i2

Vedlegg 4

Tuberkulosedødsfall

Tuberkulose er den sjukdommen som dominerer i Duuns forfattarskap, og dette blir drøfta i kapittel 6. Duun skildrar ulike symptom ved tuberkulose, blant anna fleire dødsfall. Mens dagens helsepersonell knapt har sett dødsfall av tuberkulose, er det her fleire ulike eksempel på korleis den siste fasen av sjukdommen kunne arte seg:

Mor Elen døyr

Elen, mor til Odin, har tæring. Når Odin får høre at ho er sjuk, ved juletider, fryktar han korleis det kan gå – han tenkjer på korleis Bendek i Kjelvika døydde:

Men han skulde ikkje vera forfæld, det var da ikkje noko større, ettersom ho hadde hørt! … Nei, stakar, eg er ikkje forfæld. – Kva var det da? – Kom berre for meg, at eg skulde møtast med ein gammal kjenning.

(I ungdommen (7);20)

Når Odin kjem til Vennestad, møter han Iver, som prøver å trøste han:

… Det var kanskje ugreit å vera ein som Iver, når tæringen var ut og fór? … Ja, du veit det har vore fælt så mykje kleinfolk borti garane no eit tak; dei har da komme seg att, alle i hop. … Ja, di anner ja. Dem hi da stabelert. Vi får ha trua go, Odin. …

(I ungdommen (7);22)

… Elen låg i kammerse. … Farlig bleik var ho ikkje, det var einast auga i henne som var sjuke. Man da ho snakka, vart han stiv på stolen, for det var ikkje mål i henne lenger, det var berre håse nøda att, syntes han. Ho var langt langt nedover.

Ho var kvikkare da han hadde sitte der ei tid … Æ vart ligganes æ, sa ho da Iver hadde gått, og no var det mest som ho drog på smilen. I det same fekk ho ei hoste-ri, ho hosta seg utor, så Odin trudd ikkje ho kom att meir. Sveitten flødde av panna hennar.

Hadde ho vore klein lenge? Å ja; ho hadde vore litt ussel sia i fjorvår, og no her i haust kom det att litt verre, og da ho skulde arbeide det utor seg, så gjekk det ikkje; ho vann det ikkje.

Æ kjem alder opp meir, sa ho best ho låg. …

(I ungdommen (7);23)

Odin spør om ho vil at han skal vere der om natta:

… Javisst villa æ det. Men --- dem sei det e --- smittsamt? Ho mor – e her av og te . …

(I ungdommen (7);23)

… Ein gammal kjenning, ja, mumla han med seg sjølv, da han hadde sagt farvel. Det var rart den gongen han Bendek dø. Da va æ tynn. …

(I ungdommen (7);24)

Odin blir på Vennestad hos mora heile tida frå jul til i februar:

… Det gjekk fort nedover med Elen. Doktoren hadde sagt med Iver, at våren var verste knipa for slike. Stod ho over den, kunde ho komma på føtene att. Odin såg at ho levde ikkje til våren eingong.

(I ungdommen (7);26)

… Da det leid ut i februar var det det ikkje stort att av Elen. Sov gjorde ho visst ikkje, og lite såg det ut til ho sansa av det som var i kring henne. Einast ei stund på natta var ho fullt vaki og med seg sjølv. Den stunda kvidde Odin seg for. Han syntes ho vilde spøre han om noko som det var umulig å svara på. …

Det var midt på natta. Det hadde komme slik uro over henne. Åsel sat på senggavlen og heldt i handa hennar. Auga flakka til og frå. Somtid hang dei ved mora, somtid og lengst ved Odin. Da kviskrar ho:

Kan ikkje du Odin svara mæ da!

Han stirde tomt inni dei store redde auga. Djupare og djupare opna dei seg for han, og der inne stod sjølve angsten, som han ikkje hadde visst om før. Svara, det måtte han, kor han så tok det ifrå.

Ja, mor! sa han. Ja, mor! Han visste ikkje om han kviskra det eller ropa det. Men ho hørte han ikkje. Han snudde seg til Åsel i rådløysa, men ho var der liksom ikkje, fanns ikkje makt i andlete hennar no. Ho hadde sitte der og snakka så vakkert om Vårherre, og Elen hadde ikkje hørt det. No hørte ho ikkje han heller.

Kor det ber henn med mæ, Odin? Det reiv som eit skrik i huse.

Odin såg rundt seg, ut gjennom glase og attende til Iver, som stod bortmed døra. Og Iver var ikkje Iver lenger, han var tynn så ein kunde sjå gjennom han, men eit levande menneske likevel, og det stod ei makt ifrå han og til Odin, som ei god hand . …

(I ungdommen (7);27-28)

Odin får tak i faren Otte som kjem og ser til Elen:

… Trur du han tek imot mæ da? Spurte ho, ørande stilt. Otte nikka berre. Kanskje han gjorde ikkje det eingong. …

Ja, ja! anda ho.

Da seig trøytten over henne, ho la andlete andre vegen og let att auga. Ho seig gjennom sømnen og vekk. Berre nokre få rykningar sleit i henne, ei totre pipande lyd. Dei lya til det song for øyra. No drog ho ikkje anda meir.

( I ungdommen (7);28)

Bestemor Åsel døyr

Også bestemora Åsel døyr av tæring:

Men der kom det på, at Åsel var sjuk.

Sjuk hadde ho aldri vore før, ho hadde berre vore eit grand tungblæst siste åra, og litt hoste hadde ho havt, men den hadde ho smilt til; det var gammalmanns-hosten. No tok det henne med frist og hete, og sjukdom all igjennom, så ho måtte til sengs. Da smilte ho att. Ho låg og såg kva dette var. Utpå natta bar det i brekkinga med henne, og da var det blod ho kasta opp.

… Ho var blåbleik i kinna og kvit på leppene, men auga såg lognt og levande på han (Odin). Snakke var ho ikkje godtil for det første.

… - Han fekk kanskje vekke ei av tausene, og fara etter dokteren? spurte han.

Ho rista på hovude, det litle ho var i stand til; han skulde ikkje det nei. – Nei nei, sa han. Noko farleg kan det ikkje vera; det her. – Nei. Ikkje farlig, kviskra ho. Men ålvor, Odin!

Da det vart dagen, skikka han folk etter dokteren lel, og i kveldinga kom han. Han fór henne vel over, og Åsel sette seg ikkje imot det. Han sa som Odin, at noko farlig var det ikkje, ho hadde gått og hosta seg forderva av bronkitt: ho kunde bli bra vissst ho berre vart i senga lenge nok. Det svara ho ikkje noko til. Men da han hadde fare, såg ho på Odin att, og smilte som i gamle dagar: Nei, ban, det er gjort no. Han ser det, Han, at eg er ikkje noko til meir. Har ikkje bruk for meg lenger. Nei, nei da

. (I ungdommen (7);135)

… Åsel vilde ikkje dei skulde vaka over henne, dei kunde sjå ho plagdes ved det; ho heldt det for skam. Utpå morgokvisten fekk ho ei ny hosteflage, og da kom blode verre enn før. Etterpå visste ho ikkje til seg ei lang stund, og Astri stod og venta det var døden. Ho stod på sprang og skulde etter Odin, men så tok ho seg på tak og let det vera. No hørte ho for resten eit lite andedrag. …

… Utover dagen kvikna Åsel til att. Odin sat der hos henne. Han bad henne fleire gonger at ho måtte ikkje snakke, men det smilte ho berre til. Døden var over henne, det såg han, men hadde han havt makt til det, hadde han trua henne til å ligge still. Tankane kom og gjekk gjennom henne, og munnen mumla etter kvart. – Gammelkarane, Odin, dei låg og tenkte på gravølet sitt. Gjer så eg òg. Stort gravøl – like vel. Ikkje sant? …

… Det var noko, Odin. Eg las om det – gamlehjem – sei meg: kva er det for noko?

Odin fortalde det han visste om det. – Ja, ser du der! Anka ho seg. Visste det, eg, men. Det vart ikkje med meg. Kunde da ha gjort noko, ser du! Men så kjem Han og tek meg ifrå det – eg er så tørst, Odin!

Han gav henne vatn, og ho takka, og tok etter sømnen med det same.

( I ungdommen (7);136-137)

Åsel har sterke lungeblødingar som er i ferd med å kvele henne:

Gong for gong måtte dei til senga, for blode kom settande og vilde kvæve henne. Ho visste ikkje stort om seg; men sa ho eit ord, var det med full sans. – Kyrne, Astri? spurte ho. Budeia – sovnar visst av? …

… Da vaknar dei til ved eit særskilt andedrag. Dei snur seg samstundes, møter einannan med auga, så vidt, og går bortåt senga. Det er ikkje anddrått lenger å høre, berre surkling og strid.

Åsel ser dem som snarast. Dei veit det er farvel og takk for seg. …

(I ungdommen (7);138)

Thekla døyr

Sigyn har ei veninne frå lærarskolen, Thekla Olsen, som kjem til bygda som lærar, men ho har dårleg helse, og det blir snart klart at ho har tæring (Sigyn (2);97). Thekla snakka om døden:

Det var i fjor då eg heldt på og skulde fara i veg, før eg reiste på helseheimen. …

(Sigyn (2); 109).

... --- Thekla låg og døde. Ho stridde ikkje med døden, ho hadde git seg over og smilte trøytt og blodlaust til Sigyn, rette handa til henne:

Du får ha farvel no, Sigyn,og takk.

Sigyn kasta seg over henne, halvt ifrå seg.

Nei, Thekla, eg slepper deg ikkje, du får ikkje gå ifrå meg, hører du, du får ikkje det!

Så trøsta ho lågt og innerlig:

Du skal bli frisk du ser du, eg tek deg med meg heim i denne dag, og då skal eg vel alltid få deg frisk att, og då skal vi ha det så hyggelig du og eg, - du skal vera fri skulen og alt, vi skal trøy oss som to små ungar, Thekla – vil du ikkje det? Jau, du må ville det, for mi skyld om ikkje for anna, du går ikkje ifrå meg no, du gjer ikkje det, Thekla, no når eg er så - så glad som eg er!

Thekla opna auga litt. Ho såg kor herlig Sigyn blømte – ungdommen som tek lukka og live – så let ho att auga og låg still lenge; små drag av liding kom og gjekk over det vesle bleike andlete. Ho vart brennande raud i kinnene, pusta stuttare og fortare, og auga opna seg blanke og i skjerande angst. Ho tok handa til Sigyn, mest som ho sokk i sjøen. Det var hosten som kom. Ho hosta opp klåre blode. Etterpå låg ho og anka seg.

(Sigyn (2);169)

... Thekla nikka. Snakke var ho for trøytt til. Ho såg rolig på Sigyn, med store blågrå auga; augelokka løfte seg og seig frå stund til anna, med lange frynser som la skugge nedover dei uttærde barnekinnene. Sigyn måtte kysse henne, så farlig det var.

(Sigyn (2);170)

Det gjekk fram med Thekla, syntes Sigy; men det gjekk smått. Våren vilde nok heller ikkje koma i år. …

(Sigyn (2);170)

… Jau, det gjekk fram med Thekla. Det hang i ein tråd som ikkje måtte briste. Men når Sigyn tala om det, riste hos på hovude som ho hadde gjort: ikkje seie det der du. …

… Og beste det var snudde ho seg til veggen og gret. Ho gret vonlaust og lenge, heilt til hosten kom. …

(Sigyn (2);171)

… Ja Thekla – kor var ho no, tru? Ho fór visst ut. ….

Ho fann henne nedi hagen, ho sat i solskine på ein liten borkestol. Ho smilte då Sigyn kom rennande: Lat meg få sitte her ei lita stund; så er du snild då.

Før Sigyn fekk henne inn, riste ho over all kroppen. Utpå kvelden, då Sigyn kikka opp til henne om ho sov, sat ho oppe og skreiv; ho stakk breve i skuffa og tok seg til hovude, munnen skalv litt og kinnene brann, og kaldsveitten blenkte i panna.

Ein times tid etter låg ho og øra i feber. Av og til kasta på seg, ho fekk ikkje luft. Doktoren kom utpå morgonparten, og han såg straks kva veg dette bar.

Dagen etter kom ho til seg sjølv ei stund. Ho tok handa til Sigyn med båe sine. Å seie noko var ho ikkje istand til, ho hadde slik styng. Endelig fekk ho kviskra det fram: Der låg eit brev i skuffa. Til han. Om Sigyn vilde sende det – når det var slutt.

Ved midnattsleite tok døden til. Det vart ikkje så lang ein strid. Ho døde med eit krampetak i Sigyn.

Sigyn anda ut i stor lettnad, då det var gjort. …

… Sjukesøstra kom og sa at no fekk Sigyn gå ned, ho skulde vel stelle med like.

(Sigyn (2);171-172)

Ane-Marta Bjørland døyr

Ane-Marta Bjørland i «Det gode samvite» blir stadig dårlegare:

… --- Morgonen etter var Ane-Marta kleinslig og kom ikkje opp … Ane-Marta var raud kring auga, ho hadde gråte. Nei takk, vann ikkje åt kaffe i dag. Takk, ikkje mat heller nei

(Det gode samvite (4);198-199)

Men Ane-Marta var det berre armelig det hingla med. Hosten vart grovare enn han hadde vore hardaste vinteren nokon gong, og hovude var så reint gale. …

(Det gode samvite (4);200)

… Ane-Marta var blågrå i andlete; men det var ho elles rett som det var. Ho tok seg til hjarte, men berre eit lite tak, så Nora ansa ikkje på det . …

(Det gode samvite (4);204)

… Da dei bar Ane-Marta inn til sengs, kasta ho opp blod. Det hadde hendt seg før og, men aldri så mykje, og ikkje hadde ho vore så vekk.

No vart ho liggande i ein døs etterpå, og gong på gong kom ræddhugen over henne, at ho var åleine og skulde døy. Ho bad så vakkert dei måtte ikkje gå ifrå henne.

Dokteren kom, og han var ikkje mangmælt. Greier det knapt, sa han til Lars. Ho hadde hosta seg forderva for lenge sea, og no klikka hjarte og.

Dei visste det likså godt dei andre som han. Ho kvikna til ein totre gonger og meinte ho var god, og så ein morgonen baud ho farvel med dem. Ho bad dem helse Anders, og bad Nora enno ein gong om å bera korse med tålmod, det var den siste kviskringa, og straks etter hadde ho gjort ifrå seg. …

(Det gode samvite (4); 205)

Nora døyr

Etter gravølet til Ane-Marta er det Nora som blir sjuk:

Men ein dagen kjem kjøkkentausa ned frå loftet og leitar opp Lars. Nora er klein, det kom an på om han ikkje måtte sjå oppå? Lars legg frå seg pennen og går opp. Nora ligg som ho søv; stutt i pusten, og auga halvopne; ho er gloheit. Han set seg på senggavlen og tek handa hennar, han vil kjenne på pulsen. Han sit og ser på klokka og teler.

Hm! Hm! seier han tungt. – Vi må etter doktern. …

Dokteren var ikkje viss på kva dette var. Han kom att sea og var enda mindre viss på det. Nora var ikkje verre, men ho vart ikkje betre heller, og dessutan hosta ho så det var ei synd.

(Det gode samvite (4); 230)

….

Men Nora la handa bortpå håre til Lars. Ho let henne ligge der.

Du veit da det, Lars, at det va det best om æ fekk døy. For oss bå to.

--- Men Nora fekk ikkje døy. Ho friskna til litt med kvart, og dokteren sa ho kom seg for denne gongen. Men, sa han til Lars, noko helse trur eg knapt ho får. Ho bli gåande slik og hoste og vera småklein. Om det no ikkje beint fram bli tæring, sa han.

(Det gode samvite (4); 230)

Nora kom seg ikkje fort, men fram gjekk det, og da våren kom for allan, heldt ho til ute i sol og vind og gjorde seg godt av dagane. …

(Det gode samvite (4);232)

Men Nora er ikkje heilt frisk:

ho hosta berre litt med seg sjølv, ein liten tør, plagsom hoste. Om natta sette ho seg opp i senga somtid, ho fekk ikkje puste.

(Det gode samvite (4);254)

Ho (Elen) skulle vikariere for lærarinna på sørsida, for ho var sjuk og låg til fjells. Elen skulde få ha romme hennar i skolehuse, om ho vilde, og det tok ho med; ho var ikkje redd tæringen. …

(Det gode samvite (4);277-278)

Nora blir dårligare:

Nora gjekk og la seg på nytt, og sovna. Om natta vakna ho med slik strid hoste, og styng for bryste, og da ho skulde sjå, hadde ho hosta blod. Ho såg på blodet og smilte, og så la ho seg til att. …

(Det gode samvite (4);288)

Eit par dagar etter var Nora på føtene att. Frak var ho ikkje, det var alt med seg det skrid. Med kvart måtte ho til sengs ein vending. Gamle Beret putra og skjente, at ho skulde til dokteren. Nora gjeispa berre. …

(Det gode samvite (4);289)

Elen og Kristian giftar seg i byen, men Nora kan ikkje vere med:

Nora var ikkje med, ho var for kleinslig. Det var tæring ho hadde, ho merka det så vel, og ho meinte ikkje han kom til å bli langvarig. …

(Det gode samvite (4);289)

Dei vaka hoss mora halve natta kvar. Næste dagen kom Rohl utover, og da han såg kor det stod til, snudde han seg stilt til Frigg. Han slo seg for der, til det var slutt.

(Det gode samvite (4);296)

Da Elen kom ut i kammerse, låg mora og halvsov og sveitta. Ho vakna straks, vart liggande og strævde med å få luft eit tak. Så låg ho stilt og såg på dem. …

… Mora smilte med den døde munnen, og hosten sette på henne. …

… Utover natta vart striden tyngre, det vart ei natt som tok ut sveitten på dem, og først på morgonparten var det slutt. Ho såg på dem ein for ein, og dei kom og baud farvel.

Amen! kviskra ho; og sea kom ho ikkje til seg. …

(Det gode samvite (4);297)

Kona til Helmer, Gisken, døyr

Også i «Menneske og maktene» møter vi tæringen. Det er Giske, kona til Helmer som blir sjuk:

Men Helmer hadde lagt merke til Gisken. Ho var visst nær på å svimre gong for gong utetter kvelden, og ei stund måtte ho legge seg nedpå. Sia om dagane skjønte han at ho var ikkje frisk. Denne rødleten hennes var noko for seg, og auga var ansles blanke enn dei skulde vera. Ho lea trøytt på hovude da han vilde ha henne med til dokteren, det vanta ikkje henne noko.

Endelig fekk han henne dit. Tæring, visste Helmer om det ikkje vart sagt. Og det var da ein sjukdom med von i? Dokteren sa der var god von, berre ho levde slik og slik. Gisken gjorde som dei bad henne om. Ho vilde gjerne leva. …

… Men utpå kvelden sette hosten til. Ikkje noko dødsbud, men om natta vakna Helmer og var redd. Og Gisken låg og fraus borti senga si. Ho påstod det var for heitt. Han fòr etter dokteren. – Lungeinflammasjon, kunngjorde dokteren, og det var da meir enn sant nok. …

… Sjukdommen gjekk sin gang. …

… Med Gisken sa han farvel ei stund ho var klår nok til det. Nå ja, live var henne ein liten ting nå. Ho skulde ein annan veg.

(Menneske og maktene (12);168-169)

Jostein Holmen