Bokmelding: Berit Horn Bringedal

Pengar er ikkje alt

188-189

Michael 2026; 23: 188–189

doi: 10.5617/michael.13342

Jens Kihl

Blakk

Oslo: Samlaget, 2025

91 s.

ISBN 9788234014963

Serien Norsk røyndom frå Samlaget er eit interessant tilskot til norsk litteratur. Forlaget har invitert ulike forfattarar til å skrive om den norske samtida i ein kort og personleg stil – med undertittelen «sterke historier som gjeld oss alle». Serien tel no fem bøker, til dømes om rettstryggleik eller det å leve som funksjonshemma.

Jens Kihl (fødd 1986) skriv om å vokse opp med ei einsleg mor med låg inntekt. Dei har alltid dårleg råd, derav tittelen Blakk. At dei har lite pengar, er éin ting, men at dei bur i eit nabolag der dei fleste har mykje betre råd, gjer saka verre. Dette er ein kjent sak frå studiar av sosial ulikskap: Den relative materielle standarden er like viktig som den absolutte. Menneska er sosiale, vi samanliknar oss med andre. Og vi er særleg dyktige til å samanlikne oss med dei som har meir.

Boka til Kihl er kort og raskt lest. Vi får ikkje ei djuptgåande analyse av korleis det er å sitje nest nedst ved bordet – der vi, ifølge forfattaren, finn dei som har ei inntekt om lag på sjukepleiarløn – men korte glimt og betraktningar om korleis ein slik oppvekst kan vere i Noreg i dag.

Det eg finn tankevekkande, er at Kihl er overraska over at han, trass i jamt dårleg råd, har ein god barndom. Slik eg les boka, har Kihl vore heldig med foreldra sine. Det er særleg mora vi får høyre om, det er ho som er blakk, men faren er også med i randsona av historia. Og har du gode foreldre, har du eit godt utgangspunkt i livet, sjølv om oppveksten din alltid var prega av materiell knappheit.

Den britiske filosofen Adam Swift (fødd 1961) meiner at vi legg for lite vekt på familiens rolle for sosial ulikskap. Vi bør ikkje berre ta omsyn til om familien har høg status, formue eller inntekt, men òg på andre ressursar. Retorisk spør han om vi, i den sosiale likskapens namn, burde forby at barn blir lesne for om kvelden?

Ei godnatthistorie på sengekanten er ein illustrasjon på at barnet blir godt tatt vare på, og ein indikator på korleis eit barn klarer seg seinare i livet. Men ikkje alle barn blir lesne for, verken i bokstaveleg eller overført tyding, og her ligg ei viktig kjelde til sosial ulikheit.

Kihl er ikkje opptatt av dei immaterielle føresetnadene for eit godt liv, enn seie for sosial ulikskap. Her er han i stort selskap. Ikkje berre med forskarar, som er meir opptekne av inntektsfordeling enn av gode oppvekstvilkår i ikkje-materiell forstand, men han er òg i same selskap som dei fleste som bur i Noreg. På tross av at vi er eitt av dei rikaste landa i verda, er dei fleste framleis svært opptekne av økonomisk vekst. Den delen av befolkninga som reelt lid under knappheit, skulle ha vore hjelpt – i går – men resten av oss burde kan hende vende blikket meir vekk frå materielle verdiar og mot det som verkeleg betyr mykje for eit godt liv. Sjukepleiarindeksen er berre ein del av historia, kanskje ikkje ein gong den viktigaste.

Berit Horn Bringedal

Berit Horn Bringedal er sosiolog, dr.polit. og seniorforsker i Legeforskningsinstituttet.