article

11. Vald i familien og oppvekstvilkår

I Duuns litterære univers lever dei fleste i tette familiar og tette bygdemiljø. Det betyr at dei fleste veit det meste om kvarandre. Rollene, både i familiane og i bygda, er stort sett avklarte, og med få unntak er det vanskeleg å komme seg vekk frå familien eller frå bygda. Ungane har viktige roller, men handlingane er lagt til ei tid lenge før barnekonvensjonar og andre rettar barn har i dag. Det oppstår mange konfliktsituasjonar, men den sosiale kontrollen er sterk.

I dette kapittelet drøftar eg korleis familiekonfliktar blir løyste, deriblant konfrontasjonar mellom vaksne og barn, og korleis oppvekstvilkåra for barn kunne vere.

11.1. Konemishandling

Vald mellom vaksne i familien skjer sjeldan hos Duun. I tillegg til Ragnhilds drap på svigerfaren Didrik («Medmenneske»), finn vi berre tre eksempel på det vi dag ville kalle konemishandling.

Arbeidsufør, makteslaus og æreslaus

Per er sonen til Per Anders i Juvika (han som låg i naustet Løssi Langnatt) og gift med Valborg. Dei lever ein gong på første halvdel av 1800-talet. Det er Jens som er eldst og odelsson til Juvika, men Per får kjøpe Hårberg-garden og flyttar dit med familien. Under arbeidet med ein stein får han plutseleg vondt i magen, kanskje er det eit magesår (sjå kapittel 10.6). I alle fall blir han arbeidsufør på grunn av mageplagene, og han går i lang tid og kjenner seg makteslaus, mens Valborg styrer garden. Jens gir opp å drive Juvika, og etter ei tid kjem han til Håberg og slær seg til der. Men ei natt tek Jens med sonen Anders, som berre er gutungen, til Svarthammaren. I ungdommen hadde Per og Jens jaga ein mann utfor denne berghammaren, og det går rykte om at mannen går att der. At Jens tek med seg guten dit, gjer Valborg så sint at ho gir beskjed om at no må Jens ut av huset. Men at Valborg iretteset Jens på denne måten, går på æra laust for Per:

… Per var ikkje med han (Jens) ut, han vart sittande der han sat. Drengene gjekk på låven att, og tausene ut på kvar sin kant. Det var berre sjølsegfolke inne.

No reiste Per seg. Han stod og såg tvert ned i golve ei stund. Han støytte og bles kvast gjennom nasen, akslene skaut seg meir og meir i vêre. – Før i tida, da gjorde dei eitt med slikt, sa han med seg sjølv. Han rente auga i Valborg, - ho stod der liksom ho venta det.

«Ka det e for slags myndigheit du tek deg?»

«Myndigheit?»

«Æg spord rett om det ja.»

«Ein får ta sæg myndigheita ette som det trøngs.»

«Trøngs?» Han kom vålig nær henne no.

Ho lo midt imot han: «Ka det e du bli-for, stakall?»

Da kvitna han over alt andlete, liksom han hadde slite opp eit ulivssår i seg. Men straks etter var han mørkraud, han vart ukjennelig og stygg i åsyna. Han treiv i hårtenna på henne, så hovude slang hit og dit. Ho gav etter alt med seg, med det same, men straks etter stivna ho til, kroppen vilde ikkje finne seg i det, halsen vart som ein stolpe. Ho sa det lågt så ingen skulde høre det:

«Du må da skjemmast, Per!»

«Skjemmast?» Han slepte henne. Flager av raudt og kvitt fór over andlete på han.

«Ja. – Og hellest da så – skuld du no akt dæg urliti.»

«Akt mæg – he! Akt mæg? Trur du dem akta sæg før i ti`n? Ein e no vel herre i sitt eige hus lel – du må akt dæg du!»

«Ja, kem som er herre og ikkj – ein får bruk vette som hi det, og makta med;» ho ropte det imot han, og no saud det over henne, gråten flødde gjennom henne, men det var det ho minst vilde, og dertil såg ho Anders utom vindauga, han hadde stått og sett inn. «Fysj skamme dæg Per!» hiksta ho.

Da hogg han i henne og kjørte henne til veggs så det sokk i stua, og gav seg til å banke henne. Han visste godt kva han gjorde; det murra kaldt gjennom all hans kropp:

«Det må te. Det må te!»

Da han var ferdig, var det så vidt han vann seg bort i benken. Han visste ikkje om ho hadde gjort motstand, men han var utsliten av det, hadde forderva seg så det svortna for auga. Valborg gjekk ut. No først vart han vâr Anders, og no først hørte han det han sa. «Far!» hadde han ropa, og no kom han og stod framfor han, han slo i borde til han, var raud som ein rasande juviking:

«Fysj skamme dæg far!» Måle slo klikk for han, men han tok seg på tak att: «Du kan berre rikk dæg ein-te gong, å rør a mor, så dæven besætti mæg!»

Per smilte. Han vann ikkje reise seg og gi gutskiten dengt, og så smilte andlete av seg sjølv, gjorde det klokaste det kunde gjerna. – Gå ut og hogg sund litt ved, du, sa han. Ei stund etter sa han, men det var til seg sjøl:

«Det skuld ha vøri ein tå gammel-karan. Han ha næsten lærd kjerringja å baka mjukt han!»

«Ikkj a mor ikkj – det henda ikkj! Og for resten så ha æg flygji beint på ‘om!» Anders var skjelven alt med seg, og no la han på dør.

Per vart åleine inne. Men utom døra hørte han Anders, han var i hop med mora no:

«Det e så mykji du veit det mor: at du lystra `n far!»

«Ikkj herette, ban. Gang utu vein for mæg.»

Da Valborg kom inn, lest ho ikkje som Per fanns i stua. Per kjente han hadde tapt. …

(Juvikingar (5); 119-121)

Vi ser altså ein arbeidsufør og makteslaus mann som opplever at kona overtek rolla hans som overhovud i familien. Dette går så på æra laust at han mister kontrollen og blir brutal, men Valborg er ei dame som ikkje let seg tukte, ein interessant motreaksjon som eigentleg verkar ganske «moderne». Det å tukte kona var kanskje ikkje så uvanleg på den tida (… Før i tida, da gjorde dei eitt med slikt, sa han med seg sjølv …).Kor vanleg det var at kvinnene gjorde slik motstand, veit vi derimot lite om.

Vi høyrer også korleis Anders opplever konflikten mellom foreldra. På sin fortvilte måte prøver han å irettesette begge to; han er sikkert glad i begge og opplever nok situasjonen trugande. Vi forstår at her har Per gått alt for langt, kanskje øydelegg det forholdet mellom ektefellene for godt, men skilsmisse høyrer vi ingen ting om – det var nok ein fjern tanke på den tida. Det er Anders som steller Per når han ligg på det siste, mens Valborg er meir fjern (sjå kapittel 12.2).

Sjalusi og konemishandling

I «Harald» høyrer vi om Harald og Petra og naboane Ola og Sara. Men Harald hadde vore forlova med Sara tidlegare, og det var Harald som hadde brote forlovinga. Sara hadde kanskje aldri kome seg over dette, så Ola er sjalu:

Ein par dags tid etter kjem Nanna ovanfrå Engdalen, ho hadde vore etter mjølkespanne, og forteler at Sara hadde reist heim til foreldra sine, Ola hadde jagd etter henne da han kom frå byen. Og no låg han og var full. Tausa påstod han hadde banka Sara, og så hadde han rasa rundt i garen og svore på at han skulde ned og helse på båtbyggaren, det var ei lukke han alt var så tungt lasta at han gjekk overende. …

(Harald (4);104)

Litt seinare sit Harald og Ola og snakkar om dette:

Endelig sa Harald, ut i røykskodda:

- Var du --- mykje hard med henne og?

- Å. Ho fekk no det ho hadde godt av. Så small han i og lo: - Gudbevaremeg, som koppane dansa på borde da eg slo i det, ho ho, gut! – Nei, eg sette berre foten på nakken til henne. Burde ha latt det vera ja; men eg var ikkje godtil. Der, precis der, på nakken til denne storkarsungen, skulde hælen min settast! Slik kom det for meg. Ha ha ha! Eg må flire. Eg var vill! --- Å nei, san! Ho kjem sagt ikkje att. …

(Harald (4);108-109)

Her er det kombinasjonen av sjalusi og fyll som utløyser valden.

Didrik og Tale: Tvangspensjonert og frustrert

I «Medmenneske» høyrer vi om Didrik som er «tvangspensjonert» og har flytta til ei lita kårstove i lag med kona Tale. Han oppfører seg ufordrageleg og er mislikt både i familien og i bygda. Også kona Tale har mange hånord til han. Ein dag mister han kontrollen:

… Da Ragnhild hadde vore oppe og gitt Gammalfaster mat, hørte ho Didrik inni kårstua, han ropa vilt over seg og svor, han vilde jaga Tale på dør. – Eg tåler ikkje sjå deg meir! skreik han, ut med deg, til helvetes! Eg har gått her som ein devel for deg i alle dei år, trur du ikkje eg har set det? Går du ikkje på timen no, - han sa det lågare og farligare -, da da! Ragnhild hørte Tale gav eit rart læte frå seg, og der med reiv ho opp døra og steig inn. … Tale seig ned på stolen da ho hørte korles han lo, og frå stolen bar det i golve med henne. Der låg ho. Ho hadde svimra utor. Det hadde hendt før. …

… Ho (Ragnhild, forf mrk) hørte som gjennom sømnen at Didrik sa: - Ja da, du må gjera deg stiv no, din hyklar der du ligg. Eg skal spenne deg i hel visst du ikkje pellar deg opp! …

(Medmenneske (10); 56-57)

Didrik er ein sentral person i «Medmenneske» og blir drøfta i eit eige kapittel (kapittel 14.4).

Elles manglar det ikkje på spenningar mellom Duuns romanfigurar, heller ikkje mellom ektefeller. Men kampane går stort sett for seg på det psykologiske og verbale planet, utan fysisk vald.

11.2. Oppsedarvald - barnevern

I Duuns univers får vi inntrykk av at ris og anna fysisk straff av barn er vanleg. Dei vaksne meiner dette «må til» for at ungane skal bli skikkelege folk, men dei vaksne riser ikkje ungane fordi dei vil dei vondt. I fleire tilfelle forstår vi at dei vaksne gjer det med stor uvilje og tungt hjarte. Dessutan får vi innblikk i korleis nokre av ungane opplever det å få ris og korleis fysisk straff kunne påverke dei seinare, kanskje for resten av livet.

Rising som straffemetode - Odin i Kjelvika

I den tida Odin er i Kjelvika går han på skolen, men ein dag greier ikkje Odin å halde på fliren når dei syng på skolen:

… Lærarinna tok han med ut. – Var det til henne han lo? – Ja. – He?- Ja, for du var så hundig bister med du song! – og dermed var han på låtten att.

Det vart ris på berr kropp. Han kom i hug det sida, at dei skar tenner båe to med det stod på. Han hadde aldri fått ris før. Det sat i han heile vinteren, kor umulig det var å kjenne på da det gjekk for seg; og like urimelig var det å samle seg etterpå og vita at dette var han.

(I eventyre (6); 176)

Når ein har gjort noko gale, er også ungane innpoda med at ris er den naturlege straffa. Ein dag Odin leikar i lag med Jørnstrandungane, glømmer han seg og mistar sauene. Bendek blir sint:

Odin hadde halde seg litt unda, og no såg han Bendek heldt einkvart attom seg. Han prøvde å glytte bakom han.

«Ka Dokk hi attom dokk der?»

«Ja, ka du mein?» Bendek tok fram rise.

Odin avletas i kinna, men han sette frå seg bærkoppen sin, vilde til å kneppe ned buksa.

Bendek vart litt stuss med. – Ja, bi no urlite, sa han.

«Ska det ikkj vara på bær rauv da?»

Bendek stod enno nokre augneblinkar; så sette han i og lo:

«Æ det kjeltringen hell e det toskjen som regjeri ti dæg, gutpåker?»

Dermed hivde ha sveigja. Han fekk ha seg opp i marka da og finne heim sauene, det var så mykje han visste. «Og det sei æg dæg,» la han til, «at kjem du heim utan dem, da, da –!»

(I eventyre (6);194-195)

Men Odin finn ikkje krøttera. Det blir ein hard tørn både for Odin og Bendek:

«Og no får du dengt, gut!» smilte han. «Va du ikkj Odin no, da rømt du.»

Føtene vilde ikkje bli her. Fingrane vilde ikkje ta i klinka.

Bendek såg ut så lei seg, da han kom og tok han, ein kunde skjemmast som nøydde han til det. Han dengte hardt. Odin klemte andlete inn imot bukselåre hans, det var utrulig hjelp i det. Men tårane var det inga råd med.

Bendek pusta ut da han var ferdig, og sukka. Han hadde gjort ifrå seg eit storarbeid. Det som gjekk mest inn på Odin, var det at han ikkje sa eit ord, ikkje krevde ein halv lovna eingong. Gurianna stod og snudde seg vekk da han kom inn att, og ikkje såg ho på Odin da han fekk seg mat heller. Ho var snillare enn folk visste om.

(I eventyre (6);196)

Lauris sin oppvekst

Lauris blir ein hovudperson i dei siste romanane i «Juvikfolke» og på mange måtar ein motpol til Odin, også moralsk, men for å forstå noko av Lauris, kan det vere grunn til å minne om barndommen hans. Odin møter Lauris når han kjem til Kjelvika som dreng. Odin er da elleve år og Lauris fire år eldre, altså femten år:

Det vart om å gjera å få grein på denne karen. Noko hørte han av Jørnstrandgutane, og meir fortalde han sjølv når han var på det føre. Han var frå ein gar som heiter Svestadmoen. Faren var ein Guds mann, ein av lesarane. Odin visste ikkje større om kva slag folk det var, og Lauris vilde ikkje ut med det. Men ein hardkar til far var det; han tukta ungane sine så det gjekk ord av det. – Vi måtte til skogs etter rise sjølv, fortalde han. – Men visst det ikkje var stort nok da? undrast Odin. – Da var det i veg på nytt; og dubbelt dengt. Dei andre vart snilde av det, smilte Lauris; dei er langt på vegen no. Eg? Å ja da, det gjorde mon på meg òg. Eg leita fram skarve kortstokken min og brente han sjølv, så far såg på. Så stal eg meg ei papp-plate og gjorde ein ny. Da spell vi dess tryggare. Om peng ja? det va fanken så vel! Eg måtte nedi pungen han far etter dei første kronene, - eg la dem der da eg hadde vunne det eg skulde. Sia hadde eg missionsbørsa, visst det trongs. Du skulde ha havt meir juling du òg, kar. Så hadde du vore ein annan gut til å tenke deg om. Tobakken hans fann eg, same kor han gjorde av han, å det var trøyheit, gut! Veit du kor han har sin, han her?

(I eventyre (6); 228)

Lauris er ustabil og manipulerande og kjem etter kvart borti fleire kvinnehistorier, men han kan også vise empati, f. eks. da han hjelper Odin etter han har slåss på St. Hans-dans. (I eventyre (6); 241). Vi blir fortalt at Lauris ikkje har hatt det så bra under oppveksten, så kanskje er det ikkje så rart at han er slik han er. Her kjem også Duun med enda eit stikk til lesarane – det er på ein måte lesarane som er «opphavet» til den «vonde» Lauris.

Rising i redsle

I «Harald» høyrer vi om faren Harald som riser Kåre på 3-4 år, etter at faren har vorten livredd for at guten skulle ha drukna:

… Kåre (3-4 år gammal) gjekk nedi fjæra eit stykke utfor nauste og såg etter flyndreungar. Han var berrføtt og hadde bretta buksa godt opp, så han kunde ro fiske langt utover grunnvatne. …

(Harald (4);125)

… Faren ropte så det ljoma i berghammaren på andre sida vågen:

- Kom på land, hører du, hell så får du juling!

Da ser vesle gutpåken hitover, legg litt på hovude og ler: «Kom på land, Harald, så får æ bank dæ! Kjem du ikkj straks så har æ ikkj tia!»

Det var eit herm dei hadde etter klokkaren, far til Harald. …

(Harald (4);126)

Da glett han, misser fotfeste og går under, kjem opp straks og rek med elvestraumen.

… (Harald (4);127)

Harald kastar seg i vatnet og skal redde han …

… Men før dei veit korleis det har gått til, krabbar guten seg opp og står, midt ute i vatne. – Skjere, seier Nanna. – Jamenn har han fått klønt seg fast der. …

No var Harald der og. Han stod og heldt i guten. Men kva var det han tok seg til med? Han la guten over knea, dei trudde det var for å få vatne utor ha, men så knepte han ned buksa på han og gav han til å denge han med bjørkerise han hadde teke med seg. Ikkje eit par små snertar nei, det vart eit stridregn med pisk som kunde ha mykt ein vaksen ein. To gonger linna han på litt og spurte seg for. Ikkje eit ord var det å få av Kåre. Siste salva var langvarig og tung, og da endelig gav han seg og lova bedring. Han knepte på seg buksa sjølv og puska vekk ein tåre som lurte seg fram, så slengte faren han på ryggen og la på vatne att. …

(Harald (4);127)

… Karane kom opp bakken og sette seg i grase attmed dei to som sat og venta. … Det sila utor buksebaken til Kåre enno, og håre låg klistra nedetter andlete i våte tavser; han styrte stinn framom dei to kvinnfolka og vilde inn, han smilte frimodig til dem, ei for ei:

- Eg berga meg no sjøl! …

(Harald (4);128)

Rising var alltid audmjukande og ein måte å kue ungar på, men Kåre ser ut til å ha berga sjølvkjensla på ein god måte.

Rising som del av barneoppdraginga

I «Olsøygutane» strevar Sofia med å halde styr på svært så aktive ungar. Ein av metodane er rising:

Det kunde sjå ut somtid liksom dei vart meir glad i henne dess meir juling dei fekk. …

og så måtte ho ta etter sveigja att, så tungt det fall henne i denne stunda. …

(Olsøygutane (9);10).

… Den eine måtte sjå på at den andre fekk ris; det var ei langvarig dengsle. …

(Olsøygutane (9);15).

… Arne og Sebulon heldt seg still som mus i krå, for dei visste ifrå før at ein slik kveld var det godt om juling

(Olsøygutane (9);15).

I «Ragnhild» får vi høyre at Håkon strevar med å halde styr på sonen Hallvard, som finn på mykje rart. Også her er riset eit middel for å tukte guten når Hallvard og Ellida-guten har gjort innbrot i butikken til Karl Albert. Det er likevel ikkje lett for Håkon: «Han syntes verda stana og lya på med det gjekk for seg.» …

Håkon tok han i aksla og løfta han. Harmen fòr i han som ei hellig makt, han hørte sjølv at dette var ikkje hans røst. – Svarar du?

Han sette han ned att og snudde seg frå han. Tok så fram bjørkrise han hadde budd seg med: - Skal eg måtte bruke den der da? Han tykte han spurte slik at syndaren måtte mjukne. – Eg meinte jamenn eg skulde sleppe det.

Guten tier. Best det er har han vorte avleta i kinna, og seier beint opp i auga til faren:

- Eg vil ikkje ha denne tukthuslemmen din til mor!

Håkon venta til sinne rauk av dem båe to. Da bar det i gråten med gutungen. Men han hardna til att straks faren snakka åt han, og såg så tråssig på han, at der var berre eitt å gjera: han fekk ta han over knee og gi han det som vanta. Han måtte gjera det, og han gjorde det. Han syntes verda stana og lya på med det gjekk for seg. ...

(Ragnhild (10);253)

Vald mot større ungar

Vi høyrer også om fedrar som brukar vald mot større ungar. I «Det gode samvite» er Anders, som er i 17-årsalderen, i opposisjon til faren, Per:

… Anders såg på faren og var forundra: det var ingen tyngd i han meir? Han drog enda på smilen, og så mumla han eitkvart ulovlig med seg sjølv. Da fekk han ein under øyra så det song. …

(Det gode samvite (4);140)

Anders har vore med på fiske, og etterpå har han vore med på dans. Faren, som er strengt religiøs, er ikkje blid:

… - Koles e det – vil du lova mæ at du aldri finn-på slikt-noko meir? He? – Svara du ikkje hell? Per vart raud. – Jaså. Ja, æ vil berre sei dæ det: rikka du dæ og gjer det der ein gong te, og kjem du på dans og slikt, så jaga æ dæ på døra! …

… Ka du står og fliri åt? ropte Per.

Åt dæ. Trur du verkeleg det va noko straff da, at du jaga ette mæ?

Per Håbjørn var mållaus ein augneblink, han hadde komme oppi noko han var vill framand for, visste knapt att frå på seg – og så gjorde han det som var greiaste greina: han slo. Det var ikkje mange som hadde slikt eiegodt handlag til å slå som han, og denne gongen var han omframt god. Anders raga. Men føtene heldt, og kjaken med. …

(Det gode samvite (4);143)

Etter ei lang preike frå faren:

Ja ja! sa Per han drog inn pusten i ein lang sukk: - Lova du mæ det no da Anders, at du aldri gjer oss det lik-vel?

Nei. For æ – kund snart komma te å gjera det lik-vel.

Per trudde ikkje øyra sine. – Ka det e som mankeri dæ, gut? Han tagde lenge, farlig lenge. -Du må ha ris, sa han lågt.

Ikkj no herette.

He? Per hogg tak i trøyekragen og vilde dra guten med. Nora såg opp og løfta barmen tungt: munnen var liten og hard. Ane-Marta reiste på seg og seig ned att. Dei to karane stridde utan eit ord, men så rapa fotfeste for Anders, og ut bar det med han, ut i gangen, og der fekk Per tak i bjørkesveia han hadde leita seg dagen før. Han let det hagle over syndaren, kvast og kvassare, eit uvêr med straffedom som ingen ende vilde ta. Så kom det eit vilt skrik frå Anders, og dei hørte han reiv opp ytterdøra og storma ut, han slo att henne så det skallra i huse. …

(Det gode samvite (4);143-144)

Etter ein månads tid reiser Anders heimanfrå ei natt utan at faren veit det - han greier ikkje å vere heime lenger. I mellomtida har Per kjøpt eit farty som han tenkjer at Anders skal overta og bruke til sildehandel. Anders får høyre om dette frå mora, men reiser likevel:

… Ane-Marta hadde fortalt Per det, da han heldt på og stod opp. Han vart blod-spritande raud, og han lovte mangdubbelt, at han skulde lære dem alle i hop, først og fremst ho som hadde andsvare, og så gutpåkeren sjølv – forlate meg synda – å, han skulde herlig få karen heim att og det litt fortare enn fort òg, han skulde få stryk!

Det letna unna ikkje så lite for Ane-Marta, at han tok det slik.

Å ja. Du hi no visst git’n stryk nok, e æ rædd, sukka ho.

Han frøste til det; men så vart han sittande med vesten i handa og tenke seg om. Han tenkte lenge, og tungt; det small ikkje orde i han; og Ane-Marta kjente det på seg, som ei sorg gjennom all sin kropp, kor magta og mode lak ut or han og kor angermannen kom sigande. …

(Det gode samvite (4);150)

Anders kjem ikkje heim før etter mange år, men da har fiskeskøyta forlist, og garden er konkurs og går på auksjon. (Det gode samvite(4);170)

Jaga heimafrå på julkvelden

I «I eventyre» kan vi følgje med Odin, som bur hos Bendek og Gurianna i Kjelvika. Ein dag da han er i 10-års alderen, tek han oterbørsa hans Bendek og skyt gråvêren. Det endar med at Bendek viser han på dør på sjølvaste julekvelden:

… Bendek kremta seg opp:

«Men svara mæg no opprekti, Odin: Kem som forteld dæg det der om børsa? Som narra dæg te det? Kan du ikkj svara da? Testå det no, Odin!» han ba så vakkert han kunde.

«Det va æ sjøl som drap’n!»

«Du vil ikkje ut med det? Ja, testår du det ikkje no på timen, så gjer æg dæg oløkkelig, æg jaga dæg på dør!

Odin berre såg på han. Han var knapt attkjennande i andlete. Stua vart både tom og still.

Bendek avlettast. Han trampa i golve:

«Ut med dæg! Vil du pell dæg! utu mitt hus! Ut!»

Odin kvitna, men han tok huva bortpå vedkassa og kom seg ut.

(I eventyre (6);211)

Odin er ute om natta, det er mørkt, det regnar og det blir skikkeleg uvêr. Omsider finn han fram til sommarfjøset der utgangarsauene ligg, så han er berga. Om morgonen kjem han seg til Vennestad, der mora er. Men Bendek og Gurianna angrar seg:

… I same veka kom Gurianna til Vennestad.

Ho var så utor det, ho kunne knapt bera opp målemne. …

«Jau takk, han Bendek vart klein han!» kom det dumpande på eit høve, og no fortalte ho både fort og gale: Han låg der og plagdes og hadde ilt for bringa og i magen, og ikkje fekk han sova, og ikkje kunde dei få til kva slag sjukdom han drogst med; og der låg han, og liggande vart han, og no var det eitt han snakka i, og det var gutungen her, det var han Odin.

Dei visste ikkje av før ho gret midt framfor auga på dem, ho beit seg i leppa og skakka på andlete og fekk inga bukt med det, - så gav ho seg over og såg beint opp på dem, med tårane stod tjukt i dei rådville hundauga og rann som dei vilde nedetter kinna: Vi veit det, Elen, at vi bar oss åt gæli imot han, det er meir enn vi kan snakke om, vi trudde han hadde vorte reint vond imot oss, vi, og heile kvelden var vi ute og leita og ropa, og tidlig om morgonen, og da rekte vi fare etter han heilt hit, men vi torde ikkje gå inn her. Og meg kan de straffe med de vil, men det er han Bendek, såla, han som er liggande – eg hadde ikkje gått hit for mykje peng nei! …

(I eventyre (6);223)

Å jage ein ti år gammal gutunge heimanfrå om natta på vinterstid med regn og storm kunne sjølvsagt ha enda katastrofalt. Dette var til og med på julekvelden. I dag ville dette vorte sett på som mishandling og eit alvorleg overgrep.

Også Julius hadde ein vond oppvekst

På Bjørland i «Det gode samvite» er Julius dreng. Han blir kjærast med dottera Nora på garden og får ei sentral rolle i romanen. Det kjem fram at han har hatt ein vanskeleg oppvekst:

… Han (Julius) gjorde det, fortalte om mora som døde da han var ein 10-12 års gut, om faren, som gifta seg straks etter, om stykmora, som jaga dem heimanfrå ein om senn; småsøstrene hans måtte ut og gjæte, og han skulde vera «kjørgut» på ein stor gar. Han vann ikkje gå der og sjå heimover, og så gjekk han …

(Det gode samvite (4);149)

Lærarvald

I novella «Lykkeper» høyrer vi om læraren som hadde pukkelrygg (skoliose?) og ofte vart kalla Pukkeloksen. Til gjengjeld kunne læraren vere brutal:

… Hall skolemeister var den som kunde slå, han slo så dei datt, ja, og no hadde han grunn til å slå, for orde Pukkeloksen det tålte han ikkje høre, kan de vita. Dei venta gutgapen stupte, men trur de ikkje han stod? Jagu stod han lel, det var ei skam; skolemeisteren trudde ikkje auga sine. Legg han så til andre gongen, gud hjelpe oss når vi blir så forarga! Men så skvatt ´n Per unda så arme kallkroken slo i lause lufta og hadde så nær kanta. Gut-tjyven på dør, og ta han der igjen!

Han fekk det som påfeila da mor hans hørte om det. Det spring vi over. Men de treng ikkje tru han Per tok seg nær av det. Eller kanskje han gjorde det? Vi har ikkje fresta å vera Per nokon av oss. …

(Lykke-Per (9);251)

Dette er eit eksempel på at elevane også kunne mobbe læraren. Her bruker læraren til gjengjeld brutal vald, og mora følger opp med meir straff. Det er grunn til å tru at Per tok seg nær av det, men kor mykje veit vi ikkje.

11.3. Bortsett på bygda

… Og bygda, den tida …

«Ettermæle» handlar om å finne ut korleis Arna, mor til Brynjar, døydde. I etterforskinga prøver Brynjar å forstå korleis mora hadde det som barn. Det får han vite av Ane-Margit, søskenbarnet og venninna til Arna:

… Ifrå vi var to små fattige og foreldrelause kryp båe to, og til Vangdal kom vi òg, eg til Bjørholtgaren og ho Arne til den andre garen. … … Jau da, det var moster si ho var hoss. Ho tok henne til seg som sitt eige barn.

(Ettermæle (11);34)

Men både moster og mannen døydde da Arna var omtrent tolv år:

Alle dei små ungeskapningane. Ingen visste anna enn at det bar på bygda med dem, og med a mor di òg, for den saks skyld. Og bygda, den tida -- …

Jau no skal du høre. Dagen etter likferda, som sagt er, da gravølsfolke held på og fer sin veg, der var berre nokre av nærmaste skyldfolke att, da det er på det verste i huse ja, da stig der eit gammalt parfolk fram og tek dei til seg dei to minste av borna. Ja det gjorde dei, av miskund og nåde, for dei sat ikkje så romt i det. Og der med stig det fram eit par til og tek åt seg dei to næste, det var ikkje mindre velgjerd det, og da må ein tredje ein ta eldsteguten, enda han hadde mange nok før. Ja slik gjekk det, - du hadde ikkje trudd det om du var til stades og såg det, så reint ovanifrå kom det. Det var som eit stort tegn i bygda. … … For no var dei nemnt og no var dei velberga alle dei andre borna, men ingen hadde nemnt a Arna enda. Ho hørte ikkje til borna i huse ho, ser du, dei hadde ikkje komme til å tenke på henne eingong, og der stod ho, tolv år gammal, eg ser det tydeligare enn eg ser deg no. Ja og der stod ho, som sagt, og kor skulde ho no gjera av seg? Ho hadde slike digre lyse fletter nedover ryggen, og svart kjole hadde ho på. Ho såg reint bleik ut. Ho stod og såg ned i golve, eg syntes ho smilte, på eit vis. … Eg undrast hardt på kor det skulde bli av henne no, eg synes så grant det er eg sjøl som står der og blir ståande der, attglømt av alle i hop. Eg blir blauthjarta først eg minns det.

Da var det drengen på garen synte seg. Da var det ´n Tørris Vangdal synte seg. Han gjekk bortåt henne og tok i handa hennes, og så sa han til alle som inne var:

Her er ei som De har glømt bort, godt folk.

Stakars Arna vart ein gong raud og ein gong bleik, og sjøl veit kva eg vart, men der var noko i meg som løfta meg høgt til vêrs. Og Tørris kremta seg opp og sa:

Ja ja, så har i alle fall ikkje eg glømt henne. Ho lyt bli med meg ho da, bort i kårstua, til mor mi; så har ho da ein heim ho òg. Han spurte henne om ho vilde det.

Ho såg opp på han før ho svara. Eg såg kor ho såg på han, eg ser det i denne stunda, ban, ein glømmer aldri slikt. Kva ho svara det hørte ikkje eg, men det var ja og ja takk, kan du vita. Eg trur eg var nærare på gråten eg enn ho var, ja det trur eg at eg var. …

(Ettermæle (11);35-36)

Ja for du kjenner til at foreldra hennes var døde? Ja snakk ikkje om det, faren var mykje til kar han, morfaren din, løitnant i kongenstenesta og meir til, og gift med så gild ei gargjente som du berre kunde leite deg ut, og lel gjekk det den vegen det gjekk. Drakk seg ifrå all ting han ja, og så daua han ifrå det til slut, korles det no gjekk for seg eller ikkje. Og mormor di, løitnantsfrua, skulde vera, ho vart sjuk og døde av både sorg og skam, …

(Ettermæle (11);36-37)

Fødd og bortsett i løyndom

I «Ettermæle» tek altså Tørris ansvaret for den foreldrelause jenta, Arna, men nokre år seinare går det ikkje likare til enn at Arna blir gravid med Tørris. Da reiser ho til Trondheim, føder barnet og set det bort, utan at nokon heime skal oppdage det, heller ikkje barnefaren. Kilius blir bedt om å ha med pengar frå Arna til dottera hennes:

Og vesle gjentungen fekk eg sjå, Ho kunde vel vera i 3-4-års alderen da? Som eg seier, det var eit vakkert lite kre; ho heitte så mykje som Alvhild. …

(Ettermæle (11);72)

Når Kilius kjem til byen ein gong seinare, er barnet bortsett:

… Jau ser du, eg kom til same folke i byen, i forettningserend, og da spurte eg etter barnsungen deres. Ho var ikkje til stades, svara dei. Eg kom att eg, utpå dagen, men ho var borte da òg. Da såg eg dei snakka ikkje sant, og eg fortale dem det: Dei hadde sett henne bort til andre; der var pengar å tene på det, ser du, dei hadde fått betalinga ein gong for alle, som vi seier. Dei torde ikkje anna, far min, dei tilstod det, for eg nemnte politie eg. Kjerringa gret og tilstod det ja. Dei måtte ut med kor barne var å finne, og eg fann det.

Det var mange små der. Berre fattigdom alt i hop. Eit ulystelig syn, seier eg deg. …

… men eg kom der halvåre etter, og da var gjentungen død. Låg på kirkegaren ja, eg gav meg ikkje før det var slege fast; eg vart over i byen ein dag berre for det. Det var difterien som hadde teke henne. Lat oss ikkje snakke vondt om sjukdommen for det.

(Ettermæle (11);72-73)

Bortsett for betaling

Sigyn får ein hard start på livet. Mora Sigrun, dotter til lensmannen, giftar seg med Ingbrigt, og snart etter kjem barnet. Ingbrigt gjer desverre underslag på postkontoret, blir fengsla og henger seg kort tid etter. Mora reiser til byen og giftar seg oppatt snart, men barnet er ikkje med i «avtalen». Sigyn blir da bortsett for betaling til Nøkksjølia, til han Erik. Sigyn er både utsvelta, vanstelt og forskræmt når ho kjem til Nøkksjølia:

Kunde sitte halve dagen med ein kavringbit eller slikt noko …

(Nøkksjølia (2);9)

Men Tea er hard, ho vil ikkje skjemme bort ungen. Kristian er den som viser henne litt varme. Dei prøver å halde henne borte frå andre barn, og det er i det heile eit strengt regime, for eksempel på søndagane. Sigyn drøymer alltid om at mora skal komme og hente henne. Når ho blir åtte år, får ikkje Erik betaling for å ha henne lenger;

Ho kunde gjæte åt folk, meinte lensmannen, og passe born og slikt. …

(Nøkksjølia (2);17)

På skolen blir ho mobba av andre barn. Etter kvart går det bra med skolearbeidet, ho greier seg gjennom ein vanskeleg oppvekst, men han sit nok i henne heile livet. (Nøkksjølia, Sigyn (2))

Fattigdom og etterlatne ungar

I «Menneske og maktene» møter vi Borghild og broren Arne. Plutseleg ein dag har mor deira reist i frå dei, så dei er heilt åleine. Dei har lite å leve av, men prøver å skjule skamma for resten av bygda:

Borghild levde det oppatt i tankane, live deres frå første dagen og frå lenge før. Og første dagen det var da mor deres reiste frå dem for alvor. … Det var om sommaren det, og dei kom frå bærskogen med det vesle dei hadde funne.

(Menneske og maktene (12);189)

Dei greidde seg bra gjennom det. Lite grann knapt med maten tok det til og vart, mest berre mjølk og flatbrød, litt spekesild fanns der òg, men ho var så brun og trist. Bærpengane torde dei ikkje skille seg av med. Og så kjerna ho og fekk smør ein dagen. Det var eit storhende. Bror dansa kring kjerna og song: Jamenn så eg smør eg! Den dagen fekk han smør på brøde.

(Menneske og maktene (12);192)

Dei kom ikkje til å klare seg vinteren over. Bror svalt i hel for henne. Dei måtte vel på bygda og be. Noko meir nifts kunde umulig vera til.

(Menneske og maktene (12);193)

… Ho spurte Bror så hardt ho kunne: kva skulde dei ha til niste? – Du som treng mat mest kvar ein dag? sa ho. … Eller, sa han og var klok mann, vi koker dei største potene vi finn, eit spann fullt. Med finsalt til. Kva anna har vi ete nå ei tid?

(Menneske og maktene (12);195)

Dei reiser med dampbåten nordover for å finne moster si. På båten får Bror mat av mannskapet:

Han var mett! Han hadde vore i kjøkkene deres, ventelig, og fått mat. … Borghild åt ei potetkake. Ho kunde greidd to.

(Menneske og maktene (12);196)

Dei kjem til moster si nordafor:

- Nei vi rømte unda for fattigdommen, sa Arne og såg hardsett på mostra si. Han vart oss litt for nærgåande, la han til.

(Menneske og maktene (12);199)

Dei blir sett til hardt arbeid, men får lite mat. Arne kjem meir og meir i opposisjon til mostermannen, så han svarar han. Da blir mostermannen sint:

Men Bubblan svinga neven og slo.

Arne stod still og tok dasken. Han fekk handa i hovude, det var så vidt han stod. Ingen av gutane der heime råkte Arne med ein dask, dei hadde øvd seg i boksing dei kalla. Nei han tok denne straffa.

(Menneske og maktene (12);203)

Ei tid var ho (Borghild forf. mrk) sjuk oppi hovude, så svimren og elendig. Ho voks for fort, sa moster. … Du burde ikkje eta så kraftig kost, sa Arne ved borde stundom, du veks helsa av deg. På tomannshand sa han til henne, at ho burde få seg ein mjølkskvett i fjøse. Som godt var, kuvarm mjølk fresta henne ikkje til å stela. Derimot lurte ho i Arne og katten ein dråpe no og da. … Arne hiksta til og snudde seg bort, ein gong han såg kor sjuk ho var. Større helten var han ikkje nei.

(Menneske og maktene (12);204)

11.4. Diskusjon

Duun skildrar berre tre episodar av det vi i dag ville kalle konemishandling. I to av tilfella, både da Per Håberg denger kona Valborg (I blinda), og da Didrik slår Tale (Medmenneske), er det menn som mistar kontrollen over temperamentet etter å ha tapt både status og ære. Det tredje tilfellet er i «Harald», da kombinasjonen av sjalusi og fyll fører til at Ola er brutal mot kona Sara og jagar henne heimanfrå. Vi høyrer ingen ting om korleis Sara opplever dette, men ho reiser bort og kjem ikkje tilbake.

Elles manglar det ikkje på spenningar mellom ektefeller og andre familiemedlemmer i Duuns litteratur, men kampane går mest for seg på det psykologiske og verbale planet. Ragnhilds drap på svigerfaren Didrik i «Medmenneske» er eit unntak i så måte.

Derimot skildrar Duun ei rekke episodar og hendingar som i dag ville vorte sett på som overgrep og mishandling av barn. I «Menneske og maktene» høyrer vi og om ei mor som berre forsvinn og etterlet ungane til seg sjølv, og utan at nokon grip inn og hjelper dei. Hendingane er lagt til slutten av 1800-talet og dei første tiåra av 1900-talet. Foreldrelause barn vart da ofte bortsett til framande, og vi høyrer om eit eksempel da Tørris grip inn og tek ansvar for Arna, da ingen andre bryr seg om henne («Ettermæle»). Rett nok blir Arna gravid med Tørris nokre år seinare, og det er uklart om dette kanskje er eit seksuelt overgrep. Nyfødde barn som mora ikkje kan ta seg av, blir bortsett til andre i familien («Sigyn»), eller til heilt framande (barnet til Arna i «Ettermæle»). Rising er ein vanleg metode for å oppdra barn - utan å bruke riset ville ikkje foreldra ha tatt oppdragaransvaret på alvor. Vi merkar lite til at nokon har motforestillingar til denne metoden, og det er aldri nokon som grip inn og forsvarar barna mot slik straff, men samtidig går det fram at det er vonde opplevingar både for den vaksne og barnet.

Lovverket på Duuns tid

Før Vergerådslova kom i 1896 var offentleg barnevern styrt av reglar i kriminal,- fattig,- og skolelovene, og vedtak om vern kunne like gjerne resultere i tukthus som i bortsetting til det som vart oppfatta som gode heimar. Først i 1896 vart den kriminelle lågalderen heva frå 10 til 14 år, og same året vart Vergerådslova – eller Lov om behandling av forsømte børn - vedteke av Stortinget. Lova tredde i kraft 1. januar 1900. Vergerådslova slo fast at barn som ikkje var fylt 16 år kunne settast bort til fosterforeldre, i barneheim, skoleheim e.l. dersom barnet hadde gjort ei straffbar handling, vart mishandla eller forsømt av foreldra, eller oppførselen til barnet var slik at heim eller skole ikkje makta å fylle oppdragarrolla. For å administrere lova vart det oppretta eit vergeråd i kvar kommune. Vergerådet hadde makt til å ta barnet ut av heimen for å plassere det i ein «pålidelig og hæderlig Familie» eller i ein barneheim eller skoleheim. Vergerådet kunne og frådømme ein eller begge foreldra råderetten over barnet [1].

Vergerådslova var banebrytande i si tid, men forvaltninga var ikkje særleg effektiv. Så seint som i 1935 var berre halvparten av vergeråda aktive. Likevel var mange barn under offentlig tilsyn, i alt 6181 barn.

Gjennom heile mellomkrigstida vart fysisk straff av barn i oppdraginga debattert i dei nye faga psykologi og pedagogikk. Før hadde det vore eit vanleg syn at ingen hadde vondt av ein omgang juling, men etter kvart fekk nye stemmer gjennomslag.

Moderne barnevern, slik vi kjenner det i dag, er først og fremst eit etterkrigs-fenomen. I 1947 vart det sett ned ein barnevernskomite, noko som resulterte i Lov om barnevern, som tredde i kraft 1. juli 1954. I 1972 vart den såkalla Refselseslova , som ga foreldra rett til å straffe barn, oppheva, men ein meinte framleis at ein hadde ein viss rett til å bruke fysisk straff som ledd i oppdraginga.

Frå først på 1980-talet vart det klart at straff som ris og juling ikkje lenger var lovleg, utan at det var presisert i Barnelova i 1981. Verdas første barneombod, Målfrid Grude Flekkøy (1936-2013), leia kampen for å få innført eit forbod. Ho vann fram i 1987, men i forarbeida til lova vart det akseptert «lette klaps».

I 1992 vart det vedteke ei ny barnevernslov, som igjen vart endra i 2000. Først i 2010 fekk Noreg nulltoleranse mot alle former for klaps og dask i oppdraginga. Det vart da straffbart etter dei vanlege reglane i straffelova [2]. I Lov om barn og foreldre (barnelova), sist endra 2017 (§ 30), er det presisert: … Barnet må ikkje bli utsett for vald eller på anna vis bli handsama slik at den fysiske eller psykiske helsa blir utsett for skade eller fare. Dette gjeld òg når valden brukast som ledd i oppsedinga av barnet. Bruk av vald og skremmande eller plagsam framferd eller annan omsynslaus åtferd overfor barnet er forbode. … [3]

Konsekvensar av overgrep mot barn

Nyare studiar om vald og overgrep mot barn og unge har vist at 21% av ungdom i Noreg har opplevd fysisk vald frå minst ein forelder i løpet av oppveksten. For dei fleste dreier dette seg om mindre alvorleg vald, for eksempel at dei éin eller fleire gonger har opplevd at foreldra har lugga, klypt, dytta, rista eller slått dei med flat hand [4]. Å oppleve fysisk eller psykisk vald frå eller mellom foreldra, kan få alvorlege konsekvensar for barna som blir utsett for dette. Dette heng saman med at valden skjer i heimen, som skal vere den viktigaste plassen for tryggleik og utvikling. Tilknytinga til omsorgsgivarar er av fundamental betydning for barnet [5, 6].

Bortsett frå frykta og dei fysiske skadane barna kan oppleve i konkrete valdssituasjonar, kan valdsutsette barn få vedvarande helseplager. Mellom anna er det påvist at vald kan få konsekvensar for den nevrologiske, kognitive og emosjonelle utviklinga og psykiske helsa hos barnet.

Andre negative konsekvensar av å bli utsett for vald og overgrep i barndommen kan vere tilknytingsproblem, sosial tilbaketrekking, søvnvanskar, lærevanskar, aggresjonsproblem og angst [6, 7]. Vaksne som har opplevd vald heime som barn utset også oftare andre for vald om ein samanliknar med vaksne som ikkje har erfaring med vald i familien. Dei gir også oftare uttrykk for at det er greit å bruke vald i nære relasjonar [7].

Ikkje berre hos Duun

Det er ikkje vanskeleg å tenkje seg at fleire av Duuns karakterar kan ha vortne prega av den valdelege oppdraginga dei var utsette for. Lauris, «motpolen» til Odin i «Juvikfolke», kan vere eit eksempel på det. Det var likevel ikkje berre i Duuns litterære univers at fysisk straff vart brukt i barneoppdraginga. Den britisk-norske forfattaren Roald Dahl (1916-1990) gjekk på engelsk kostskole, og i sjølvbiografien «Gutt» fortel han korleis særleg rektor på skolen var ivrig etter å gi elevane fysisk straff. …. Selv i dag, når jeg er nødt til å sitte lenge på en hard benk eller trestol, kan jeg kjenne pulsslagene langs de arrene som stokken laget over baken min for omtrent femtifem år siden … , skriv han. Han fortel om da beste kameraten hans, Michael, vart kalla inn til rektor og fikk beskjed om å trekke ned buksene og knele framfor sofaen: … Deretter ga den store mannen ham et forferdelig slag. (…) Nå ble det fjerde slaget avlevert mens advarslene om synd og elendighet fortsatte. Denne omstendelige og skrekkinngytende prosessen fortsatte helt til han hadde avlevert ti slag. Hele tiden holdt han på med å tenne fyrstikker og fyre opp i pipen, mens han snakket om ondskap og onde gjerninger og urettferdighet og alt det gale man kunne gjøre, uten stans. Han snakket til og med når han slo. Helt til slutt, etter at rektor hadde hentet fram et vaskevannsfat, en klut og et lite rent håndkle, fikk offeret beskjed om å vaske vekk blodet før han trakk på seg buksene igjen. … [8]

I «Hilderøya» er det konkurransen mellom Etvard Jørgen og Svein som er eit hovudtema. Men mellom dei aktive ungdommane er det også fleire som slit med psykiske problem, bl.a. Svein som i periodar har både depresjon og angst. Svein Etvard går også inn ein depresjon og tek til slutt livet sitt, mens Herborg døyr i barsel. Her er Svein spelt av Tore Granås og Herborg spelt av Helga Haga i turnéteateret i Trøndelags dramatisering.

(Foto: Turnéteateret i Trøndelag)

Hos Duun er det mange fødslar, alle er heimefødslar, og oftast er det familiemedlemmer eller nabokoner som er fødselshjelparar. Fødslane hos Duun er ofte dramatiske, ikkje sjeldan med alvorlege komplikasjonar både for mor og barn. Men hans skildringar av fødslar er «distansert» og lite detaljert – Duun hadde nok aldri sett ein fødsel. På dette bildet frå 1949 er det ro og harmoni, etter at jordmor Guldborg Woxholt (t.v.) har hjelpt vesle Marit til verda, og mor Kari Kvålen har fått servert kaffe på senga.

(Foto utlånt av Gudrun Kvålen Veimo, Verdal)

«I eventyre» blir innleia med at mor Elen går i lag med sonen Odin til Kjelvika, der han skal bu og vera gjetar: … «Ka du går og tenkji på du, Odin?» seier mora. … «På det at æ berre e sju år,» svara han da det hadde vore litt. … Uønska graviditet og «uekte» barn er eit vanleg tema hos Duun, og som mange andre barn fødd utanfor ekteskap, blir Odin «sett bort» på bygda.

(Foto: Steinar Johansen, Foto Midt-Norge))

Danel i «På tvert» er fødd med ein fot som står «på tvert», og strevar med å finne seg ein plass i samfunnet trass i funksjonshemminga. Han opplever mykje vondt i oppveksten, men blir ein dyktig handelsmann. Sjølbildet er dårleg, på kjærleiksfronten tapar han, og han går i periodar ned i djup depresjon. Han er særleg redd for å bli sendt til Rotvoll sinnsjukeasyl, men unngår dette. Foto frå Turnéteateret i Trøndelags dramatisering av «På tvers» der Paul Otta Haga spelte Danel og Evy Kasset Røset spelte Ane.

(Foto: Turnéteateret i Trøndelag)

Ein behandlingsmetode ved lungetuberkulose var thorakoplastikk eller «storoperasjon». Da vart eit eller fleire ribbein operert bort slik at den infiserte lunga skulle falle saman og på den måten hindre vidare smitte. Dette var ein stor og frykta operasjon. På Luster sanatorium fekk ein pasient ei så stor blødning etter ein slik «storoperasjon» at han måtte ha blodoverføring. I mangel av blodbank, meldte ein medisinstudent seg som blodgivar, og pasienten berga livet. Som takk fekk studenten denne trefiguren som pasienten hadde skori ut. Det er ikkje vanskeleg å sjå kor spent pasienten er på å få «dommen». Dette hendte i 1940. Medisinstudenten var Odd Eiwinn Hanssen (1917–1964), som arbeidde på Luster i ein vente-termin i studiet (1939–1940). På Luster møtte han også Ingebjørg Weiberg Lingaas (1920–2016), som da var guvernante der. Dei vart seinare svigerforeldre til forfattaren.

(Foto: Jostein Holmen)

Dei fleste gamle i Duuns litteratur blir stelt av nære slektningar, men dei som er fattige og heller ikkje har nære slektningar, blir sendt på legd rundt i bygda. Gammalfaster «Kvitugla » i «Medmenneske» er eit unntak. Ho er så utgammal at ho er sengeliggande – snart hundre - men har ein del pengar, så ho har eiga taus som steller for seg. Her frå ei teateroppsetting.

(Foto: Nasjonalbiblioteket)

«Ingen ting stikk så kvasst som odden av ein ny tanke», forsto Justin Bunese da han prøvde seg i politikken og måtte forsvare seg – det var ein ny og vond tanke («Gud smiler»). Sitatet er rissa inn på ein stein i hagen utanfor Duuns heim i Holmestrand, og kan vere aktuelt også når ein dokter les Duun med sine «dokterbriller» - eit anna perspektiv enn det Duun-kjennarar har hatt før.

(Foto: Jostein Holmen)

Olav Duuns rike.

(Foto: Jostein Holmen)

Jostein Holmen