article

Vedlegg 5

«En liten brystsvak pike»

Denne visa, som vart kjent over heile Skandinavia, skal ha sitt opphav nettopp i Namdalen på Duuns tid. Visa er ikkje særleg «duunsk» i forma, ho er langt meir sentimental enn det vi er vant til hos Duun, men illustrerer det tragiske ved tuberkulosen. Og visa reflekterer noko av den empatien og den maktesløysa som i alle fall forfattaren av visa må ha opplevd. Forfattaren skal ha vori Nicolay Benjamin Batt, overlege ved Namdal sjukehus frå 1893 til 1932. Han var ein fagleg foregangsmann på fleire områder og vart svært populær blant namdalingane. Han hadde sjølv ingen barn, men hadde særleg godt forhold til barn, og blant anna kjøpte han inn både julegåver og leiker til barn som låg på sjukehuset.

Bildet på neste side er frå hausten 1906 og viser overlege Batt, som sit ved bordet i eit av barneromma. Det er fortalt at det var den elleve år gamle Anna Sætereng frå Otterøya, i senga til venstre på bildet, som Batt skreiv om i visa «I en sal på hospitalet», eller også kalla «En liten brystsvak pike».

Bildet er tatt på ein av sjukesalane ved Namdal sjukehus hausten 1906. Bildet viser overlege Batt, som sit ved bordet, og hans personale i eit av barneromma. Det er fortalt at det var den elleve år gamle Anna Sætereng frå Otterøya, i senga til venstre på bildet, som Batt skreiv om i visa «I en sal på hospitalet», eller også kalla «En liten brystsvak pike». Anna døydde på sjukehuset 17. januar 1907. På golvet sit to år gamle Hilmar Jakobsen Øie(n?). Han døydde nokre år seinare av polio. Heilt til høgre ligg Olea Moe frå Harran. Ho døydde på sjukehuset eit år etter at bildet vart teke, ti år gammal. Personalet er elles frå venstre diakonisse Lovise P. Andersen Helø, lege dr. Ole Flatvad (var kommunelege på Leka og distriktslege i Overhalla), diakonisse Anna Cathinka Oftedal. Heilt til høgre ei ukjent, truleg ei gangkone.

(Foto: Namdalsmuseets samlinger).

En liten brystsvak pike

I en sal på hospitalet,

hvor de hvite senger står,

lå en liten brystsvak pike,

mild og god med gyllent hår.

Alles hjerte vant den lille

som hun lå der mild og god,

bar sin smerte uten klage,

som et barn med hellig mod.

Og hun hvisker til sin lege,

som ved hennes seng han står:

«Får jeg komme hjem til påske,

skal jeg være riktig god».

Legen svarer henne stille:

«Nei, mitt barn, det knapt jeg tror;

men til pinse kan det hende

du kan du komme hjem til mor».

Pinsen kom med grønne skoger;

blomsters prakt i mark og eng;

men den lille lå der stille,

fengslet i sin sykeseng.

Og når høsten ubarmhjertig

Ryster hennes svake bryst,

Spørger hun en gang imellom:

«Må jeg komme hjem i høst?»

Legen svarer henne ikke,

stryker hennes gyldne hår,

det er tårer i hans øyne,

når han vender seg og går.

Og til siste med fred i følge

julens glade budskap kom,

men den lilles røst var stille,

og den lille seng var tom.

I sin grav nu trygt hun hviler

under sneens kolde skrud,

endt er hennes lange venten,

hun fikk komme hjem til Gud.

Jostein Holmen