i2

Samandrag

Innleiing

Olav Duun er rekna som ein av våre største forfattarar, først og fremst på grunn av måten han tek for seg mange av de store eksistensielle spørsmåla – livet, kjærleiken, døden. Innimellom skildringar av på mange måtar livsfriske og sterke folk går han heller ikkje av vegen for å omtale dei mørke sidene ved det å vere menneske, deriblant skildringar av sjukdom, ulykker og død. Det er denne sida av Duuns forfattarskap eg har studert i denne boka. Eg har tatt utgangspunkt i at hans skildringar kan vere interessante ut frå eit medisinsk historisk perspektiv og har studert nærare desse spørsmåla: Korleis var levekåra for personane i Duuns litterære univers? Kva betydde familien, bygda og samfunnet elles, for sjukdom og uhelse? Korleis var sjukdomsmønsteret? Korleis opplevde romanfigurane hans sjukdom og uhelse? Kva slags syn hadde dei på medisinske hjelpemiddel, som for eksempel folkemedisin, dokter og sjukehus?

Metode og materiale

Eg har bakgrunn som allmennlege og samfunnsmedisinar, og dette var utgangspunktet mitt også for dette arbeidet. Ved gjennomgang av dei 25 romanane og dei tre novellesamlingane i Minneutgåva frå 1949 (Norlis forlag), markerte eg dei avsnitta som hadde medisinsk relevans og sette først diagnosar der det var mogleg. Deretter kategoriserte eg avsnitta ut frå ulike medisinske tema og samla desse i kvart sitt kapittel, der eg så har drøfta temaet nærare. Eg har relatert Duuns medisinske skildringar både opp mot hans eigen bakgrunn og oppvekst og til den tida han har lagt hendingane til. I tillegg har eg drøfta dei ulike temaa sett i lys av vår eiga tid, særleg med tanke på at vi kan ha noko å lære av Duun også i dag.

Resultat

I tid spenner Duuns litterære univers seg over ein periode på godt over hundre år, dvs. frå slutten av 1700-talet til 1930-talet, men handlinga i dei fleste romanane er lagt til tida omkring førre hundreårsskiftet. Eit hovudinntrykk er at Duuns romanfigurar levde tett på sjukdom, ulykker og død i kvardagen. Det var infeksjonssjukdommane som dominerte bildet, og særleg tuberkulosen går att i fleire romanar. Vi høyrer sjølvsagt også om mange andre infeksjonssjukdommar, og han skildrar mange dødsfall både hos barn og vaksne. Vi kan og lese om folk med psykiske problem og psykisk sjukdom, bl.a. med depresjon og sjølvmord som resultat. I tillegg høyrer vi om mange andre sjukdommar, om vald i familien og og hos andre som er med på å oppdra barn, og vi får illustrasjonar på kor svakt rettsvern barn hadde. Også kvinnene si stilling var svak, både sosialt og helsemessig, med redsel for graviditet, uønska graviditetar, abortar og risikofylte fødslar. Eldre, folk med psykisk sjukdom og psykisk utviklingshemma hadde det ofte kummerleg. I det heile skildrar Duun eit breidt spekter av helseproblem.

Tru, overtru og folkemedisin var viktige for mange av personane, mens sjukesøster, dokter og sjukehus blir tatt i bruk i dei romanane som er lagt til «nyare» tid, sjølv om vi sjeldan høyrer at dei gjorde særleg nytte for seg. Andre helserelaterte tema som kosthald, mat, kleda, hus og hygiene får vi lite innsyn i, men forholdet til familien og bygda elles var ofte viktige faktorar, og vi kan erfare kor farleg både «bygdedyret» og «familiedyret» kunne vere. I Duuns persongalleri er det til saman mange interessante personar, og eg har studert nokre av desse spesielt i eit forsøk på å forstå korleis dei kunne handle slik dei gjorde ut frå mitt eige medisinske perspektiv.

Diskusjon

Eit av dei sterkaste inntrykka ved lesing av Duun med «dokterbrillene» mine, er kor tett romanfigurane levde med sjukdom, ulykker og død innpå seg. Livet var utrygt på ein heilt annan måte enn det vi er vande med i dag. Eit anna hovudinntrykk er det breie spekteret av sjukdommar som Duun skildrar. Det er ikkje rart at tuberkulosen og andre infeksjonssjukdommar dominerte, ettersom desse var dei mest vanlege sjukdommane på hans tid. Likevel inkluderer han og mange andre sjukdommar og helseplager, til dels ganske detaljert, og ein kan undre seg på kor han har fått denne kunnskapen frå. Ikkje berre skildrar han symptoma og korleis den sjuke opplevde det, men ofte også korleis dei rundt den sjuke hadde det. Mange av sjukdomstilfella er truverdig skildra, også ut frå ei medisinsk vurdering. Fleire av sjukdommane han skildrar er i dag nesten utrydda i Noreg, så her i landet er det knapt nokon helsearbeidar i dag som har sett eller opplevd fleire av tilfella som Duun skildrar.

I det medisinske vokabularet finn vi ikkje ord som «synd», «vond» eller «god», omgrep som er viktige for Duun og som ofte er brukt i analyser av forfattarskapet hans. Eg har prøvd å forstå romanfigurane ut frå bakgrunnen og tilhøva deira utan å sette moralske merkelappar på dei. Mi vurdering av nokre av dei sentrale personane hos Duun blir difor litt annleis enn dei fleste som tidlegare har omtalt desse figurane.

Konklusjon

Duuns forfattarskap gir eit godt innblikk i fleire av dei store folkehelseproblema på Duuns tid. Vi får innsikt i kor tett folk levde med sjukdom og uhelse i kvardagen, og vi får nære skildringar som ein vanlegvis ikkje får frå medisinske lærebøker. Gjennom Duuns litterære univers kan vi følgje korleis folk såg på og møtte sjukdom og uhelse, kva dei trudde på, stolte på og var redde for. Og vi kan sjå korleis dette endra seg frå dei eldste juvikingane først på 1800-talet til dei meir moderne romanfigurane på 1900-talet. Duuns forfattarskap gir også på andre måtar innblikk i eit samfunn som var svært ulikt vårt samfunn i dag.

Jostein Holmen