article

18. Nina Elisabeth Bøe

Sommarfuglen og mennesket – Tankar om natur, kunst og mental helse frå NaKuHel Sunnmøre

Michael 2019; 16: Supplement 23: 114–22.

FNs bærekraftsmål femnar vidt, men heng nærare saman enn vi trur. Insisterer vi til dømes på god helse som noko som gjeld berre for menneska, eller at «habitat» er noko som høyrer andre dyr til – ja, då står vi i fare for å feile i startgropa. Vi har ikkje råd til å operere med eit «vi» og eit «dei» i forhold til andre skapnadar. Mennesket står ikkje i noko særstilling i skaparverket. Menneska sine liv heng uløyseleg saman med alt anna liv.

Denne artikkelen handlar mellom anna om sommarfuglhaging – om å tilrettelegge og skape biotopar der sommarfuglar kan leve. Godt for sommarfuglen, og ei sælebot for menneska. Om vi verkeleg erkjenner at sommarfuglen i all si skjørheit og all si styrke har presis dei same behova som oss – er dette det som kan leie oss fram til den metamorfosen vi treng for å handtere framtida?

Som innleiing kan eg nemne eit lite utdrag frå nokre av FN sine bærekraftsmål og delmål:

– Mål 3 – God helse: «Sikre god helse og fremme livskvalitet for alle, uansett alder».

– Mål 11 – Bærekraftige byer og samfunn: «Sørge for allmenn tilgang til trygge, inkluderende og lett tilgjengelige grøntområder og offentlige rom».

– Mål 15 – Liv på land: «Iverksette umiddelbare og omfattende tiltak for å redusere ødeleggelsen av habitater, stanse tap av biologisk mangfold og innen 2030 verne truede arter og forhindre at de dør ut».

NaKuHel Sunnmøre vonar ein liten vengekledd ein kan vere vegvisar, når vi freistar å veve desse måla tettare saman i ein heilskap.

Prosjekt Sommarfuglåret 2019

Flagrande vengar fyk over hav, halvvegs borne på ein luftstraum, fargar flaknar, falmar... farta i flukta stilnar.

Einkvan stad i spennet mellom skjørheit og styrke landar tistelsommarfuglen i Gjerdsvika på Sunnmøre, og veit ikkje kor velkomen han er. Som ein av dei aller fyrste gjestane i prosjekt Sommarfuglåret 2019! Stein på stein skal leggast i steingarden, hurtigveksande svarthyll skal syte for vindskjerminga, alle dei vintersådde staudane skal omsider få sin plass i jorda. Nektarplantar og vertsplantar, angande, krypande, klatrande, blømande, eviggrøne – vil dei gjere jobben tru? Klarar vi å lokke myriadar av sommarfugl til ein av dei mest vindharde stadane på Sunnmørskysten?

Figur 1: Ein av dei truleg millionane av tistelsommarfugl som kom til Noreg i 2019. Merk dei slitte vengane.

(Foto: Nina E. Bøe 2019)

Prinsippa for sommarfuglhaging er ganske enkle. Finn den mest solrike staden i hagen og skjerm han godt for vinden. Lunt, roleg og trygt må det vere. Vidare treng ein to typar av plantar. Fyrst treng ein nektarplantar, altså plantar med høgt nektarinnhald. Ei spørjeundersøkjing frå England viser at dei beste resultata oppnår ein dersom ein har minst tretti ulike typar plantar (1). Eit breitt mangfald av ulike næringskjelder er dermed eit vilkår. Staudane bør gjerne plantast i store felt med samsvarande fargar for å gjere det enklare for sommarfuglen å finne fram. Vidare må ein ha vertsplantar dersom ein skal ha noko håp om å få sommarfuglane til å formeire seg og verte fleire. Dette inneber å undersøkje kva artar sommarfugl ein kan forvente å treffe i sitt område, og plante inn dei vertsplantane som blir til mat for larvane av nettopp desse artane. Holete blad må ein dermed tòle. Kven har sagt at skjønnheit og perfeksjon er det same? Og heldig er den som har ein fredeleg plett i hagen, ei omslutta lita verd for seg sjølv, som kan få lov til å vere passe rufsete og ustelt. Kanskje kan til og med ei lita eng få stå att, der graset ikkje bli slått før på ettersommaren. Graset er gøymestadar for myriadar av insekt, og mange av sommarfuglane nyttar i tillegg ulike grastypar som vertsplantar. Dermed kan behova til sommarfuglen kanskje oppsummerast slik: Roleg og Trygt, Artsrikt og Romleg.

Figur 2: Frå Sommarskulen ved NaKuHel Sunnmøre, august 2019. På handa sit ein rapssommarfugl.

(Foto: Nina E. Bøe 2019)

Erfaringar frå Rehabiliteringsträdgården ved Alnarp

Ved Alnarp i Skåne i Sverige har det vore drive omfattande forsking knytt til terapeutisk hagebruk i Rehabiliteringsträdgården som vart opna i 2002. I denne hagen, kalla «A Living Lab» møtast medisin og miljøpsykologi, arbeidshelse og arkitektur, landskapsplanlegging og helseinnovasjon. Verksemda har vore kjelde til eit stort og veksande tal publikasjonar, og desse har omhandla både det teoretiske fundamentet for programmet, klientperspektivet og effekten på konsum av helsetenester, og designprinsippa for uteområda (2). Kva slags hagar oppfattar vi som ekstra gode å vere i? I artikkelen What makes a garden a healing garden? identifiserer Patrik Grahn og Ulrika Stigsdotter åtte basiskvalitetar vi kan finne att i parkar og naturområde (3):

Tabell 1: Kva skapar ein terapihage? Litteraturreferanse: Stigsdotter og Grahn, 2002.

1. Serene

Peace, silence and care. Sounds of wind, water, birds and insects. No rubbish, no weed, no disturbing people.

2. Wild

Fascination with wild nature. Plants seem self-sown. Lichen- and moss-grown rocks, old paths.

3. Rich in Species

A room offering a variety of species of animals and plants.

4. Space

A room offering a restful feeling of «entering another world» a coherent whole, like a beech forest.

5. The Common

A green, open place admitting of vistas and stay.

6. The Pleasure Garden

An enclosed, safe and secluded place, where you can relax and be yourself and also experiment and play.

7. Festive

A meeting place for festivity and pleasure.

8. Culture

A historical place offering fascination with the course of time.

Eit område som har mange av desse kvalitetane vil appellere til eit stort antal menneske, medan nokre av kvalitetane peikar seg ut som særs viktige for menneske i dei mest sårbare livssituasjonane:

  • Det rolege og trygge, det vi opplever som fredfullt med lyden av vatn, fugl og insekt er sentralt.

  • Det artsrike, med stor variasjon i plantar, tre, blomar, sommarfuglar.

  • Det romlege – der ein kan gøyme seg bort, i ein samanhengande totalitet der vi får kjensla av å stige inn i ei heilt anna, og løynd verd.

Dermed er behova til menneske i dei mest sårbare livssituasjonane oppsummert slik: Roleg og Trygt, Artsrikt og Romleg!

Utan eit du, ikkje noko eg

Den openberre konklusjonen: Der dyr trivst, trivst menneska. Stundom ei oversett sanning, og kanskje eit resultat av at ein oftast jobbar anten med dyr, eller med menneske. Sjeldan begge. Dermed lyt ein vakte seg for den noko menneskelege hangen til antroposentrisme, den som fort blir ståande i vegen for å etablere den naudsynte erkjenninga av at Utan eit du, ikkje noko eg. I dette ligg ei dreiing over i ein subjekt – subjekt relasjon, der den andre sine behov, sin karakter og eigenart er sidestilt med våre eigne. Urinnvånarane i Amerika held sommarfuglen for å vere eit symbol for transformasjon. Om vi erkjenner at sommarfuglen i all si skjørheit og all si styrke er akkurat som oss – er dette det som kan leie oss fram til den metamorfosen vi treng for å handtere framtida?

Menneske som har tilbrakt tid i dei skjerma hageromma i Alnarp, snakkar om tydinga av «att bara vara» – å bli gitt mulegheita av å berre vere, vere til stades i hagen i det dei kallar kravlause relasjonar. Behovet for ro, for å berre vere, er størst i dei tidlege fasane av rehabiliteringsprosessen, og personalet er nøye med å lære frå seg at det å «sluntre unna», å eksistere utan å prestere, kanskje er den mest grunnleggjande og viktigaste lærdomen ein tar med seg frå Alnarp.

Korleis heng så dette saman med vår tids mantra om aktivitet som medisin for det meste?

Kva seier kunsten?

«Teaterstykka der absolutt ingenting skjer!». Slik har mang ein frustrert publikummar skildra stykka til Jon Fosse. Eit handlingsfattig univers, tilsynelatande blotta for den dramaturgiske oppbygginga mot eit klimaks vi er vane med i teateret. Den ytre handlinga er beskjeden, og karakterane til Fosse verkar ordfattige, apatiske. Publikummet til Fosse deler seg ofte i to – dei som synast stykka er uuthaldelege, tømt for handling, og dei som meiner at dette hendingsfattige universet opnar portane til ei heilt ny og rik verd (4). I si bok om Fosse peikar teaterkrititkaren Leif Zern på at karakterane til Fosse kan framstå som deprimerte. Dei gir ofte uttrykk for å vere trøytte, dei treng kvile, dei seier at dei vil sove. Dei drøymer om det som skal kome, men draumane kverv medan dei ligg på sofaen. Er dei deprimerte? Eller kan det tenkjast at kritikken til Fosse er meir grunnleggjande, meir djuptgåande enn som så?

Figur 3: Admiral på kattemynte, august 2019.

(Foto: Nina E. Bøe 2019)

Sosialantropologen Claude Lévi-Strauss har utvikla teorien om dei binære opposisjonane. Menneskehjernen strukturerer og systematiserer informasjon gjennom å stille opp motsetningar av typen lys–mørke, mann–kvinne, liv–død, fornuft-følelse, aktiv–passiv. Vi forstår verda gjennom desse opposisjonspara – men er kanskje mindre medvitne om vår tendens til å rangere den eine høgare enn den andre. For det er då betre med lys enn med mørke? Betre med liv enn død? Det er då betre å vere aktiv enn å vere passiv?

Korleis skal vi då forstå det når Leif Zern hevdar at det er for lettvint å stemple passiviteten hos Fosse sine karakterar som depresjon, og at den heller kan forståast som den totale fridom? Når ein av karakterane på spørsmålet om kva han skal bli, svarar «ikkje noko», er det uttrykk for ein depresjon, eller er det tvert imot opprøret mot kategorien? Kva ventar det mennesket som snur ryggen til det såkalla hyperkognitive samfunnet vi lever i? Kva ventar den som slepp taket i sjølvet og sjølvhevdinga, og vender blikket den andre vegen, bort frå alt? For Fosse sine karakterar ventar ljoset. Slik som i den nærast uuthaldeleg rytmiske, suggererande slutten av «Eg er vinden» der karakterane gjer slepp på alt, og fyrst då ser det – fyrtårnet som lyser i det altomsluttande mørkret.

Figur 4: Admiral på sommarfuglbusk i Sommarfuglhagen, NaKuHel Sunnmøre, august 2019.

(Foto: Nina E. Bøe 2019)

Tankar om det å vera menneske, dyr og insekt

Fosse sin dramatikk er for denne forfattaren ei påminning. Om vår stundom mistydde oppfatning av relasjonen aktiv – passiv, og om korleis fokuset på aktivitet kanskje også nærar det monsteret vi kjempar mot. «Vila är också att göra någonting, glöm inte det!» seier dei ved Alnarp. Og vender fritt og frimodig ryggen til krav og forventningar om at dei som kjem dit må vere aktive. Det kan dei vere etterkvart. Når dei kjenner for det. Men fyrst må dei lære seg «Att bara vara». Og forstå meir om kva som ligg bak behovet for å tilbringe tid i dei løynde hageromma, der ingen andre kjem, der ein er omslutta, trygg. Slik småborna gjer når dei snur stova opp ned i jakta på pledd og puter for å lage seg ei hytte, slik hunden legg seg under bordet, slik sommarfuglen kryp bak eføyen. Der kan vi vere åleine ei stund, til vi er klare for å krype fram att, og på nytt erkjenne eksistensen av dei andre skapnadane rundt. Dei som har akkurat same behova som oss sjølve. Då kan vi igjen vere Sommarfuglen og Mennesket, Du og Eg, og vi kan berre vere. Saman.

Men inntil det gøymer vi oss eit lite bel til i Mor Jord:

«Gøym meg, mor!»

Smaaguten kviler ved Mor sin Barm,

der er han so urædd og held seg so varm.

Og sidan han leikar paa Golv og Tun.

– So byrjar Tora aa slaa yver Brun,

og Rædsla kryp han nedyver Rygg.

Daa spring han til Mor og vil kjenna seg trygg:

«Mor, Mor, gøym meg, Mor!»

Og Menneskja vankar so vida ikring,

og kvar ho so gjeng, ja, so gjeng ho i Ring.

Og naar ho so eingong fyr Aalvor vert trøytt,

og allting er freista og allting er nøytt,

so ligg ho og maurar og veit ikkje meir

enn berre ei Lengting som Fugl til sitt Reir:

«Mor, Mor, gøym meg, Jord!»

Per Sivle (1857–1904)

Litteratur

  1. Steel J. Butterfly Gardening. How to Encourage Butterflies to Your Garden. Taunton: Brambleby Books, 2015.

  2. Pálsdóttir AM. The Role of Nature in Rehabilitation for Individuals with Stress-related Mental Disorders. Alnarp: Sveriges lantbruksuniversitet, 2014.

  3. Stigsdotter U, Grahn P. What Makes a Garden a Healing Garden? Journal of Therapeutic Horticulture 2002; 13: 60-69.

  4. Zern L. Det lysande mørkret. Om Jon Fosses dramatikk. Oslo: Det Norske Samlaget, 2005.

Nina E. Bøe

er utdanna skodespelar, og eit sterkt miljøengasjement leidde vidare til ein master i Art & Environment frå Falmouth University i Cornwall. Ho har arbeidd som høgskulelektor, og er spesielt fagleg engasjert i dei kunnskapsmessige føresetnadene som set grenser og skapar mulegheiter for vår forståing av samspelet kunst-helse. Bøe etablerte NaKuHel Sunnmøre ved Brekkegarden i 2016 og har vore leiar sidan starten. Sommarfuglhagane var hennar kuraterande bidrag i kunstnarverkstaden «Hidden Spaces» som gjekk av stabelen i juli 2019 med norske og internasjonale kunstnarar.

nina@brekkegarden.no

Figur 5: NaKuHel Sunnmøre holder til i Gjerdsvika i Sande kommune (www.brekkegarden.no). Stedet har rike tradisjoner innenfor folkeopplysning, natur og kultur.

(Foto: Siv Nærø, 2019)