article

Medisinsk historie sett frå Bergen

Michael 2017; 14: 238–40.

Leiv M. Hove, Inge Glambek og Ole Didrik Lærum (red.):

Glimt fra den medisinske historie sett fra Bergen

Bergen: Bodoni Forlag, 2016.

302 s.

ISBN 978 – 82 – 7128 – 861 – 7

I 2016 var det sytti år sidan Universitetet i Bergen vart oppretta. Det var i samband med dette jubileet at denne boka kom til, som på omslaget blir skildra som ein antologi med «high-lights» frå den medisinske historia i Bergen. Frå redaktørane si side er boka fyrst og fremst tenkt som ein «appetittvekkar « for studentar i medisin og andre helsefag ved Universitetet i Bergen, og i jubileumsåret vart ho gjeven i gåve til alle medisinstudentane der.

Dei tre redaktørane er alle erfarne legar med mangeårig interesse for medisinsk historie. Med seg på laget har dei også sju andre forfattarar, som med unnatak av éin historikar alle er (eller var) legar.

Innhaldet er rikt og variert. Dei to fyrste tekstane gjev eit oversyn over nokre hovudtrekk ved den generelle, internasjonale medisinhistoria frå førhistorisk tid og antikken til mellomalderen. I det vidare er universitetshistorie naturleg nok eit tema som har fått mykje plass, og då ikkje berre den relativt korte historia til Universitetet i Bergen: Dei lange linjene frå Salerno på 800-talet, via det dansk-norske universitetet i København og det fyrste norske universitetet i Kristiania, blir også teikna opp. Dei andre, meir «bergenske « bidraga famnar om eit vidt spekter av emne, mellom anna barts kjærlaug, registerforsking og sjukehushistorie. Boka byr også på portrett av nokre av dei føregangsmennene som har utmerka seg mest i den bergenske medisinhistoria. Blant dei sistnemnde finn vi mellom anna den internasjonalt velkjende leprapioneren Gerhard Armauer Hansen (1841–1912), men vi får også bli kjende med personar som så langt har fått mindre merksemd, som til dømes veslebroren Klaus Hanssen (1844–1914). Fridtjof Nansen (1861–1930) si karriere som nevroforskar i Bergen vil nok òg vere til dels ukjent for mange.

Nokre av tekstane er meir og mindre omarbeidde versjonar av verk som er utgjevne før, men boka inneheld også heilt nytt stoff, som til dømes Morten Hammerborg sin studie av det gamle Bergen sykehus, forløparen til sjukehuset på Haukeland. Dei to siste tekstane i boka er også offentleggjort for fyrste gong. Dei er skrivne av to avlidne legar, Erik Waaler (1903– 1997) og Konrad Birkhaug (1892–1980), som i 1944 opplevde nokre av dei mest dramatiske krigshendingane i Bergen på nært hald. Dette er sterk lesnad!

Med sine mange fine illustrasjonar og elles lekre design, er boka også ein fryd for auget. Men bilettekstane vitnar dessverre om at prosessen med ferdigstillinga av boka kan ha gått litt for fort føre seg. Ein del tekstar manglar heilt, medan andre ser ut til å vere noko ufullstendige. Til dels ser dette også ut til å gjelde for litteratur- og kjeldetilvisingane; ein stad blir det til dømes vist til eit noteapparat som ikkje er mogleg å finne. Men elles ser det ut til at forfattarane – med eit par heiderlege unnatak – har teke eit medvite val om å ikkje gjere systematisk bruk av noteapparat eller tilsvarande i det heile. Dette er i så fall uheldig, og skulle vere unødvendig, særleg når hovudmålgruppa er studentar, som utan tvil ville ha tolt eit litt meir akademisk preg over tekstane. Kanskje er det mogleg å spore opp det som er nytta av primærkjelder og originallitteratur via litteraturlistene bakarst i boka, men når det uttalte føremålet med boka er å «vekke appetitt» og stimulere til vidare lesnad, ville meir presise kjelde- og litteraturtilvisingar ha vore ein fordel.

Boka er jamt over lettlesen. Nokre av tekstane ber av og til preg av at forfattarane er legar som skriv for kollegaer, i den forstand at ikkje alle faguttrykk blir forklarte. Dette er sjølvsagt greitt så lenge den klart definerte målgruppa er nettopp framtidige legar og eventuelt andre helsearbeidarar. Men med nokre få små justeringar her kan boka bli lettare tilgjengeleg også for eit større publikum, dersom forfattarane ved seinare utgåver skulle ynskje å nå ut til fleire.

Denne medisinhistoriske «blomesamlinga» frå Bergen er blitt ei veldig flott bok som redaktørane har all grunn til å vere stolte av. Det er også eit viktig verk, som gjev både kjende og mindre kjende sider ved den «bergenske « medisinhistoria ny og velfortent merksemd. Boka skulle vere ypparleg eigna til det føremålet ho i utgangspunktet var tenkt for: Å vekke medisinstudentar sin appetitt for medisinsk historie. Studentane i Bergen er heldige som har fått eit slikt verk i gåve! Det er likevel å håpe at boka etter kvart også får ein større lesarskare enn som så, både i og utanfor Bergen. Det fortener ho!

Kristine Lillestøl

Postdoktorstipendiat

Institutt for helse og samfunn

Universitetet i Oslo

kristine.lillestol@medisin.uio.no