article

3. Levekår i Duuns litterære univers

For å få eit inntrykk av kva slag levekår Duuns personar levde under, har eg først sett på korleis han har skildra nokre av dei grunnleggande behova for å kunne ha ei god helse, som hus, mat, klede og hygiene. Men hos Duun er slike ting ikkje viktige, dei er meir som nødvendige «rekvisita» som han ikkje bruker mykje tid på - det er dei mellommenneskelege forholda som er viktige for han. Men vi kan finne nokre eksempel på korleis dei meir grunnleggande basisbehova vart dekt:

3.1. Hus

Dei større gardane som er sentrale i Duuns romanar, som Juvika, Håberg, Vennestad, Bjønnes og Lines, får vi berre overflatiske skildringar av. Vi høyrer lite om korleis standarden på husa er, for eksempel korleis det er å halde på varmen, om det er trekk frå golvet eller vindauga, eller om korleis innelufta er – faktorar som er viktige for helsa. Det er likevel nokre skildringar av inventar og møblar, for eksempel på Håberg, når Otte er på besøk:

… Da ho hadde gått, kom han til å sjå stua i kring seg. Kanskje det var der han låg, denne tonen som ringte stilla inn over folke her. Veggene synte seg først. Dei var mørkegrønne, hadde sin eigen lett som han ikkje hadde sett på vegg før; og rendene etter bordfara var lysraude eller kva ein vilde kalde det, dei streka så rolig oppetter veggen og hadde si eiga meining. Lofte var blåkvitt, med skyer av blått i botnen. Den letten hadde orde lykka havt, den tida han var småguten. Og benken og stolane og klokkeskape, det var same tyngda i den, og same lykkelige tanken; det var same mannen som hadde sett dem her. Einast det store kråskape stod og ønska seg herifrå. Det var breit og rundmaga, og blankt så det skjein brunt av de – her var det, skape hans skulde ha stått det som han aldri fekk til! …

(I eventyre (6);183)

Vi får høyre lite om kjøkenutstyr eller anna utstyr til bruk i det daglege stellet. Vi finn heller ingen detaljerte skildringar av rorbuene dei brukar når dei er ute på fiske eller av utstyr om bord i båtane.

Når det gjeld husmannsplassar, har vi likevel nokre skildringar. Halt-Andrias og dottera Solvi blir sett på som samar (finn) og er dermed lågast på den sosiale rangstigen. Dei bur avsides til og har det kummerleg:

Halt-Andrias budde i marka nordmed fjorden, der Prestgaren og Engdalen valdar saman, eit lite bortgjømt rom. Stua var berre hytta å kalla, og ein omkvelvd båt med tørv i kring var alle uthusa. Det lukta brenntørv her som i alle husmannsplassane, heilt opp til lee, og sia lukta det allslag armod.

(I blinda (5); 159)

Helge frå Breistranda i «Marjane» er skamfull over kor fattigsleg dei har det heime hos han:

Det kunde ikkje nokon tru vondt det var å koma heim for han. Det var så lågt under loftet, inn, og so myrkt og trongt. Fyrr gådde han det ikkje. Og stygt av han var det å tykkja soleis, han visste det, men kunde inga råd for det. …

(Marjane (1);16)

… Mora gjekk i ei lortutt kvit trøya og sund stakk; håret hadde ho i tafsar ned i andlitet. Klædesplagg og ymse anna låg strødd utyver det skitne golvet. Ei sur og fatig lugt fyllte romet. Han hadde set det fyrr òg, men aldri slik som no. Det var liksom det brende seg inni sjæla, - han kjende det som eit svidande, blødande sår.

(Marjane (1);62)

Ein tredje husmannsplass, Kjelvika, får vi eit lite bilde av når Elen og den sjuårige Odin kjem til Kjelvika første gongen:

… Dei gjekk over haugen, og hadde plassen framfor seg: ei grøn slette millom sjøen og småhaugane, med steingar rundt omkring, så det var som ein haga; og to små grå hus med tørvtak på. Det låg så gjømt og utrulig, ein måtte mest vera den første som fann det. Fjøse var som du såg ein salrygga hest, ein kuv opp på kvar enden og ei djup sell i midten

(I eventyre (6); 149-150)

3.2. Kosthald

Duun nemner ofte mat og måltider, men går sjeldan i detalj om korleis maten er eller korleis han er laga. Vi får likevel nokre gløtt inn i kjøkenet. Handlinga i «I blinda» er lagt til omkring midt på 1800-talet, og da er dei i ferd med å prøve noko nytt, poteta, og steiker potetkake. (I blinda (5);170) I “Tre venner” er kvardagskosten hos Ingeborg skildra:

Karane kom inn. Ingeborg bad dei sette seg bortåt borde, snudde seg så imot faren og han sette seg i benken, bar fram enno litt matstell og fekk det i gang. Det var ikkje ansles enn borti dei andre smågarane, det var potetkake, litt omnbaka-kake, havrebrød, smør og ost og myssmør, og nokre kringlor på eit brett. – Kasten såg seg litt opprådd i førstninga, men nokon kostforaktar hadde han aldri vore og var snart i tygginga.

(Tre venner (3); 262).

I «Gud smiler» er det hovudpersonen Justin som vil ha kveldsmat, men steikt kaldgraut og flesk fell ikkje i smak hos «Haradreparen» - jaktkameraten hans:

Eller han steig til og krevde det og det, eit ombyte i kosten; i dag vilde han ha det han likte, og det var så mykje som steikt kaldgraut og flesk! Rebekka lystra. Haradreparen hadde kalla det ein dyster kveldsmat. Ein kvelden gjekk han på bure og skar seg salt saueside som han steikte på glør i kjøkene. Rebekka mukka, ho var ikkje vant til slik uvøre framferd. …

(Gud smiler (11);148)

I «Gud smiler» har Gudrun gøymt kjærasten Vidar Holm på loftet, ettersom han var på rømmen frå lensmannen. Før han reiser har ho laga middag:

Dei sat ved middagsborde som eit anna ektepar. Dei hadde nysalta ur og poteter og smør, der med punktum, og molter og rømme til eit ekstrapunktum, fortalte ho; og han sa at hadde dei berre ein spiss av sherry over den, da vart det eit utropstegn. Det vart det òg.

(Gud smiler (11):253)

Fisking av småsei var nok «uverdig arbeid» for skikkelege sjøfolk, men Helmer i «Menneske og maktene» var eigentleg landkrabbe og brydde seg ikkje om slikt. Og småsei og lever var likevel «mat for sjukfolk»:

Langt utpå våga han seg ikkje, bonde var bonde, men småsei var òg ein gild fisk, småsei og lever var mat for sjukfolk det. Ungane tok han god dei med, dei var ikkje så mette at dei krangla på maten. – Og så slepp eg ta tran da, trøsta Egil seg.

Slikt kunde komma for småfiskaren ja. Arbeide hans var uverdig for folk her, dei tukla ikkje med slikt. Heller svalt dei visst ei dagstund, mannfolk har si ære her som der aust, -

… Men øyværingane var vettugt folk, dei tok mot småseien når dei fekk han og takka til. Enda meir takka dei for mjøl og poteter. …

(Menneske og maktene (12);186-187)

Til kvardags var nok graut vanleg, blant anna som kveldsgraut (Samtid (12);68), eller kanskje kaldgraut med sirup, som hos Ludvig «Sjøtrollet» og Inger:

Han gjekk heim og stelte kveldsmat for Inger og seg. Det var fort laga og fort ete, det var kaldgraut med litt sirup på. Inger åt det han sette fram, når ho berre fekk bruke sitt eige verkty.

I kveld hadde ho ete meir hadde der meir vore. Etterpå gjekk ho og togg i seg ei tørrfiskflis.

(Menneske og maktene (12);274)

Ved festlege samankomster og ved gravøl får vi meir innblikk i matskikkane: I «Tre venner» døyr Gamal-Ola, og i gravølet er maten skildra:

Det bar til bords. Det vart ete og drukke til gangs, borde var fullt av «niste» som kjærringane hadde havt med seg, klining og gumme og bergenskringle og alt godt. Så bar dei inn like og song det ut. Fire båtar reiste til kirka. …

(Tre venner (3);190).

Etter at dei kjem frå kjerka kjem maten fram:

Dei hadde fått rom ved borde, og maten hauga seg opp framfor dem, alle 3 rettene kom med ein gong no på sistninga slik: sodd, fersk ur, og søtsuppe med svesker og rosiner i, det finaste som var. Dei såg seg mest opprådd, dei to sjøulkane, slik mathug var dei uvant med

(Tre venner (3); 191)

I «Ragnhild» bed Periander heim til selskap og diskar opp:

Men ein gong imillom tok Periander etter velmakta, eller var det velmakta som tok etter han? Og reidde til einkvart storveges eller uventa, kalvesteik og rødvin til kvelds, finare ting òg kanskje, eller som no: syltelabbar og dram i blankaste sommarstid . …

(Ragnhild (10);176)

3.3. Klede og sko

Vi får heller ikkje særleg innsikt i kva slags klede og sko folk brukte, men tresko var nok vanleg hos mange – blant anna laga Bendek nye tresko til Odin:

… Var dette treskone han skulde få? Han var over dem i same blinka, og no hadde han dem på, eit par nye ope-tresko som Bendek hadde gjort, berre tresolen å kalle og ei reim over rista. Bendek spurte korles dei kjentes å ha på seg, - Det her var karen sin til klæ-plagg! lo han og kuta rundt stua.

(I eventyre (5);163)

Fattigfolk hadde nok ofte dårleg med klede, men det var ikkje alltid lett å ta mot gåver. I «Menneske og maktene» høyrer vi om at Ludvig «Sjøtrollet» ikkje vil ta i mot klede, sjølv om dottera Inger har dårleg med slikt. (Menneske og maktene (12);273)

Nokre gonger høyrer vi om «finkleda» (Ragnhild (10);173), og når Tale reiser for å få Ragnhild heim att og ser henne først i kjerka, har ho grå kufte, silketørkle og svarte hanskar. (Ragnhild (10);203,206)

Peder Håberg er i byen før han skal gifte seg og kjøper ferdigsydde klede, truleg ganske uvanleg:

… han kjøpte seg ytterfrakke ferdig, kom med han på seg midt i gata, og slik ein frakke! Blåaste og finaste dyffelen ein kunde leite seg ut, og med fløielskrage og silkesfôr, det var som ein møtte øvrigheita. ...

(Storbrylloppet; 93)

Men dette var finkleda og seier lite om kva slags klede folk brukte for halde varmen, for eksempel om vinteren når det var kaldt, når det regna og når dei var på sjøen. I «Ragnhild» har dei oljekleda på når Håkon og Paul skal reise sørover i uvêret, kanskje eit nymotens plagg på den tida. (Ragnhild (10);221) Når Håkon og Ragnhild reiser på båten nordover, har Ragnhild ei regnkåpe:

Ragnhild hadde av desse nymotens klæa som ikkje var kjole og ikkje kåpe, dei kalla det drakt. Han henta regnkåpa hennes, eit blått gummiplagg som fresta henge ikring henne; - det må bli rom for mykjen kulde her inni, let han . …

(Ragnhild (10);242)

3.4. Hygienen

Personleg hygiene som kroppsvask og bading er ikkje noko stort tema hos Duun, sjølv om han skildrar mange daglegdagse aktivitetar elles. Men det finst unntak: I «På Lyngsøya» ser Martin Brudalen ei jente bade i sjøen, noko som han får dårleg samvit av seinare. Her er det da ikkje hygienen, men moralen som er det sentrale (På Lyngsøya (3); 14). Heller ikkje utøy som lopper, lus og skabb (fnat), som må ha vore ganske vanleg, ikkje minst i dei overfylte rorbuene, er med hos Duun. Men det finst eksempel på at hygienen kanskje ikkje var bra hos alle. Novella «Eit samliv» handlar om Edvin og Ovidia som blir gift, men Ovidia er ikkje heilt fornøgd med ektemannen:

Det pinte henne, når han kom i nærleiken, - og der skulde han vera støtt no; det følgde allslags vond lukt av han av tjæra og fisk og annan styggedom, og han gjekk og pusta og snufsa så det ikkje var til å stå ut. …

(Eit samliv (1);289)

På 1800-talet og langt opp på 1900-talet var det vanleg å bruke skrå, og uvanen med å spytte, enten ein var ute eller inne, høyrde med. Spytting var vanleg i alle sosiale lag; Også mange av Duuns personar brukte tobakk, som for eksempel på butikken til Danel i «På tvert»:

… Og han gjekk rundt og såg etter sputtekopp; han hadde liksom fått tobakk nok … Så sende han skråa og heile stasen utgjenom døra. … - Au au da! sette han i – der ha du så nért fått skjènk hos meig, - såg deig ikkj, såg deig ikkj, sjer du! - Nå-å, du ha fell tænkt meig skåla, ferstår eig, log det i døra, og det kom inn ei lita, tjukkvaksi gjente i ljos kufte med korg i armen. Ho var raudleitt, og ho smilte enno, - ho hadde så nær fått heile tobakks-spruten i syna. …

(På tvert (1);183)

Rundt førre hundreårskifte var smittefaren ved tuberkulose godt kjent, og vi veit at også Duun var godt kjent med dette, men sjølv om tuberkulosen går igjen i heile forfattarskapet hans, høyrer vi lite om tiltak mot spytting.

Naturlege funksjonar som avføring, vannlating og menstruasjon blir heller ikkje omtalte, truleg fordi dette var tabuisert, og trass i at diaré er eit av hovudsymptoma ved nervefeber (tyfoidfeber), nemner ikkje Duun dette. Men også her er det unntak. (Samtid (12);120) Og i «Gud smiler» høyrer vi om det første moderne wc. (Gud smiler (11);243)

3.5. Diskusjon

Duuns omtale av mat og matvaner er så overflatisk at det ikkje er mogleg å vurdere om kosten kunne ha helsemessige følger, men i Medisinalmeldingane kan vi lese om at distriktslegane slett ikkje var nøgde med kosthaldet i distriktet:

…I I Viktens Distrikt lever Befolkningen hovedsagelig af saltet Sild og Fisk samt Poteter, Melspiser og Kaffe. … [1]

… I Vikten Distrikt har man endu ikke faaet Blikket op for Betydningen af et forbedret Madstel. «Kjød er Kjød og Fisk er Fisk», ligegyldigt hvorledes det tilberedes. … [2]

… I Vikten …: Levemaaten er nogenlunde god. Fisk, hjemmebakt brød, grøt, melk, smør, poteter og om høsten litt kjød er de almindelige næringsmidler. Men i mange hus er tilberedningen av maten daarlig, og stellet alt andet end propert. Om vinteren er det ofte smaat med melkeforsyningen; melk erstattes da dels av suppe, dels av sirupsvand, som brukes til grøten. … [3]

Uroa over det store misbruket av kaffe går igjen i mange av rapportane.

… Trods prækning og foredrag drikkes kaffe i uhyggelige mængder; kaffekjedlerne staar paa hele dagen, og antallet av kopper pr. individ pr. dag er mange steder uhyggelig stort. Det er dog ikke utænkelig, at 10-15 kopper daglig av glohet kaffe gjennem aar kan utgjøre det kemiske og thermiske irritament, som i et dertil disponeret organ hos en disponeret person kan fremkalde kræftsvulst. … [4]

Så seint som i 1920 skriv distriktslegen om Kolvereid:

Kaffemisbruk selv blant barn er almindelig. … [5]

I «Den siste viking» av Johan Bojer (1872-1959) får vi imidlertid ei meir detaljert skildring av kosthaldet i rorbua hos rissaværingane når dei var i Lofoten (Vedlegg 1). Det var truleg neppe stort annleis når jøværingane var på fiske.

Skildringa av kleda er også så overflatisk hos Duun at det er vanskeleg å vurdere kor mykje kleda kunne ha å seie for helsa. Det er grunn til å tru at folk under Duuns oppvekst brukte heimelaga klede, men alt i 1910 rapporterer distriktslegen:

… At se folk i klær av hjemmevirkede tøier er forholdsvis sjelden og blant den voksne ungdom rent en raritet. Fabriktøier anvendes, færdigsydde klær og skotøi kjøpes i stigende utstrækning, uagtet de baade er mindre holdbare og passer daarlig til forholdene; men de er billige, og har bysnit. … [6]

Hos Bojer vi får eit betre innblikk i korleis det kunne opplevast når mennene kom inn etter å ha vore på sjøen i lengre tid (Vedlegg 1).

Duun skildrar og kor fattigsleg det kunne vere på husmannsplassane, men det var nok ikkje berre på husmannsplassane det var kummerleg på Duuns tid. Medisinalmeldinga for år 1900 skildrar at husværa slett ikkje var gode alle stader:

… I Fosnes gav Fisket ved Gjeslingerne et godt Udbytte, ligesaa Laxefisket og Sildefisket. Levemaaden er dog daarlig og ensformig som før. Boligerne er daarlige og staar for en stor Del paa fugtig Myrgrund uden tilstrækkelig Drænering; Grundmuren er oftest lav og daarlig, og Fugtigheden inde i Husene som Følge heraf meget stor. …

I Vikten: … De i tidligere Beretninger omtalte Mangler ved Boligerne er fremdeles tilstede. Ved Fiskeværene er det sanitære Forhold yderst mislige; Rorboderne er i høi Grad overbelagte hver Gang, naar Fisket slaar nogenlunde godt til. Sædeligheden staar lavt. … [7]

I 1905 har distriktslegen likevel tru på betring når bygningslova trer i kraft:

… De sanitære misligheter paa Rørvik (jfr medicinalberetningen for 1904) har det endu ikke lykkes at faa rettet stort paa, men der er grundet haab om forbedring i den nærmeste fremtid, da der i aarets løp er vedtaget sundhetsforskrifter, som er approbert, ligesom der er udsikter til at bygningsloven vil blive gjort gjældende. … [8]

Harald Natvig (1872-1947), som var distriktslege i Vikna like etter førre hundreårskifte, gjorde ei grundig kartlegging av tilhøva på fiskeværa og ga klar melding:

… De hygieniske forhold paa Viktens fiskevær har længe været slette. Det har ikke hjulpet det ringeste, at herredet i 1893 fik følgende sundhedsforskrifter i fiskeværene … Som det sees, forlanges kun 3 kubikmeter luft pr. mand i rorboderne, mindre end nogen anden lignende forskrift. … … Sundhedskommissionens medlemmer har taget denne – som ogsaa sine andre opgaver – meget let, og formanden, distriktslægen, har lige til ifjor ingen anledning havt til at optræde paa værene. …

… Kun i meget faa rorboder af typen A og B er der paa loftet indredet virkelige sengesteder. Hist og her er der en slags inddeling af gulvet ved hjælp av kantstillende bord. Som oftest ligger dog fiskerne og driver udover gulvet, helt eller halvt paaklædt og væltende sig i hinandens spyt, der hensynsløst klyses rundt, foruden i alskens anden urenlighed, der drages med op fra fisket. … ... Naar man engang har seet 29 fiskere saaledes sammenstuvet paa et gulv, glemmer man det ikke saa let. Man kommer unegtelig til at mindes historien om molboerne, som ikke fandt sine ben igjen; med hvad verre er, man forstaar, at her er en stor fare for fiskernes sundhed, ikke mindst med hensyn til tuberkulosen. …

… men jeg vil her skarpt pointere, at hvis ytre Namdalen og særlig Vikten vil gjøre noget for at modarbeide tuberkulosens udbredelse, bør der først og fremst sørges for en forbedret hygiene paa fiskeværene. … [9]

Jostein Holmen

Etter ein slik gjennomgang kan vi konkludere med at Duuns litterære personar var plasserte i eit samfunn der dei levde nøkternt, til dels i fattigdom og i helsefarlege miljø. Dette bildet blir stadfesta og til dels forsterka, både av Medisinalmeldingane, av rapporten frå distriktslege Natvig og av dei meir detaljerte skildringane som Bojer har i «Den siste viking». Sjølv om Duun nok har skildra det miljøet han kjente som ung, tyder det på at han har skildra det heller betre enn det faktisk var. Men slike «ytre» og materielle ting er ikkje vesentleg for Duuns litteratur – han var meir opptatt av dei «indre», psykologiske faktorane. I neste kapittel skal vi sjå på korleis «bygda» kunne verka på folk på andre måtar.