i2

Forord

Det er mange grunnar for å lese verka til diktaren Olav Duun (1876-1939). Hos han får vi innsikt i det å vere menneske på godt og vondt. Her er det drama der Duun skildrar både rett- og vrangsida av menneska. Med stor psykologisk og sosiologisk innsikt skildrar han menneska og konfliktane dei opplever, ikkje berre inne i sitt eige sinn, men også i familien og i samfunnet. Duun gjer dette på ein meir truverdig måte enn det mange andre forfattarar har greidd. Hos Duun er det ingen A4-personar, folk er mangslungne og motsetningsfylte, det gjer dei interessante og spennande.

Handlingane og konfliktane har ofte mange «lag», dei kan tolkast på fleire måtar, og dei dreier seg ofte også om dei klassiske og evigvarande eksistensielle temaa – livet, kjærleiken, døden. Det var ikkje tilfeldig at Duun i mange år var nominert til Nobelprisen i litteratur.

Vakre og sterke naturskildringar er viktige element i mange av romanane, noko som ofte er med og forsterkar og understrekar dei eigentlege handlingane. Og han har ein gjennomgåande innbakt, ofte barsk humor. Språket er eit dialektnært nynorsk som var nytt og uvant da Duun ga ut sine bøker, men som inneheld mange gode ord og uttrykk. Det er ein måte å uttrykke seg på som særleg ein trønder lett kan kjenne seg att i.

I tillegg kan Duuns romanar lesast som historiske tidsbilde, der folkelivet på kysten omkring førre hundreårskiftet er skildra på ein levande måte.

Det er altså mange grunnar for å lese Duun. Når eg i denne boka har tatt for meg helse og sjukdom i Duuns litteratur, er det ikkje fordi det er den viktigaste grunnen til å lese Duun. Men da eg for nokre år sidan begynte å lese Juvikfolke på nytt, slo det meg kor stor rolle helse, sjukdom, ulykker og død spelar i romanane. Som historisk interessert lege med hytte på Trøndelagskysten ikkje så langt unna Duuns heimtrakter, begynte eg å lese meir systematisk for å studere dette temaet. Eg fekk stadfesta at helse og sjukdom er tema som går att, ikkje berre i Juvikfolke, men i mange av Duuns romanar. Her er skildringar av sjukdommar som vi sjeldan eller aldri ser i dag, enten fordi vi greier å forebygge dei eller fordi vi i dag kan behandle dei før dei blir alvorlege. Vi kan alltids lese om sjukdommane i medisinske lærebøker, men vi får eit heilt anna inntrykk når vi les skildringar av ein forfattar som Duun, for eksempel av unge menneske som døyr av tæring, av lungebetennelse eller av andre infeksjonar – sjukdommar som vi i dag ikkje er vant til å sjå på som særleg alvorlege.

Dessutan er det ikkje sikkert vi skal slå oss til ro med at sjukdommar som Duun skildrar berre er historiske kuriositetar. Sjølv om sjukdomsmønsteret hos Duun på mange måtar er ulikt det vi opplever i Norge i dag, er det slett ikkje ukjent i mange andre land. Både tuberkulose, barseldød og spebarnsdød er daglegdagse hendingar i mange fattige land også i dag. Dessutan er det teikn som tyder på at fleire sjukdommar på nytt kan bli meir aktuelle enn det vi likar å tenkje på, også i vårt land. Vi blir stadig mint om den aukande antibiotikaresistensen, deriblant behandlingsresistent tuberkulose. Vi reiser stadig oftare til eksotiske land, og innvandrarar kan ha med seg sjukdommar frå heimlandet. Det er også stadig snakk om at mange er motstandarar av vaksiner, slik at det er vanskeleg å halde oppe ein tilfredstillande vaksinasjonsdekning. Så sjølv om mange av sjukdommane som Duun skildrar, i dag er under bra kontroll i vårt land, er det ikkje utenkeleg at dei på nytt kan bli ein realitet også hos oss. Så kanskje har vi alle noko å lære av Duun, ikkje berre som historiske skildringar, men også fordi det er relevant for morgondagens samfunn?

Hos Duun kjem vi nært innpå personane, ikkje minst når dei blir sjuke. Vi får høyre kva dei opplever, kva dei håpar på og kva dei er redde for, korleis dei greier å komme gjennom krisa, enten dei blir friske igjen eller om dei døyr. For døden er nær hos Duun, den er ein naturleg del av livet, nokså ulikt det som er vanleg i dagens moderne samfunn. Kanskje har vi også her noko å lære?

Det er ikkje minst i skildringane av dei sjuke eg kjenner meg att i rolla som mangeårig allmennlege. Som lege kjem ein ofte nært innpå pasientane, slik at ein kan sjå bakom maska og bli kjent med livshistorier som få andre kjenner til. Kanskje er det mogleg å forstå kvifor han eller ho sit på kontoret, forstå grunnen til plagene – nokre gonger kanskje betre enn dei sjølve gjer. Ofte har eg og undra meg over korleis pasientane har greidd seg gjennom all motgang - korleis dei har greidd å leve liva sine. For kvart menneske som kjem på legekontoret har si historie, slik som kvar av personane til Duun har si historie. Litteraturkritikar Rolv Thesen siterer dette frå Duun: «Dei hadde kvar si soga. Dei som andre. Eller vel så det, tykte dei nok sjøl» [2].

Dette arbeidet har gitt meg høve til å kombinere den medisinske bakgrunnen min med ei mangeårig interesse for både Duun og for historie. At eg dei seinare åra har brukt mykje tid ved kysten ikkje så langt frå der Duuns personar levde, har gitt ekstra inspirasjon.

Mange fortener ein stor takk for hjelp i arbeidet med boka: Søstra mi, Åse, som ga meg heile serien med Duuns romanar - arvegods etter den felles tanta vår Alla. Kristen Dille og Torgeir Strøm, som har vist vegen til Kjelvika og andre stader på Jøa og forsynt meg med litteratur. Rigmor Duun Grande og historikarane Elin Strøm og Sven Carstens, som alle har gitt gode råd undervegs. Arnfinn Johansen, som tok imot meg på Rambergfjellet sommaren 2017 og viste meg boksamlinga til Duun. Redaktørane Øivind Larsen og Magne Nylenna, som har sørga for gode, faglege tilbakemeldingar og godkjent at boka blir utgitt i tidsskriftet Michael. NTNUs publiseringsfond for åpen publisering, som har gitt økonomisk støtte til trykking av boka, og ikkje minst kona mi, Turid, som tålmodig har akseptert at Olav Duun nå i fleire år har vore nesten som eit ekstra familiemedlem.

Takk til alle!

Verdal, august 2019

Jostein Holmen