article

Bokmelding: Kristine Lillestøl

Farvel til mannen?

Michael 2022; 19: 312–3.

Jo Røislien

Livsviktig. Sperm, gener og evig liv. En bok om livsvitenskap.

Oslo: Gyldendal, 2021

175 s.

ISBN 978-82-05-52225-1

Er den bioteknologiske utviklinga i ferd med å gjere mannen overflødig? Kan menneskeslekta i framtida greie å reprodusere og utvikle seg utan menn?

Skal ein tru forfattaren av denne boka, er vi faretruande nær ei slik vending. Røislien tek utgangspunkt i nyheita om at ei forskargruppe i Kina i 2018 greidde å framstille musebarn berre med hjelp av to mødre – ein musefar var ikkje nødvendig. Sjølv om vegen i regelen er lang frå museforsøk til vesentlege praksisendringar for menneskeheita, var dette likevel ei revolusjonerande hending som både flytta grenser og endra vår forståing av dei mest grunnleggande prinsippa for reproduksjon og evolusjon – ja, for livet sjølv.

For å prøve å forstå korleis ei slik utvikling og «tukling» med naturen er mogleg, og kvar utviklinga kan tenkjast å vere på veg, legg forfattaren ut på ei reise både i tid, rom og «i hodet», og han tek lesaren med på ferda.

Turen går innom alt frå spermbankar, griseavl, okseauksjonar og laboratorium i inn- og utland, til ein sjølvlysande katt i Colombia, ein babymammut i Sibir, utryddingstrua gepardar i Kenya og torskefiske i Lofoten, berre for å nemne noko. Langsetter vegen kjem ekspertar frå mange disiplinar til orde, og vi får ein introduksjon til genetikken og tilgrensande vitskapar. Innimellom gjer forfattaren også tidsreiser, der han løftar fram ulike vitskapshistoriske hendingar som har vore spesielt viktige på vegen fram til den kunnskapen vi har i dag, mellom anna innanfor seksualforsking, reproduksjonsmedisin og evolusjonsbiologi.

Emna som blir drøfta er mange og varierte, men alle kastar lys over viktige aspekt knytt til dei store spørsmåla om korleis liv oppstår og korleis føresetnadane for liv kan endre seg med tida. Og forfattaren, som sjølv er matematikar og professor i medisinsk statistikk, viser at slike spørsmål må studerast frå mange ulike vinklar og fag, dersom ein skal ha håp om å kome nærare ei fullstendig forståing.

Sjølv om boka innleiingsvis slår an ein noko dystopisk tone, særleg på mannens vegner, er den etterfølgjande reiseberetninga hovudsakleg prega av begeistring og entusiasme. Røislien er ein driven vitskapsformidlar, og det kjem også denne boka til gode. Boka er lettlesen trass i at ho ikkje har illustrasjonar. Språket er godt, kapitla er korte, og reiseskildringa er spennande og har god driv. Forfattaren byr dessutan på seg sjølv og tonen er jamt over humoristisk.

Alvoret ligg likevel på lur, og lesaren blir oppmoda til å følgje med og oppdatere seg på det som skjer på forskingsfronten, slik at vi ikkje risikerer å bli passive observatørar til ei bioteknologisk utvikling vi ikkje eigentleg vil ha. Og for dei som ynskjer ei slik oppdatering, som attpåtil er lettfatteleg og underhaldande, er denne boka er ein ypparleg stad å starte!

Kristine Lillestøl

Kristine Lillestøl er lege i spesialisering ved Avdeling for medisinsk genetikk, Oslo universitetssjukehus.