article

Bokmelding: Kristine Lillestøl

Fengande guide til genetikken

Michael 2022; 19: 79–80.

May-Britt Five, Marit Rasmussen

Hvem er du? En røff guide til genenes verden

Oslo: Spartacus Forlag, 2021

170 s.

ISBN 978-82-430-1320-9

Dei siste åra har såkalla genetiske sjølvtestar blitt lett tilgjengelege for alle som har litt pengar å avsjå. Kommersielle aktørar står nærast i kø for å tilby oss analyser av DNA-et vårt, og lovar å gje svar som kan kaste lys på mange ulike aspekt av kven vi er og korleis vi har blitt sånn. Dels kan dette handle om tilsynelatande harmlaus informasjon, som til dømes kvar vi stammar frå, geografisk sett. Men ved ukritisk bruk kan slik testpraksis også ha sine skuggesider, og det er forfattarane sine bekymringar knytt til ei slik utvikling som utgjer opptakta til denne boka.

Føremålet deira er nemleg ikkje berre å gje ein generell introduksjon til DNA og genetikken si verd. Dei skriv også eksplisitt at dei gjer dette for å auke kunnskapen og medvitet hjå lesaren, slik at vi i større grad tek eigarskap til vårt eige DNA og kanskje tenkjer oss om ein ekstra gong før vi sender det frå oss til kommersielt bruk.

Kven er vi då, eigentleg, og kvifor er vi som vi er? Gjennom tolv kapittel svarar forfattarane med ei pedagogisk, underhaldande og nyansert framstilling av mange sentrale emne og kontroversielle spørsmål innanfor genetikken og tilgrensande fagfelt. Til dømes får lesaren ei god innføring i den evige diskusjonen om «født sånn eller blitt sånn?». Eit anna heitt tema er moglege framtidsscenario knytt til nye moglegheiter for genredigering: Kva skal vi eigenteg tillate i tida som kjem, og er det noko vi bør avstå frå å gjere, sjølv om det er teknisk mogleg?

I tillegg får lesaren langsmed heile boka ei god og grunnleggande innføring i cellebiologi og molekylærbiologi, som aldri blir kjedeleg. Forfattarane gløymer (heldigvis) heller ikkje at spørsmålet om kven vi er ikkje berre handlar om molekylærbiologi, men også har filosofiske og religiøse dimensjonar. Noko som gler denne lesaren spesielt, er at boka også er rik på referansar til historia og «kjempane som vi står på skuldrane til» når det gjeld utviklinga av genetikken og relaterte vitskapar og teknologiar. Dei ulike perspektiva er integrert i teksten på ein imponerande saumlaus måte.

Det seier seg sjølv at ei framstilling i eit slikt format ikkje kan bli fullstendig eller gå i djupna i særleg grad, men så gjev boka seg heller ikkje ut for å vere meir enn ein «røff guide» til feltet, og det lever ho opp til. Boka kan så absolutt fungere som ein appetittvekkar, og inneheld også ei liste med lesetips til lesarar som vil setje seg grundigare inn i sakene.

Det er ikkje tvil om at forfattarane, som begge er utdanna molekylærbiologar, brenn for både faget sitt og for god formidling. Med eit lett og ledig språk og ein god dose humor losar dei lesaren gjennom fagstoff som i utgangspunktet er komplisert. Boka er rett nok ikkje den einaste av sitt slag; populærvitskaplege framstillingar av genetikken sitt univers kan sjå ut til å vere ein sjanger i vekst. Men det er med god grunn: Dette er eit fagfelt som vedkjem oss alle, og behovet for allment tilgjengeleg kunnskap som kan gjere oss betre rusta til å gjere gjennomtenkte val om arvematerialet vårt, er framleis stort.

Boka er hermed tilrådd til alle som ynskjer å forstå meir av korleis «genenes verden» fungerer, og som ynskjer å bli meir medvitne om kva DNA-et vårt kan brukast til, på godt og vondt.

Kristine Lillestøl

Kristine Lillestøl er lege i spesialisering ved Avdeling for medisinsk genetikk, Oslo universitetssjukehus