i2

Vedlegg 6

Alvorleg lungebetennelse

Før antibiotika kom i bruk, kunne lungebetennelse vere ein livstruande tilstand. Duun skildrar fleire som får lungebetennelse, både unge og eldre, og dette er omtalt i kapittel 7.1. Her er fleire eksempel på korleis sjukdommen kunne arte seg:

Marta Brønnes – overlever etter «krise» sjette døgnet

Marta Brønnes, svigermor til Sigyn, får lungebetennelse. Ho er svært dårleg, dei omkring henne trur ho døyr, men det snur seg etter sjette døgnet, og ho overlever. Dei har besøk av dokter fleire gonger, og dei får også hjelp av sjukesøster. Historia viser korleis det også tek på dei som står henne nærast:

Dokteren kjørte frå Brønnes, og Elias sjølv var med og skyssa. Karjolhjula murra og skar i veg-gruse med så einslig ein lyd, slurpa likesælt gjennom dei små vasshola. Elias bøyde seg fram og tala til dokteren gong for gong; han prøvde å snakke seg innpå han, så godt han var mann for det; han var ikkje med for noko anna en for å få litt meir greie på kor det stod til. Og det stod dårlig til.

Det hadde ikkje gått som Sigyn ønskte seg det, at ho skulde bli sjuk. Marta vart liggande. Og verre kunde det ikkje skape seg til, det syntes dei alle.

(Sigyn;180-181)

… Marta låg og pusta kringt og stutt, berre med halve drag. Auga flytte seg med andedrage att og fram.

Ho var klein, det kunde ho ikkje negte. Men slettes ikkje noko farlig. Ho stod det over. Same kva dei trudde. Det var på det fjerde døgne no; og då var det berre eit par døgn – til det gav seg. For det var lungebrune. Ho hadde havt det før.

Ho hadde kome heim frå kvinneforeninga nedi bygda her ein kvelden og vore skraput, hadde havt slikt hjartans frost i seg, og slik hete opi hovude. Ho tok seg ein toddi, men den kasta ho opp; så tok ho seg ein karsk, - det smakte alltid litt likare når det kom i kaffeen. Ja, det gav seg eitgrand då, så-mykje ho fekk sømnen for seg; men utpå natta vakna ho med styng gjennom ryggen og bryste, og kjente att fanterie straks. – Dokteren hadde vore her to gonger no, og klein tru hadde han visst, særlig da han hørte ho hadde havt det før.

Men det var just det som trøsta Marta. Ho hadde dregest med det ein gong før, og hadde kome seg så tålig ifrå det; ein måtte bli bortåt dubbelt så klein, skulde ein stryke med av det. Det vart verre denne gongen, det gjorde det. Men ikkje ansles en at ho greidde det. Ho var no berre knapt 61 år òg.

(Sigyn (2);180-181)

… Jamen var ho dålig lel, dygtig dålig òg. Og det av slik ein sjukdom da, som kvindfolk mest aldri fekk. Ho la hovude hit og dit; kroppen låg på høgre sida, kunde ikkje røre seg for styngen; det vart bågt snart å få puste, saga ho seg sund innvortes. Å ja, det vart litt tussig no eit tak; eit døgn eller to. Men - …

… --- No tok det til og vart så uklårt for Marta. Lange rider glømte ho at ho hadde vondt. Men ho merka det var ille å vera til. …

… No hadde ho visst øra ei stund. …

… --- Dei vaka over henne båe to den natta. Det vart ikkje så dei sa noko; dei kunde ikkje godt prate heller no som det var. …

… Sigyn låg på kne framfor senga då han kom inn, ho gret nedi dyna, over handa til Marta.

--- Og sjette natta kom; og ho kom tungt.

Marta låg og stridde i feber og hoste, og dei to sat og vakta på henne. Sjukesøstra skulde løyse dei av då det leid på, men dei bad henne vente. …

… Marta låg og såg framover golve, kjente visst ingen, og sa ikkje noko. Hoste var ho vel for klein til; men andedrage let så klagande, ut og inn.

Det er ein slags sømn, sa søster Kristine og la seg på sofaen.

I morgo-tidlig skulde dokteren høre hit. Det var lenge til den tid. …

Ho hadde blunda, ho vak opp og undrast om det var lenge. Då, nett i det same, rører Marta på seg, snur på seg, og ser klårt og vake hitover, auga finn henne og ser på henne. Ho gir frå seg ein lang sukk, liksom ho slepper ei meng med luft.

Sigyn spring opp og borttil senga, tek henderne hennar og kjenner ikkje golvet under seg; dette er vel døden som kjem.

Men Marta gjeispa, og togg litt me den tørre munnen.

Gji meg liti vatn, Sigyn. – Ho var så merkelig frisk i måle, og henta heim pusten så djupt og trygt, lea litt på seg, kjente på seg. – Jamen sant mein eg de verst e over. Ho smilte forundra: - Ska’n ha kjent sånt. Ja ja da, -- Gå å legg deg, Sigyn; gjer de. Eg vil – sova etgrand eg ò.

Ho snudde på hovude, og sov.

Sigyn stod på sprange og vilde inn etter Elias, ho trudde det verste enno, men sjukesøstra sa at no bar det rette vegen; ho kunde berre gå. …

… Han reiste seg frå benken inni stua, då ho opna døra; han var fullt påklædd.

E de – dåliar no? sa han. …

… Nei, Elias, sa ho, - de verst e gjort no. Ho søv no.

He?

Ho fortalte han korleis det var; ho vann det, og seig i hop i gråt inntil han.

(Sigyn (2); 182-185)

Lars Lines døyr

I «Det gode samvite» blir Lars Lines dårleg:

… Det kunde vera det, meinte Anders, at han Lars Lines var så klein. Dokteren hadde vore der. …

Litl-Lars bar fram erende sitt fort: Han far vart så dårlig, det var rigtig skrap med han, lungebetændels. …

(Det gode samvite (4);182-183).

…. Lars Lines låg og drogst med døden. Det var tridje gongen han hadde lungebrune, og nå stod han det ikkje over. Han hadde vore sjuk lenge, meinte dokteren, for det var noko gale med bryste. Han vann snaut sjå til sides. Kanskje kjente han Per, kanskje ikkje. Andlete var beinbert og blå-årut, og munnen var open som på eit lik. …

… Utpå kvelden tok døden til for ålvor. …Først utpå morgonparten gav han anda frå seg

(Det gode samvite (4);184-186).

I «Olsøygutane» får Johan lungebetennelse

Johan dett i sjøen, greier å kravle seg opp på berget, men blir sjuk etterpå:

… Men tidlig morgonen etter kom Johanna og vekte Jæger; Det stod visst gale til me ‘n Johan, han snakka så uvislig, og så vilde han opp. Jæger såg straks at dette var alvor, og så for dei etter dokteren. Da dokteren hadde vore der ei stund, spurte han om Johan hadde havt lungebrune før. – Nei, han hadde aldri vori sjuk ein dag. – Ja. Det skulde da vera ei trøst. Men han hadde fått ein vålig støyt for bringa, attåt denne avkjølinga. Dokteren vona det beste, og lova å skikke dit sjukesøstra.

Johan hadde komme til seg att, men han var hardt sjuk. Dag og natt låg han der og småhosta og plagdes og smått anka seg. Johanna vaka til Jæger måtte jaga henne i seng. Sjukesøstra sov heller ikkje mange timane. Da det leid på mista han samlinga att. – Gutungar! Slepp meg! låg han og sa. Reiser de frå meg! klaga han seg. Så bala han og snakka og lo, så glad at ein stein kunde grøsse. Johanna spurte fleire gonger om han ikkje kjente henne, men det var ikkje vislig svar å få.

Dokteren var der att.

Ein morgonen kom Arne og sa til Jæger at no såg det lysare ut; - det går visst den vegen det skal gå no, sa han. – Det gjer det visst, svara Jæger og gjekk fort åt kammerse. Johan kjente han og drog på smilen. Det var verre for Jæger å kjenne Johan.

Jæger gjekk ut og vekte Johanna, ho låg påklædd på sofaen i litlestua. Han tok armen hennar og leidde henne. Ho vart ståande framfor senga og halde i Jæger. Johan var alt død. …

(Olsøygutane (9);64)

Bronkitt, lungebetennelse, hjarteflimmer

I «Ragnhild» legg Tale planer om å reise sørover og hente svigerdottera Ragnhild etter at ho hadde vore i fengsel i fleire år. Men Tale har i lang tid vore plaga med bronkitt:

Det var merkelig kor bronkitten hadde gitt seg i det siste. Og føtene var utrulig brukbare no ei tid.

(Ragnhild (10);162)

Og ho mor, stakar, som sette i veg sørgjennom lande med bronkitten sin og dei arme føtene

(Ragnhild (10);166)

Det kan godt tenkjast at bronkitten til Tale er tuberkulose, det får vi aldri vite. Men når Ragnhild og Tale sit på toget heimover, blir Tale sjuk:

… – Det var da dei kjørte oppgjennom dalbygdene at Tale vart dårlig. Rettelig frisk var ho ikkje før heller, ho klaga seg klein da ho hadde sitte på toge ein times tid. – Vi må skynde oss å reise no, sa ho, for elles når eg ikkje heim. …

(Ragnhild (10);225)

Lenger ut på dagen var det ho sa: - Nei eg er ikkje noko til, lenger; eg skal vera glad visst eg vinn meg heim, da lyt eg seie eg har gjort mitt. … Hosta gjorde ho ikkje, men ho hadde litt tyngre for å puste enn vanlig. …

(Ragnhild (10);226)

Best det var kom Tale sigande fram over den vesle bordplata. Ho hadde ei fæl nød med å puste. Dei kom med vatn, og Ragnhild sat breiddmed henne og heldt henne. Tale fann i handa hennes og blåheldt seg i den, for det hjelpte utrulig. Tida gjekk, time for time.

(Ragnhild (10);226)

Ho fekk slik frost gjennom all kroppen, men hovude var eldande heitt, og så kom denne nøda att med å få dratt anda, det kjendes som det skulde bli slut med det. Hjarte tok til verre med flaksinga si, så stod det litt, og så gjekk det litt, så fór det i veg om kapp med togramle. … (Ragnhild (10);227)

Tale var så sjuk, da dei endelig var i byen, at Ragnhild fekk tak i vognmann og kjørte til sjukehuse med henne. … Dagen etter, da Ragnhild kom dit, fortalte dei det stod dårlig til, det var ikkje berre bronkitten dette, det var gale med både hjarte og nyrer, ingen kunde vite kva veg det vilde ta.

(Ragnhild (10);227)

Det vart ein hard strid. Ragnhild måtte trøste seg med at Tale ikkje visste til seg, at ho ikkje merka korles sjukdommen fór med henne.

Tale var heilt klår. Ho syntes ho hadde ei pine, og det var at ho var så alt for klår. Henne regjorde sjukdommen med som han lysta no, ho hamla berre unda og let vera å kjenne det, kroppen fekk i guds namn vri seg, men da hørte ho og såg ho alt som var ikring henne, og bortanfor det såg ho svarte gape der all ting sluttar. …

(Ragnhild (10);227-228)

… - Skulde det berast i døyinga med meg, sa ho eingong. Meir var ho ikkje godtil å få sagt.

Sia vart det urolig for henne, det var vonde tider, og alt var utan fred. Gode lyse menneske var leidde fram og og gjort ende på, folk trudde ho var like slug på det, men ho var radt allvitande og allstads nærverande, dei visste ikkje noko om a Tale, visste ikkje noko om seg sjøl heller, men fred med dykk like vel, born! Nedi eine hagekråa heime står ein liten blom som ikkje har vorte tilset i heile sommar, og der er mange ting elles, men no fer eg visst? Kva veg er dette da, godt folk, ber det aust eller vest?

Til himmels, trudde Ragnhild, og så langt vilde ikkje ho følgje henne, nei ikkje Tale heller vilde ho følgje så langt. Nei. Tale tok handa hennes og krevde det, og da svara ho ja, - eg er med Dykk! Men det gjaldt berre til handa var kald.

(Ragnhild (10);228-229)

Lungebetennelse etter å ha rømt heimanfrå og overnatta ute

Hallvard, guten til Ragnhild og Håkon, får lungebetennelse etter å ha rømt og vore ute i skogen i fire døgn:

Hallvard snudde seg fram da han hørte målet til faren. Sveitten perla i panna på han, men han var fullt med seg, kunde dei sjå. Da Håkon kom bortåt senga og snakka til han, vendte han seg mot veggen att. Der var ikkje svar å få av han.

Dokteren kom. Han trudde ikkje der var nokon fare på ferde …

(Ragnhild (10);265)

… Men Hallvard brekte seg gong for gong, han var verkeleg sjuk. Ragnhild sa det med Håkon. Håkon hadde alt set det. Tidlig morgonen etter fortalte han at guten låg og snakka i ørska og var heit som ei glo. Først telefonen vart opna ringte han etter bydoktoren.

Dokteren kom med dampbåten om kvelden. Han sa dem det dei visste før, at det var lungebrand. Resten var ikkje godt å seie.

Dei gjekk inn i angsten att, utan å seie noko, utan å sjå på einannan. Dei gjekk sju lange døgn til botns, og det åttande vart ikkje linnare.

Det vart kveld og der vart morgon den eine dagen som den andre. Sola stod på himmelen, stod og skjein alt det ho kunde, men det var for verda elles, dei såg henne gjennom ein vond draum. Det som var til, var at Hallvard låg og pintes og var snart klar. Med kvart var det natta, gråe sømnen utanfor huse. Ein kunde bli vâr einkvan tingen, ein haug eller ein gar, han var så reint bortglømt. Dei var bortglømte sjølv.

Dei byttast med å vaka, men stort anna enn vakinga vart det ikkje for nokon av dem. Det måtte ha vore vondt nok å høre på denne hosten, så drepande han var, om det ikkje var vesle Hallvard som drogst med han. Han vart verre og verre, der fanns ikkje miskunn til.

Dei henta bygdedokteren eit par gonger, og han gjorde det han kunde; men det var ikkje vandt å skjønna han, at mot døden og lagnaden er det ikkje stort ein kan gjera, enten ein er dokter i byen eller på landet.

Ein gong da det var på det verste, snudde Håkon seg til Ragnhild. Det var midt millom dagen og natta, ei bleik og lyslaus stund, ho var sløkt for all von. Hallvard låg i ein ynk, og feberen var snart oppi 41. …

Dei venta på sjuande døgne. Da skulde sjukdommen ta ei vending, til liv og død. Da var dei så gjennompint, dei tykte det var bra same kva det vart, berre det ikkje var slik lenger.

Det skjedde. Feberen gav seg, og hosten linna etter kvart. Men det gjekk for fort, det var umulig å tru på det. Det måtte vera vegen ned. Tid for tid venta dei pulsen gjekk tvert i stå, og at livsvarmen lak ut med feberen.

Dei såg det vart live, men dei var ikkje i stand til å tru det. …

Men dei kom over det. Hallvar sov, det nytta ikkje å nekte det, dette var sømn. Heile dagen gjekk, vinden og regne dreiv på ute, no var det deira tid, og inne låg Hallvard og sov. Gong og anna ynka han seg litt, det hørtes som det var i velvære. Mot kvelden såg han opp, fleire gonger. Litt forundra, kom det for dem; dermed snudde han seg og sov att. …

… Dei kom ut av angsten att, hadde fare ferda til endes kvar for seg og møttest på andre sida.

(Ragnhild (10);267-268)

Jostein Holmen