i2

9. Psykiatri

Mykje av litteraturen til Duun er bygd opp omkring samspelet mellom menneske i nære relasjonar, som mellom kjærestar eller ektefeller, mellom foreldre og barn, mellom andre slektningar eller andre i bygda. Duun skildrar ofte korleis personane opplever ulike situasjonar, og ofte utviklar det seg konfliktar. Mange av romanane kan karakteriserast som psykologiske drama, der romanpersonane også opplever ulike psykiske eller mentale problem. Nokre gonger kan det vere det vi vil kalle normale reaksjonar på unormale situasjonar, andre gonger kan vi lese det som psykisk sjukdom. Sjølvmord er den diagnosen som oftast er registrert, ofte i samband med depresjon, men også kronisk alkoholmisbruk, angstliding, nevrasteni og psykisk utviklingshemming blir skildra. Seks av Duuns personar, nokre med alvorleg depresjon og nokre med karakteravvik, blir nærare omtala i kapittel 14.

9.1. Depresjon og sjølvmord

Depresjon er av dei vanlegaste psykiske plagene i Duuns litteratur. Ettersom sjølvmord hos Duuns litterære personar er nært knytta til depresjon, blir desse diagnosane omtala samla.

Redsle for Rotvoll

Rotvoll asyl vart bygd i 1867-1872 i ein austleg bydel i Trondheim, og dette var eit statseigd sjukehus for sinnslidande pasientar. Den første pasienten vart tatt imot i 1872 [1]. Danel i «På tvert» har depressive periodar og er redd for å bli sendt til Rotvoll:

Han sat og stirde inn i kveldsbrannen, til alle tankar seig bort, og alt dagsens liv gjekk i gløyme. Og det slokna i han som ein brand. Det stilna, liksom hjul etter hjul stansa og ikkje susa lenger derinne.

Han visste om denne stunda. Det var den tyngste av alle stundene. Det nytta ikkje å herde seg imot henne; ho hadde just si magt idet, at han visste ho kom, at han kjende ho måtte koma. Så kom dei kvilelause tankane, denne fortærande runddansen. Så kom den iskalde otten. Då visna det i han, han kraup i hop og sat som han var nomen, medan kaldsveiten sprang fram i store dropar over all hans kropp.

For om det var som det skulde derinne i tanken, om det ikkje var som han ottast og tykte kjenne, at det var noko sundt, så nytta ikkje det: når han trudde det, ikkje fekk til å tru anna ein einaste kveld … så var det vel så likevel da. Det var då ein sjukdom, det, ein slags lamenskap som det ikkje fans råd imot. …

… Nei aldri i verda skulde dei få han til Rotvoll! …

(På tvert (1);227-228)

Danel går her inn i ein djup depresjonsperiode, der han også er redd for miste kontrollen - han er redd for å bli sinnsjuk, og det er ikkje første gongen. Her skildrar Duun han i ein kronisk eller tilbakevendande tilstand.

Han kunne gi seg no. For det var noko gale med han. Han sat der så trøysteslaus og tom, utbrend som ein oskehaug. Kunde så gjerne gi seg. Så kunde dei få ta han og føre han til Rotvoll. Det bar så dit lell. …

(På tvert (1);232)

Han greier likevel å halde på kontrollen. Nokre gonger har han imidlertid vanskeleg for å styre sinnet sitt. Han er emosjonelt ustabil, og Ane er redd at han skal gjere seg noko, og da han går konkurs, er han kanskje også suicidal:

… Han hadde ærlig nok tenkt å gå på elva den gongen før han reiste, men så vart det ikkje med han…

(På tvert (1);272)

Også etter at han kjem heim frå Amerika, får vi eit hint om at han stadig har slike depressive episodar:

… No skulde det ikkje koma den svarte rida han ikkje meistra! …

(På tvert (1);274)

Andre gonger er han frenetisk opptatt med arbeidet. Denne vekslinga mellom depresjonsperiodar og hyperaktive eller maniske periodar og emosjonell instabilitet er typiske trekk for manisk depressiv sjukdom, i dag kalla bipolar liding. Det er ingen teikn på at han er psykotisk, for eksempel at han er hallusinert, men det er tydeleg at han slit med depresjonsperiodane, at han er redd for å miste kontrollen og at dei skal «ta han» og sende han til Rotvoll.

Svein og Etvard Jørgen: Konflikt, depresjon, sjølvmord

I «Hilderøya» er konflikten mellom Svein og Etvard Jørgen sentral. På øya bur også Tull-Nils og broren hans, truleg morbrørne til Etvard Jørgen. Etter ein alvorleg slåsskamp mellom Svein og Etvard Jørgen, blir Etvard Jørgen sendt til sjukehuset. På den tida Etvard Jørgen kjem heim frå sjukehuset, blir Nils og broren bortsett for betaling, men Nils går på sjøen. Etter dette blir Etvart Jørgen alvorleg deprimert:

… Etvard Jørgen kom heim då det leid ut i juli. Dei spurte mora korleis det stod til med han, og ho sa at han var då frisk nok, det var ikkje feil for det.

Han var ikkje å sjå, og dei skjønna det var eitkvart ivegen. Ved denne tida vart dei to kallane bortsett for betaling, dei hadde fare og skulle hengt opp seg i det siste, men hadde ikkje fått det høve. Straks etter fekk dei høyre at Nils, den eldste av dei, hadde gjort åt med seg. Han hadde kome bort, og dei leita øya rundt, der han budde, og fann skone hans utpå ein odde. Etter den tid såg dei Etvart Jørgen om nætene, han for og gjekk langsmed strandsteinane; om dagane sat han som han var mura inne. Mora riste på det store tunge hovude: no var her straks ein tulling igjen på Hilderøya. Ikkje enno, nei, han hadde sitt fulle vett enno; men når sømnen bli borte, så veit ein kva veg det tenker seg. …

(Hilderøya (2); 277).

… Best det var, rusta Etvart Jørgen seg ut og fór ut på banken, kom att med full last og såg heilt grei ut. Men etterpå gav han seg for inni Sandøya eller kor det var, og stormdrakk ei heil veke, og då han kom att, var det med det gamle, berre det at han nørte varmen med sprit. En natta høyrde Hanna det tasla og gjekk utom stueveggen. Natta etter kom Herborg rennande inn til henne med gråten i halsen, ho hadde tykt det var nokon utom veggen og hadde kika ut, og då sat han der på berge tett utanfor og såg inn mot vindauge. …

(Hilderøya (2); 278).

Ikkje lenge etter henger han seg i naustet.

Her høyrer vi om tre personar med alvorleg depresjon, og som er suicidale. To av dei tek livet av seg. Tull-Nils og broren blir skildra som psykisk utviklingshemma, men har budd heime i alle år. Grunnen til at dei blir suicidale veit vi ikkje, men konflikten mellom Svein og Etvard Jørgen, som til slutt blir ein kamp på liv og død, må naturlegvis prege heile det vesle øysamfunnet. Når dei i tillegg må flytte heimanfrå og blir bortsett for betaling, kan dette vere nok til at dei heller ønsker å ta livet av seg.

Etvard Jørgen har i alle år konkurrert med Svein om posisjonen på øya, og bl.a. på sjøen er han overlegen. Konflikten dei imellom kulminerer i slåsskampen i naustet, der Svein trur han har slått i hel den andre. Etvard Jørgen overlever så vidt, men han kjenner kanskje at han no har tapt kampen mot Svein. Når han også opplever at Tull-Nils har gått på sjøen, er dette til saman kanskje det som utløyser ein alvorleg depresjon, ein periode med drikking og til slutt sjølvmord.

Kjærleiksorg – depresjon

I Menneske og maktene er dotter til Helmer, Målfrid, og Arvid kjærestar, men så kjem lensmannsdrengen Emil med motorsykkel:

Han kom og tok Målfrid, just da Helmer ikkje ottast noko slikt. …

… Verst var det for Arvid. Han kunde heller ikkje seie noko, han var ikkje av dem. Mor hans hadde sagt alt, lenge før han kom til. Helmer hadde ikkje tenkt over slike ting før, kor beistelig dei må tie og lide når nokon svik dem.

Det var så ille med Arvid, at mor hans kom til Helmer ein dagen. Guten var sjuk, påstod ho. … Arvid var sjuk, reint nedfor, berre jordiske elende med han.

(Menneske og maktene (12);175)

Vi ser at her går kjærleiksorga på helsa laus. Målfrid giftar seg med lensmannsdrengen, men Arvid kjem seg etter kvart.

Petra og Harald: Sjalusi, spebarnsdød og depresjon

Romanen «Harald» er bygd opp omkring forholdet mellom Harald, ein folkeskolelærar, og Sara, dottera til gammeldoktoren. I starten er dei forlova, men Harald har tidlegare vore kjæraste med Petra. Det er klart for at Harald og Sara skal gifte seg, men Harald skiftar meining etter at han får høyre at Petter, far til Petra, har tatt livet sitt. Tante Lavinia har gjort det same tidlegare:

… Ola (naboen til Harald og Petra, forfattarens merknad) fortalte om Petter som hadde hengt seg. Det var det, trudde dei, at han Petter hadde plaga ho Lavinia, søstra, borti det. Mannen hennar døde, og Petter krevde garen etter far sin. Det var noko med ein sau og, han skulda henne for at ho hadde raska åt seg ein framand sau. Ho fann seg eit taug og ei kvistgran, og hengte opp seg. Ho var så tung til motes støtt. No fann dei Petter i same grana. Han bala ikkje rart nedi Vika, det gjekk att og ned med han villig vekk, i fjøse var det eine ulukka etter den andre. Leserie gjorde vel sitt det og.

(Harald (4);15)

Harald gifter seg så med Petra, men Sara gløymer aldri Harald. Ho gifter seg seinare med Ola, naboen til Harald og Petra, og det går fram at noko av motivet er å komme nærmare Harald. Dette blir eit vanskeleg naboskap. Harald drikk og blir oppsagd som lærar, og Harald og Petra slit økonomisk. Når det andre barnet deira , ei jente, døyr av kikhoste, tek Petra det svært tungt:

… Harald ottast det vilde gå gale med Petra da like skulde i jorda. Men ho var rolig, merkelig klår og rolig, ho svara jamvel på alt dei snakka til henne. … Etter kvart vart det mindre om å få svar av henne, og stundom merka han ho snudde seg frå han når han kom inn. … Og Petra ho sov ikkje . …

(Harald (4);84)

… Det varte ikkje lenge før det gjekk det orde i bygda, at Petra var litt rar av seg. Ja, det var dei som let så, at hengte ikkje ho opp seg snart, så var det eit under; ettersom det teikna til med henne. Kven som vilde, kunde sjå det. Einast han Harald, mannen hennar, merka ingenting . …

(Harald (4);85)

Og i tillegg til all motgangen Petra hadde hatt, trudde ho også det var noko mellom Harald og Sara:

… Petra var ansles enn vanlig. Ho såg på han, såg han inn i andlete og spurte kor han hadde vore. … Den kvelden stelte ho med Kåre, vaska og kjemte han og bytte på han ny skjorte, fann fram litt godmat til han og snakka med han heile tida.

Da ho gjekk framom Harald, strauk ho han over håre, med den store gode handa si.

-----Morgonen etter, da Harald stod opp og skulde til fjøse, var det tomt borti senga hennar. …

(Harald (4);87)

Dei leita, men fann henne ikkje nokon stad. …

… Ute på Engdalsbrygga, der motorbåten hadde lagt til land, stod skone hennar. Dei stod tett inntil kvarandre, slik som dei gjerne stod heime om morgonen; slik som dei bli ståande, når ein har teke dem i same handa og sett dem bort.

(Harald (4);88)

Harald kom til å tenke på at dagen før hadde Petra oppført seg rart:

Petra stod og mata fuglane: det krydde med høns og sporv omkring henne, ho kasta deigbitar hit og dit og skifta imillom dem så godt ho kunde, og attåt stod ho og småsnakka med dem, lokka og skjennte og tok seg av dem ein for ein. Han stod og undrast og såg på; han venta så halvveges ho skulde sjå opp på han. Ho gav på med sitt. – Har du bynt å legge deg etter fuglane no? sa han. – Jaha, sa ho og smilte, - men det var ikkje til han. – Den som da hadde vore fugl! sa han. Ho svara ikkje. Da lo han og la til: - Slik var ho Lavina og, ho skulde vera så glad i dyra. Da såg Petra opp litt kvast: - Kven? – Ho Lavina, faster di, ho som hengte opp seg, - Ja, sa ho og såg hånlig på han, ho gjorde det ja. Ho hengte seg, ho. Petra gav seg til med fuglane att. …

(Harald (4);89)

Harald måtte også leve med skamma etter at Petra hadde gått på sjøen:

Han tok seg over auga, stod litt og glømte seg; så såg han opp og smilte:

- Det skjønnar du kan hende, denne skamma, at det skulde gå slik. Eg bøyer meg under den. Eg slær auga ned for kvarmann; det er ei skamm som ein ikkje slenger ifrå seg. Men det er inga sak å bera den, og meir til.

(Harald (4);91)

Sjølvmordsforsøk på grunn av graviditet

«Det gode samvite, Yngste ætta» handlar om den tredje generasjonen av slektene frå Bjørland og Lines. Elen Lines er ei stille jente som har gått lærarskolen og har fått lærarvikariat heime i bygda. Ho blir gravid med Kristian, sonen på ein av storgardane, men faren til Kristian aksepterer ikkje Elen, og da avviser også Kristian henne. Då blir ho så fortvilt at ho vil ta livet sitt.

Endelig braut det ut av henne:

Du e ein – stakar!

Nei men vent no, du trur no vel ikkj det om mæ? For da gifta vi oss straks.

Å nei da. Det trøngs ikkj. Da gå æ heller - lukt på vatnet. Før æ vil ha dæ.

(Det gode samvite (4);282)

Ho går på vatnet, men blir tilfeldigvis redda:

… - ho hadde elles vorre i veg og gått seg ned i Lovatnet, og læraren hadde hjelpt til med å få liv i henne att.

(Det gode samvite (4);288)

Romanen endar med at Elen og søstera Frøya skal ta over farsgarden i lag. Når ho likevel får tilbod om å gifte seg med Kristian, avslår ho – ho skal greie seg utan. Dette er difor ein uvanleg «moderne» slutt på den måten at ei ugift, gravid kvinne markerer at ho vil vere sjølvstendig.

Underslag

Mor til Carolus Magnus sender først melding til han om at faren er død, truleg av slag. Etter ho kjem til Oslo der Carolus Magnus bur, må ho vedgå at han hengde seg:

… Han hang på kammerslofte da?

Ja! – ho ser redd på han. I bukseselane sine; selane til kirkebuksa. …

(Carolus Magnus (8);183)

Grunnen var at han at han hadde stole frå misjonskassa, truleg først og fremst for å betale utdanninga til Carolus Magnus. (Carolus Magnus (8);184)

Han hang der! Og eg skar han ned! Eg laug både for dokter og lensmann, eg synte dem ein taugstubb som var avsliten. Og så bad eg dem tie, så godt dei kunde. Det var djevelen sjølv som hjelpte meg med all ting, eg hadde han tett attmed meg.

Da for det eit kaldt og grått ålvor i Carolus Magnus, og han bøyde seg over henne og sa: - Ti du ikkje no, da strøyper eg deg. Han såg henne i auga, og dei måtte svara han og forstå; det var meint som det var sagt! …

(Carolus Magnus (8);184-185)

Seinare i romanen høyrer vi om Ingebrigt Eian som driv handel, men så blir det kjent at hushjelpa til Eian er gravid, og ho prøver å ta livet av seg. Etter dette blir Eian «utstøytt» av bygda, og når han også blir utstøytt av Carolus Magnus, tek han livet sitt:

… Gjenta som hadde stått for husstelle hoss Eian var rømt sin veg; dei fekk tak i henne før ho sprang på vatne, ho sa ho hadde vori forlova med Eian og no var ho med barn. Eian nekta tvert. – Eg har mine tvil om hennar mentale tilstand, sa klokkaren. Resten får tida uttale seg om.

(Carolus Magnus (8);264)

… Ei stund etter skaut Ingebrigt Eian seg. …

(Carolus Magnus (8);273)

Ettermæle - sjølvmord og sjølvmordsforsøk

I “Ettermæle” blir det omtalt to tilfelle av sjølvmord og sjølvmordsforsøk. Det eine blir fortalt i samband med Tørris, fosterfar til Arna, men vi får inga forklaring på kvifor dette skjedde:

Brynjar kjem i hug noko dei fortalte om Tørris frå skippertida. Der var ein mannskrok som vilde ha ende på live sitt, han slepte seg ned frå skverråa på jakta, tenkte å dette i sjøen, men han datt innabords og ned på harde dekke. Han slo seg stygt, men rettelig dau var han ikkje. Tørris sa til dokteren: - Du let han ikkje sleppe frå det, han skal betterde leva! …

(Ettermæle (11);40)

Det andre tilfelle skjer fordi husbondsfolket ville tvinge tenesteguten til å gifte seg med dottera på garden:

Ein tenestegut hengte opp seg her på Vangdal. Husbondsfolke vilde plaga han til å gifte seg med dotra deres, han hadde komme i skade for henne. Han var berre tenarlarven og utabygding der til, men dei såg ikkje annan utveg, det fekk skje. Han vilde ikkje! Endelig kom dei så langt med han at han gav seg; dei hadde lokka og lova så det var ei synd. Men morgonen etter hang han på låven.

(Ettermæle (11);48)

Torberg snakka om faren for at kona Arna kunne skade seg:

Enda eg visste ho gjorde seg ikkje noko gale, det var aldri folkeskikk her å drepa seg sjølv.

(Ettermæle (11);100)

Samtid – Sjølvmordsforsøk

I “Samtid” er det mykje uhygge, blant anna fordi Oddny har rømt, og dei høyrer mange utrivelege lydar oppi fjellet. Når Martin oppi Bakken går langs vegen, ser han ei kvinne:

Der sprang ein kvinneskapning over vegen framfor han. Han stod stokk still. Oddny! sa det i han, men han stod og vann seg til att. … Han kom ut or skogen, og da såg han henne straks framfor seg, ho fór ned til sjøen; med ein gong såg han det og visste det, ho der skulde på sjøen og drepa seg. … … Menneske hadde visst snudd seg før han ropa, det skreik det òg, i ville redsla, og så fall det på kne med armane i vêre. … … men dette er ikkje henne, det er Kalpetter-Marja, han har hørt ho vart rar av seg da det lo oppi fjelle, for ho drap barne sitt ein gong. No legg ho seg på firefot og flekker tenner som eit dyr mot han, opnar så munnen og dyrebrølar, ei forfælande ulåt. … … Der etter snakkar ho med seg sjølv, ut i vêre: - Eg visste da tukthuse hjelpte ikkje meg, ingen ting kan hjelpe meg, for synda er breiddmed meg støtt! Eg spring på vatne – no var eg der mest, og så - … … Ho bad vakkert for seg at ho måtte få lov å fara sin veg, --- for rettno ler det igjen! ropa ho. …

Ho burde ha fått fara i veg, såltinge. For når ho hadde lidd sju års tukthus for synda si, og Gud enda let synda leva breiddmed henne like usona, da var det best ho gjømte seg. …

… Men da beit ho etter handa hans. Ja vel, da skulde ho bli med til gars. Det bar i veg. … Marja snakkar noko med seg sjølv. Det luktar fjøs av henne, ho er budeie på Øydal.

… Han leide henne til dørs på Øydal, opna kjøkendøra og skuvar henne inn. …

(Samtid (12);73-74)

Ei tid etter kjem Ola Øydal:

Han kom farande og fortalte at no hadde han så vidt berga Kalpetter-Marja, ho heldt på og hengte seg bortpå låven da han kom over henne! No måtte han til lensmannen, fort, lensmannen skulde versågod kjøre henne over til austsida, for der ifrå hadde ho komme frå først av, der kunde ho henge seg!

(Samtid (12);99)

Vi forstår at Kalpetter-Marja hadde tatt livet av ein nyfødd unge og hadde sitte på tukthuset i sju år for dette. Trass i at det var fleire år sidan, har ho tydelegevis ikkje komme seg over traumet og er suicidal, men vi merkar ikkje særleg empati for ei ulykkeleg kvinne. Martin reddar henne frå å gå på sjøen og får henne heim: … opna kjøkendøra og skuvar henne inn … Og Ola Øydal vil ha henne vekk og over på austsida … for der ifrå hadde ho komme frå først av, der kunde ho henge seg! Det tyder på både eit nokså kaldt menneskesyn og eit kaldt naboskap.

9.2. Alkoholmisbruk

I Duuns litterære univers spelar alkohol ei sentral rolle. Bortsett frå «lesarane» har dei fleste eit liberalt syn på alkohol, og det er ikkje langt mellom drammane. Dei fleste bruker alkohol i sosiale samanhengar, og nokre gonger blir det kanskje i meste laget (Storbrylloppet (6)). I nokre tilfelle kan vi snakke om kronisk alkoholmisbruk.

Alkoholisme, hovudpine og gikt

I «Hilderøya» høyrer vi om det einaste tilfellet der ei kvinne er alkoholikar. Det er mor til Hanna og Herborg som drikk. Vi får også høyre at faren deira drakk og at det havarerte ekteskapet hadde vore «berre helvete»:

… Herborg var van til å finne henne slik. Men ho hadde ikkje smakt noko sterkt endå, kjente ho. …

(Hilderøya (2); 211).

Og mora hadde hatt eit turbulent ekteskap :

for kvarmann visste då det var berre helvete, dette ekteskape med far, han drakk og tura med andre, for med fartye frå marknad til marknad nord gjennom lande og brydde seg aldrig dusta om dei som heime sat. …

(Hilderøya (2); 212).

Mor til Hanna og Herborg har ofte besøk av Henrik, som også drikk – dei kallar han Ponsius. Henrik prøver å kamuflere det som «medisin» for gikt og hovudpine:

… Det strama av han (Henrik) ; han hadde nok vore nedpå naustlemmen ein sving og kurert seg for hovudpina. Før i tida tura han med kraft, for det hadde han særs givnad til, og dei kalla han ikkje noko anna enn Ponsius, dei som eldre var. No hadde han sjeldan meir enn en ein liten fatigmanns-skvett på naustlemmen, for gikt og hovudpine. …

(Hilderøya (2); 205).

På naustlemmen var det sterkt drikke. Og kanskje fekk han utskrive sprit av dokteren i byen?

… Henrik Brun gjekk på naustlemmen oftare enn før og hadde mykje ilt i hovude. Han var i byen og søkte råd, rett som det var, men det hjelpte ikkje meir enn ein månads tid om gongen …

(Hilderøya (2); 252).

Læraren mistar jobben

I romanen «Harald» er det læraren Harald som er hovudpersonen. Han har eit alkoholproblem, men han greier å halde seg borte frå alkoholen mens han er formann i ungdomslaget. Seinare blir det verre:

… Han drakk seg peisa full. Brennevin hadde han ikkje smakt på over eit år, han var avhaldsmann den tida han var formann i ungdomslage, for lage si skyld. No drakk han og spela til lyse morgonen, spela til dei knapt snudde seg lenger.

Tunga var eingrand lei, da han stod og skulde fortele Petra om dette. Han skulde ha fortalt, at ho kunde vera urædd, han var ikkje lei av live og vilde ikkje gi det ifrå seg enno

(Harald (4);48)

Han sit og drikk i lag med kjøpmannen, tullar seg bort på heimvegen i fylla og kjenner seg skikkeleg sjuk:

Men sjuk, det var han, sjuk … han syntes døden skulde ha vore ein søt sømn. Magen låg som ein heit stein i han - …

(Harald (4);53).

Han kjem til slutt til Plassen, der Berta tek vare på han over natta:

Berta Trufast kalle dei henne. Ho var det. Ikkje berre mot ein, som dei andre gjentone, ho var trufast imot mange på same tida. …

(Harald (4);53)

Naboen Ola blir med på båtbygginga i lag med Harald:

… - Om kveldane etter arbeidstid, og om søndagane, kom Ola nedover og sat og røykte pipa si. Men kvar søndag hadde han vore borti brennvine. Og da båten var ferdig og verste sjauen var over, kom han halvfull om kvelden og. …

(Harald (4);108)

Det går dårleg for Harald, og til slutt mistar han jobben som lærar.

Alkoholproblem – og heimbrent

Også i «Det gode samvite» høyrer vi om alkoholisme. Frigg reiser til byen og får arbeid hos farbror Petter, som er sakførar:

Frigg syntes ikkje nær så vel om farbror sin. Han hadde vorte tjukk og fleinskallut, og auga var enda gulare enn før. … Og lat var han, og lonut var han; somtid var han for blid, og somtid var han for gnarren; men ædru var han sjelden.

(Det gode samvite (4); 58)

Ola Håberg, ein kjent figur i Juvikfolke, plagast ikkje berre med depresjon og sjølvmordstankar, han drikk også (sjå meir om Ola i kapittel 14.1):

… Det hadde elles vore lite om han i det siste. Han las blada, og la seg aldri borti det dei snakka om; og somme meinte han stulla og smått drakk. …

(I stormen (7);167)

Ola Håberg sit i lag med Odin:

… Men drikk du verkelig slikt da, Odin? – han var lågmælt så ingen skulde høre det. – Ja, Odin kunde ikkje nekte for det. Den nye klokkaren kunde vera avhaldsmann i hans stad, no ei tid. – Å, du er ein fuling, Odin, hm, hm! Du blir meg for dryg.

Dei sat litt og småprata. Da bankar det på døra, og flaska var borte i same blinken. Det var formannen i arbeidarlaget, Engelbert Olsen, han hadde hørt Odin skulde vera der . …

(I stormen (7);184)

… Før dei rett ansa det, stod flaska på borde att. – Nei takk, Engelbert skulde ikkje ha. – Tøv? – Nei, han var avhaldsmann for arbeidarane si skyld; for dei trong å vera det. Eg gjer ikkje som han Odin, la han til. …

(I stormen (7);185)

… --- Same kvelden råktes Engelbert og Lauris nedi Vågen, ein staden der dei kom ofte båe to. Snakke var, at Lauris skulde lære dem brenninga, for den var det mange som prøvde med men få som fekk til. Einast han Lauris kunde det til gagns. Han hadde med seg apparate i ein sekk, og ei flaske av sjølve tingen. Dei drak litt, og let vel; og så prata dei om eitt og anna. Engelbert kom dit berre ved ein slump. – Du melder oss vel, du? sa Lauris. …

(I stormen (7);217)

… Kvelden etter hadde Engelbert fått fatt i brennevin, og han og nokre til drakk seg fulle. Kva dei hadde drukke, vart ikkje fortalt, men raspande galne vart dei, dei hoa og hauka halve natta, og på sluten fór dei i veg og reiv ned reisverket på nybygge. …

(I stormen (7);222)

Vikesylt sat heime hos Odin da han kom frå bedehuset. Han var opptatt av hærverket på fabrikken og av at dei hadde vore fulle på heimbrent:

… Vikesylt let seg att. – Eg trudde du var fråhaldsmann framleies, sa han. – Det har De snakka meg ifrå for lenge sia. Men brent har eg ikkje, og skal ikkje gjera det heller, eg som er ordførar i bygda, ja og så kan eg ikkje. Men folk er – det er da liv i dem på sitt vis!

(I stormen (7);240)

Alkoholisme – Gud smiler

I «Gud smiler» er Gudrun hovudpersonen som vi følger over mange år. Faren til Gudrun har truleg hatt alkoholproblem tidlegare:

Der til var han totalist, det hadde han drukke seg til, sa einkvan, så var det òg ei skam.

(Gud smiler (11);189)

Ola blir ein annan viktig person i denne romanen. Alt i ungdommen drikk han, og ein vinterkveld kjem han heim til Gudrun og familien, full og sjuk. Han blir til slutt liggande ute, men Gudrun dreg han inn i fjøset så han ikkje skal fryse i hel. (Gud smiler (11);196-197). Dagen etter slær han ut julebrennevinet og lovar å slutte å drikke dersom han får Gudrun.

Ola og Gudrun blir gift, men Ola drikk framleis:

Ho såg det òg, at Ola gjekk det nedetter med. Han var ute og festa veka lang somtid, og han såg ut der etter.

(Gud smiler (11);213)

Vidar Holm, som var tilsett i banken, kjem ein dag heim til Gudrun:

Erende hans var at han vilde snakke med henne om Ola, vilde formane henne, for Ola heldt på og tok live av seg med mat og drikk, ho kunde da vel gjera noko ved det?

(Gud smiler (11);218)

Ola var sjuk alt. Lange stunder sat han og var borte i pina eller kva det var.

(Gud smiler (11);219)

Og det går stadig nedover med Ola:

Da Ola vart liggande kom redsla over henne. Så tåpelig kan det gå til. Ho hadde mist han for år og dag sia, men han måtte ikkje døy! Men der låg han og let det skje. Han låg og hemna seg på henne for samlive deres, som det gjekk så bakvendt med; slik såg han ut, enda han smilte godslig til henne når han ikkje hadde det for vondt. Dokteren hadde sagt han hadde meir enn ein sjukdom. Sjølv sa han han hadde eit heilt batteri med sjukdommar.

Han låg på kontore no. Sjukesøstra kom og tok over stelle med han.

(Gud smiler (11);219-220)

Ola var ein rar mann, eit menneske for seg sjølv. Han døde med opne auga, og så lik seg som mulig. Ein gudelig mann kom og vilde snakke religiøst med han. Ola vilde ikkje. Mannen spurte om han angra synda si. Ola smilte trøytt men til freds: - Eg er som tjyven. Eg angrar at eg vart knepen.

(Gud smiler (11);221)

Nei, sa han og slo med flathanda på teppe. Eg vil ikkje ha fleire gåter løyst; da får eg to nye å bitast med. Nei takk, da lyt eg heller be om litt meir kreft. Slik har han skapt meg. …

(Gud smiler (11);221)

… Det vilde seg slik at ho var inne hoss han da han døde. … Sjukesøstra sov seg ein stubb.

Han låg pinefri og blunda, men ho vart sittande der. Dagen vart smått om sterkare enn lampelyse. No vart det ein ny dag for dei som var friske, tenkte ho, ein onsdag midt i veka berre. Ola var bortanfor slike ting.

Da slår han opp auga og ser, gud veit kva han ser, men det er ikkje dagen og ikkje henne. Ho undres litt over seg sjølv, for ho sitt still og ser på han og veit at no dør han. Sia blir det visst vondt, dette, men ho sitt her og stirrer forveten på han og på det som skal skje. Ola er noko ufattelig som går sin veg, inn i noko enda meir ufattelig.

Men no ser han henne like vel, han har ligge og set på henne med ho drømte. Det fer noko i blikke hans med det same ho møter det, det er døden visst, men han strider i mot, han har glømt noko og snur på vegen. Ho hører at ho hikstar til, ein gong og enda ein. Ho vil nemne han på namn, men får det ikkje til.

Da kviskrar han til henne. Sovepulver, skal det visst vera. Ho gir han det, så godt ho kan; han er som eit lite barn. Ho tar handa hans, så kald ho er. Det er ikkje verre det enn å ta i fisk.

Ho ser kva auga hans seier, at han er ufyselig no, for friskt folk, men no fer han.

Så fór han ja, men det gjekk ikkje fort, sømnen slepte take sitt gong for gong. Så!

(Gud smiler (11);221-222)

Ola er eit av dei få eksempla hos Duun der ein mann, meir eller mindre bevisst, sakte men sikkert «tek livet av seg» på grunn av drikk og usunn livsstil.

9.3. Angst

Sjølv om romanfigurane til Duun oftast er prega av depresjon, er det også nokre som har angstplager. I Hilderøya kjenner Svein på angsten, han «kjenner» på seg at nokon er i nærleiken av og til. Dessutan har han angst for angsten:

… Angsten var borte, idet same han såg det var Hanna som kom. Men det han for seg sjølv kalla angsten for angsten, sat att. Det var ei mismodig kjensle av at han var hjelpelaus og ikkje kunde verje seg.

Ho sette seg stilt ned. Han hadde vore som ei hardspend fjør dei siste timane, det var som han hadde stridd med å halde seg ovan vatne; no slakna han av og vann seg ikkje meir; det rykte og bevra i han. …

(Hilderøya (2); 284).

… Gå og legg deg no, sa Hanna. Så søv du deg frisk att.

Frisk …

Ja, for du er sjuk, Svein, det er det du er. Du må sova no. Så bli det vel ei råd med alt anna. – Elles ber det nedfor med deg att, og då er det uvisst kor det går. …

(Hilderøya (2); 287).

Svein og Hanna kjøper seg ein gard innpå fastlandet, blant anna for å få det som har hendt på Hilderøya litt på avstand, men under flyttinga til garden innpå fastlandet kjenner Svein angsten på nytt:

… Ein gong imillom var dei gamle fangarmane ute etter han. Han kunde stanse midt i arbeide og sjå eit og anna for seg på sjøen og båten, ofte var det liksom nordanvinden og draugen ylte framom han med ein djevlelått: Tør du, eller tør du ikkje? Han sette seg opp og var huga på striden att, til å ta rædsla inni sjæla og bera henne der; for der var ei side ved han som ikkje var traust enno. Men han visste det var ein sjukdom og fekk det bort att. …

(Hilderøya (2); 289).

… Det var ein sjukdom som heldt på og stal seg innpå han, det var eit minne frå i vinter. …

(Hilderøya (2); 295).

Angst – Carolus Magnus

Carolus Magnus har til dels store psykiske vanskar, deriblant angst.

Han sa enno mange ting. Ein augneblink vart han redd, da han hørte kor tomt snakk det var; men straks etter, midt i angsten, vart han forundra over at det var ålvor like vel. ...

(Carolus Magnus (8);197)

… Rett som det var kom angsten til han, stakk hovude sitt tett attmed han og følgde med han. Det var ein uviss angst, det var ikkje noko andlet på han enno. Til det synte seg for han at det var seg sjøl han ottast for, at han skulde klæ av seg og syne seg for henne slik han hadde vori hittil, i fornedringsstand. Han rasa mot det og sa nei! For skal ein gå i rette med syndaren, kven kan da stå seg?...

(Carolus Magnus (8);197)

I det same er angsten der att, ein grå skapna som sitt og ventar på at lykka skal bli ødelagt for han. …

(Carolus Magnus (8);203)

… Han idest ikkje seie noko til mora for snakke hennar, enda ho ser så angergjevi ut at det kunde få ein stein til å gå i knas. – Det blir ho som spiller alt for deg, sa angsten. – La gå! … Han bad til angsten rømte sin veg. Da smilte han: Han hadde verkeleg, som Erik sa, fått nerver. Om morgonen hadde han vondt for å komma etter kven han var. Men han slo seg til ro, han hadde Gud attmed seg. …

(Carolus Magnus (8);203-204)

Det var Gud sjøl som hadde sendt han denne angsten, dette syne på vegen. Så skulde han vita kva det er å vera utvald til ein stor gjerning . …

(Carolus Magnus (8);240)

Det er hos Carolus Magnus Duun har skildra angsten mest tydeleg. Hos han er angsten ein plagsam sjukdom som pregar livet hans, i tillegg til dei andre psykiatriske særprega han har. (Sjå meir om Carolus Magnus i kapittel 14.3)

9.4. Demens

Trass i at mange av Duuns romanfigurar blir gamle, er det berre ein par-tre stader han skildrar tilstandar som liknar på demens.

Demens, kanskje Parkinson

I «Nøkksjølia» kan vi lese om Sigyn. Ho blir sett bort til Erik og Tea, som blir fosterforeldra hennes. I «Sigyn» møter vi Tea på nytt, og no er ho gammal og har begynt å bli dement, og kanskje har ho også fått Parkinson:

… Ja, ho Tea, stakar. Ho sat der om dagane og trudde for rame alvor at ho var mor til Sigyn, det ho hadde teke på seg å vera den tid ho var ei attgløyme på omkring 50 år. Alderen hadde komi så brått på henne; ho hadde fått ein slik skjelv over all sin kropp, og tanken var i ustand. Så rettno måtte Sigyn få tak i eit menneske til å røkte henne. …

(Sigyn (2); 129).

Går i barndommen

I «Det gode samvite» er Nora, dottera på Lines, og drengen Julius forelska, og Nora snakkar med Julius om at dei to skal reise til Amerika i lag. Faren (Per) er redusert:

… No, når ho mor er borte, så – for han far, det er ikkje stort att av han no, han går reint i barndommen han, ser meg mest ikkje

(Det gode samvite (4); 217)

«Å gå i barndommen» var eit vanleg uttrykk for demens.

Gammalfar var slø

I «Gud smiler» blir Gammalfar omtalt som «slø» (sløv), han er uroleg, har vrangforestillingar og hallusinasjonar, alt saman symptom på alvorleg demens:

Gammalfar var slø no. Han var mest borte lengste tida av døgne. Han påstod dei hadde død ifrå han alle saman, og Gudrun gjekk att, ho fekk ikkje fred i grava, som ventande var. Eller han trudde han var død sjølv, men litt å drikke måtte dei forunne han. Flua som plaga han trudde han var den og den av ætta, dei unte han ikkje kistefreden; men Gud signe dem alle, like vel!

(Gud smiler (11);237)

Gammalfar hadde skapt seg urolig, han vilde opp, for det brann i huse, påstod han, - kan hende det var døden som heldt på og kom over han.

Gammalfar låg der som han pla gjera. Når han berre hadde fått sova ein liten stubb så var all ting bra. Rettno kom vel Ola-guten heim frå skolen, vona han, så han såg etter Tora og varmen. Han fekk saft og vatn, og sov med ein gong. Strak etter snakka han i sømnen, om mordaren som sat der og flirte – kan de ikkje fortele meg at det er løgn! bad han. …

(Gud smiler (11);247)

9.5. Psykisk utviklingshemming

I «Hilderøya» bur Etvart Jørgen på Hylla i lag med mora og to brør som er psykisk utviklingshemma. Vi får aldri høyre kor gamle dei er, men dei blir omtala som «kallane», så dei kan vere brør til mor hans.

… Det hadde stått ein mann i døra då dei kom. No var han bortved dei. Han såg underlig liten og bortkomen ut, og auga var som dei dimme rutone…

(Hilderøya (2); 190).

… Sir du der du – hæh! Tomsingen pekte på eit stort kvitt hus…

(Hilderøya (2);190).

… England låg no på den kanten, meinte guten. – Va de lekt seg! Eg har vori utover, eg, ban, eg har vøri så langt at bloe stortna ti meg. Finnest ikkje noko England der. Berre sjyn, ban! …

(Hilderøya (2);191).

… Tull-Nils på Hylla stod og tvistirte på Svein. Det kom liv i det halvvisne andlete. - Eg mein – eg mein – eg mein du e sjyskremt, du og? spurte han barneglad. - Han der, han peika på broren, han e sjyskremt han og – hæh! Sjyskræmt liksom eg. No e de tre – tre - som e sjyskreæmt på Hilderøya. Forstår seg ja – hæh! Ha du sitt andsegte åt sjyn, du? Ansegte has

(Hilderøya (2);227).

… Oppå loftet låg ein av tullingane og las eitkvart og lo til. Den andre heldt til bortved omnen og lydde på. – Høyr’n Nils no, sa han, no e’n bra tollåt. Han ligg å les finn-fadervåre. Men vent no berre te de bi domda’n, da bi de støggsjau i himmerikje. Kor dem ska gjæra tå’n Nils da, mein, di? Han som e idiot …

(Hilderøya (2);238-239).

Det vart truleg for vanskeleg for Etvard Jørgen å ha dei to brørne buande heime, blant anna var dei suicidale. Difor vart dei sett bort for betaling, men da gjekk den eine på sjøen og tok livet sitt. (Hilderøya (2);277).

Ettermæle - psykisk utviklingshemming?

I «Ettermæle» er Mattis ein gjennomgangsfigur i romanen, ein gut som Tørris har tatt til seg.

… Da Turid og han (Brynjar, forfattarens merknad) sat ved frukostbordet var han vâr ein mannsskapning utanfor vindauge, han stod og tøygde halsen og såg inn til dem. Det var ein ungdom, med ein krans av lyst krulla skjegghy kring kjakane; han smilte stort og snudde seg unda da Brynjar stirde på han.

Det er Mattis, seier Turid. Han fer her støtt. Det er visdomstanna hans Tørris Vangdal, påstår dei. Han har teke han åt seg som sitt eige barn. Der finns ikkje vondt i han.

Ho reiser seg og vinkar til han. Da hoppar han til og dansar nokre føtt, han er overseg glad eller ulykkelig, og dermed slarkar han sin veg; men han ser seg att-ende tak og anna, og når Turid rører handa tek han enno nokre dansehopp.

Jaså, det er deg han fer etter.

Han våga seg ikkje fram til vindauga før ulykka kom over oss. Somtid syng han, han diktar i hop det eine rarare enn det andre. Dei seier han har lese bibelen frå perm til perm, men like tullut er han. Eg veit ikkje om han er tullut heller eg. Det må vera underlig å vera ein slik ein.

Brynjar undrast om ikkje det var greit nok. …

(Ettermæle (11);18)

Brynjar møter Mattis, som vil fortelje sanninga og syng ein lang song.

Han stod ei god stund og stirde på Mattis før han kom seg att. For det var av slike ein måtte høre sanninga. Han gav seg til å minnast at det skulde vera stymora som hadde apa vette utor denne armingen. Ho kunne ikkje tilgi han at far hans hadde havt ei kone før.

(Ettermæle (11);62)

Brynjar vart vâr at tullingen stod der. Det var lenge no sia han synte seg. Han såg Brynjar i auga og fresta vera ålvorsam, men han snudde seg fort, for låtten tok han. Han var for lykkelig. Det var nifst kor han likna anna folk, der han gjekk.

(Ettermæle (11);108)

9.6. Diskusjon

Psykiske problem er vanlege i Duuns litteratur, særleg depresjon, sjølvmord/sjølvmordsforsøk og kronisk alkoholmisbruk. Han skildrar også ei rekke andre psykiske problem, som angst, psykisk utviklingshemming og nevrasteni, og det er også nokre eksempel på psykoser.

I mange av romanane er det nettopp det psykologiske spelet mellom personane som er det sentrale i handlingane. Duun er også skildra som den store psykologen blant norske forfattarar [2], han viser stor innsikt i korleis samspelet mellom menneske kan vere – på godt og vondt. Rolv Thesen skriv alt i 1942:

… «På tvert» er ikkje mindre enn ein av dei merkelegaste og skarpaste psykologiske romanane i all norsk litteratur. Og han verkar den dag i dag så «moderne» at om ein ikkje visste betre, kunne ein tru at Duun hadde lesi både Freud og Adler før han skriv denne romanen. Ein møter her for første gongen i hans dikting det – bort i mot uhyggelege – psykologiske skarpsyn, den sjeldsynte intuitive evne, som var sjølve grunnlaget i hans geni. … [3]

«På tvert» kom i 1909, heilt i starten på Duuns forfattarskap, og også dei fleste av dei seinare romanane hans er prega nettopp av den psykologiske innsikta hans. Det kan nokre gonger vere vanskeleg å vurdere om dei reaksjonane han skildrar hos personane er normale reaksjonar på ekstreme situasjonar, eller om det dreier seg om psykisk sjukdom. Dette er ikkje ulikt det ein allmennlege kan oppleve, så i tolkingane har eg måtta bruke ikkje berre dei opplysningane eg har i teksten, men også medisinske kunnskapar og klinisk erfaring.

Psykiatri

Korleis Duun har tileigna seg kunnskapen i psykologi og psykiatri, veit vi ikkje sikkert, men han skal ha lese om psykologi alt som ungdom i bladet «Kringsjaa». Møtet med norsklæraren Søren Noreide på Levanger lærarskole kunne ha gitt han inspirasjon - Noreide prega fagfeltet sitt i ein heil mannsalder [4]. Det kan difor tenkast at Duun både fekk inspirasjon og konkret kunnskap om psykologi og kanskje også om psykiatri av Noreide [5]. Det er og mykje som tyder på at Duun sjølv var plaga med «nerver» og andre helseplager i mange år. Han skreiv ofte om den svake helsa si til venner og kjente. Ofte var han deprimert og kjende seg utanfor, med hovudpine og kvalme [6].

.. en kop kaffe og hvedebrød …

Kor mykje erfaring Duun hadde med psykiatriske sjukdommar frå heimplassen Jøa er vanskeleg å seie. Medisinalmeldingane for Nordre Trondhjems Amt gir ikkje opplysningar om psykiske plager og sjukdomar, bortsett frå nokre kommentarar om «sindssyke». Det står også lite om korleis det var på Fosnes og i andre distrikt i Ytre Namdalen. På Frosta var det vanleg å ha slike pasientar i forpleining, og kanskje var det slik også i Namdalen:

1905: Om amtets sindssyke … Disse patienters forpleining betegnes i det hele som forsvarlig. I Frosten lever ofte den vrange og fordringsfulde sindssyke bedre end forpleieren og hans familie; denne eller kanskje mere hustruen har mangen gang et godt grep paa at behandle opbrusende patienter; med en kop kaffe og hvedebrød kan der utrettes store ting. Her er mange eksempler paa, at vrange og urenslige syke efter faa maaneder har bedret sig saapas, at de har kunnet optages og behandles som medlemmer av familien. – Det skorter aldrig paa plads, da forpleierne sætter stor pris paa den sikre indtægt. (Bendeke). – Fra Inderøen anføres, at for sindssyke, der burde behandles paa Asyl, kan forpleiningen kun siges at være relativt god. Men asylerne er overfyldt, saa det er vanskelig nok at faa plads for akute tilfælde, endsige da for gamle kroniske, som ligger halvnøgne i sin urenlighet [7].

Det var difor truleg ikkje uvanleg at gamle kroniske psykiatriske pasientar låg «halvnøgne i sin urenlighet», og det var stort behov for asylplassar:

1910: Fra Frosta distrikt gjentar distriktslægen den rosende omtale av de i forpleining utsatt sindsykes behandling, og sin beklagelse over, at mange urenlige og urolige sindssyke ikke kan faa plads paa asyl. (Bendeke). I Inderøen distrikt tiltar sindssygdommene, og det har som regel været vanskelig at skaffe asylplads, selv for akute lidelser, saa amtsasylet imøtesees med stor længsel. De syke, som forpleies privat, maa siges at forpleies godt [8].

Situasjonen ser ikkje ut til å ha endra seg vesentleg sidan Ludvig Wilhelm Dahl reiste rundt og undersøkte korleis «de sindssyge» hadde det nokre tiår før [9].

Alkoholmisbruk

Medisinalmeldingane har ofte kommentarar om «edrueligheten». I Levanger ser det ut til å ha blitt bedre etter at «Brændevinsbolaget» vart oppretta i 1878, men på Steinkjer var det ingen synleg effekt:

1880: Fra Levanger udhæves Brændevinsbolagets fortsatte Virksomhed til at mindske Drukkenskab. I 1877 (Aaret før Bolaget oprettedes) arresteredes for Drukkenskab 106 og i 1880 29 Personer. …

… I Steinkjærs Distrikt … Brændevinsdrik er ikke almindelig paa Landet uden ved enkelte Leiligheder; i Byen drikkes desmere, og Værtshuse og Udskjænkningssteder besøges jevnlig af tilreisende Bønder. Nogen Aftagen af Brændevinsdrikken siden Bolagets Oprettelse synes ikke at spores (Thome). – Fra Liernes Herred af Grongs Distrikt omtales Misbrug av Spirituosa baade blandt Mænd og Kvinder. … [10]

I Fosnes og dei andre distrikta i Ytre Namdal ser det ut til å ha vore mindre drukkenskap, og disktriktslegane peikar på at det truleg hadde samanheng med den utbreidde pietismen i desse områda:

1890: I Fosnes Distrikt skal Ædrueligheden blant Befolkningen være udmærket, hvilket Distriktslægen tilskriver deDettn vidt udbredte Pietisme. …. … I Kolvereid Distrikt … Befolkningen synes at være særdeles ædruelig. … [11]

... men til jul og St. Hans kunne det vere annleis:

1900: Forholdene i Grong beskrives som gode, og i Lierne er de i Fremgang … Befolkningen er ædruelig og sædelig, intelligent og almeninteresseret. …

… I Fosnes … Ædruelighedstilstanden er i det Hele god; Adgangen til at skaffe sig Spiriuosa er ogsaa vanskeligere end før. Til St. Hans og Jul indføres dog fra Trondhjem meget Brændevin, som i en Fart fortæres af Brugsarbeiderne og enkelte Unggutter. Sædelighedstilstanden er ikke tilfredsstillende. … [12]

… alle rettar inndratte, og fråhaldslag danna ...

1905: I Vikten … Befolkningen er gjennemgående ædruelig. Det misbruk av alkoholiske drikke, som har fundet sted, særlig paa Rørvik, er omtrent fuldstændig ophørt, efterat alle de gamle rettigheter er inddraget; der er dannet en avholdsforening, som har faaet stor tilslutning. Men er brændevinsforbruket ubetydelig, drikkes her til gjengjæld en utrolig mængde kaffe, ikke sjelden 8-10 store kopper daglig pro persona. … [13]

… ″chokolade som gjæstebudskost″ ...

I Skjørn, Bjugn, Ness og Jøssund herreder …. Af sterke drikke nydes lidet i hjemmene, øl næsten aldrig. Brændevin drikkes ved alle bryllupper, ved begravelser har jeg hørt, at det sjeldnere benyttes. Kvantitet og kvalitet retter sig efter samfundsstillingen. The og chokolade bruges ogsaa nærmest som gjæstebudskost ved ganske særlige anledninger. At faa patienter til at nyde disse drikke istedenfor den daarlige kaffe er noksaa vanskelig; tyndt tillavet bliver de nu i hvertfald. … [14]

1910: I Kolvereid distrikt … Ædrueligheten er fremdeles særdeles god. De sedelige forhold er gode i Kolvereid og Foldereid, mindst gode i Nærø, naar man ser hen til antallet av uegte fødsler. … [15]

… iallfall på landsbygda …

1916: Ædruelighetstilstanden er gjennemgaaende bra, ialfald ute paa selve landsbygden. … … I Kolvereid distrikt … Ædrueligheten er gjennemgaaende bra. … [16]

... men ungdommen … ″henfaller til misbruk av alkoholsurrogater ″…

1920: … I Bangsund har ungdommen for mange penger mellem henderne, så den henfaller til misbruk av alkoholsurrogater, cigaretter og chokolade, likesom sedeligheden her står tilbake. … Overhalla … Edruelighets- og sedelighetstilstanden synes å være bra. …

… Flatanger. … Edruelighetsforholdene er meget gode og sedeligheten ganske bra. …

… Fosnes. … Edruelighetstilstanden er fremdeles god. … [17]

Som kjent vart foreldra og fleire andre i familien til Olav Duun aktivt med i Frikyrkja, så truleg brukte ikkje dei alkohol. Distriktslegane forklara også det låge alkoholforbruket i Ytre Namdalen med den utbreidde pietismen, men Olav kan nok ha opplevd andre haldningar dei åra han var med på fiske. Det kan ha gitt han erfaring med korleis alkoholen kunne verke, både den akutte fylla og det langvarige alkoholmisbruket. Dessutan har fleire vist til at Duun sjølv i mange år truleg hadde eit høgt alkoholforbruk, trass i at han hevda at alkohol berre måtte brukast til «medisinsk bruk» [18]. Alt i alt er det grunn til å tru at han hadde rikeleg erfaring med korleis alkoholen kunne verke.

Jostein Holmen