article

Bokmelding: Ole Didrik Lærum

Kven var Peter Panum?

Michael 2021; 18: 381–3.

René Flamsholt Christensen

Peter Ludvig Panum: Det moderne gennembrud i dansk medicin

Roskilde: FADLs forlag, 2020

350 s.

ISBN 9788793810549

Gjennom heile dansketida var helsestellet meir og mindre felles for Danmark og Noreg. Sjølv om mangt og mykje vart annleis etter 1814, har norsk medisinsk forsking alltid hatt nær tilknytting til danske tilsvarande miljø. Såleis har medisinsk historie i grannelandet vårt alltid hatt relevans for den historiske utviklinga i norsk medisin.

I 2020 kom denne store biografien over fysiologen Peter Panum (1820–85), legen som på midten av 1800-talet vart ein av grunnleggjarane av moderne epidemiologi som medisinsk fag og forskingsområde i tillegg til at han var ein pioner innan faget fysiologi. I dag er han ein som alle danske legestudentar kjenner namnet på. Det gjeld også dei mange nordmennene som har studert til lege ved Københavns Universitet. Det er fordi heile den store bygningen like ved Rigshospitalet der dei prekliniske faga held til, er oppkalla etter han. Men då denne oppkallinga skjedde på 1970-talet hadde han vore meir og mindre gløymt i mange år.

Meslingar på Færøyane

Infeksjonsmedisinaren Stig Frøland gjev Panum god omtale i den store boka si om mikroorganismar og infeksjonssjukdommar (1). Bakgrunnen er at Panum som nyutdanna lege vart sendt til Færøyane i 1846. Oppdraget hans, som vart gjeve av danskekongen, gjekk ut på å undersøkja og ta hand om pasientar som var råka av ein svær epidemi med meslingar. Smitta kunne førast attende til ein snikkar som kom reisande til Torshavn frå Danmark og var bærar av sjukdommen. I løpet av kort tid spreidde den seg til store delar av Færøyane, og både born og vaksne vart alvorleg sjuke.

Panum, som då var 26 år, sette straks i gang å undersøkja utbreiinga av sjukdommen, korleis folk vart smitta, og ikkje minst kven som vart råka. På desse tider var det ei utbreidd oppfatting at slike sjukdommar skuldast dunstar som steig opp frå roten jord. Denne «dunsten» kalla dei miasmar, medan folk ikkje kjende til mikroorganismar som virus og bakteriar. I løpet av nokre månadar kartla han utbreiinga av meslingepidemien, han synte korleis den smitta frå person til person, og at den var smittsam allereie før sjukdommen braut ut. Merkeleg nok var det ei «aldersgrense» for å få sjukdommen, for ingen personar over 65 år vart råka. Det vart sett saman med at dei hadde hatt ein slik epidemi 65 år tidlegare. Såleis fekk han prov for at det oppstod livslang immunitet hjå dei som fekk meslingar.

Peter Panum skreiv ein rapport til styresmaktene, og funna hans vart publiserte. Ikkje berre vart dette eit pionerarbeid innan epidemiologi, men han gjorde også viktige observasjonar om smitteoverføring som gav ei grunnleggjande forståing av meslingar. Derved hadde han også kartlagt ein sjukdom som på dei tider var årsak til mange dødsfall, samstundes som han var med på å bryta med den urgamle miasme-teorien.

Forskar og reformator

Ettersom Panum var oppvaksen i ein dansk familie i Slesvig, var han like god i tysk som i dansk språk. Han vart kjend med og arbeidde hjå fleire av dåtida sine fremste medisinske forskarar, mellom anna grunnleggjaren av moderne patologi, Rudolf Virchow (1821–1902) som då arbeidde i ­Würzburg. Han var også ei tid i Paris og hadde nær kontakt med fysiologen Claude Bernard (1813–78). Sidan vart han professor i fysiologi ved ­Universitetet i Kiel, men etter nokre år flytta han over til Universitetet i København. På desse tider var det svært vanskelege politiske tilhøve mellom Danmark og kongedømmet Preussen, og det kom til krig både i 1848 og i 1864. Som ung marinelege tok han del i eit sjøslag mot tyskarane. Til slutt tapte Danmark både krigen og store landområde. For Panum var dette problematisk sidan han høyrde eigenleg til båe partane i konfliktane.

I København bygde Panum opp eit aktivt forskingsmiljø innan fysiologi, han skreiv også lærebok i faget, og seinare var han ei tid universitetets rektor. Han gjorde også ein stor innsats for nordisk medisinsk samarbeid. Vitskapeleg vart han no kjend for studium av koagulasjon av blodet og fleire andre område innan fysiologien. Mellom elevane hans finn vi nokre av dei fremste medisinske forskarane i Danmark på slutten av 1800-talet, deriblant Carl Julius Salomonsen (1847–1924), Christian Bohr (1855–1911) og Christian Hansen (1842–1909). Peter Ludvig Panum døydde brått i 1885, men var aktiv til det siste.

På dei tider då Panum fekk professorat i Danmark, var den medisinske kunnskapen i landet meir og mindre antikvert. Hans store forteneste var å bringa landet fram i frontlina i tillegg til at han gjorde viktige oppdagingar som forskar. Likevel skjedde det tragiske at etter han var død gjekk han snøgt i gløymeboka.

Ein ruvande biografi

Med sin ruvande biografi har legen og forfattaren René Flamsholt Christensen gjeve Peter Panum det ettermælet han fortener. På 350 sider får me også eit godt innblikk i korleis Danmarks konflikt med Tyskland hadde negative følgjer for heile landet. Panums kamp for å modernisera dansk helseforsking får me også eit fint oversyn over.

For norske lesarar vert ei bok som er så spekka med informasjon heller tung å lesa, særleg når ein heil del av innhaldet er mest mynta på danske tilhøve. Boka er nok mest interessant for dei som har tilknytting til og spesiell interesse for dansk medisin, sjølv om den også omtalar mange internasjonale forskarar på dei tider. Boka har fint utstyr, er innbunden og har fleire bilete.

Litteratur

  1. Frøland SS. Kampen mellom mennesket og mikrobene. Oslo: Dreyer, 2020: 210–2.

Ole Didrik Lærum

Ole Didrik Lærum er adjungert professor ved Rigshospitalet/Københavns ­Universitet og professor emeritus ved Universitetet i Bergen.