article

«De lærdeste Lægers ­Urtegaarde»

Michael 2018; 15: 360–2.

  • Ernst Bjerke: «De lærdeste lægers urtegaarde». Trekk av farmasiens og botanikkens bok­historie i Andersen-samlingen ved Christiania Kathedralskoles Bibliothek.

  • Oslo: Stiftelsen Oslo katedralskole og Bibliofilklubben, 2018

  • 471 s.

  • ISBN:978-82-691267-1-6

(Boka vil kome for sal gjennom utvalde bokhandlar og antikvariat i Oslo, og vil kunne tingast gjennom Norsk farmasihistorisk museum for 380 kr. Ebok-utgåva kan lastast ned gratis om ein vendar seg til Norsk bok- og bibliotekhistorisk selskap (www.nbbs.no).)

Ernst Bjerke har doktorgrad i vitskapshistorie, og er samlingsforvaltar ved Christiania Kathedral­skoles Bibliothek. Utgangspunktet for boka er ei eineståande boksamling, den såkalla Andersen-samlinga, som no er i dette biblioteket si eige.

Samlinga vart bygd opp av Kjell-Erik Andersen (1942–2010). Som Bjerke fortel, var Andersen sjølv apotekar (cand. pharm.), med ei særleg interesse for farmasihistoriske emne. Andersen vert også skildra som ein mann med «dyp kjærlighet til ­boken», som mellom anna var medlem av den eksklusive Bibliofil-klubben, i selskap med dei fremste boksamlarane i landet. Kombinasjonen av desse lidenskapane, saman med god teft og iherdig innsats gjennom meir enn tjue år, førte til at Andersen enda opp med ei boksamling beståande av om lag 2500 bind. For ein stor del var dette farmasihistoriske verk i ulike sjangrar, frå ein periode som spenner over sju hundreår (1483–2010).

Forfattaren har valt ut 93 bøker til å representere Andersen-samlinga i denne boka. Omtalane av desse er organisert i åtte bolkar. Den fyrste tek føre seg dei fyrste trykte bøkene, deriblant det eldste verket i samlinga; ein såkalla inkunabel utgjeven i 1483 (De proprietatibus rerum, ein encyclopedi skriven av fransiskanarmunken Bartholomeus Anglicus). Deretter følgjer dei gamle legebøkene, deriblant fleire «urtegardar» av Henrik Smith, som mellom anna var mannen bak formuleringa «De lærdeste Lægers Urtegaarde».

Vidare kjem ein omtale av nokre klassikarutgåver frå renessansen, mellom anna ei 1530-utgåve av Galens De compositione medicamentorum, følgt av dei to mest omfattande bolkane i boka: Illustrerte urtebøker og farmakopar. Nokre populærmedisinske legebøker frå opplysningstida er også representert, som til dømes Beskrifning af Kongl. Rese-Apotheket (von ­Heidenstam, 1766), samt eit fint knippe floraer og plansjeverk (til dømes Flora Sveica og Systema Vegetabilium av Carl von Linné, 1755/1784).

Den siste hovudkategorien av bøker som er omtala skil seg noko frå dei føregåande, med det at dei alle er skrivne av, eller på andre måtar knytte til éin og same person: Den danske farmasøyten og fysikaren Hans Christian Ørsted (1777–1851), som Andersen hadde ei særleg stor interesse for.

I føreordet definerer Bjerke boka som «et portrett av en boksamling». Difor er denne boka noko langt meir enn ein katalog over Andersen-­samlinga. Sjølv om omtalane av dei respektive bøkene naturleg nok inneheld ein del reint «boktekniske» opplysningar, som til dømes kva trykketeknikk som er nytta, innbinding og andre fysiske trekk ved boka, får lesaren også mykje meir informasjon med på kjøpet, som set bøkene inn i ein kulturhistorisk samanheng. Til dømes får vi eit godt innblikk i kven dei ulike forfattarane var, og kva betyding dei fekk både i eiga samtid og for ettertida. I ein del tilfelle får vi òg vite litt om kven som faktisk brukte desse bøkene; både kven den tiltenkte målgruppa var, og den konkrete vandringshistoria til boka (tidlegare eigarar). Tidvis set forfattaren også nokre av dei omtala bøkene i «dialog» med kvarandre, gjennom eit lettfatteleg kryssreferanse-system, noko som ytterlegare gjer at innhaldet i boka står fram som ei saman­hengande historie, meir enn som ein katalog.

Takka vere nitid katalogføring frå Andersen si side, får vi også i dei fleste tilfella vite litt om korleis han faktisk fekk tak i dei ulike bøkene – kvar han fann dei, kva dei kosta, og kor mange andre kjende eksemplar som finst (i mange tilfelle svært få), med meir. Lesaren får med dette eit interessant innblikk ikkje berre i bøkene i samlinga, men også i sjølve boksamlingsprosessen.

Nemnast må det óg at boka er rikt og vakkert illustrert med fotografi av utsnitt frå dei ulike bøkene som er portrettert. Særleg er dei mange plante­illustrasjonane i bøkene ein fryd for auget.

Boka vil vere av interesse for lesarar med interesse for farmasi- og medisin­historie, men òg for lesarar med kjærleik til bøker og interesse for bokhistorie generelt. Det er ein sjeldan og stor skatt som har kome ­Christiania Kathedralskoles bibliotek til del med Andersen-samlinga, og Bjerke gjer med «De lærdeste Lægers Urtegaarde» ære på både samlinga og samlaren. All honnør til både boksamlar og samlingsportrettør!

Kristine Lillestøl

lege i spesialisering

Avdeling for medisinsk genetikk

Oslo universitetssykehus

kristine.lillestol@medisin.uio.no