 fødsler, hvoraf 98 uægte= 14,92 pct. Det bemærkes, at procentantallet af uægte fødsler efter kirkebogen varierer med 11 og 21 pct i de sidste 25 aar. Der har i de seneste 10 aar været flere barnemordsager, alle, saavidt vides, i Skjørn. … [8]

Fødselshjelp. Medisinalmeldingane viser at det i distriktet Namsos (by og landdistrikt), Vikna og Ytre Namdal i perioden 1880-1920 var eit ganske stabilt tal fødde, dødfødde, død 0-1 år og død 1. leveår, mens det ikkje vart registrert at mødre døydde i barsel etter 1910 (Tabell 8.1).

Tabell 8.1. Fødde, dødfødde, død 0-1 år, død 1. leveår og død i barsel for perioden 1880-1920 i Namsos (by og landdistrikt), Vikna og Ytre Namdal (inkl. Klinga, Overhalla, Flatanger, Fosnes, Kolvereid, og Leka). Tabell utarbeidd etter Medisinalmeldingane [9].

 

 

 

Død

Død

Død

År

Fødde

Dødfødde

0-1 år

1. leveår

i barsel

1880

576

15

36

1

3

1890

593

19

37

0

3

1900

639

16

30

4

2

1905

555

46

50

8

1

1910

587

16

27

3

1

1916

601

15

21

3

0

1920

670

11

30

4

0

Frå Medisinalmeldingane for Nordre Trondhjem Amt i 1880 kan ein lese at det ikkje var uvanleg at legane utførte obstetriske operasjonar:

… Af obstetriske Operationer udførtes af Læger: 18 Tangforløsninger, 2 Vendinger, 2 Udtrækninger ved Bækkendefødsel, 1 Embryotomi og 2 Perforationer, tilsammen 25 Operationer, hvoraf 5 i Stjørdals, 5 i Levangers, 3 i Stenkjærs, 6 i Grongs, 2 i Namsos (og Fosnæs) samt 4 i ytre Namdals Distrikter [10].

Og i Inderøens distrikt blir jordmødrene kommentert:

… Jordemødre benyttes i Inderøens Distrikt i den senere Tid mere og mere, hvor ikke Adgangen til dem er for besværlig, idet man begynder at indse, at deres Uddannelse og rigere Erfaring giver mere Garanti for en kyndig Hjælp.

Av Sygehuse har Amtet 2, et i Skogn og et i Overhalden; i Grong har Distriktslægen paa Sygestuen paa Gaarden Berre behandlet 23 Syge, hvoraf 7 for Fattigvæsenets Regning. … [11]

Alt i Medisinalmeldinga 1890 er det registrert tre jordmødre i Namsos, ei i Fosnes, tre i Kolvereid og tre i Vikna [12].

Kvinnenes stilling . I Duuns persongalleri er det mange sentrale og sterke kvinner som spelar avgjerande roller i romanane, men for ein lesar i dag kan ein likevel bli slått av kor svak posisjon kvinnene hadde i dette samfunnet. Det var først og fremst dei som fekk ta konsekvensane av uønska graviditetar, med skam og sosial utstøyting. Abort var ulovleg, og illegal abort var også livsfarleg. Det var ingen svangerskapskontroll, og fødslane var risikofylte, dels med fatal utgang både for mor og barn. Vi høyrer og om fleire einslege mødre som må «sette bort» barnet til oppfostring hos andre. Dette er godt skildra i «I eventyre», når mor Elen må vere med Odin til Kjelvika, men elles høyrer vi lite om korleis mødrene opplever dette.

Når Anders i «I blinda» set barn på tausa, sender dei mora og barnet til «ein av plassane», og når barnet etter ei tid døyr, er både Anders og Massi letta. Korleis mora til barnet opplever dette, høyrer vi ingen ting om. Det same er tilfelle når Laura, butikkdama til Kristian i «Straumen og evja» blir oppsagt og sendt bort etter at ho har vorte gravid med Kristian. Særleg brutalt verkar det når Carolus Magnus sender Marta, som han har gjort gravid, til Danmark, der ho døyr under fødselen, mens Carolus heilt kaldt observerer det heile.

Sett med dagens auge skildrar Duun først og fremst eit mannssamfunn. Sjølv om det finst unntak, for eksempel bestemor Åsel på Håberg, som styrer garden i mange år (Storbrylloppet) , er det oftast mennene som har dei mest sentrale rollene. Det er dei som styrer både på garden, på sjøen og i bygda, og mye av det Duun skriv er sett med menns auge. Kvinnene har sine roller i heimen, med graviditetar, fødslar, oppseding av barn, matstell og anna husleg arbeid, men mange sider ved kvinnenes liv får vi lite innblikk i.

Duun var ein mann av si tid, og det blir reflektert i forfattarskapen hans.

Jostein Holmen